Jump to content

stigamundsen

Members
  • Posts

    703
  • Joined

  • Last visited

  • Days Won

    1

Posts posted by stigamundsen

  1. Ikkja ta dette for gospel, men eg trur ikkje det. 416 Rigby treng vel ei fullengde magnumkasse? 
     

    Men ei 416 Remington passer nok kanskje. I alle fall 416 Taylor. 

  2. Har berre Lee-presser og der passer RCBS sine hylseholdarar.

     

    Om nye hylser kamrar lett og eg får nok kulahald presser eg ikkje nye hylser. 
     

    På 450 Marlin og tilsvarande hylser bruker eg ei eiga die til å lage litt «trompet» på hylsemunningen. Lettere å få store flatbotna kuler til å entre beint då. Krymper stort sett med Lee si «Collet crimp die» 

     

    ikkje så mykje erfaring med rullekrymping (er vel det det er lagt opp til med RCBS sine diesett?)

  3. Har smelta om ei bøtte med gamle blyvekter og tests legeringa. Eg fekk ca 1,7% antimon og ca 2,4% tinn. Så ei fin legering å bruke som den er eller legere opp eller ned alt etter kva ein er ute etter. 

     

    Ellers takkar eg for tilbodet, men har nok bly for resten av mi levetid, tenkjer eg :-) Må prøve å ikkje hamstre meir. Hadde eg skulle seld dette blyet, ville eg laga ei annonse på Finn og sett om eg fekk noko napp. Evt. prøve å selge det her på kammeret. 

    • Like 1
  4. Heisan

     

    Dette er veldig egna til kulestøyping. Fin legering som oftest. Kva som er fornuftig pris er ikkje så enkelt å seie. Om dei ikkje er smelta om i barrar så er det jo ein jobb som må gjerast før ein kan bruke dei i støypepotta. Eg kunne tildømes kanskje strekt meg til ein plass mellom 20 og 30,- for kiloet. Men det kan godt vere det er andre som vil betale meir.

     

    Kva i landet er det denne kjenningen din bur?

  5. Har akkurat så vidt byrja å skyte jaktfelt. Skyt for tida med ei Winchester M70 Featherweight i 308.

     

    Lurer litt på om eg skal skaffe meg ei børse som er litt meir egna til formålet. Kva er det folk bruker til dette? Kjøper gjerne/helst brukt då eg eigentleg ikkje har så mykje å bruke på ei slik rifle. Alle tips tas i mot med takk

     

     

  6. Litt "morsomt" å lese denne tråden med tanke på det klare skillet enkelte dreg mellom "oss" og "dei andre idiotane". Er sjølv ein av idiotane. Dvs jeger som ikkje endå er med som frivillig i ein klubb. 

     

    No skyt eg på banar som ikkje har dette "5 skudd ild"-tullet, men med åpne ildkomando, slik @Umbo nemner. Dette fungerer etter mitt syn heilt strålande. Hadde sjølv ein glipp sist eg var på banen. Hadde med meg fleire rifler, og når eg skulle bytte mellom desse, sto eg litt og venta med løpet pekande mot blinkane og bolten bak for å få visitering. Standplassleder hjelpte ein annan kar med kikkarten, så i staden for å vente til eg fekk hjelp, tok eg og sette børsa eg brukt inn i stativet og fant fram den andre børsa. Veit eg skulle ha venta, men då eg visste kven stanplassledarane var, bestemte eg meg for at dette var greit! Rette etterpå kom stanplassleder opp til meg og sa, på ein fin måte, at eg må vente på visitering før eg bytter børse. Igjen, dette visste eg, men då eg vart irettesett på ein fin måte endte me opp med ein fin liten prat om sikkerhet. Kjem ikkje til å gjere den tabben igjen. 

     

    Mitt poeng er ikkje at ein skal verte slapp med sikkerheten. Men eg er heilt overbevist om at ein kjem lenger med å behandle vaksne folk som folk og ikkje barnehageungar. Må og seie at eg skjønar godt dei som klaga på behandlinga av trådstartar og at det kanskje er like godt at trådstartar sluttar som standplassledar. 

    • Like 1
  7. Skrueråmuttere skrev (2 minutter siden):

    FG sier at egenvekten på skapet må være 150 kg for å slippe fastbolting. Da hjelper det ikke med løse vekter. 

    Då kan du jo i prinsippet bolte fast vekter på utsida. Så slepp ein å ta opp plass på innsida. 

  8. Ser Raufoss krev "4 stk. franske treskruer som skal skruast inn i massivt tre, enten stender eller golvbjelke". Så lenge det ikkje er spesifisert at det skal inn i stender OG golvbjelke, eller i to forskjellige stenderer, så går det vel å bore to ekstra hol slik at ein får inn 4 skruer i samme stender? Litt slik "obey the letter and not the law" men det får no vere måte på.. 

  9. No er vel vanleg stenderavstand 60 cm. For å "nå" mellom to stenderar så må du ha eit ganske stort skap. Eg har eit det er oppgitt at du kan ha 5-7 våpen (sjølvsagt berre tull) og dette er ikke breiare en ca 40 cm. Det står vel i forskrifta at skap under 120 kilo skal festast i stenderverk, men er det nemt spesifikt kor mange skruer/boltar som må benyttast?

