Jump to content

vest

Members
  • Posts

    1,232
  • Joined

  • Last visited

Everything posted by vest

  1. Javisst det finns nok,men eg vel å tru at kvalitetskontrollen og avviket i produksjonen er mindre for Zeiss til 15 tusen enn i ein Monarch til kanskje 1/5 av prisen.Viss folk finn gode eksemplar av rimelige kikkertar og er fornøgd med det ,så slå til!
  2. Ser at mange er fornøgd med denne kikkerten,men det ein skal vera klare over er at på slike "rimelige" kikkertar så kan kvalitetskontrollen og produksjonen vera meir ujamn enn på dyrare. Hadde sjølv ein slik Nikon Monarch 10x42 på prøve for nokre få år sidan og den fekk eg fort hovudverk av å bruka for å sei det mildt. Forhandlaren sjølv måtte medgi at det eksemplaret slett ikkje var bra. Difor er det ein fordel å sjå i eksemplaret på forhånd før ein kjøper det.
  3. Anmelde forholdet. Hjelp ikkje det så omtal forholdet i lokalavisa og politiet sin manglande vilje til å få bukt med problemet. Ein henvendelse til media med kritikk får ofte fart på sakene.
  4. Det går ikkje an å samanlikne hundar som har slitt seg og jagar før lovleg jakttid med folk som jaktar før lovleg jakttid Eit menneske veit jakttidene,men det veit ikkje ein hund ! Det er tross alt forskjell på eit uhell og ei bevisst lovbrot. Eg synes absolutt at hundeeigar har krav og rett på å få vite kven som skaut hundane. Det skulle då berre mangle!!! Om vedkommande som skaut er redd for konsekvensar så burde han verkeleg ha tenkt på det før han skaut. Å skjule seg bak anonymitet som i dette tilfellet er feigt og levner vedkommande ingen ære. Viss vedkommande har reint mjøl i posen så står han fram og står til ansvar for det han har gjort. Folk som ikkje står for det dei har gjort kan fort mistenkes for å skjule noko. Og det gjer saken berre verre for vedkommande om han har gjort det som var rett. Og rykta går fort på slike små plassar...... Hundeeigar har rett til å vite kva som har skjedd og kven som skaut. Korleis kan han ellers vere sikker på at dette ikkje er nokon som hatar hundar og lyg for å dekke sine gjerningar? Og kven skal han ellers eventuellt gå til sak mot? I retten kan fort desse jegrane sine forklaringar bli dratt i tvil viss saksøkar kan påvise at dei er upålitelige.Viss dei kjem med ulike forklaringar så dreg det ned deiras truverde. Om det kan påvisast at dei endrar forklaringar etter kvart om dei skjønnar at dei har sagt noko dumt så kan dei til slutt framstå som løgnarar. Men på den andre sida så skal jo tvil komma tiltalte til gode. Det rette må vel vera å eventuellt saksøke skyttarane og ikkje politiet. Politiet måtte vel ta stilling der da til den situasjonen som var på bakgrunn av dei informasjonane dei hadde. Skulle det så vise seg at dette ikkje stemte så er det skyttarane alt ansvaret fell på. Dessuten så hadde dei vel berre fått lov til å eventuell skyte og ingen ordre. Politiet kan vel ikkje pålegge/gi ordre til folk om å skyte andre folks hundar.
  5. Om ein seriøs hundeeigar er uheldig og hunden kjem seg laus, og det kan faktisk hende alle, vil du da kalle dei idiot hundeeigere? Slike utsagn som du kjem med her gjer det faktisk ikkje moro å vera hundeeigar i det heile natt. På kva grunnlag kan du vurderer om denne eigaren er seriøs eller ikkje? Ein anna ting viss los på rådyr er å rekne som direkte angrep og det var årsaken til avlivinga , så må vel los på rådyr under jakt også vera angrep? Tenk på konsekvensen av dette! Og for å sei det atter ein gang: Når ein hendelse blir vurdert rettsleg så ser ein ikkje kun på den trykte lovteksten ,men også på den faktiske situasjon.
  6. Er heilt med på det beagle seier her. Vanlig vaskepulver må ikkje brukast. Nikwax har spesialvaskemiddel,men eg har høyrt om dei som brukar milde vaskemiddel a la Milo.
  7. I ei eventuell rettsak så kan ein jo stille spørsmålet: Kva er formålet med loven og kvifor er det sånn? Når slike episodar skjer like før jakta og rådyra med stor sannsynlegheit kanskje kjem til å bli skotne om få dagar likevel så kan ein stille spørsmålet kva er vitsen med avliving av hundane? For å avverge at hundane jaga rådyra så kunne ein faktisk avlid rådyra istadenfor. For dei kom jo til å bli lovlig jaktbart vilt om få dagar likevel. Så kunne heller hundeeigar fått ei bot. Nei, då er det mykje greiare å avlive hunden, la rådyra kvile nokre dagar for så å sei at det er greitt no kan de berre jaga rådyra så mykje det vil. For etter 5 dagar så toler rådyra jaginga mykje betre . Skulle lovverket vera 100% konsekvent for å verge dyra så kunne det like godt forbudt drivjakt viss det var så enormt farleg å bli jagd . Einkelte synes sikkert slike tankegang er urimelig,men eg føler meg ganske sikker på at ein advokat ville brukt slike argument i retten. Så hadde det blitt opp til dommarane å avgjere kvar rettspraksis skal gå.
