Jump to content

Espsol

Members
  • Posts

    79
  • Joined

  • Last visited

Everything posted by Espsol

  1. Ei 285gr kule i ca 720m/s har vel meir slektskap til 375H&H enn 30.06. Forøvrig eit allround kaliber du kan lade opp og ned etter bruksområde.
  2. Trist for alle partar. Tvilar på ein bonde sler ihjel ein hund for morro...
  3. Hei. Me hadde problem med å få inn lyd frå andre radioar på Rinoen. Lyden frå andre radioar kutta etter 3-5 sekund. Ellers er det eit genialt konsept. Lett å halda styr på kvarandre og finne kvarandre.
  4. Hei. Den kan vandre ganske mykje ja. Då eg var i Tyskland sist fant dommaren igjen chippen rett over overarmen på hunden. Dei gjekk ei stund før dei fant den. Når det gjeld standarar, er det hvertfall ein eigen europeisk standard på chippar.
  5. Norma Oryx 180gr er fin på elg. Er å finne hjå dei fleste som sel ammunisjon. Den går likt med Norma Jaktmatch i mitt våpen. Den kostar litt, men det er verdt det etter mi meining. Sikkert mange meiningar kring dette, men finn ammunisjon som går godt i ditt våpen.
  6. Hei, Fekk du noko indikasjon frå veterinæren som tok røntgen bilda? Graden av forkalkning mellom hofteskåla og lårhodet er ein avgjerande faktor. Ein hund med liten grad av sekundærforandring (forkalkning) i hofteleddet vert som regel mindre plaga av smerte og stivheit. Dette er viktigare å få svar på enn graden av HD hunden har. Mindre hundar vert ofte ikkje like mykje berørt av lidelsen som store tunge hundar. Dersom hunden din i dag fungerar fint, er det ikkje noko å uroe seg for. Litt halting kjem ofte av stivheit og ikkje smerte.
  7. Då var nye Mauseren i hus... Custom rifle basert på Husqvarna kasse og løp. Grei valnøtt stokk med fleur de lis nettskjæring. Kaliberet er den klassiske 9,3x62. Testskyting i dag med 285 gr partizan gjekk godt! Ser fram til å nytta denna rifla på jakt. Har sauer 202 frå før, men den vert nok andrevalget frå no av.
  8. Eg har nettopp olja inn ein betre valnøttstokk med raudnakkes olje. Den er absolutt å anbefala! Det same er CCL sine oljar, men eg ville kjøpt av raudnakke. Styr hvertfall unna Schaftol!
  9. Flotte rifler mork! Hugs å lås døri i kveld
  10. Espsol

    biting

    Har blanda erfaring når det gjeld tispe og kvelpar. Eine tispa var "knallhard" med kvelpene sine (kanskje fordi ho var tysk-importert). Ho gav klar beskjed til kvelpe når nok var nok. Eine kvelpen gjekk att med tispa til den var 1 år. Den fekk alltid klar beskjed av mora dersom den vart ivrig. Likevel var dette den tispa som har gjett dei mest nervesterke kvelpene. Denne tispa hadde eit forferdeleg klart hundespråk, ho vart aldri misforståt. Har og opplevd att andre tisper er mykje mildare mot kvelpene sine. Dei kunne til og med leike med kvelpene. Desse kvelpene vart og ganske bra, men dog ikkje like skarpe og klare i "språket" sitt. Trur det er veldig avhengig av kva type indvid tispa er.
  11. Espsol

