Jump to content

Sogning

Members
  • Posts

    148
  • Joined

  • Last visited

Everything posted by Sogning

  1. Sogning

    Tikkaklubben

    Var det eg trudde, takk skal du ha.
  2. Sogning

    Tikkaklubben

    Nokon som kan svare meg på om det er forskjell på syntetstokkane til t3 lite? Vil ein stokk til rifle i 308 passe ei i 6,5x55. Og har desse stokkane endra seg siste åra. Skal ha synt stokk til ei rifle i 6,5som er 5-6 år gammal, men veit ikkje om alle stokkane passar omkvarandre.
  3. Skal selge eit våpen der eg ikkje har fått våpenkortet på rifla endå. Vart kjøpt tidlegare i år, har no kun blå del av søknad som våpenkort. Våpenet er då sikkert ikkje registrert på meg endå, og kan eg då selge det?
  4. Har ein samsung xcover 271, trur eg den heiter. Den tåler det aller meste, men har ikkje det beste kameraet. Vasstett og laaang batteritid. Tykkjer smarttelefonar vert for store uansett, iallefall i arbeid.
  5. Ok, var det eg håpte på. Skal kappe eit 308 løp, men må vere so langt at eg kan bruke ein hausken, samtidig som tofoten står på. Må måle litt å sjå.
  6. Har hatt eit par løp på 50 cm, det funkar fint. Iallefall til jakt ville eg ikkje hatt det noke lenger viss det skal vere dempar på. Veit om ein som har ei 6,5 rifle med 40 cm. Går det og men taper nok litt fart då ja.
  7. Då er R93'en iferd med å verte bytta til fordl for ein R8, Har feste for versa pod tofot ( vertebrae) til r93. Kan eg bruke dette på R8 og, eller er det eit anna reimfeste?
  8. Har eit 6,5 løp til r93 som eg gjenga uten å kappe det,57 cm. Det vart langt å gå med, med dempar på. Fekk det kappa på 50 og gjenga på nytt, det vart mykje hendigare. Demparen var ein atec maxim. So eg ville gått for 52 cm, eller 50.
  9. Har sjekka litt på nettet ikveld, ser ut til at det er fleire som er fornøygde med dei. Korleis er de med dyr på dei områda? Korleis er det å ta med eige våpen til skottland, er det enklare å leige istadenfor? Kan vel fort bli litt lengre hold og då er det no greitt med ei rifle ein har skote ein del med tidlegare.
  10. Vurderar ein tur til skottland på avskytingsjakt etter nyttår. Nokon som har gode tips til kor ein bør reise, evt kven ein bør reise med? Kva prisar ligg desse turane på ca, reknar med det er ein delbillegare enn bukkejakt om hausten?
  11. Viss det samlar seg litt kruttslam e.l i falsen i løpet som sluttstykket skal låse i, vil dette då kunne gjere at "fingrane" på sluttstykket ikkje låser heilt ut i løpet enkelte plassar. Dette vil vel då kunne gje ei skeivbelastning på sluttstykkehovudet.
  12. Har bestemt meg for å melde meg ut av blaser klubben. Har då sett litt på merkel helix, ser det e fleire som har hatt blaser som likar denne bedre. Lurer litt på korleis det er å komme til for reinhold av sluttstykke, låskasse, Og kor ømfintleg den er for skit og smuss der. Evt andre erfaringar som kan vere lurt å ta med i vurderinga.
  13. Ikkje anna enn at eg trur sjansen er større for å gjere feil ved heimelading enn det er med fabrikkammo.
  14. Ja, syns det er merkeleg at blaser ikkje har høyrt eller sett noke meir om denne rilfla en det me har gjort. Men er no rundt eit halvt år sia og kan ha skjedd litt i mellomtia. Har bestemt meg og ombestemt meg fleire gangar siste halvåret, korvidt eg skal byte r93'en eller ikkje, og er ikkje sikker endå. Er godt fornøygd og god å skyte med, men kva viss....
  15. Kunne iallefall vert greitt å vite om det var fabrikkammo eller ikkje. Såg det vart antyda at det kanskje ikkje var det.
  16. Nokon som veit noko meir om ulykka i sverige, evt kva konklusjonen vart?
  17. Harigrunn gått greitt å lade r93 frå topp. Laust magasin gjer vel rifla eit par tusen dyrare iforhold til uten. Og risikoen for å miste magasin avtrekkar. Men ser heil klart dei fordelane som er med å kunne ta ut magasinet og.
  18. Vurderar fortsatt om eg skal behalde min r93, eller om eg skal bytte denne i ein r8. Vil i såfall ha den uten laust magasin. Nokon som har prøvd denn, fungerar magasinet på same måte som r93? Er det mulig å bytte stokk på denne modellen? Noken som veit kor mykje tyngre r8 er i forhold til r93?
  19. Ok, då trur eg det vert akuratt litt for knapt. Hausken demparane byggjer vel like langt inn på løpet dei og.
  20. Er det noken av dykk med R93 og kkc stokk, som kunne målt lengda på framskjefte? Feks frå framkant på avtrekkarbøyle og til framkant på forskjefte? Har ei pipe på 42cm med a-tec maxim dempar. Har professional stokk, der er det lite klaring fram til demparen, har lyst på kkc, men veit ikkje om det vert plass. Alternativet er å få tak i eit nytt løp.
  21. Kanskje ikkje skeptisk, men berre prøve å komme på ein grunn for å kjøpe ny Driv sikkert med ein del andre ting som er myke farligare i kvardagen
  22. Er i links den det er snakk om her og. Har sjølv ein r93 pro, som er eit 2 år, den kosta rundt 16000,- den gang. Har igrunn lurt litt på å bytte den i ein r8 og. Har ikkje prøvd r8, men har høyrd at den er litt Tyngre og meir " klumpete" enn r93. Er godt fornøygd med den eg har, men har blitt litt skeptisk til r93 etter eit par mindre heldige hendelsar andre har vert ute for med den.
  23. Prisane har eg sett ligg ganske høgt, men er vel begrensa kor mykje ein kan ta og. Ein ny R 93 pro, kostar vel rundt 16000,- Pipa kan eg tenke meg har gått rundt 1000 skot Skal bytast til fordel for R8. Men har no ein peikepinn, skulle vel ikkje bytast før etter nyttår uansett.
  24. Kjenner ein som vurderer å selje ein r93. Er standard trestokk, uten nr så den er noken år gammal. Pipe i 6,5x55 med åpne sikter. S&b 1,5-6x42 med montasje Noken som har ei formeining om kva pris som vil vere fornuftig? Takkar for svar.
  25. Høyrest bra ut, men har kun MRP tilgjengeleg til 6,5. Pipa er ikkje meir enn 50 cm, so ligg vel ikkje an til noke kjempefart. Men har høyrt det skal vere ei god kule. Er ikkje noken erfaren ladar, so vil helst ikkje måtte prøve meg fra endå.
×
×
  • Create New...