Jump to content

vest

Members
  • Posts

    1,232
  • Joined

  • Last visited

Everything posted by vest

  1. http://www.norma.cc/content.asp?Typ=2&L ... =Jaktkulor På dette bildet ser ein derimot eit kule med tydelig rød spiss. Norma Plastspiss er det ikkje for den har ikkje ein så lang smal spiss. Ellers er jo Hornady SST ei vanlig kule med rød spiss som neppe tåler vanntesten. den er heilt lik med Interbond i formen, einaste synlege forskjelen utvendig er at den har krymperille.
  2. Hornady Interbond har rett nok rød spiss, men Norma kjøper vel ikkje inn denne kula? Og om det skulle vera ein Interbond så må det jo vera feil på denne kula for den skal jo ikkje oppføre seg som ein V-max. Var litt kjapp i forrige innlegg for Ballistisc Tip Varmint som har rød topp blir ikkje levert i kaliber 30 . Vanlig BT har derimot grønn spiss. Men gjer som Terje 338 skriv; del kula i to! http://www.nosler.com/bullets.htm Her har du bildet av Nosler sine kuler. Viss du har delt kula i to og den ser ut som Accubond og blyet sit fast i mantelen ja så har du nok ein Accubond. Legg for øvrig merke til at Accobond og BT ser ganske like ut innvendig. BT i grovare kaliber og kulvekt har for ørvig tjukkare mantel enn dei lettare variantane. Ei delt Interbond ser sånn ut https://www.hornady.com/shop/Bullets_In ... _popup.htm
  3. Eg har ikkje noko sikkert svar på dette,men det er ikkje unaturlig at ein produsent kan levere eit produkt med bitte små forskjellar (tenkte her på fargen på tuppen) hvis dette blir brukt av ein anna produsent i videre framstilling av eit produkt. Og det er ikkje alt som står på ein produsent si heimeside. For eksempel så finn ein ingen ting på www.Norma.cc om verken Norma Elite eller nye Norma Elite Ekspress. Og det kan vera mulig at Norma ved ein feil kan ha bytt om på Nosler BT og Nosler Accubond viss begge har rød spiss. Ein siste muligheit er at Accubond kula rett og slett har svikta i testen . Å skyte i vatn er ein svært hard test for kula og sidan Accubond kula ikke er den som har sterkast bonding så kan berre liten variasjon i mantelkvaliteten eller bondingen kanskje vera nok til eit slikt resultat. Og som du sjølv seier så har du lest at einkelte folk er misfornøgd med kula, kanskje nettop pga av dette?. Men som sagt eg veit ikkje eg prøvde berre å skissere ein del mulige forklaringar.
  4. Ja det er interessant med slike testar. Eg gjorde ein veldig enkel "test" om eg kan kalle det det, for eit par år sida .Målte ikkje diameteren. (Dette er tatt frå eit tidlegare innlegg i fjor. Sako kula hadde forresten ei restvekt på 64%) Dette var nok ein veldig hard test. Hornady kula hadde høgst hastigheit,men eg hugsar ikkje hastigheiten no. "Eg gjorde ein test ifjor av nokre kuler i våte katalogar med ein del tørre fremst.Dei var nok ikkje skikkelig våte for resultata låg nok lågare enn i andre samanliknbare tester. Dei nøyaktige tala har eg ikkje lenger,men Fusion 180grs trur eg lhadde ei restvekt på ca 60%. Kula var temmeleg flattrykt og forvrengt. Lapua Mega 185grs mista heile blykjerna. Samtidig fekk eg ei kule av ein kamerat,den var skoten i ein hjort og hadde 82% restvekt og perfekt form.Faktisk veldig likt resultat og utsjånad med det eg har sett i andre testar. Best var Hornady Interbond der eg testa 150grs kula, der låg restvekta på 72% trur eg det var,men gjennomtrenginga var dårligast( av kulene .Antakelig fordi dei andre var 180grs kuler. Hakket rett bak var Sako Super Hammerhead 180gr. Den hadde best gjennomtrenging av premiumkulene. Og som eg har sagt i