  8. Du misforsto meg nok litt, eg er redd at ein del folk kjem til å misforstå og misbruke lovverket. Eg har alt sett diskusjonar der folk meiner at på bakgrunn av denne loven så er ikkje laushundjakt lovleg. Det er heller ikkje til å koma frå at ein del folk har aversjon mot laushundjakt. DESSE folka kan koma til å tru at dei gjer rett ved avliving. Når eg sa at ein ikkje skal tolke all trykt lovtekst kun 100% bokstavelig uten å sjå på kva som har skjedd. Så er det sagt på eit generellt grunnlag og med bakgrunn i det eg har sett i rettsaker. Det finns massevis av amatørar som kranglar om lover som dei har lest og påstår at sånn og sånn er det. Så einkel er ikkje alltid verkelegheita. Sjølv ikkje alltid politiet går fri for dette. Det er alltid ei tolkningssak. Når det gjeld rettspraksis så er det ikkje alltid at loven er i samsvar med folks oppfatning av kva som er rettferdig. Rettspraksis kan faktisk endre på situasjonen.Derfor bør ikkje dei som ivrar mest etter å avlive hundar føle seg for sikre. At det kjem til å bli ein klarare aksept for avvliving av laushundar er eg ikkje sikker på. Den mogelegheiten hadde ein også tidlegare. Om eg ikkje hugsar feil så blir det sett krav til at ein skal ha prøvd andre alternativ , om ikkje anna så meiner eg å ha lese dette i utarbeiding av loven og kva som ligg bak. For å gå litt til sida for hovedtemaet så synes eg at hundar har eit altfor dårlig rettsvern her i landet. Mykje dårlegare enn andre dyr. Om forbanna folk går til aksjon for å markere sin uenigheit i protest mot det som vart kalla hundehatarloven eller hundedrapsloven så kan eg skjønna det. Det treng ikkje nødvendigvis vera ulovlege ting, faktisk er det veldig mykje ein kan gjera for å gjere tilværelsen sur for andre på ein lovleg måte. Ikkje at eg forsvarar det,men eg kan godt forstå at einkelte vil hevne seg slik som det ofte blir antyda i slike debattar.
  9. Det var ikkje Nikwax da? Det skal no vera bra, har brukt det sjølv.
  10. Med loven i hand skriv du vingemutteren! Det er og lov å la vera å skyta! Og det med loven i hand! For å sei det sånn så er det sikkert dei som vil påstå at med den nye hundeloven så kan ein avlive elghundar som blir brukt laus på jakt. Fordi einkelte meiner at ein då ikkje har 100% kontroll på hunden. Blir det sak ut av slike episodar så ser ein ikkje KUN blindt på ein trykt tekst,men også på kva fornuftig praksis tilseier. Så eg trur hundehatarar som misbrukar loven skal vera veldig forsiktige. Er det heller ingen som ser at det ligg litt dobbeltmoral i følgjande eksempel: Ein drever jagar eit rådyr 1 dag før jakten startar. Hunden er kanskje ikkje i nærheiten av dyret ein gong. I verste fall kan dette føre til at hunden blir avlivd, og det uten at noko gale har skjedd med rådyret. Dagen etterpå kunne hunden jaga rådyret lovleg, noko som tilslutt enda med døden for rådyret.Eller i verste fall eit ettersøk som kanskje tok 1-2 timar,mens dyret pintes. Dette uten at nokon vart straffa i det heile tatt. Skadeskyting kan jo skje alle under jakt uten at det nødvendigvis er straffbart. Tenk etter, er den første situasjonen verkeleg så forferdelig mykje verre enn nr 2? Sjølvsagt må vi ha lover og reglar,men er ikkje dette eit lite paradoks? Ja ja, no kjem vel nokon med at loven er loven,men er ikkje det likevel eit bittelite paradoks i dette?
