Jump to content

stigamundsen

Members
  • Posts

    696
  • Joined

  • Last visited

  • Days Won

    1

Posts posted by stigamundsen

  1. 6,5X55 fungerer nok greit på gris og bjørn. Er det svartbjørn eller brunbjørn du tenkjer på? Kan jo spele inn. Brunbjørnen (grizzly) kan vel verte vesentlig større.

     

    Vil vel påstå at dette ikkje er den optimale patrona til dette føremålet. Du seier at du ikkje vil bruke så mykje penger på børsa.. Om du ikkje har noko spesielt ønske om å ha meir en ei børse så ville eg no kanskje ha seld Winchesteren og brukt litt meir penger på ei børse i 30-06. Strålande kaliber til alt frå toppjakt til elg. Om du ladar sjølv vert patrona endå meir fleksibel. Ellers er det som @M67 seier eit godt poeng å sjekk om kaliber 6,5 er lovlig der du har tenkt å jakte. 

    • Like 1
  2. Chiefen.v-2 skrev (25 minutter siden):

    Stiga er i utgangspunktet tvilsomme greier, i 30-06 og 9,3x62 er de ikke noe jeg ville skutt med. Kappeskive er det rette.

    Dårlige greier på kva måte? Er ikkje uenig, altså. Veit berre ikkje nok om det. Har dei dårlig rykte på seg? 

     

  3. Gillen skrev (47 minutter siden):

    Hadde vært ok om noen kunne gi en konkret tilbakemelding på F & D beskrevne vedlikeholdsprosedyre og påvise at denne er unødvendig for å sikre en problemfri bruk av denne demperen...

    Kven skulle kunne gi en slik tilbakemelding? Det vert vel som å seie at då eg aldri har etterstramma mutterane på dekka på bilen min, treng ingen andre å gjere det heller?

     

    Eg har åpne ein Hauskendempar som eg har reingjort ein gong. Dette var etter ca 400-500 skudd. 308 Win. Det var byggd seg opp ein god del scale/belegg. Fjerna dette med vatn og tannkost. Var og tegn på erosjon på "baflene". Om demonteringa hadde noko reell hensikt/effekt veit eg ikkje. Kjem truleg ikkje til å gjere det igjen. Men eg fekk no smurt noko fett på gjengene, så OM eg vil demontere den igjen, skal det gå lettare. For det var pokkers så vanskelig å få den frå kvarandre fyrste gongen. Aluminium med kruttgassar er ganske "herkjent". 

     

    No har eg ein Freyr og Devik-dempar på veg i posten til ei børse i 358 Win. Trur eg kjem til å fylgje deira råd (sånn omtrent) og demonter eit par gongar i året. Slik eg ser det kan det ikkje skade...

  4. Har du prøvd å måle diameteren i det området du får denne kanten? Kan det vere at kammeret er så romt at hylsa utvider seg alt for mykje? Har ikkje vore borti same problematikken sjølv. 

     

    Når eg samanliknar skuldra på dei to hylsene ser det ut som om hylsa til venster har mykje mindre skulder? Og litt meir avrunda? Høgre hylsa ser og ut som om den er lengre? Men det kan sjølvsagt ha å gjere med kameravinkelen. Kunne nesten minne om 9,3-62 Ackley... Berre nokre lause tankar...

    • Like 1
  5. Kjem heilt an på om du kan slipe kniv :-)

     

    Er ikke noko superstål dette, og skulle dermed ikkje vere vanskelig å slipe om du har utstyr og kunnskap.  Kan nok kanskje vere litt vanskeligare å få skikkeleg kvass enn ein kniv med "standard" karbonblad... Kjem som sagt an på kva du har av utstyr og om du kan slipe kniv. 

     

    Kva kniv er det snakk om?

  6. No er vel våpengarderoben utvida til 8 våpen, så det skal ikkje vere nokon problem.

     

    Har hatt eit par søk inne på Finn på Browning BLR. Men då i større kaliber. Hadde eg funne ei Browning BLR i 358 Winchester ville eg kunne strekke meg til 8-10 000. Men for ei meir vanleg i td. 308 win. tenkjer eg 5-6000,- må vere ein grei pris. Men dette er berre det eg ville betalt for ei slik børse. Etter mitt syn dreg kaliberet prisen ned. 

    • Like 1
  7. Du skal lade 250 grs Sonic Target-kuler i 375 H&H i vanlege hastigheter? Litt forvirrande denne tittelen din…

     

    Barnes har vel ei 250 grs kule. Kan jo leite etter ladedata med denne? ellers er det vel fleire som lagar momonolittiske kuler rundt 250-260 grs. 