andre trådar dette bør bli ei populær kule. 3.89kr for ei bonda kule må då vera røvarkjøp. Og i Vapentidningens test i 2007 av 30-06 kuler så kom denne veldig bra ut. Eg testa og Norma Elite, restvekt 59%, og to kuler 180gr Speer Hot Core .Den første splintra men hadde god gjennomtrenging. Den andre hadde restvekt på litt under 50% ,men hadde klart best gjennomtrenging av alle kulene." Sako Super Hammerhead er nok ikkje den kula som har sterkast bonding ser det ut til,men så er den på den andre sida kanskje billegaste bondedkula. Ellers må eg sei at Interbond leverer akkurat som forventa. Restvekt på 90%+ og stor diameter.Eg ser ingen grunn til at den skal vera mindre populær hos heimeladarane enn Norma Oryx. Spesiellt ikkje når den som oftast er billegare. Fekk du LeifVidar noko inntrykk av ekspansjonsforløpet? Såvidt eg hugsar så hadde Speer Hot Cor kula ein svært rask ekspansjon, noko som er normalt for vanlege standardkuler. Og av bonded kulene var Interbond raskast mens Lapua Mega hadde eit meir roleg forløp.
  5. Ein liten rettelse det var ei Sako Super Hammerhead kule du testa. Testa du begge eksemplara av kulene? Du skreiv at testen blei en del litt hardare enn andre testar du har gjort, det kan vel kanskje ha virka inn litt på resultata. Speer Mag Tip imponerte,men som eg sa til deg på forhånd så minner den mykje om Lapua Mega i praksis.
  6. Dette stemmer nok. Maksimal åpning som pupillen kan utnytte er generellt 7mm om ein er la oss sei under 40 år. Blir forstørrelsen høgre så kjem bildet nærmare ,men blir mørkare.Skrur du ned forstørrelsen så skulle bildet i teorien bli lysare ,men sidan auget ikkje klarer å utnytte lysåpningsdiameter over 7mm så ser ikkje bildet lysare ut. Dette er jo ein av årsakene til at det finns så mange 7x50 kikkertar som er ein godt tilpassa størrelse på ein kikkert i forhold til forstørrelsen. Eller for eksempel ein 8x56 eller ein 6x42. Når ein blir eldre så blir max lysåpning auga kan utnytte mindre. Om du for eksempel har max 6mm pupilleåpning ved 50 år alderen så når du dette alt ved 8.33x forstørrelsen på kikkertsiktet ditt. Dette høyres nesten ut som ein fordel,men faktum er at ein sjølv om 30 åring opplever bildet i siktet ditt lysast på 7x så ser han likevel bedre i siktet på 8.33x enn ein 50 åring gjer. Forskjelen er at 50 åringen ser like lyst på 7x som 8.33x . Slik er i alle fall teorien så kan ein jo teste sjølv om det stemmer.
  7. Eg trur ein må skille litt mellom konkurranse og jakt her. Ein 308win vil vel reknast som grovkalibra til konkurranseskyting. Til jaktbruk derimot er vel ikkje dette spesiellt grovkalibra. På www.accuratereloading.com så delar dei dette opp i 3 kategoriar: Big Bore som er .375 og over. Medium Bore som er frå .270 til .366 Small Bore som då blir alt under dette. Utgangspunktet blir då diameteren på løpet evt. kula. I motsetning til ein anna debattant så vil eg skille mellom kor grovt eit kaliber er og kor kraftig eit kaliber er. For eksempel så vil eg sei at ei 358win er meir grovkalibra enn .300 winchester sjølv om 300 win er kraftigare .Kraftigare på den måten at den har meir anslagsenergi..
  8. Sjekk www.nordtro.no der finn du Laika Original, og Lett kløv. Der finn du og tabell over størrelsar og ein del tips osv. Eg har sjølv ein Original til min hund som er ein Vest Sibirsk Laika ,din hund blir vel omtrent på samme størrelse når den er utvokst. Har brukt kløvet i mange år og er veldig fornøgd. Kanskje ikkje det billegaste ,men svært slitesterkt og vel verdt pengane etter mi meining.
  9. vest

