Jump to content

Sogning

Members
  • Posts

    148
  • Joined

  • Last visited

Everything posted by Sogning

  1. Nokon som veit kva ladeboka seier om denne kula med MRP?
  2. Raud eletrikartape virka bra....
  3. På min r93 kunne eg tidlegare etter avtrekk ta ned oppspennaren, for så og spenne oppatt. Ved klikk med patron i kammeret feks, var det berre å spenne ned og oppatt, uten og opne sluttstykket. Dette går ikkje lenger, når eg prøver å ta ned oppspennaren etter avtrekk heng den oppe, men kjem ned viss eg dreg i den. Noken tips til dette? Noke som må smørjast/oljast?
  4. Skal du gå litt med rifla, vert den lang viss du ikkje kappar løpet. Vanleg dempar aukar lengda på løpet med 10-15 cm. Kan fint kappe ned til 50 cm, for normal bruk. Hausken har ein kort jaktdempar, den byggjer vel berre 10 cm på løpet. Men står mykje om dette andre plassar her inne viss du søke på: kapping 3006
  5. Har sendt deg ei mld, takk ska du ha
  6. Skal lade 120 grains ttsx i 6,5x55 med MRP. I mi ladebok er denne kula ikkje med i tabellen. Trur denne er med i den siste utgåva av boka, nokon som veit dette eller kan sjekke det for meg? Skal brukast i Blaser med 50 cm pipe.
  7. Takk for svar, men med ei slik fordeling vil det støste valdet få dei "beste" dyra? Og dei med mindre areal vil få dårlegare dyr?
  8. Har idag eit jaktvald med 20-30 dyr, ilag med tre andre grunneigarar. Eitpar av dei andre grunneigarane har kome med ynskje om å fordele løyva ut til den enkelte grunneigar, slik at kvart bruk har sine løyver. Er det andre som har erfaring med korleis dette kan gjerast? Vert sannsynlegvis delt etter areal. Spørsmålet er då korleis ein skal dele løyva mtp bukk, kolle, kalv, fjordyr o.s.v Frå år til år og at dette vert rettferdigt og likt for alle. Meinar å ha høyrt at det finnst eit dataprogram for dette. Der ein legg inn dei ulike areala og og antall løyver i forskjellige kategoriar. Og får ut eit oppsett over fleire år.
  9. Ser at midway har fått eindel txs/ttxs i div kaliber på lager no.
  10. Har ei 308 pipe på 42 cm, kva kulevekt vil de anbefale til denne, og kva fart vil eg kunne få med normale ladningar? Vert nok 150 grain. Vert brukt til hjortejakt på normale +- hold. Er ikkje sikker på om eg skal gå for tsx eller ttsx. Vil rikosjett faren vere større med desse enn andre? Ser det er lite nettbutikkar som har desse inne, er dei vanskeleg å få tak i? Håpar nokon kan gje meg ein kommentar på dette.
  11. De som jaktar hjort i skottland, kva for ein arrangør brukar de? Eller er det vanleg å ordne det sjølv, og korleis er det å få med seg eige våpn over?
  12. Enklaste er å bruke ein " tusenmeter" til bil som du set på ein ledning med brytar og plugg for sigarettennar. Kan verte litt stor, men lyser mykje betre enn alt av lykter som du finn på biltema, mekk o.l. Har sjølv Hella sin Rally 3000 med ledning på, og den lyser langt..
  13. Er igrunn jakka som er aktuell for min del, då eg vil ha ei jakke med litt signalfarge. Då tykkjer eg viper vert litt mykje. Men er open for forslag om andre typar jakker med signalfarge. Må ha gore tex. Noken som veit om viper og dog keeper er laga av same stoff?
  14. Er denne serien på vei ut? Tykkjer denne ser litt bedre ut en viper, som eg tykkjer vert for mykje raudt. Isåfall må eg få meg tak i ei slik jakke før dei vert vekke. Er også interresert i å høyre frå fleire som har prøvd denne.
  15. Sogning

    Viltkamera

    Kan ein bruke minnekort i eit mms kamera og dermed bruke det som eit vanleg kamera, og heller bruke mms funksjonen når ein vil det? Kva typar med mms funksjon er det som tek bra bilde om dag/ natt til ein ok pris
  16. Viss rifla er gjenga til a tec, kan eg då bruke ein hausken sålenge det er same gjengane? Eller er det forskjell på lengda på gjengepartiet?
  17. Dette er overalt, er kun kanal 1 og 5 eg kan bruke av dei 6 som er på radioen. Dei andre er det berre skurr på.
  18. Takk skal du ha, skal høyre med dei på mandag.
  19. Ser det har vert tilfelle der lykter har eksplodert. Kan dette skje med alle eller er det visse typar 18650 batteri som er sikre. Har det noke med type ladar som vert brukt? Og er det noken som kan forklare kva som skjer? Hadde i grunn bestemt for ei fenix tk75, men begynnte å lure litt no er jo 4 slike batteri i den.
  20. Såg ikkje ut til å vere store forskjellen mellom den gamle og nye tk 75. Veit ikkje kva prisen vert på den nye, men er vel skjelden det kjem ein ny modell av noko som er billegare enn den gamle. Den gamle vert vel kanskje billegare når den nye modellen kjem, men er no so lenge til den 26.
  21. Takk for gode tips. Goinggear hadde mykje forskjellig. Sendte ein mail til fenix store tidlegare, dei sa at tk 70 var gått ut av produksjon. Det ville og komme ein ny versjon av tk75 med 2900 lumen istadenfor 2600, vil dette vere ein merkbar forskjell? Noken som har prøvd både tk70 og tk 75 ? Vert nok sannsynlegvis tk 75, då denne er litt mindre og hendigare.
  22. Lurer på å kjøpe ei fenix tk 70 evt 75. Kva butikkar i utlandet er det de handlar med og vil anbefale, eller vert prisen mykje det same som i Noreg? Kor mykje må ein rekne med kjem i tillegg til prisen? Er det andre lykter det vil anbefale som har dei same spesifikasjonane og pris? Står vel sikkert ein anna plass i tråden, men erblitt ganske lang etterkvart, så håpar det går bra.
  23. Slik skyting som me fekk sjå med ag3 på kortholdet i dag, vil ein sauer aldri kunne følgje. Så han har vel kanskje eit poeng, men kanskje ikkje rette plassen å ta det opp på. Men imponerande skyting av alle uansett.
  24. Noken som veit kva type montasje treng eg viss eg skal ha ein kikkert med skinne ( zeiss) på ein r 93, er det noken fordelar med desse kontra ein vanleg kikkert? Vert montasjen billegare?
×
×
  • Create New...