Jump to content

vest

Members
  • Posts

    1,232
  • Joined

  • Last visited

Everything posted by vest

  1. Vel no var det nok heilt andre forhold der den gongen for 20 år sidan. Trur nok det var langt mindre løyver der då i forhold til i dag. Det var nok heller ikkje så mykje eksklusivt utleie då slik som no. Angåande Frønningen så er denne flotte DVD'en tatt opp der http://www.jaktogdvd.no/no/jaktfilmer/h ... t-dvd.html Etter det eg forstår så er det ikkje så mykje bøjakt i Frønningen. Er det bøjakt ein er ute etter så finns det nok betre stader. Men for dei som likar å vera i utmarka så er det ein kjempefin plass å jakta hjort.
  2. Bilder av ulike kamuflasjemønster og i kva slags omgivelsar dei passar best: http://deerhunter.dk/Default.aspx?ID=368
  3. På www.riflemagazine.com kan du abonnere på nettutgavene av Rifle, Handloader og Successful Hunter. Det blir billigare enn papirutgavene.
  4. Ja da var ikkje hukommelsen så verst likevel, for at det kun gjaldt bukkar kunne eg ikkje erindre. Forfattaren som kom med kritikk var det Hans Hille Schjelderup?
  5. vest

    jathi jakt

    Sjekk Laksen Woodman til 1999kr. Har fått ein kamerat til å kjøpe ein slik dress til meg. http://handel.klubbportalen.no/shopping ... x?id=67874 Sjå og i Laksen sin katalog side 84/85 www.laksen.dk og side 60/61 for samanlikning av denne membranen mot gore tex. Laksen er etter mi meining eit merke som leverer bra kvalitet så det blir spennande å få prøvd denne dressen.
  6. Eg har ei slik Dovre bukse med XCR Gore Tex og har ikkje opplevd at den lekker.Likevel kan ein bli blaut av sveitte.Den kan bli blaut utvendig og da virkar gore texen dårligare enn i tørt vær. Om det er dette som gjer at du føler deg våt eller om buksa lekker veit eg ikkje. Gore tex "pustar" uansett mykje dårligare enn bomull eller bomull/polyester klær.Sveittar ein mykje blir ein klam ved høg aktivitet sjølv med den beste gore tex membranen. Har du prøvd å impregnere den?
  7. vest

    Kuler fra elg

    Sidan det virkar som folk ikkje trur på meg så må eg igjen sitere John Barsness frå boka Rifle bullets for the hunter: "What this all boils down to is there are compromises involved in designing any BB(premium kule).The wider a bullet expands the bigger hole it makes, but it penetrates less. The less a bullet expands the smaller the hole it makes, but it penetrates deeper. There is no magic in either design. so which you pick depends on the job." Viss ei kule stoppar i dyret så blir jo selvfølgelig energien kula har i det det treff dyret igjen i dyret. Viss ei kule går igjennom dyret så blir ein del av energien "brukt" også etter at kula fortset på andre sida av dyret. Eg seier ikkje at det er bedre at kula legg energien igjen i dyret enn at det blir brukt til å gjennomskyte dyret. Berre at denne energien blir brukt til å gjere meir skade i dyret.Gløym ikkje kva eg skreiv til å begynne med: I praksis så er det ikkje så lett å merke forskjell på dette.Med rett treff og ammunisjon så døyr jo dyret normalt uansett. Folk må ikkje bli så opphengt i ordet "energi",men heller tenke på at ei slik energiavgivande kule enten lagar større hol ved større diameter, eller at det fragmenterer meir.Fragmentering gir mindre restvekt som gir restkula mindre energi til å gå igjennom dyret. For dei som har testa kuler i ulike medier så er det lett å sjå at kuler med større ekspandert diameter ikkje når så langt inn som dei med mindre ekspandert diameter,med unntak av dei som fragmenterer ein del .Og at holet blir større. Det må heller ikkje gløymast at to kuler med lik ekspandert diameter kan ha eit ulikt ekspansjonsforløp. Ei kule kan ekspandere veldig raskt og ei anna meir langsom,men likevel like mykje til slutt. I denne boka som eg henviser til så finns det ein tabell der ein kan kategorisere kulene etter ekspansjon og inntrenging. Dei brukar to faktorar.Nemleg restvekt og ekspandert diameter. Det er delt inn i 5 kategoriar 1. Fragmenting bullets 2.Max expanding bullet 3.Balanced bullet 4.Min expanding bullet 5.Penetrating bullet Eg fann resultat på nettet for nokre 150grs testa i kaliber 308w berre for å illustrere: Nosler Ballistic tip ekspanderte til 1.85 gongere diameteren med restvekt 73 % På ein skala frå 1-100 får den då ca 38 noko som plasserer den i kategorien Max expanding bullet. Hornady Interbond ekspanderte 2.34 gonger restvekt 94% som gir 41 og den kjem då i kategorien Balanced bullet. Fail Safe ekspanderte 1.3 gonger med restvekt 81% som gir ca 63 og kategorien Minimum expanding bullet. Om ein aukar eller senkar farten så kan resultata bli ulike. Generellt så havnar dei fleste standardkulene i kategori 2 med einkelte i nedre del av 3. Og premium kulene i 3 og nokre få 4.Heilmantel berekna på vilt kjem i kategori 5 og varmint i kategori 1. I tillegg kan einkelte standardkuler svikte og kjem då i kategori 1. På mindre vilt enn elg så er det jo mange som meiner at vanlege standardkuler fungerer svært bra kanskje litt bedre enn hardare premiumkuler nettopp pga av raskare ekspansjon med stor diameter eller ein del fragmentering , at den legg igjen meir energi som einkelte vil kalle det. Eg trur einkelte misforstår begrepet og trur at dei som er tilhengarar av energiavgivande kuler meiner at kula skal senke dyret omtrent som ein rambukk,men alle skjønnar vel at slikt som ein ser på film der folk lettar frå bakken etter å ha blitt skutt berre er tull.
  8. vest