    Japanske rifler

    Kvalitet kva er no det? Holdbarheit? I såfall : Er det nokon her som har klart å slite ut ei japanskbygd rifle (utanom løpsslitasje)? Eller er det i det heile tatt nokon her som har klart å slite ut ei rifle uansett fabrikkasjonsland?
  10. vest

    Bjørnetråden.

    http://www.nettavisen.no/dyr/article2633303.ece Modig eller dum? Velg sjølv......
  11. vest

    Kort 308win mekanisme

    Det var vel dei eldre modellane som heitte ZKK 600 og 601 for 30-06 og 308w. Ellers har Ruger kort låskasse for 308w. Mauser M03 har ei lang låskasse for begge desse kalibra. Billigriflene til Howa og Weatherby Vanguard er det mykje spørsmål om er det nokon kan informere om dei? Kongsberg 393 og Sauer 202?
  12. vest

    Kort 308win mekanisme

    Remington 788 hadde kun kort låskasse tilpassa 308w og andre korte patroner.
  13. Ofte når 308win blir anbefalt for eksempel i forhold til 30-06 så blir det gjerne sagt at ein av fordelane er kort mekanisme i forhold til i 30-06. Dessverre så er det ikkje alle rifler som blir levert med kort 308win mekanisme difor tenkte eg at vi kunne lage ein tråd med oversikt over kva slags riflemodellar som blir levert med slik låskasselengde. Ta gjerne og med kva slags modellar som berre blir levert med lang mekanisme både i 308w og 30-06. Eldre modellar er like interessante som nye, da mange kjøper brukte rifler. Kan kort begynne med : Browning A-bolt og nye X-bolt som blir levert med kort mekanisme for 308w og lang for 30-06. Sako 85 og 75 har også kort 308w kasse og lang for 30-06. Tikka T3 har kun lang mekanisme for 308w og 30-06. Forrige Tikka serie hadde ein kort 595 for 308w og ein lengre 695 for 30-06.
  14. vest

    Browning X-bolt

    Er det nokon som har erfaring med denne rifla som er temmeleg ny på markede? Browning kvalitet generellt, tenker da for eksempel på A-bolt som X-bolt er ei fornying av? Ser på amerikanske sider at det er delte meiningar om Browning rifler. Dei aller fleste gir dei likevel skryt for svært bra presisjon out-of-the-box presisjon slik som for eksempel hos Tikka og Sako. Rifla blir levert med gjenger for lyddempar. Magasinet er for øvrig ikkje i plast blir det påstått på amerikanske sider ,men av robust polymer uten at eg veit forskjellen. Ein omtale finns på http://www.jaktogfiske.info/id/1013
  15. Angåande omtalen Browningen den fekk i jakt og fiske må då vel det vera veldig bra? Om dei ikkje har anna å klaga over enn litt kort kolbe og at avtrekket ikkje kan justerast lenger ned enn 1.5kg så tolkar eg det som svært bra omtale. Men Browning x-bolt blir jo litt utanom det TS spør om i utgangspunktet så det høyrer vel heime i ein eigen tråd.
  16. Ut av bildet eg såg i Norma katalogen der kula var ekspandert så såg den ikkje ut som ei bonded kule. Men viss den likevel er det så kan det tenkast at ddet ikkje er den sterkaste bondingen som er brukt, fordi dette skal vera ei rimeleg kule. Eller eventuellt at den ikkje er bonda i tuppen for å gi lettare ekspansjon. Ellers er eg ikkje enige i at forbedra elite kula er så dårlig som einkelte vil ha det til.
  17. Gløym heller ikkje at to ellers like sikter kan vera litt forskjellige pga av variasjon i produksjonen. Det blir sjelden nemnt,men det kan faktisk forekomme sjølv med dei beste merka.
  18. www.jaktogfriluft.no har Browning x-bolt på nettbutikken sin. PS! På nettbutikken til Jakt og Friluft ser eg at Browning sine boltrifler leveres ferdig gjenga for bruk av lyddempar. Så sparer ein ekstraarbeid og utgifter med det.
  19. Ta også ein kikk på nye Browning X-bolt . Desse 3 riflene har såvidt eg kan sjå mykje til felles når det gjeld konstruksjon av sluttstykket, avtakbart magasin, avtrekk, sikring ,frittliggande løp, finish,presisjon osv. Og alle fås med kort låskasselengde for 308win, og ikkje som for eksempel Tikka som brukar samme lengde for 308win og 30-06. Prismessig ligg Browningen noko over Icon rifla ,men fortsatt godt under Sakoen. Av desse riflene er Icon tyngst med 3.5kg , Browningen berre 3kg og Sako mellom desse. Sako og Browning fås og med åpne sikter noko som ikkje er så vanleg lenger spesiellt ikkje på amerikanske rifler.
  20. vest

    Bjørnetråden.

    Her er bildet: http://telen.no/article/20090511/NYHET01/138510521 http://www.laagendalsposten.no/article/ ... T/24896532 Dårlige/feil fargar gjer at ein nesten lurer på om det har vore eit blodbad der.
  21. vest

    Sporsko

    Viss det er så "enkelt" som du skriv eies kva er då vitsen med å legga ut spor av blod? Ein kan jo berre gå seg ein tur og legg at nok spor uten å bruka blod( eller kva det no er ein brukar)?
  22. vest

    Sporsko

    Ja eg brukte nok det ordet sidan det er dei rasane eg har mest erfaring med og dei er mest brukt under jakt på storvilt. Men sjølvsagt gjeld det også andre jakthundraser.
  23. vest