     

    Eit tips for å finne stenderane på baksida av gipsplater er å bruke ein magnet og leite etter skruene. Fungerer mykje betre en min gamle "bankemetode"!

     

    Og godt tips frå @fredriko om å ikkje skru skapet direkte fast i gipsen. Har måtte sparkle mange skader etter hyller, bokhyller osb som limer seg fast i malinga.

  10. Har sett fleire eksempler på asymetriske handtak på kniv. Kan ikkje heilt hugse kvar, men kanskje Knut Voldbakken hadde nokre slike?

     

    Har så vidt pønske litt på det sjølv, men lagt det vekk. Hånda er jo eit fantastisk redskap som kan tilpasse seg mykje. Og dersom du lagar eit asymetrisk handtak vil det etter mi meining gjere kniven verre å bruke i alle andre grep en det grepet du har forma det asymtriske handtaket til å passe. Om du tildømes skal spikke mot deg sjølv (fy, fy.. :-)) så vil jo eit asymetrisk skaft ikkje passe. 

     

    Men det er jo berre å prøve :-)

    • Like 1
  11. Har andrehåndserfaring frå hjortejakt. Mykje splintring og søl. Ei kule frå 30-06 skote på 15-20 meters hald klarte ikkje å penetrere bogfjøla. Laga berre eit svært krater. Til vilt ein ikkje skal ete eller til trening er dei sikkert tipp topp. 

  12. Eit forslag er å skyte ei kule i vannkanner og sjå om du har gasskutting på kula.

     

    Du skriv at du fekk blying frå den kule du brukte til å slugge løpet? Dreiv du kula heile vegen i gjenom løpet? Veldig rart at du skal få blying av slugging. Har tilgang på utstyr for innvendig inspeksjon av løpet? 

     

    PS: ser heller ikkje bilda

  13. Rum’en treng vel magnum låskasse? Og så brenn du meir krutt, meir rekyl, meir løpslitasje, dårligare tilgang på hylser osb. 
     

    @Epic lading av belta hylser er like enkelt som å lade ikkje-belta hylser (Har berre lada til 375 H&H og det har gått smertefritt).
     

    PRC’en er jo litt lenger en 300 Win Mag så du må kanskje opp i magnumlengde på denne og. I alle fall om du skal bruke tunge lange kuler? Har ikkje studert dette så nøye. Mitt 30 cal magnumprosjekt er 300 H&H i ei Winchester Safari Express 😎 Så eg er «fan» av beltet. 

  14. Eg lerte meg å lade ved hjelp av Ladeboka samt eit par lademanualar. Men dette er vel etter kvart 20 år sidan. Kva eg ville gjort no, er eg usikker på. Truleg Youtube. Og fora som dette. 

     

    Lademanualane har absolutt sin plass, og eg trur ikkje du som ny heimeladar gjer nokon tabbe ved å kjøpe Ladeboka. Så lenge du ikkje opphøyer den til "Bibelen" som det verkar som enkelte gjer. Ellers enig med dei som trekk fram bruksanvisningane til ladeverktøya. Mykje relevant info der. 

  15. Prat med onklar kan høyras ut som ein god ide. Sikkert eit poeng å gjere det minst mogleg konfronterande..

     

    Våpen i hus kan jo faktisk vere farlig, så det som må gjerast greie for er vel at det går an å gjere det ufarleg ved bruk av våpenskap og at mor di har nøklane. Kanskje ta han med på skytebanen ein tur?

     

    smaug skrev (13 minutter siden):

    Våpen SKAL oppbevares i bopel til registrert eier.

    Nå går det vel an å ordne med utlån? Om oppbevaring andre stader skulle vere aktuelt. 

     

    Reglene for utlån av våpen justeres, og det vil nå kun være lov å låne ut våpen til personer som har våpenkort på «tilsvarende våpen», eller personer som har fått politiets tillatelse til å låne våpen. ... Det er ikke satt noen grense for hvor lenge en kan låne et våpen, men låneperioden skal tidfestes i utlånserklæringen.

     

    Likar nye "navnet" betre :-)

    • Like 1
  16. Er han tvilande til at DU skal ha våpen i hus, eller tvilande til våpen på generelt grunnlag? Nokon er jo redde for sjølve våpenet.

     

    Etter det eg forstår ut frå det du skriv bur du no med mor og stefar? No veit eg ikkje om det er lover og regler rundt dette, men om stefar eig bustaden evt. sammen med mor kan han vel strengt tatt sette foten ned. 

     

    Om det er på generelt grunnlag han er skeptisk til våpen veit eg ikkje heilt kva du skal gjere. Har du jakt du skal vere med på? Eller jakt du kan/vil utøve? Då går det jo an å snakke med andre i jaktlaget tildømes? Høyre om dei kan ta ein prat med stefar. Eller oppbevare våpen hjå far?

    • Like 1
×
×
  • Create New...