Jump to content

Håkon

Members
  • Posts

    188
  • Joined

  • Last visited

Everything posted by Håkon

  1. Håkon

    Sakoklubben

    Ringmounts (den i ein del) går nok bra. Pleier å kunne montere opp til 50mm linse med den. Kan bli trongt med varmintløp.
  2. Håkon

    Sakoklubben

    Det er berre 200g forskjell på SS og Finnlight. Kvifor ikkje berre skifte til original stokk, mindre sikte og droppe demparen? Å finne ei 75 Finnlight er ikkje spesielt lett. Eg har prøvd. Og prøver.
  3. Håkon

    Sakoklubben

    Eg har ein Sako 75SS i .308win. Er det berre løpet som skiller denne frå ein Finnlight?
  4. Håkon

    Sakoklubben

    Kom Exige nokon gong i butikkane ?
  5. Eg kjøpte mi fyrste rifle i .358win etter å ha lese om kaliberet i Ladeboken, Våpenjournalen og amerikansk våpenpresse. Tunge kuler i moderat hastighet hadde lenge appellert til meg, og som hundeførar vert det sjelden hold over 50-60m. Helst 10-30m. Ei Rustfri Ruger M77 med syntetstokk vart kjøpt over disk hjå Våpen Søilen i 2006. Denne jakta eg med i fleire år, med ein Leupold VX-1 2-7x33 montert. Lyddempar på "bevegelig" jakt har eg aldri vore så begeistra for, så heller ikkje denne rifla vart utstyrt med dette. Rifla var robust, og fleire hjort vart felt med den. I 2011 la ein Kammerbror ut ei Sako A2 med HT-stokk. Denne kjøpte og jakta eg med i nokre år. Lavare vekt og god stokking gjorde denne til den nye favoritten. Fyrst med Zeiss classic 1,5-6x42, og seinare med Aimpoint Micro H2. Etter å ha brukt 2 forskjellige .358win-rifler, ville eg få bygd ei etter eigne ønsker. HT-stokken var eg veldig fornøgd med på A2en, men laust magasin var noko eg sakna. Samtidig er eg svak for dei rustfrie Sako 75-kassene. Eg fekk takk i ei "rimeleg" donorbørse, ei Sako 75 Finnlight i 243win. (Dette løpet er forresten til salgs). Finnlighten gjekk rett til Rafdal Våpen for ombygging med følgjande spec: - SS løp i .358win. 50 cm med 17mm i munningsdiameter og gjenga for dempar. I tilfelle... - HT-stokk. Bildene viser fargevalget. Det var den vanskelige valget. - Alt metall lakkert i silkematt. Når eg tenker meg om, har eg ikkje lagt rifla på vekta, men den er ørlite tyngre enn A2en. A2en er 2850g inkl Aimpointen. Fyrst monterte eg ein Zeiss HT 1,1-4x24. Den var knallgod, men etter eit brutalt møte med ein stein måtte den tilbake til moderskipet for reparasjon. Istaden vart det montert ein Aimpoint H2. Denne gjer at eg kan bære rifla med eit grep rundt låskassa. Aimpointen står der fortsatt etter at Zeissen kom att frå Tyskland. Til no har eg berre fått felt ein hjort med rifla, men denne får nok følgje meg i fleire år framover. På bildene er A2en (grøn stokk), og nyerifla. Det eine bildet kan sikkert gje eit inntrykk av at Sako 75 ligg nær hjartet mitt:-)
  6. Håkon

    Sakoklubben

    Nokon som har ein original Sako 75 Varmint laminatstokk 308-kasse til sals?
  7. Eg har KKC på Sako 75 Varmint i 308. Men eg er på utkikk etter ein original Varmint laminatstokk. Den tykkjer eg er særs fin å sjå til. Og 75-stokken er noko av det veldig gode eg har skote med. Umoderne med montecarlo javel. Det toler eg. Nokon som veit om ein som er til sals?
  8. Håkon

    Sakoklubben

    "Du skal ikkje tukla med skaparverket" Det er sikkert mulig, men Sakomontasjane funger egentleg greitt sjølv om det finst meir elegante løysingar.
  9. Håkon

    Sakoklubben

    Eg har ikkje fått lagt den på vekta enno, men 2,7-2,8kg trur eg er i området. A2en på bildet har samme pipelengd, og ørlite tynnare profil. Den er ca 2850g med Aimpointen. Løpet er 50cm, men huska ikkje i farten munningsdiameteren. Matinga er som smør. Til liks med dei andre Sako 75-riflene. Det ligg eit par Sako 75 på Finn og Kammeret no. Prisane varierer veldig, så det lønner seg å ha is i magen.
  10. Håkon

    Sakoklubben

    Pengane, eller å finne ein? kva type er du ute etter?
  11. Håkon

    Sakoklubben

    Synlig kjennetegn på 75 som skiller dei frå tidlegare modellar er laust magasin. Boltmuffa og "ringen" over hevarmen er ulik 85. Det kan du sjå på Sako.fi Eg trur key lock kom med 75, men ikkje alle har det. Er du ute etter ein mod 75?
  12. Håkon

