Jump to content

Håkon

Members
  • Posts

    188
  • Joined

  • Last visited

Everything posted by Håkon

  1. Burning rate chart frå Lapua: http://www.lapua.com/fileadmin/user_upl ... _Chart.jpg
  2. Nettopp derfor brukar eg ei rustfri/syntet Ruger M77 Hawkeye i .358win med Leupold 2-7x33 i bratta og på fjellet. I berga er stor forstørrelse og gode skumringseigenskapar det siste eg treng! Lett hendig rifle med kikkertsikte med stort synsfelt er mykje høgare verdsett. Holda vert oftast på den korte sida, så derfor -- lav hastighet og tunge kuler.
  3. Bumper og siterer meg sjølv:-) Er det ingen som har brukt Hausken til sub-ladningar i .458SOCOM?
  4. Litt OT, men http://www.warnescopemounts.com/quick_detach.html til 495,- på Winge? I så fall er det eit kupp!
  5. Eg har ikkje skaffa meg lyddempar enno. Spørsmålet er; kva skal eg gå for? Hausken, A-tec eller evt andre fabrikat? Er det nokon som har praktiske erfaringar med dette kaliberet eller tilsvarande, så "tal no, eller vær taus for alltid." Subladningar er det som skal dempast. Kva demparane kosta er og interessant. Begrensningane er M18 og maks 180mm bak brystningen (med HTG-stokken).
  6. På kva butikk kan eg få tak i XL650 då? Lik gjerne opp butikkar som har bra prisar og service. Eg vart litt i tvil no. 550B er vel ikkje noko dårleg maskin? Kva utstyr treng ein i tillegg til presse? - konverteringssett - hylsemater - ???
  7. Takk for tipset. Men eg er fortsatt interessert i svar på spørsmål eg stilte. Det virka som eit lite virvar av utstyr til desse pressene. Eg har og lest litt på SOCOM-forumet om lading til .458SOCOM. Det virka som om det var vel mykje styr for å få dette til. I fyrsten er det 6,5x55 som gjeld! Fyr laus med gode tips og råd:-)
  8. Eg er på trappene til å kjøpe 550 for lading til 6,5x55 DFS-skyting. Kva treng eg i tillegg til settet på XXL (eller andre leverandørar)? http://www.xxl.no/shopping/showitem.aspx?id=68339 Link gjerne opp dei andre delene eg treng, kom og gjerne med tips til "bra" butikkar å kjøpe dette på. Er stongmount, rollerhandle og kruttsjekk nødvendig, eller berre kjekt-å-ha? Alt av tips mottas med takk! Ellers har eg neck-sizer, kuleisetter og komponentar og erfaring med lading gjennom fleire år.
  9. Å tromle ei hylse med den nye hetta isatt... Er ikkje det å be om trøbbel? Blir ikkje tennkanalen tett, og vil ikkje eventuell gjenværande media kunne gje høgt trykk? Personlig pleier eg necksize og tørke av smøringen på halsen med ei fille med raudsprit.
  10. I Ladeboken utg 6 finn du ein del ladningar. Til 250grs kuler er N135 min favoritt. N140 har høgare munningssmell i mi rifle. Eg vil tru at N140 vil være litt saktebrennande for dei lette kulene. Kva rifle og pipelengd er det snakk om?
  11. Fyrst av alt; eg har berre erfaring meg riflelading. Eg har merka meg at når spissane (grader ol.) på kula (SMK) er ulike, vil dette og påverke patronlengda målt med skyvelære. Dette er vel og merke mantla holspisskuler. Ein anna ting er at forskjellar på 0,01mm får du ikkje målt nøyaktig med skyvelære. Eit digitalt skyvelære er ikkje meir nøyaktig enn eit vanleg.
  12. Eg fann ut!! Skulle vel sjekka før eg heiv meg på nettet. Dette saksa eg frå sida til Teppo Jutsu: http://teppojutsu.com/458FAQ.htm#_What_ ... uld_I_use_ "What primers should I use? The cartridge case uses the large pistol primer pocket and we recommend the CCI350 or the WLP primers. DO NOT use rifle primers as the primer pocket is not deep enough to seat them property which could lead to a very dangerous situation." ----------------- Og litt frå samme plass angåande moderhylsa " Can I form my own cases? Isn’t it just a necked .50AE? You could form your own brass; however it would be economically unwise. The only case that has the proper base diameter and rim diameter is the .425 Wesley Richards, which runs about $4 a piece. Any other brass will not have the proper rim size, either too large or too small. In a pinch, you could form .458 SOCOM from .50 BeowulfTM but the rim would be smaller. The initial prototype brass bore the .50AE head stamp and this has caused some confusion. The SOCOM case is 1.575" long, the .50AE is 1.290" so therefore, you CANNOT form the SOCOM case from the AE case." Eg har brukt CCI 300 Large Pistol hetter. Dette har gått heilt fint med samme oppsettet på tennhetteisettaren som eg brukar på 30-06-hylsa, RCBS Hand Priming Tool.