  8. Gode tips! Skal prøve å fokusere på framkornet neste gong eg er på banen. 
     

    Godsaker er rette utrykket😎 Har ei Winchester 94 i 356 Win og ei Marlin 1885 i 45/70 eg har avsett til åpne sikter. Det er noko spesiellt å gå i skogen med ei bøylebørse utan kikkert. Finnes ikkje betre børser å bere i handa👍 Og må seie nostalgien og gjer seg til kjenne. Gjer jo ikkje noko at desse børsene er kjappe å hive opp og få siktebilde med heller😀 

    • Like 2
  9. Takker for gode tips! Det kan godt vere perlekornet mitt i fungerer strålande i praksis. Tenkjer denne børsa som børse for korte hald på trange postar eller når eg driv. I det terrenget eg jakter i snakkar me om maks 50 meter. 
     

    Enig i at om dyret forsvinn bak kornet må ein litt nermare. Var litt den følelsen eg hadde på banen. Men trur det er eit anna tankesett/ måte å bruke augene på å skyte med denne typen sikter.
     

    De som har skote ein del medmennesker opne sikter; fokuserer de på framkornet, blinken eller begge deler?

  10. Kjekt å høyre fleire erfaringar. 

     

    Var på banen i går med nytt sikte på Winchesteren. Eit Lyman diptersikte. Har bestillt og fått tak i eit feste for eit lite raudpunkt framme på løpet, men tenkte eg skulle prøve å sjå kva eg fekk til med dette dioptersiktet. 

     

    Framsiktet som står på Winchesteren no er eit "bead sight". Har skote ein god del med jaktdiopter (stor åpning) og eit firkanta framsiktet. Måten eg sikter på med denne typen framsikte er at eg legg toppen av siktet der eg vil treffe. Så om eg skyt på ei rund skive deler toppen av framsiktet skiva i to. Eg ser toppen og siktet dekker botnen.

     

    Med dette "bead sight"'et prøvde eg å dekke deg eg vil treffe med sjølve bead'en. Men merka at dette ikkje var heilt optimalt. Har lese om praksisen med å halde under kl 6, men dette fungerer dårlig på blinkar av forskjellig størrelse og forskjellige avstandar. Nokon som har nokre råd? Trur ellers eg kjem til å skaffe meg eit framsikte utan "bead" og sjå om eg siktebildet/resultata vert betre. 

     

     

  11. Driv og pussler i «sære børser-bransjen». Blanding av bøylebørser og «skogskanon» (Winchester M70 i 450 Marlin).
     

    I den forbindelse er det fleire av børsene mine som ikkje har kikkert. Har eit par rødpunkter tilgjengelig, men vil egentlig jakte med åpne sikter. Skyt greit storviltprøven, så det er ikkje presisjonspotensialet som er utfordringen. 
     

    Lurer då på om det er fleire som jakter/vil jakte med åpne sikter, og kva erfaringer ein har med det. Er det etisk? Er det praktisk? Kva er begrensningane? Kva er løysingane? 

  12. Som  @Bly nemner så kan dei fleste kolbekapper slipast til med båndslipar. Om du ikkje er veldig pirkete på korleis du vil det skal sjå ut, er det berre å kjøre på. Men om du vil at det skal sjå strøkent ut, er ikkje dette heilt lett og krever øvelse.

     

    Om du leiter inne på tildømes Brownells så har dei kolbekapper i forskjellige tjukkelser og størrelser. Det kan jo vere du er heldig og finn noko som passer sånn nokonlunde. 

  13. Dei riflene som er i bruk rundt om kring i landet per dags dato håndterer jo veldig greit den blyfrie ammunisjonen som er på markedet... Einaste eg ville tenkt på var å ikkje kappe løpet heilt til kortaste lovlege lengde. Det har nemleg eg gjort. Får rett over 800 m/s med 150 grains Barnes, men skulle gjerne hatt 50 m/s meir. Det ville eg fått om eg ikkje kappa løpet så hardt

    • Like 1
  14. Ein er vel begrensa av enten lengden på tønna eller røyrmagasin. Om ein vil ha runde eller spisse kuler i ei revolverpatron må ein enten ofre plass til krutt eller prosjektilvekt. Og i røyrmagasin seier den kovensjonelle visdommen at ein ikkje kan ha runde eller spisse kuler. Ein er og ofte begrensa til ei vel definert patronlengde som fungerer gjennom mekanismen

  15. spindrift skrev (30 minutter siden):

    Jeg har brukt noe Lovex D060, stort sett til reduksjonsladninger til 30-06. Min erfaring, er at det ligger mellom N110 og N120 omtrent. Jeg har generelt ikke brukt annet enn krutt og luft i hylsene. 

     

    N110 er et veldig godt krutt til reduserte ladninger, og det krever ikke dacron eller andre hjelpemidler i mine patroner. Men jeg har aldri ladet for patroner med større kruttkapasitet enn .35 Whelen.

    Har du erfaring med å bytte likt for likt med reduserte ladninger og desse to krutta (D060 og N110)? Lyman oppgir ladningar med 5744 (som er det same som D060) for blykuler i stort sette alle kalibra dei har i lademanualen sin. Så D060 er eit veldig kjekt krutt.  No har eg prøvd å få tak i meir D060, men har ikkje funne noko. Så om ein kunne bytta D060 med N110 til slappe ladningar med blykuler hadde det vore strålande. 

    • Like 1
×
×
  • Create New...