Jump to content

stigamundsen

Members
  • Posts

    703
  • Joined

  • Last visited

  • Days Won

    1

Posts posted by stigamundsen

  1. Driv og pussler i «sære børser-bransjen». Blanding av bøylebørser og «skogskanon» (Winchester M70 i 450 Marlin).
     

    I den forbindelse er det fleire av børsene mine som ikkje har kikkert. Har eit par rødpunkter tilgjengelig, men vil egentlig jakte med åpne sikter. Skyt greit storviltprøven, så det er ikkje presisjonspotensialet som er utfordringen. 
     

    Lurer då på om det er fleire som jakter/vil jakte med åpne sikter, og kva erfaringer ein har med det. Er det etisk? Er det praktisk? Kva er begrensningane? Kva er løysingane? 

  2. Som  @Bly nemner så kan dei fleste kolbekapper slipast til med båndslipar. Om du ikkje er veldig pirkete på korleis du vil det skal sjå ut, er det berre å kjøre på. Men om du vil at det skal sjå strøkent ut, er ikkje dette heilt lett og krever øvelse.

     

    Om du leiter inne på tildømes Brownells så har dei kolbekapper i forskjellige tjukkelser og størrelser. Det kan jo vere du er heldig og finn noko som passer sånn nokonlunde. 

  3. Dei riflene som er i bruk rundt om kring i landet per dags dato håndterer jo veldig greit den blyfrie ammunisjonen som er på markedet... Einaste eg ville tenkt på var å ikkje kappe løpet heilt til kortaste lovlege lengde. Det har nemleg eg gjort. Får rett over 800 m/s med 150 grains Barnes, men skulle gjerne hatt 50 m/s meir. Det ville eg fått om eg ikkje kappa løpet så hardt

    • Like 1
  4. Ein er vel begrensa av enten lengden på tønna eller røyrmagasin. Om ein vil ha runde eller spisse kuler i ei revolverpatron må ein enten ofre plass til krutt eller prosjektilvekt. Og i røyrmagasin seier den kovensjonelle visdommen at ein ikkje kan ha runde eller spisse kuler. Ein er og ofte begrensa til ei vel definert patronlengde som fungerer gjennom mekanismen

  5. spindrift skrev (30 minutter siden):

    Jeg har brukt noe Lovex D060, stort sett til reduksjonsladninger til 30-06. Min erfaring, er at det ligger mellom N110 og N120 omtrent. Jeg har generelt ikke brukt annet enn krutt og luft i hylsene. 

     

    N110 er et veldig godt krutt til reduserte ladninger, og det krever ikke dacron eller andre hjelpemidler i mine patroner. Men jeg har aldri ladet for patroner med større kruttkapasitet enn .35 Whelen.

    Har du erfaring med å bytte likt for likt med reduserte ladninger og desse to krutta (D060 og N110)? Lyman oppgir ladningar med 5744 (som er det same som D060) for blykuler i stort sette alle kalibra dei har i lademanualen sin. Så D060 er eit veldig kjekt krutt.  No har eg prøvd å få tak i meir D060, men har ikkje funne noko. Så om ein kunne bytta D060 med N110 til slappe ladningar med blykuler hadde det vore strålande. 

    • Like 1
  6. Har akkurat fått meg eit lite feste som skal smettast inn i svalehalesporet til baksiktet på ei Winchester 94. Dette festet er laga for Docter/Noblex infestingsstandarden. Finnes mange alternativer til rødpunkt her, men har sjølvsagt forelska med i ein Aimpoint Acro. Litt fordi denne tett og litt fordi...

     

    Er det nokon som veit om det finnes adapterplater mellom desse infestingsstandardane?

  7. M67 skrev (2 minutter siden):

    Jeg drar opp noen diehard sparegriser nå, men hopp f.eks. over Lee...

    He, he :-) Har stort sett Lee dier og er delvis enig i dette utsagnet. Har hatt meir trøbbel med Lee-diene mine. Men om du tek deg litt tid og steller og pusser/polerer fungerer dei heilt fint. Når du fyrst har fått eit diesett til å fungere, varer det meir eller mindre evig (om du ikkje gjer noko dumt).

     

    Men om stelling, pussing og polering ikkje er noko du er interessert i, er Redding osb. sikkert betre valg. 

    • Like 1
  8. Tja. Spørsmålet kan vel nesten heller vere kva får du tak i? Ganske skralt med det meste for tida. Fant desse hjå Brownells. Ikke noko erfaring med merket..

     

    https://www.brownells.no/65-CREEDMOOR-PREMIUM-FULL-LENGTH-DIE-SET-REDDING-749017177

     

    https://www.brownells.no/FULL-LENGTH-DIE-SETS-Full-Length-Die-Set-65-Creedmoor-REDDING-749010931

     

    Redding skal vel vere eit bra merke etter det eg har høyrt. 

     

    Når det gjeld presisjon vil eg vel seie at du klarer å lade presis ammunisjon med det meste av dier. Kan godt vere det er enklare med betre/dyrare dier og at du nok klarer å lade med mindre toleranser men det kjem jo an på kva du ladar for.

    • Like 1
  9. Skjønner ikkje heilt kvifor det skulle verte ferre dokumenterte skadeskytingar og større mørketal om ein hevar skytenivået til det gjengse jeger?? 

     

    Andelen av jegerear i norge som fell inn under kategorien "dfs-skytter med 3000 treningsskudd og som ikkje liker stevner" vil eg tru eg ganske liten. Dette har vel heller ikkje noko å gjere med om ein skal gjere prøven vanskelegare/øke antall treningskudd??