    Kuler fra elg

    Energiavgiving i dyr er ikkje noko mystisk ,men dreier seg rett og slett om skade i dyret. Om vi snakkar om samme kaliber og kulevekt og hastigheit så gir naturligvis ei kule som går gjennom dyret eit mindre hol i dyret enn ei som stoppar i dyret. Ved ikkje-gjennomslag så blir meir av energien i dyret pga av at kula får så stor diameter at den bremsar heilt opp. Kva ein foretrekker er ei smak sak og litt om kva ein trur på. For å sitere John Barsness ifrå boka ;Rifle bullets for the hunter. "Call me weird,but I firmly believe the major criteria for judging big-game bullets should be how well they consistently kill game. I've hunted big game with most BBs (hans uttrykk for premiumkuler) on the market today, and shot them into what is known as "test media" of various sorts. Mostly I've found out if you can shoot reasonasbly well and use a cartridge vaguely suitable for the purpose, it doesn't matter a hell of a lot which BB you choose!" Kan legge legge til at han ikkje er så veldig opptatt av om kulene ser perfekt soppforma ut eller har 99% restvekt så lenge dei gjer jobben sin. Kan forresten anbefale denne boka for dei som er interessert i jaktkuler.
  9. Eg og hugsar den saken,men hadde gløymt at det var bukkar det gjaldt.Om eg ikkje hugsar feil så hadde han felt desse dyra med 1 skot per dyr! Ja fornamnet hans begynner med J......
  10. Slike militære kikkertar vart selt ut på auksjon nyleg. 1000kr for ubrukte eksemplar
  11. vest

    Kuler fra elg

    Joda. I teorien kan vel alt som forlater et børseløp ta en uventet retning. Men jeg innbiller meg at "harde" homogene gjør dette lettere enn "bløte" blykuler. Og min snevre erfaring med homogene kuler har gitt et inntrykk av at disse gir gjennomskyting, men ofte fortsetter sin framferd med "uforminsket styrke". Og meningen er vel at energien skal legges igjen i dyret...? Legge igjen energien i dyret Hvis kulen stopper i dyret, er det mest sansynelig et tegn på at den, med si konstruksjon og "oppførsel" i dyret, har for liten energi til å trenge igjenom. Poenget er ikke å legge igjenn så mye energi i dyret at du regelrett slår det ihjel. Så mye energi greier ikke ei riflekule å "legge igjen" i dyret. Poenget må da være å oppnå raskest mulig utblødnig (det jo på dettte viset den dauer for pokker ) Ikke at man slår ihjel elgen. Energien kulen har med seg, skal primert sett brukes til å "trykke" kulen gjennom dyret, å ekspandere kulen slik at det oppstår en sårkanal som raskt tømmer dyret for blod. Målet mitt er i hvertfall, et gott treff, etterfulgt av størst mulig sårkanal. Helst gjennomskyting (da er man sikker på at kulen har "rasert" mest mulig i blodomløpet til dyret). Ideelt sett prøver jeg knekke bogene på`n . Da faller de som regel ikke langt fra skuddstedet. Kuler med lik vekt og hastigheit har i utgangspunktet også lik energi.På lenger avstandar har dei og lik energi om BC' en er lik. Den innvendige konstruksjonen har ikkje noko med energien å gjere. Ei kule som enten fragmenterer ein del eller gir stor ekspandert diameter avgir meir energi i dyret enn ei kule med mindre diameter og kanskje 99% restvekt og som går gjennom dyret. Meir avgitt energi betyr meir indre skader i dyret såfremt kula når vitale indre organ. Ei kuler som ekspanderer og går gjennom dyret drep ikkje noko raskare enn ei kule som får mykje større diameter og samtidig når vitale organ. Fordelen med ei djupt penetrerande kule er at du er sikker på å nå vitale organ ifrå dei fleste vinklar og at ein oftare får gjennomskyting og blodspor. Om blodet renn ut av dyret gjennom utgangsholet eller inne i brysthola har ikkje noko å sei for kor raskt døden intreffer. Det går faktisk an å få både i pose og sekk Nosler Partition er nemleg ei slik kule som normalt gir store interne skader og gjennomskyting. I praksis er det slett ikkje alltid at ein merkar forskjel på dei ulike kulene.På mindre dyr (hjort og rein) går kulene som oftast igjennom uansett konstruksjon
  12. vest