  11. Ein bør kunne forvente at ein forhandlar svarar på mail. Om det ikkje har skjedd noko spesiellt som t.d. sjukdom så bør dei svare seinast neste arbeidsdag eller etter 24timar. Det bør i alle fall ikkje godtas at dei ikkje svarar i det heile tatt. At folk heller ikkje svarer på gjentatt ringing på mobiltelefon eller sms kan heller ikje godtas. Slikt er rett og slett dårlig service. Dei må da skjønne at jobben ikkje kun består i det håndverksmessige,men også kundebehandling og mottak. Og om dei har problem med dette så bør dei opplyse om det på forhånd slik at kunden kan velge om han vil ha rask service eller prøve i det uendelige med å få kontakt. Rifla er berre ei side av saken,men at dei ikkje svarar er kaskje det verste når det gjeld denne forhandlaren. No er det heller ikkje alle som er så inne i dette miljøet at dei veit kven det er. Eg har ingen aning. Angåande Børselars som vart nemnt så har eg bestillt litt varer derfrå i nettbutikken og har aldri hatt problem. Faktisk så har eg aldri hatt problem med nå få kontakt med nokon våpenforhandlarar i det heile tatt. Har hatt ein del kontakt med Jakt og Friluft i Arendal og dei er flinke til å oppfylle "24 timers regelen" med god margin.
  12. Kva slags lovheimel har viltnemnda brukt for å gi tillatelse for å avlive hundane? Har dei i det heile tatt lov til å gi tillatelse til å avlive hundane? Hundane er tross alt ikkje vilt og er eigd av folk. Så kvar finn dei lovheimel for å avlive annan manns dyr? Eg seier ikkje det er feil juridisk å gi tillatelse til dette,men eg vil først sjå kvar dei finn dekning for å kunne gi lov til dette. Om dei så har lov til dette og det ikkje var angrep så kan det jo vera at dei har gitt tillatelse på sviktande grunnlag. Offentlege myndigheiter kan gjere feil, og om dei så gjer så må dei svare for det på lik linje med andre. Å avlive vilt som dei styrer med er noko heilt anna enn å avlive ein hund. Og til Beagle; Ja det er tross alt forskjel på ein Drever og Border Collie vs dei to rasene du nemner. Dei klarer å innhente eit rådyr og skade det alvorlig, det klarer neppe ein drever. Det er forresten lov å bruka hovudet og ikkje vera paragrafryttar
  13. Eit bra valg kan jo vera Zeiss Conquest i dimensjonane 4x32, 1.8-5.5x38, 2.5-8x32 og 3-9x40 som alle har ein augeavstand på ca 10.2cm . Conquest med større forstørrelse enn dette har kortare avstand.
  14. Kor hen finn eg dette om å sende 2 separate pakker?
  15. Det må da vel vera nokon fleire som kan senda han nokre kuler? For eksempel Norma Oryx eller Lapua Mega.
  16. Fekk forresten nettopp tilsendt reklame for ny Swarovski EL som kjem på markedet i oktober. Optikken er enda bedre med skarpt synfelt i heile bilde, HD linser , og den har ny vann og smussavvisande coating noko liknande som Zeiss som Lotutec coating. Leica har forresten noko liknande på sine nye HD kikkertar. http://el.swarovskioptik.com/
  17. Jau eg trur at dei som er dårlige til å skyte ofte er dei som trenar og skyt minst. Desse vil ganske sikkert bli bedre med trening. Mitt inntrykk er at dette er typen som ikkje veit om dei har 30-06 eller 308w rifler. Det er som på dei alle aller fleste andre områder, ein må trene for å bli bedre. No snakkar eg ikkje om lovpålagte påbud,men kva eg trur må til. At det likevel kan finnast einkelte som på tross av trening ikje blir bedre kan vel hende ,men det veit dei jo ikkje før dei har prøvd. Det er som med bilkøyring, lappen er ikkje nok til å bli ein god sjåfør,ein beherskar eit minimum for å kunne ferdast i trafikken,men meir trening og erfaring må til for å bli ein bra sjåfør. At dei likevel er einkelte sjeler som aldri blir bra, bør ikkje vera til hinder for at andre blir bedre med trening. Som Vestlandsjeger nemnte så finns det dei som er så gode på bana at dei overvurderer seg sjølv i felten, det har eg og nemnt. Ingen kan vel likevel vere uenig i at alle har godt av å trene meir??? Vi blir då vel ikkje bedre uten trening? Her snakkar vi ikkje berre om kva som påbudt,men også om kva som er fornuftig uansett kva regelverket seier eller ikkje. Og viss enkelte er så dårlige å skyte at dei ofte skadeskyter så vitnar det sjølvsagt om dårlig jaktetikk og moral. Desse kan bli bedre med anna ved hjelp av skytetrening. Andre som er gode å skyte, men tar sjansar treng ikkje nødvendigvis først og fremst meir skytetrening.
  18. Aircooled Problemet er ikkje dei som skyt eit jaktskot kvart år og får dyret. Problemet er folk som er dårlige å skyte på bana og dårlige å skyte på dyr under jakt. Dette har ingen ting med kongelagsnivå å gjere. Dette er ikkje nødvendigvis dei samme folka som manglar jaktmoral og skyt på dyr i fart på 600m .
  19. Eg har hatt ein slik. Topp kikkert,men eg bytte den fordi eg syntes fokuseringa var for langsom.Trur dette var i 2003. Nyare modellar har raskare fokusering.
  20. vest