    biting

    Min filosofi i dette tilfellet er: Korriger hunden når den bit. Når hunden kjem bort og ikkje bit, kan ein gje ros. Dersom ein skal både korrigere og gje ros om einan er det fort at ein forvirrar hunden.
  12. Einig med jaktlykke. Les litt forskjellig og plukk med deg det som høyrest greitt ut for deg. Det er forøvrig få som er absolutt låst til ein metode når det gjeld hund. Dei fleste nyttar forskjellige metodar som er tilpassa deira eigne hundar. Eg tykkjer "Lydighets trening i teori og praksis" er ei grei bok.
  13. Prøver på ingen måte å forsvare småhundar. Har sjølv sett mange merkelig situasjonar med forskjellige småhundar. Det som er litt av poenget her er att rottisen var laus og utan kontroll. Ein slik episode er det siste ein slik rase treng. Dette er rase som allereie vert oppfatta av mange som farlig og agressiv. Nettopp grunna dette er det viktig at eigarane av slike hundar er beviste på kva dei gjer. Dette veit eg godt sjølv sidan eg har to stk hundar av ein rase med same dårlege ryktet!
  14. Merkelg at folk som ikkje evnar og kontrollera hundar ofte endar opp med hundar som rottis, schäfer osv... Hadde denne eigaren hatt ein uoppdregen undulat hadde skaden vorte mindre.
  15. Har zeiss classic 2,5-10x50 på min Sauer 202, kjempe nøgd med det siktet.
  16. Det finnst sikkert uendeleg mange vegar og metodar når det gjeld hund, det kjem godt fram i denne diskusjonen. Dette kan utan tvil forvirre mange. Ein erfaring eg har gjort meg er: dei beste hundane kjem frå dei beste "dressørane", dei beste "dressørane" kjem frå dei beste hundemiljøa. Ein vil alltid bli betre og utvikle seg dersom ein er i eit miljø med høg kompetanse og god trivsel. Eg har ofte sett treningsmiljø der folk ikkje toler kvarandre på grunn av misunnelse og val av metodikk. Felles for desse miljø er at dei som regel ikkje har resultat å vise til. Slik er det vel og sikkert når det gjeld jakthundar og dressur av desse. Eit godt råd til trådstartar, kom deg inn eit godt miljø der folk har resultat å visa til. Der vil du som regel få den hjelp du treng, samt vekse som hundeeigar.
  17. Kan ingenting om dressur av fuglehundar eller andre jakthundar, men type hund og type aktivitet er avgjerande for metodikk.
  18. Enig med eies... Går eit program tilsvarande lydigheit klasse 3, trent med pølsebitar og ball for det meste. Vert litt annleis dersom ein skal stoppe eit innstinkt, jage katt osv..
  19. Grunnen til at jeg lurde på kva "tysk" dressur er, er fordi dette er noko eg brukar. Eg har trent og konkurret i ein hundesport i mange år. Har vore på mange foredrag i om trening av hund i den sammenheng, dei fleste av desse har vore i Tyskland av tyskarar. Eg reiser ofte til Tyskland for å trene hund, derfor er heile min trenings mentalitet prega av dette. Eg må berre seie med ein gong at dei gamle fordommane mange sit med her ikkje stemmer. Trur ikkje det er eit land i verda som er kome so langt når det gjeld å utvikla hundedressur. Eg har aldri blitt fronta med ein hundedressur som går ut på å denge,straume eller vere stygg med hunden. Ps! Eg trenar alltid tvangsapportering.
  20. Veldig offtopic men... ser "tysk" dressur vert nemnt her. Kva er det??
  21. Langline kan vere eit godt verktøy. Det hindrar hunden til ein viss grad å feile (stikke av). Støttar ellers Smygen og eies sine forslag. Det kan og hjelpe og gjere seg interessant for hunden. Ver konsekvent og belønn hunden når den kjem inn.
  22. Har fikla med ringane i dag, det visste seg at dersom eg snudde ringane vart det heilt noko anna. Lettelse at det ikkje var basane som var skeivt festa. Det vert uansett nye ringar då eg ikkje stolar heilt på dei her lengre. Nokon som har gode tips til solide ringar, kan godt vere faste.
  23. Det er ikke mulig å flytte eller justere montasjen sidevegs.
  24. Heisann. Har problem med min nye sauer 202. Under innskyting kjem eg aldri i senter på 100m. Skota ligg 10cm til venstre, da er kikkerten skrudd til maks justering. Kikkerten er ein zeiss classic 2,5-10x50. Det er weaver stål baser med leupold qwr ringar. Kan det vere basene som sitter skeivt på kassa? Har ikkje tukla med basene, dei var montert då eg kjøpte rifla. Har de nokon råd til kva eg kan gjere? Viss basene er skeive, må det då borast nye hol for å rette det? Er det mogleg det er ringane som er "defekte" ?
  25. Espsol

    Ibar Field

    Hei. Kjøpte meg Lanber Ibar Field i fjor. Har nytta hagla mykje etter rypa i haust, med godt resultat. Knall god hagle, der du får mykje for pengane! Mvh Espen
×
×
  • Create New...