    Billige jaktdresser

    Berre eit lite tips :Ser at XXL no selger Chevalier Canada Light jaktdress for 1999kr.Satt ned 1000kr frå XXL sin haustkatalog. Har ikkje sett det omtalt så mykje,men den får stort sett godkjent. Det einaste er ermeavslutningane som er litt tette. Her er ein omtale; http://www.chevalier.se/test.asp?lngID= ... tegoryID=2
  13. Med første dødelige skudd må ein bruke sunn fornuft, lag gjerne reglar ,men bruk vetet. Ein treng ikkje dra det ut i det parodiske som til dømes at ein elg døyr av blodforgitning etter 4 dagar ved treff i beinet. No veit ikkje eg kor ofte det blir krangel om trofe i Norge kvar haust, svært sjelden vil eg tru og kanskje det går år om anna kvar gong det skjer. Det er litt rart ,men sånne sjeldne tilfeller har ein tendens til å vera trekkpapir på debattantar Skal ein absolutt diskutere kva som er dødelig skot/treff så kan ein jo like godt diskutere kva som er skadeskyting. Såvidt eg veit er jo folk dømt for skadeskyting så da må det jo finnast ei rettsleg oppfatning om kva som er skadeskyting og kva som er dødelig treff. Om eg ikkje hugsar heilt feil så las eg ein plass der det vart definert som skadeskyting om dyret ikkje fanns innafor 300m eller døydde innafor eit tidsrom på 3min? , er litt usikker på tida. Dette var ikkje sett utifra eit juridisk synspunkt,men frå dei som dreiv med ettersøk.
  14. Første dødelige skot er mi meining. Kvifor skal ellers dei som for eksempel skyt ei ein fot og ikkje feller viltet ha trofeet? Skal ein ha trofe så får ein versågod felle viltet . Uten felling, ingen trofe .
  15. Akkurat denne er ikkje så vanskeleg. Du står på ein veg viss du skyt fra den. Det er ikkje noko som heiter å stå fra ein veg på godt norsk.
  16. http://fjordaglimt.no/-/image/show/9238 ... paa-grotle Her er eit bilde eg fann, håpar ikkje nokon andre har lagt det inn før meg.(Orka ikkje å bla meg tilbake .) Storingen såg mildt sagt gedigen ut!
  17. vest

