Sauer Wolverine i .300 win. mag med 21 mm fluta varmintpipe Den skulle vore toppa med ein Zeiss Victory Diavari 3-12*56 med lys. Til trening og jakt på korte hold og småvilt, ville eg hatt eit 6,5*55-løp. Ville også hatt eit løp i grovare kaliber, for eksempel 9,3 eller .375, om dette går på same kasse som dei andre løpa.
Så ville eg hatt 3 Sauer STR'ar, ein til bane, ein til felt, og den siste til miniatyr.
Til trening og dei aller minste dyra ville eg hatt ein Sako Quad eller liknande "fullsize" salonggevær.
Må jo sjølvsagt ha ei hagle, der ville eg valgt ein Beretta o/u med diskré gravyre og fin nøttetrestokk.
Om eg hadde fått ein vikinglottokupong til å gå inn, eller vere så heldig å få eit nigeriebrev som gir utbyte (... ) så ville eg også hatt ei DYR s/s hagle frå Purdey eller Holland &
Holland
Er det slik at banevåpen går utanom begrensinga på seks våpen? Dersom ikkje er den ovannemnde "planen" ikkje berre umogleg i praksis på grunn av pris, men også umogleg i teorien...