Jump to content

Sogning

Members
  • Posts

    148
  • Joined

  • Last visited

Everything posted by Sogning

  1. Viss ein ikkje har vert blaut i gore tex, har ein ikkje vore ute når det regna skikkeleg.
  2. Kan desse skoa samanliknast med dei som har membran, viss dei vert impregnert ofte nok? Kor ofte må dei behandlast? Vil ikkje kjøpe så dyre sko for å gå rundt å vere våt på føtene.
  3. 3990,- av xxl, får den ikkje billegare noken anna plass.
  4. kjøpte leica 1200 ifjor ein gang. Er godt fornøgd med den, har målt 1150m med den under gode forhold. Har 7x forstørring, veit ikkje om dei andre merka har det.
  5. Kor lang tid kan det gå ifrå dyret er skote, til vomma bør/må vere ute? Skyt mesteparten av hjorten på innmark eller utmarksbeite. Tykkjer då det er bedre å få dyra heim på slakteplass før utvomming, og at dette kan skje på ein reinsleg måte. Tek då ut vomma etter at dyret er heist opp, blodet som då er samla i brysthola renn då framover og slaktet vert reinare innvendigt. Kan fort gå 1-2 timar før vomma er ute når eg gjer det slik, men tykkjer det er bedre alikavel. Er ein forsiktig går det lett utan å stikke hol, sjølv om vomma då er vorte ganske oppblåst. Er dette for lenge? Enkelte er svært opptatt av at vomma må ut med eingang pga at gassen i vomma set smak på kjøtet o.l. Er dette reelt eller er det noke som heng at etter gammal tru?
  6. Dyr som er skotne i lunge, hjerte o.l, vil blø ut innvendig. Ved treff i rygg, hals eller hovud og plassar der dei ikkje blør ut vil det vere ein fordel å stikke. På desse dyra vil mykje av blodet stå at i årane i kroppen, noke som viser på slaktet ved at det får ein mykje raudare farge enn dei som er avblødd. Om dette har noke å sei for kvaliteten på slaktet veit eg ikkje.
  7. Sogning

    Kjølerom

    tykkjer slakta vert fuktige når dei heng på kjølerommet. kan dette komme av for lite utlufting? rommet er ca 9m3. kor store ventiler bør det vere ut av rommet?
  8. Er det noken som har prøvd dei nye skoa til harkila, prohunter GTX? Treng nye sko til høsten, men vert vel kanskje alfa bever.
  9. Tykkjer det er mykje enklare å sjå retikkelet på dyret viss det er lys i det, uten lys går retikkelet nesten i eitt med dyret, og det kan vere vanskeleg å sjå akuratt kor korsen er.
  10. Veit ikkje noke om hjorten, men mannen er ein av dei ti jegrane i boka om 10 hjortejegrar.
  11. Sogning

    ..... .. ..

    Har tormek T7, men har ikkje vert så mykje brukt. Tykkjer det er lett for at eggen vert betre slipt på den eine sida enn på den andre. Er vel sikkert eg som gjer ein feil, har som sagt ikkje brukt den så mykje
  12. Fekk min Fenix TK 11 idag, Veldig godt lys til å vere ei so lita lykt Har stor maglite på 4 nye batteri, men fenix`en var heilt klart bedre. Spørst om ikkje da vert ei TK 40 med tida
  13. Det tykte eg var eit godt forslag. Har sjøl sett på kikkertar på nettet, men grunnen til at det ikkje har vorte kjøpt noke er at eg er usikker på korleis det fungerar med handel frå utlandet, mtp betaling, frakt, moms, kor mykje som kjem i tillegg til kjøpsprisen osv.
  14. Sogning

    Lafayette micro 5

    Har to lafayette 3+, på den eine har eg alle kanalane opp til 20, men på den andre har eg berre 1-6. Går det an å få lagt inn dei resterande på denne og, evt korleis? Er godt fornøgd med radioane bortsett frå mikrofonen som virkar til å ikkje like vatn.
  15. Har opplyst retikkel i min Zeiss V, og tykkjer det fungerar bra. Har og prøvd sikte med dot og det er vel igrunn ei smaksak ka ein vel. Tykte muligens at dot`en vart litt stor på lengre hold og på stor forstørring.
  16. Skulle montere butler creek linsebeskyttara på kikkerten i kveld, ein victory 2,5-10*50. I butikken hadde dei kun til objektivet, men hadde ein okulardel heime som skulle passe. Sette denne på, men for å rette den, tok eg den av igjen, og det var då at okularet løsna og ein del på 5-6 cm fulgte med ut. Denne var gjenga inst inne så eg sette den inn igjen og skrudde den på plass og alt virka til å vere iorden. Kan denne ha løsna pga at fokusjusteringa har vore skrudd for mykje ut, eller er det andre ting som gjer det. Har ikkje merka noke til fukt inne i kikkerten tidlegare sjølv om veret i haust ikkje akuratt har vore det beste. Noken som har opplevd det same, eller har ei formeining om ka som har skjedd?
  17. Skal ha meg ein jerven duk eg og, men er usikker på ka eg skal velje. Vil stort sett kun verte brukt til posteringsjakt, så det vert enten orginal termo eller mini hunter termo Så lenge duken berre skal brukast til å sitte i er vel orginalen stor nok? ser for meg at mini hunter kan verte litt mykje å dra på og at den vert i største laget til å sitte i...
  18. Sogning

    Jaktradio

    Det var ein sånn stor eg tenkte på å kjøpe eg og. veit at nokre av icom sine passar på laffayette, men veit ikkje om det gjeld alle. Nokon som har ein link til ei side der dei har andre typar enn den med blå knapp på?
  19. Sogning

    Jaktradio

    Har no fått ødelagt min andre mikrofon til laffayette3+, den med blå knapp på Trur det er vatn som har tatt knekken på begge to, når eg koblar den til ligg den og den og sender heile tida. Er det eg som har vert uheldig eller er dette ein dårlig patent. Har trua på at icom sin mic er betre, men passar den på ein laffayette? Er det standard koblingar på desse slik at dei passar til alle merke?
  20. ser at Magasinet.no sel optisan strike 600 avstandsmålar til 1599, Noken som har prøvd eller har erfaringar med denne? Eg har vel eigentleg ikkje bruk for målar... men til denne prisen er det jo ein kjekt å ha ting. Andre merke er vel omtrent den doble prisen.
×
×
  • Create New...