    Hjortelus Fluen

    Les meir om dette på www.flattogflue.no Vær gjerne med på å sende inn rapport.
  18. Eit lite spørsmål: Om sommaren veit vi at både bukken og kolla rullar seg i gjørmebad med anna for å bli kvitt insekt. Om hausten gjer bukken det og i brunsten, er det vanleg at kollene også gjer det brunsten evt. av andre årsaker? Ein kamerat av meg skaut ei kolle på søndag som dei etter å ha fulgt spora såg hadde tatt seg eit gjørmebad, og så seint i sesongen er det ikkje pga insektplage.
  19. Akkurat det der trur eg vi skal la stå ubesvart. Det er ikkje verdt å gi einkelte folk "lure" idear. Forresten så stod det om saken i VG papirutgaven i dag . Det siste skyttaren sier er:"Jeg står for det jeg har gjort, nå vil jeg bare legge dette bak meg. Utover det vil jeg ikke si noe, sier elgjegeren til VG." Altså ikkje ein beklagelse eller unnskyldning ein gong !!! Vel "slikt" får eg håpe aldri nokon folk slepp til på jakt! Får håpe at einkelte her inne som til stadigheit kritiserer hundefolket også kan ta klar og utvetydig avstand frå denne personens handlingar. No er mannen faktisk dømt, sjølv om dommen enno ikkje er rettskraftig, slik at ein ikkje kan bruke begrunnelsen om at han ikkje er skyldig før han er dømt for å sleppe å diskutere saken.
  20. Gore–Tex® Pro Shell Dette er den nyeste membranen fra Gore–Tex®, og bruker en vevd liner. Dette for å redusere vekt, tykkelse samt for å bedre fukttransport og slitestyrke, samtidig som den opprettholder varig vanntetthet. Tekniske Spesifikasjoner: Vanntetthet: min 28 000mm – (ISO 811), les: “garantert å holde deg tørr” Pusteevne: Meget bra, (ned til 4 RET – ISO11092) Vindtetthet: 100% Gore–Tex® Performance Shell 3–lags Et slitesterkt og fleksibelt materiale fra Gore–Tex® som kan brukes til de fleste aktiviteter. I en 3–lags konstruksjon er membranen laminert til foret på den ene siden, og til ytterstoffet på den andre, noe som sørger for bedre slitestyrke. Denne konstruksjonen er lettere enn et 2–lags Gore–Tex®– stoff siden det ikke krever noe ytterligere fritthengende liner. Tekniske Spesifikasjoner: Vanntetthet: min 28 000mm – (ISO 811), les: “garantert å holde deg tørr” Pusteevne: Utmerket, (ned til 9 RET – ISO11092) Vindtetthet: 100% Gore–Tex® Performance Shell 2–lags Et mykt, lett Gore–Tex®–stoff, velegnet for en lang rekke aktiviteter, som ski– og snøbrettkjøring. Beskyttet av et ikke– laminert fôr i plagget, er en Gore–Tex®–membran laminert til ytterstoffet, noe som gir et lett plagg som er svært pustende, smidig og stillere enn plagg med 3–lags plagg. Tekniske Spesifikasjoner: Vanntetthet: min 28 000mm – (ISO 811), les: “garantert å holde deg tørr” Pusteegenskaper: Ypperlige (ned til 9 RET – ISO11092) Vindtetthet: 100 % Gore–Tex® Paclite® Shell Paclite® er Gore–Tex®’s letteste vann–, vindtette og pustende materiale. Disse egenskaper gjør at Gore–Tex® Paclite® er velegnet for sykling, turgåing og utendørs aktiviteter hvor værbeskyttelse, vekt og pakkbarhet er viktig. Tekniske Spesifikasjoner: Vanntetthet: min 28 000mm – (ISO 811), “garantert å holde deg tørr” Pusteevne: Meget god, (4 RET – ISO11092) Vindtetthet: 100% Dette er tatt frå Norrøna si sin katalog. http://www.xxl.no/shopping/showitem.aspx?id=67858 Her er ein softshelldress som kanskje er aktuell for deg. Eg veit ikkje kva slags type performance det er. Dressen finn eg ikkje på Norrønas sider så eg antar det er ein modell dei har laga for XXL. Eg veit at dei tidlegare laga ein vanleg gore tex Paclite modell XXL.
  21. Av og til kan ein jo lure på korleis dei klarte å bestå advokatutdanningen: viewtopic.php?f=9&t=8630
  22. Min klare meining er at denne dommen bør ankas. 2 år utestenging er altfor lite , og erstatningssummen er heilt feil. Eg synes og det er ein uting å bruke utanforståande ting som formildande i straffeutmålinga. Eg synes slett ikkje om slike folk som ikkje klarer å sjå forskjel på ein rev og ein grå elghund med radiosendar. Slike har slett ikkje noko på jakt å gjere og er ein fare for både folk og dyr,eller så lyg dei åpenlyst i retten. Skam over deg som gjorde det!
  23. Skyld heller på han mistenkte som stillte opp på bildet. Det er han som bør klandrast, ikkje avisa.
  24. Blir ein etterforska for promillekøyring får ein vel ikkje lov å køyre bil før etter ein dom såvidt eg skjønnar. Men når det gjeld jakt som i dette tilfellet så kan ein jakte før ein eventuell dom berre ein får lånt seg ei rifle. Eller har eg oppfatta dette feil? Om dette er rett så skurrar det litt i mine øyrer.
  25. Ein kan jo stille spørsmål om kvifor politiet skal ta beslag i våpena hans viss han på lovlig måte kan låne seg eit våpen for å gå på jakt Er det for tekniske undersøkelsar dei tok beslag? I såfall kan eg forstå beslaget,men er det for å forhindre eventuelle nye lovbrot så er det noko som ikkje rimer i lovverket så lenge han berre kan låne seg ei rifle og jakte vidare på fullt lovleg måte. Ein anna ting er moralen i dette. Om han har gjort det som påstås at han har innrømt,men likevel enno ikkje er dømt for bør han da gå på jakt sjølv om det formellt er lovleg? Dette må det vere fullt lovleg å diskutere.
×
×
  • Create New...