Jump to content

Sjur Dale

Members
  • Posts

    918
  • Joined

  • Last visited

Everything posted by Sjur Dale

  1. Noko på sida av tråden I dag fekk eg melding frå politiet at eg måtte dokumentera FG-godkjent våpenskap for å få innfridd våpenløyve. Dokumentasjonen måtte vera skriftleg kvittering eller foto av skap og skapnummer. Dette er heilt nytt for meg. Tidlegare har eg berre sett ein kryss i søknaden for at eg har våpenskap. Eg finn ikkje noko om denne dokumentasjonsføringa i lovverk eller forskrifter.
  2. Eg brukar tre selar. Tursele, jaktsele og sporsele. Ved forrige hunden eg hadde skulle kjeringi på ski, men det var berre med jaktselen. Turen blei som følgjande: Nokre rolege skritt fram - STOPP! Nokre rolege skritt fram - STOPP!
  3. Skotskade i framfot Eg forutset at berre eine framfoten er skada. Eg utgreiar skadestaden grundig for å få bilete av om skaden er over eller under kneet. a) Skade under kneet Dette er det vanskelegaste av alle søk då hjorten spring unna, hoppar gardar og går elvar oppover og nedover. Det er lite blodtap og dyret vil opp i høgda. Eg går sjeldan på slike dyr i sårlege. Eg får ein skotsjangse og det er ved første kontakt. Det er få kontaktar seinare. Lite og ingen blod etter 300 meter. b)Skade i kneet/over kneet Det er meir blodtap. Eg vil anta at dyret har større smerter. Eg har erfart at ved slik skade går hjorten ofte i sårlege og ligg innanfor 400 meter frå skotstaden. Første kontakt, skotsjangse og ny ugreiing av blodtap. Ved slik skade har eg oftare kontakt med hjorten og eg freistar gå dyret ut. Erfaringa mi tilseiare at slike dyr trykkjer meir ved andredagssøk. Etter tre-fire døgn får slike dyr ofte sårfeber. Laushund? Viss du vurderar forholda sikkert til å sleppa ein hund, så kan det vera mogleg løysing. Ved bratte vestlandssøk kan dette vera ein risiko. Hund kan bli reven med inn i noko den ikkje kjem seg ut av. I verste fall kan hunden stryka med i ei elv eller detta utfor. Hjorten er lur og snar til å koma seg over eit fjell, gjennom eit skar og bak ein dal. Om eg då får GPS-signal, feilsignal eller ingen signal? Her kan litt av kvart skje. Tenkjer på jegeren som ein haust miste to jamthundar som drog etter frisk hjort. Den første gjekk med i ei elv. Den andre ramla utfor ein berghammar. Postar vil vera god løysing uannsett.
  4. Eg betalar gladleg medlemsavgift og treningsavgift for å sleppa dugnadar, vedlikehald og vakter.
  5. Eg tenkjer hjortejakta vil start 1. september for mange og vera fram til 23. desember i 2012. http://www.dirnat.no/multimedia/48820/H ... 2-2017.pdf
  6. Lettast, enklast og TRYGGAST: Gi det til politet!
  7. Dette må du få kontroll på før det skjer noko alvorleg. Risikoen er at dachsen din på no fem år kløyver lepen til ein person. Det skjer fort. Dette har me mange eksempel på. I tråden er det komme fram klare og tydeleg signal,- dette må ikkje skje. Her må du vera på vakt og jobba langsiktig. I tillegg til det som er nemnt av gode forslag ville eg teke kontakt med ein seriøs hundeskule for at utanforståande sakkyndige skulle vurdera tilfellet og tiltak.
  8. Dette ser svært spennande ut. Stå på og lukke til på alle messer i år.
  9. Spor etter skada hjort på asfaltveg. Påkøyrsle Hjorten spring rett over vegen så sant det er opning for det. Hindring kan vera berghammar/hjortegjerde m.m. Jakt Alt uforutsett kan skje. Det skada dyret kryssar rett over vegen eller det føl vegen på ei side, eller nokre gonger litt her og der før det går av asfalten. Skada hjort under jakt på vestlandet i bratta kan vera utfordrande og krøka seg etter. Det kan gå rett opp, rett ned, over glatte sva og gjennom fandenvolds einerkratt for så å følgja elva 50 meter stupbratt nedover. Heile tida har dyret kontroll over kvar eg og hunden er. Det hender eg set att jeger for å sleppa ansvaret for han. Eg legg ikkje slike utfordrande kunstige blodspor. Eg treng ikkje bryta ribbein og bein i handleddet på kunstige spor. Det held med mine brot på ordentlege søk. Nokre gonger driv eg og andre i laget risikosport under ettersøk av hjort.