    Sakoklubben

    I dag kom prosjektrifla endelig i posten. Dette er opprinnelig ein 75 Finnlight i 243win som eg kjøpte på Finn. Børsa vart levert til Rafdal tidlegare i sommar for ein større "facelift". HT-stokk med lakkering inspirert av noko eg fann på sida til McMillan, Decelerator-kappe og 50cm Lilja SS-løp i 358win som er gjenga for dempar. Eg jakta ikkje med dempar, men no er no muligheten der. Alt metall er lakka svart silkematt. Akkurat no er spørsmålet kva eg skal velge til sikte. Aimpoint Micro H2 eller Zeiss HT 1,1-4x24 ret 54? På ei anna side kan eg vel no starte eigen klubb. Sako 75-klubben.
  13. Håkon

    Sakoklubben

    Du må gjerne spe på med litt nærbilder av rifla, samlingar og praktiske erfaringar.
  14. Håkon

    Sakoklubben

    Det ser eg. Flott rifle!
  15. Håkon

    Sakoklubben

    Er det samme rifla? Dette var draumerifla mi i yngre år. Saman med eit par andre sjølvsagt. No lika eg bedre korte kasser og syntstokk, og har derfor ein 75SS i 308win. Eg likar 75-kassa bedre enn 85.
  16. Håkon

    Sakoklubben

    Eg skjønna ikkje kvifor denne godbiten ikkje vert seld? https://www.finn.no/bap/forsale/ad.html?finnkode=100817754 ps! Ikkje mi rifle.
  17. Håkon

    Sakoklubben

    Eg kjøpte denne godbiten frå ein Kammer-bror. Sako 75 Varmint i .308win. Denne er gjenga for dempar og har ein KKC. Eg kunne tenkt meg ein original laminat Varmint-stokk til denne? Er det nokon som veit om ein til ein fornuftig pris?
  18. Eg treng eit par nye futtural til jaktriflene. Desse treng ikkje være av det dyre slaget. Eg har ein type som har vore selde med fleire merker, Gyttorp og Mikkel. Desse er passeleg polstra. Brownells har fri frakt no... kva vil de anbefale?
  19. Her er min 700. Opprinnelig ei original 700VS, Varmint Syntetic. Ei rifle som har hatt litt ulike retningar i mitt eige. Den var ei stund bestykka med 458SOCOM-løp, men dette gav eg opp då det vart for smalt. I dag er specen slik: - retta kasse - originalt løp som er kamra oppatt av Rafdal, kappa til 20" og gjenga til lyddempar. - Badger Tacrical Bolt Knob. - Warne Tactical Picatinny-skinne - Warne QRW ringer - Hausken std - Zeiss Victory HT 3-12x56 #60 og ASV - kolbeforhøgar frå Jaktdepotet - Versa-Pod - McMillan HTG/M40A1, bedda frå før har eg og ein HS Precision LTR-stokk. Pipestikke og låskassenøkkel frå då eg hadde 2 løp. Rifla vert brukt til skumringsjakt og bane. Eg ville egentlig selge den, men den går egentlig for godt til det...
  20. Håkon

    Sakoklubben

    Ikkje supernøyaktig, men det gjev ein peikepinn.
  21. Håkon

    Sakoklubben

    Er det kun løpet som er forskjellen mellom Sako 75 SS og Finnlight? Vektforskjellen er ifølge nettsida berre 0,2kg på den med .308-kasse. Stokken ser ut til å være lik. eg blir snart den lykkelige eigar av begge deler:-)
  22. Håkon

    Sakoklubben

    Eg har kjøpt ein Zeiss HT 1,1-4x24 med skinne som eg skal enten på ein 75 eller 85. Begge med kort kasse. kva montasjar er å anbefale? Såg MAK har skinne. Er desse like til både 75 og 85?
  23. Håkon

    Sakoklubben

    Eg skal ikkje seie noko om vekta, men er ikkje det slik at wsm-børsene kom med lengre løp enn normalkalibera? Det vil gje høgare vekt.
  24. Kven er importør av Swarovski?
  25. Eg fekk med ein Swarovski Habicht 3-12x50 på ei rifle eg kjøpte brukt for ei tid tilbake. Eg tippa at kikkerten er frå ein plass mellom 1997 og 2006. Problemet er at den har nokre riper i frontlinsa. Og verre; på minste forstørring ser eg 4-5 svarte prikkar inne i siktet. Kva kan gjerast med dette? Ripene i frontlinsa er sannsynlegvis frå slurvete linspuss, og er uansett ikkje dekka av garanti. Men rusk/prikkar inne i siktet er etter min meining ikkje heilt ok på ein Swarovski. Sjølv ift alder. Siktet ser ikkje misbrukt ut utvendig. Kun mindre striper i røret. Er det nokon som har erfaring med dette? Reparasjon, garanti, kostnadar osb?
×
×
  • Create New...