    Lydlause jaktklær

    Swedteam eller rettare sagt Norteamengros har ein Vadmelsdress er det nokon som har prøvd den? Ser ut til at dei berre sel den i Norge då eg ikkje finn den på Swwedteam sine svenske hovedsider og ikkje står den i katalogen deiras. Ser og at Kettner og Frankonia har ein del lodenklær,men eg veit ikkje heilt om det går å handle til Norge frå desse firmaa.
  21. Etter å ha vore med ein del i grava eller på standplass må eg sei at eg har sett mykje dårlig skyting. Av og til kan nok dette skyldast teknisk ting ,men uansett er jo dette skyttaren sitt ansvar. Som oftast skuldast denne dårlige skytinga rett og slett skyttaren. No høyrer vi jo om dei som er dårlige på bana ,men bra i felten. Og dei finns nok, dessuten er det no forskjell på 100m på bana og 50 m i felt. Og mange tar nok hensyn til sin begrensning og innrettar skotholda etter det. Likevel har eg enno til gode å høyre nokon innrømme at dei er dårlige til å skyte. Det er alltid ein eller anna unnskyldning for bom,det høyrest nærmast ut som einkelte alltid er uheldige med sine skot, men ingen som seier at dei ikkje klarer å holde stødigt nok til å treffe der dei siktar. Viss då ein god skyttar prøver denne rifla og den viser seg å gå godt blir eigaren av rifla ganske taus har eg opplevd. Har og opplevd folk som har problem med prøven sender rifla til børsemakar opptil 2-3 gonger rett før jakta fordi ho ikkje vil gå bra. Årsaken ligg nok ein heilt anna plass enn i rifla. Har einkelte folk verkeleg så dårlig sjølvinnsikt at dei ikkje ser at dei ikkje er så gode til å skyte?
  22. http://www.sportsnett.no/ Under telt finn du eit 4 -sesonger kuppeltelt som heiter Eureka Totokon 2 manns til 3495kr. Ser ut som plassutnyttelsen er bra til å vera 2 manns telt, sjølv om 3 manns nok er det beste.
  23. Trur Jibrag er inne på noko her. Akkurat som det finnes dårlige bilførarar finns det dårlige jaktskyttarar. Men du har og dei som gjerne er veldig flinke sjåførar reint teknisk, ofte er dette unge folk,men når du slepp dei laus i trafikken på eigen hånd så gir dei f.. i det dei har lært. Litt sånn er det med einkelte som er flinke på bana,men ute i felten tar dei all slags sjansar. Kanskje dei har overdreven tru på eigne skyteferdigheiter sidan dei er dyktige på bana? Sånne som tenker at :"Dette dyret klarer eg kanskje ikkje med 1 skot,men med 5 så skal eg klare det." I motsetningen til i trafikken så trur eg ikkje dette er dei aller yngste jegerane. Verst er dei som er dårlige på bana og i felten der dei gjerne tar sjanser,men dei er det kanskje ikkje så mange av lenger?! Generelt bedre holdningar fører vel til at slike blir luka vekk?
  24. Ifølgje http://www.jaktjournalen.se er det no innført begrensing på antal hundar ved bjørnejakt. Tatt fra ledaren: "Hundanvändning I samband med årets björntilldel­ning har vi också fått den första begränsningen i hundanvändning. Den så kallade packjakten med flera hundar förbjuds och begrän­sas till max två hundar. Bakgrunden är att polismyndigheterna i både Jämtlands och Gävleborgs län anser jaktformen oetisk, en linje som Naturvårds­verket stödjer. Även den omdiskuterade åtel­jakten förblir förbjuden." Nærmare detaljar veit eg ikkje.
×
×
  • Create New...