  10. Me er så ulike av natur. Det er ikkje meininga å røre ved din måte å leggja dine spor på E.J. Alle treng ikkje leggja spor med sykkel fordi om eg gjer det. Eg syns det er kjekt å finna på slike ulike løysningar. Nokre skada hjortar har eg følgt på asfaltveg, andre på stadar eg nødig går meir.
  11. Hei Hallgeir. Holet i korken må Litt moro må ein ha.
  12. Det er svært bra å ha litt breidde i sportreninga. Nokon trur framleis at det er kun blodtrening som er det einaste saliggjerande, og går med frykt for at andre metodar skal vera vel så bra, endå til betre. Det er fleire vegar til Rom. Til og med nye og betre. Denne blodsporlegginga er kanskje framand for nokre, akkurat som det med pannekaker.
  13. Her finn du stoffet du treng for sportrening, og endå litt meir til: Nesearbeid for hund av Anne Lill Kvam. ISBN: 8252929966, Forlag: Landbruksforlaget. Mikael Tham si bok "Eftersøk på kløvvilt" er interessan og god, men som bok med treningsopplegg er Anne Lill Kvam tungvektar og svært, svært nyttig. Dette er grunnleggjande metodar som seriøse aktørar nyttar seg av i dag, enten det gjeld redningshundar, bombehundar eller andrre.
  14. Smør glidelåsen framme og bak med silikonstift. Bruk slik stift som du får kjøpt til å nytte på listene til bildørar. Fungerar ikkje dette, er det klart for skifte av glidelåsen.
  15. http://www.canis.no/nettbutikk/produktp ... id=250&s=4 Kjøp to Konger i ulik storleik. Fyll inni med litt tubeost, pølse eller liknande. Plasser Kongen i frysen og gi hunden den. Gratis er det å gøyme noko godt for så å la hunden søke det opp. Start lett med noko som har kraftig lukt, - fårepølse, for så gradvis går over til la oss sei pannekake utan flesk med vidare. Undersøk kva hunden likar best. Gå frå lett gøymestad over til vansklegare. Gjer berre eit moment vansklegare i gongen. Sjå elles: http://www.fjellanger.net/index.php?opt ... 28〈=nb om klikkertrening for den som er interessert. Det er svært spennande og gir utruleg resultat å jobba med dyr ut frå desse metodane.
  16. Sikringen på Mauser M98 med riflekikkert står i ein forførisk posisjon.
  17. Eg er samd med trådstartar. Fabrikkmerke er uvesentleg, men krav til rask oppfølging av skot bør stillast. Ein velrøynd børsemakar og jeger held på ein kvalitets halvautomat som det optimale. Sjølv hundeførar skal ikkje gå med ammunisjon i kammeret. Stor riflekikkert er inga god løysning.
  18. hald fram eies..: ulike underlag, lengde, tid på døgnet, med og utan uromoment og i ulikt ver. Korleis leggja eit kort spor på 100 meter vera meir krevjande enn eit boldspor på 600 meter? Kvifor må det alltid leggjast blod ved sportrening? Tek du utfordringa med eit pannekakespor med kryssinga av to pølsespor med innbyrdes avstand på omlag 30 meter? Legg inn ein liten godbit etter kvar krysssing i avstand 6 - 10 meter. Den vanlegaste årsaken til vanskar i treningen er at du går for fort fram. Den nest vanlegaste årsaken til vanskaar, - er at du går for sakte fram.
  19. Diamantbryner er dyre om dei er gode. Settet det er vist til kan vera greitt til knivblad som ikkje er smale, ikkje lange, ikkje tjukke og vanskane kjem frammover mot tuppen. Eg vil i staden rå deg til Fallkniven DC4 kvalitetsbryne med to ulike slipefinleikar. Dette brynet er lett og kjekt å kunne ta med seg på tur.
  20. Lesetoff Alt som Turid Rugaas har skreve. Styr unna gamle Johan B Steen sine dessurvanar. Eg har sjølv hatt IS. Det er ein nydeleg hund. Vel ein med gode linjer.
  21. Tormek er ein grei slipestein som gir hulslipt profil. Steinen til Tormek har to ulike storleikar, men steinen er liten sett i forhold til ein slipestein med diameter 80 cm. Bryne er å få kjøpt i mange ulike finleikar og gir ei plan slipeflate. På eit storkjøken kan ein få kjøpt slike kvalitetsbryner. Handverksmesssig er det greitt å vite korleis meisterane i Japan utfører dette: " target="_blank" target="_blank" target="_blank
  22. Det har ikkje blitt noko testing. Influensa og stor stor rasfare.
  23. Blodspor Det er idag mange andre vel så gode metodar for sportrening. Les: Anne Lill Kvam "Nesearbeid for hund". Veldig flink og røynd dame. Her vil du og få mange gode dessurtips. Bruk positiv forsterkning.
×
×
  • Create New...