    Sporsko

    Eg vil no tru at sporsko er fint til å trene jakthundar i å følgje spor. Ein del elghundar som blir brukt på jakt nektar å følgje kunstig utlagte spor, også dei som er tidlegare godkjent med blodspor og fersksporprøve. Slike hundar har vel og nytte av å trene på å følgje spor både under jakt og ettersøk. Til slikt bruk er vel sporsko passande redskap? Då har ein jo betre kontroll med at hunden følgjer eit og samme spor og ein kan la spore vera så gamle ein vil.
  24. Eg foreslår at du først tester i våte telefonkatalogar, eller vått avispapir e.l. Etter manges meining vil kulene ikkje oppføre seg så veldig ulikt som i vilt, men først og fremst så får dei nokolunde like testforhold. Det som gir mest like forhold for kulene er å bruke http://www.thebullettesttube.com/ ,men det trur eg neppe du har tilgang til. Dessutan er det dyrt og noko tungvint i bruk. Ein anna fordel med å bruke våte telefonkatalogar er at det alt er utført masse andre testar med dette mediet slik at det faktisk går an å samanlikne resultata. Å skyte i vassskanner kan du gjerne gjere om du har kuler til overs,men som nemnt av andre den testen er nesten "urealistisk" hard. Slike testresultat gir selvfølgelig ikkje 100% likt resultat med verkelegheita,men det trur eg alle veit så det er ingen vits i å terpe på av einkelte her. Er det nokon som ikkje har interesse av denne testen så skjønnar eg ikkje heilt vitsen med å delta i debatten. For dei som har interesse for jaktkuler så kan eg anbefale boka www.riflebullets.net Då eg høyrde om undersøkelsen til NINA samstundes som eg visste at denne boka vart laga så formidla eg kontakt mello Stokke og ein av medforfattarane Barsness. No var boka så langt komen at den var nesten ferdig,men eg håpar Stokke & co fekk litt nytte av amerikanarane si rike erfaring med ulike kuler under jakt og testing i ulike medier.
  25. Får berre sei til deg vingemutteren at no blir du vel drug med alle spekulasjonane dine. For øvrig var det ikkje noko nytt i Jan Mild sine filmar. Men det er ein ting som han og mange andre påstår og det er at ulven plutselig dukka opp igjen etter å ha vore utrydda. Dette tar alle for gitt at stemmer,men gjer det verkeleg det? Har verkeleg nokon sjekka ut om det ikkje har vore gjort ulveobservasjonar i Skandinavia forut for dette? At det i Skandinavia fanns ulv med russiske gener alt på midten av 1800 er dokumentert. Så sjølv om den skandinavisk arten var utrydda så var det godt mulig at den typen ulv som finns her i dag også var her på 70 og 80 talet. Den fanns her tross alt for over 150 år sida. Minst. Og trur de verkeleg at om nokon såg ulv så melde dei automatisk ifrå? Det skulle jo ikkje finnast ulv her, altså kunne folk tru dei såg syner. Sjølv i dag lar folk vere å melde ifrå pga av redsel for å blir latterliggjort og mistrudd. Spesiellt der det normalt ikkje er ulv. Eg trur neppe det var noko betre for 30-40 år sidan. Når ulv kan gå nesten usett frå Norge til Finland i våre dagar, noko som er dokumentert, så kan det vel ikkje utelukkast at ulv kunne gå nesten usett andre vegen for ein del titals år sidan. Norden hadde tross alt meir urørt natur og mindre vegar den gongen i forhold til i dag. På denne tida var rovviltforskinga i Skandinavia på eit elendigt nivå samanlikna med i dag. Berre tenk på bjørneforskinga i Norge som på 80 talet bomma totalt på bestandsanslaget og utbreiinga av bjørn her til lands. Det har blitt snakka lite om dette i ettertid,men det gjer det ikkje mindre sant. Så kvifor skal ein stole så mykje på ulveforskinga på den tida? Mange har jo mistru til den sjølv no i dag, endå dei har betre metodar og utstyr i dag. Kort sagt: Korleis kan forskinga vera sikker når dei seier at ulven var utrydda i Skandinavia på 70 og 80 talet? Den skandinaviske ulvearten finn ein ikkje gener igjen av blant levande ulv så den vart antakelig borte på den tida. Men vi har jo hatt to typar ulv her så korleis kan dei vere sikker på at den andre også var utrydda i Skandinavia? Eg har frå ei eller anna kjelde, eg hugsar ikkje kvar, sett at nokon har stilt spørsmål ved dette. Denne kjelda påsto at det VAR ulveobservasjonar i Skandinavia den gongen, sjølv om det naturligvis var mindre enn tidlegare. Er det nokon som har gått systematisk gjennom lokalaviser og snakka med folk om mulige observasjonar den gongen? At den Skandinaviske arten vart borte er ikkje noko bevis i seg sjølv for at ulven som art var totalt borte frå Skandinavia. At ingen har sett eller høyrt noko kan jo sjølvsagt koma av at ulven som dyreart VAR utrydda her, men er det nokon som har tatt seg bryderiet med å verkeleg sjekka opp dette? Eller er det ein påstand som blir gjentatt fordi at alle trur det er sånn?
×
×
  • Create New...