  10. Tenkjer dei berre kunne beholdt denne "big loop'en" og kutta den andre. Har ei Marlin med den vanlege bøylen, og den er i alle fall ikkje for stor... Skyt ofte med lillefingeren utanfor bøylen. 

     

  11. Oooooooooo.... Der kom havesjuka... :-)

     

    Ser ut som om dei har trimma ned framstokken ein del og "blåst" opp leveren. Men skulle helst hatt ei blånert utgåve. Eller Cerakot'a 😬

    • Like 1
  12. Dodraugen skrev (21 minutter siden):

    Burde vel skyte opp sittende på stubbe eller stein i terrenget, litt halvfrossen og da. Eventuelt stående på lang arm i noe ulendt terreng, på noe støle bein.

    Ja, egentlig burde ein kanskje gjere det. Å gjere prøven vanskeligare, eventuelt heve antal prøveskot trur eg hadde vore ein god ting. Meir pengar til skytterlaga og betre førebudde jegarar. Vinn, vinn.. At det er hjorten/elgen/reinen som skal få svi for at Ola Dunk synes 30 prøveskot og så 5 skot liggande (om ein vil) på ein relativt stor blink med skytereim (om ein vil) er akkurat passe er eg ikkje einig i. Å jakte er ikkje noko ein har krav på, men noko ein burde vise seg dugandes til. 

  13. Du er vel på veg utanfor "godkjente" ladedata, men litt avhengig av erfaringen din, kor flink ein er i å søke fram obskure data på nettet samt om du er villig til å bruke obskure data på nettet skulle det sikkert la seg gjere. Hovedproblemet er vel å skaffe seg egna krutt. Har sett fleire som refererer til Alliant 5744/Lovex D060 (dette Lovex-kruttet skal vere samme kruttet som 5744). Men akkurat no er ikkje dette enkelt å få fatt i. Har sjølv brukt dette Lovex-kruttet til redusert ladningar med blykuler i 45/70 og 356 Winchester, men då har eg gått ut frå ladedata frå Lyman sin manual. 

     

    Eit kjapt søk fant desse resursane:

     

    https://www.chuckhawks.com/reduced_400_loads.htm

     

    https://www.africahunting.com/threads/450-rigby-light-bullet-loads-where-to-start.40767/

     

    Lukke til med prosjktet. 

     

     

     

    • Thanks 1
  14. Har sjølv ei Marlin i 45/70 med raudpunktsikte. Har ikkje problemer med å ta prøven med dette siktet. Har og åpne sikter på denne børsa, så vert litt trening med både åpen sikter og røudpunkt. 

  15. Du er vel i toppen med 43 grs i dei to kulevektene. Men om du har brukt desse ladningane i fleire år og ikkje hatt nokre trykktegn (og du veit kva du skal sjå etter når det gjeld trykktegn) så hadde ikkje eg tenkt så mykje over det. Dette er min meining, og kun det; ei meining :-)

     

    No er det vel ofte forskjellar i ladningar for konvensjonelle kuler og homogene kuler i samme kulevekt. Ser Vihtavouri oppgir 42,7 grs N140 som maksvekt for 150 grs TTSX og 40,4 grs for 162 grs Sako Blade (er dette samme kule som PowerBlade?). Eg ville ikkje ha hoppa rett på godladninga di på 43 grs når det gjeld desse kulene. 2,6 grs er veldig stor forskjell når du opererer i toppen av ladeskalane!! 

     

     

  16. Heisan

     

    Har brukt dette stoffet ein del: 

     

    https://www.brekkesport.no/atsko-sno-seal-beeswaxtube-100-gr?gclid=Cj0KCQjw-JyUBhCuARIsANUqQ_KNJevH9BXCfUx9D6B8uVirUEy7gR9_g6tKdHDIS6hFGdS6u0BhSbEaAs0zEALw_wcB

     

    Du må vere obs på at leret vil verte litt mørkare etter påføring. Du må jobbe denne voksen godt inn i slira. Ein hårfønar kan vere til god hjelp. Varme litt forsiktig opp og gni inn. Sikkert lurt å ikkje gå heilt bananas. Voksen vil gjere leret mjukare... 

  17. Gratulere med ny børse :-) Stålande morosamt med desse gamle anakronismane :-) Har sjølv ei i 356 Win. eg fekk testa for fyrste gong på bane i helga. 5-skudds samlingar med grove "ghost ring" sikter låg på ca 12-15cm. Tenkjer det skal fungere bra til hjorten frå 0-50 m. 

    • Like 1
  18. Har tenkt på dette eg og ifb med renovering av eit par stokkar. Etter litt tenkjing og eksperimentering på meg sjølv har eg kome fram til at ved sittande eller ståande skyting får eg betre kontakt med kolbekappa om fallet er negativt (øvre del av kolbekappa kjem lenger bak en tåa). Negtivt fall avhjelper at tåa får uforholdsmessig mykje trykk/kraft. 

     

    Når det gjeld konveks kontra konkav er min tankegang at konveks kolbekappe, eller det at ein tek av kolbekappa litt i øvre del hjelper ein del om ein må montere børsa/hagla fort. Mindre materiale som stikk ut og kan henge seg fast i klede. Og slik eg er bygd og monterer børsa (sittande og spesielt ståande) har eg ikkje kontakt med øvre del av kolbekappa, og då kan denne like godt slipast ned slik at eg kan montere børsa fortare og greiare. 

×
×
  • Create New...