Jump to content

Håkon

Members
  • Posts

    188
  • Joined

  • Last visited

Everything posted by Håkon

  1. Går det med Aimpointen då? Det ser ut som om basen til Aimpointen sit fast i siktet og ikkje blir ståande att på låskassa...
  2. Eg har ei snerten Sako A2 i .358win med High Tech-stokk som hundeførarrifle. På denne har eg til no brukt ein Zeiss Classic 1,5-6x42 i Leupold quick release montasjer. Dette har fungert uten problem. No står eg på trappene til å kjøpe ein Aimpoint Micro. Spørsmålet då er kva montasjar eg skal gå for? Utgangspunktet er å kunne skifte mellom Aimpointen og Zeissen og samtidig beholde treffpunktet/innskytingen. 1. Eitt alternativ er å beholde qr-montasjen og kjøpe qr-skinne til Aimpointen. Trur skinna kostar 2000,-. Det er jo nok, men absolutt ikkje noko "show stopper". Men, det ser ikkje ut som den mest lekre løysinga for å seie det forsiktig. http://www.aimpoint.se/produkt/aimpoint-micro-h-2/ Dette skulle gje ein 100% stabil montasje for å byte mellom dei to siktene. 2. Det finst og ein Optilock-montasje for Aimpointen. Denne skal være stabil i demontering/montering. Då må Zeissen og ha tilsvarande Optilock-montasjar. Er desse stabile? Optilock ser ut til å være den dyraste løysinga, men er den stabil, er det kanskje den løysinga som er best for auga. 3. Weaver/picatinny. Er dette eit alternativ? Eg er svak for Warne sine QRW-ringar, men veit ikkje om det er skinner eller basar å få til Sako..? Og er dette i tilfelle ei stabil løysing? Eg håpa nokon kan hjelpe med å løyse opp i denne "floka".
  3. Det hjalp på responsen å antyde at det er kaldest i Sogn Då ser det ut til å bli KK som får bestillingen.
  4. Er det berre i Sogn det er kaldt og vatnet frys om vinteren? Skiftar de berre vatn fleire gonger, eller har de andre "patentar" for å halde isen unna?
  5. Me bygger ny hundegard og ønsker forslag til å løyse problemet med at vatnet i drikkeskåla frys. Eg ser at KK Import har ei løysing for dette. Er det nokon som har erfaringar med denne, evt rimelegare dugande løysingar. Me vil og henge opp mat og vatnskål på hundegardselement av type Benor Ø6.
  6. Bruktverdien er høg, uten at eg veit kva 8x56en min ligg på. Uansett held nok optikk av denne kvaliteten verdien bedre enn det meste av anna utstyr me sysla med i denne hobbyen.
  7. Villreinjegeren Korleis er du fornøgd med 10x54HTen? Eg har ein 10 år gammal 8x56 Victory og lurer på å byte denne ut. Evt kjøpe HTen i tillegg. Egentlig var eg veldig fornøgd med 8x56en, men så kjøpte eg ein 10x42HT... Då begynte eg å irritere meg over kromatiske avvik. Er dette mykje bedre på 8x54en?
  8. Bygg om! Min A2 veg 2,8kg med basar. 50cm tynt løp og HT-stokk frå Rafdal. Eller kjøp ny rifle. Etter mitt syn har du eit godt utgangspunkt for ombygging, og då får du den slik du vil.
  9. For ein jaktkompis legg eg ut denne. Pero, svart pointer på 3 år, treng ein ny heim. Han fungerer bra på jakt, men men er urolig i heimen. Pero vil nok passe best hjå nokon som kan gje han mykje aktivisering og jakttid. 2x 2.UK på prøve. Send PM om interesse, så vil eg vidareformidle til eigar.
  10. Eg brukar samme kule som deg, 250grs Interlock SP. N140 prøvde eg for lenge sidan, men gjekk tilbake til N135 fordi den smell betydeleg mindre. Eg har heller ikkje bruk for den lille ekstra hastigheten N140 kan gje. Lågare pris er for meg ikkje avgjerande. Eg brukar ikkje lyddempar på Rugeren med std løpslengd.
  11. Takk for svar. Eg rekna med at det vert HighTech-stokk på denne og? Kva kuler vil du bruke i denne rifla? Er det ~400grs kuler som er gode nok for hjortejakt? Hastigheten er jo ikkje akkurat i magnumklassen:-) Me venta spent på bilder!
  12. Dette kan bli ein tråd etter min smak:-) Tunge kuler og lav hastighet tiltalar meg. Det gjer og lavt munningstrykk og (relativt) lite smell uten dempar. Er det 450 Marlin-patrona du skal bruke? Er det lett oppnåelig å få til perfekt mating? Kva pipelengd og hastighet forventar du på 300grs og tyngre kuler?
  13. Truger på XXL http://www.xxl.no/search?autocompleteUr ... text=tubbs
  14. Håkon

    Hva er beste skolisser

    Lundhags sine lisser har eg god erfaring med.
  15. Dette er kanskje broren til hunden til Arrowcolt..? Tispa (Raanum) til tjt her på forumet er tanta til denne. Klitgaard Yogi f: 28.02.2010 Skal i hovedsak brukes til hjortejakt.
  16. Husquarna og Bob: Fint om de kan seie litt meir om opphavet til hundane de har fått, og kva som gjorde at de valde akkurat desse..? Er dette hundar frå linjer som er mest brukt til villsvin, hijakt eller rådyr? Eller kanskje til alt mulig? Det er "mange" som vil ha "hevd" på dei "beste linjene i Europa", og det som passar best for nokon, passar kanskje ikkje så godt for andre. Eg er og fyrstegongs hundeeigar med ein tjt frå Klitgaard. Tyskarane eg har møtt, har alle gjort til skamme ryktet som denne rasen har i ein del kretsar. Eg tenker då spesielt på den sosiale biten.
  17. Husquarna og Bob: Kvar kjem hundane frå?
  18. Eg er mildt sagt veldig spent på fortsettelsen på dette!
  19. Kort eller lang låskasse? Lang --------- f eks denne? http://www.hsprecision.com/shop/stocks/pss033.html Ellers har McMillan topp stokkar til både kort og lang låskasse! http://www.mcmfamily.com/mcmillan-stocks.php
  20. Eg betalar ca 1900,-hjå Agria for ein tjt. Dekker død og veterinær opp til 30000,- Egenandel er 1400,-
  21. Sjekk http://teppojutsu.com/ under special projects division. Der finn du ein sak under sammen navn. Patron, rifle eller anna? Ikkje veit eg.
  22. Kva størrelse på buret har du (eller hunden)?
  23. Kva størrelse på hundebur (bilbur) treng ein tjt? Eg har sett på Atlas 40. Er det stort nok? http://oslozoosenter.no/hundebur.html¨ Er det stort nok? Eller kva anbefaler de som bilbur? Skranglete bur er utelukka!
  24. På min 202 må eg skru til forskjeftet med passelig moment, til det er lik klaring til løpet på begge sider (når eg ser rifla ovanfrå). For mykje tiltrekking -- laust forskjefte , for lite -- forskjefte legg seg inntil på ei side. Ei anna sak er at etter eg fekk montert dempar gjer vekta av denne at forskjeftet kan ta borti løpet når eg skyt i benk. (Fremre skytestøtte ligg langt framme på forskjeftet.) Dette gjer at treffpunktet blir ustabilt.
  25. Warne sine QD ringar er ein favoritt i midtsjiktet (prismessig) Kva Sauer er det du har kjøpt?
×
×
  • Create New...