  13. I reportasjen i Jeger var det avbilda ladkomponentar som antagelig skulle symbolisere sub-ladningar. Die-set, VV N330 og Large Rifle??? hetter. Skal det ikkje brukast Large Pistol hetter i desse hylsene då? Sidan det opprinnelig er ei pistolhylse?
  14. Grei reportasje. Bra at Jeger kan skrive om noko anna enn slarkete Mauserar. Det eg synes mangla er info om ladningar og meir om korleis riflene fungerer. Mating, dempar, stokk osb.
  15. No har eg fått testa litt ladningar. I hovedsak 405grs, men også nokre 300grs kuler. Begge er av fabrikat Remington. Pipelengde: 20" Hylser: Starline .458SOCOM Tennhette: CCI 300 Rem 300grs COL: 55.5mm PS! Nye pressa og trimma hylser. N120 38,3grs -- 520, 537m/s N120 39,0grs -- 524, 537, 531, 522, 515, 513m/s soting N120 40,0grs -- 525, 533, 520 soting N120 41,0grs -- 569, 547m/s N120 42,0grs -- 589m/s Rem 405grs COL: 54,7-55mm PS! Nye pressa og trimma hylser. N110 18,0grs -- 283m/s N110 19,0grs -- 326, 310m/s litt soting N110 20,0grs -- 329m/s litt soting N330 14,0grs -- 347, 342, 337, 335m/s Norma200 36grs -- 393m/s Ujamne hastigheter skyldast nye hylser og varierande antal målingar skyldast ein kronograf som ikkje alltid samarbeider. Det må og leggast til at eine stonga på Chronyen fekk seg eit skot og blei øydelagd. Kronografen ser ut til å fortsatt virke, men eg har ikkje fått sjekka den med anna kronograf. Eingongsskotne hylser: Rem 405grs COL: 54,7-55mm N330 14,0grs -- 336, 335, 331, 335m/s N330 13,5grs -- 319, 324, 326, 322m/s N330 13,0grs -- 323, 320, 320m/s Note: Antydning til soting på rille. Alle ladningar. N110 19,0grs -- 303, 309, 298, 306m/s N110 20,0grs -- 317, 328, 322m/s Note: Lett soting på kropp. Ellers litt soting på rille. Alle ladningar. N330 13,0grs -- 325, 321, 304m/s N330 12,0grs -- 301, 306, 304, 301m/s glimrande presisjon. Ladninga eg vil bruke til denne kula for subsonic. N330 11,5grs -- 295, 290, 292m/s N330 11,0grs -- 266, 283m/s Med forbehold om skrivefeil i dataene. Ikkje bruk ukritisk! Dei fleste av desse ladningane kjem ikkje til å bli utvikla vidare.
  16. Eg er heller ikkje nokon tilhengar av mykje rekyl. Det er og ein av grunnane til at eg ikkje har lagt ladningane på maksnivå. Eg har og brukt N135 istaden for N140 for å minke munningssmellen. Det eg vil fram til er at nevnte ladningar til .358win ikkje skil seg så mykje rekylmessig frå fulladningar med 180grs kuler i 30-06. Eg vil absolutt ikkje bestride ditt syn på rekyl, men eg meiner at .358win er noko av det nærmaste idealpatrona ein kan komme. Vel og merke til mitt bruk! Er jo berre å sende ein PM, så kan sikkert prøveskyting ordnast:-)
  17. angåande den friske rekylen som Morten Vinje referer til, synes eg den er oppskrytt. Eg har lada 250grs til 680-690m/s i Rugeren min og ikkje vore plaga av rekylen. Men klart formen på stokken vil ha stor innvirkning. Uten at eg skal påberope meg å ha lang erfaring med hardt rekyl, vil eg beskrive meg som "ein garva 30-06 skyttar" (fritt etter Jørun Lien ang 375H&H og 378 Weatherby). Det er, etter min meining, ikkje rekyl som skal være ankepunktet mot .358win. Heller den manglande tilgangen på fabrikksammo og til tider hylser (med rett merking). For heimeladaren er .358win ei takknemlig patron å lade. .358win er ei patron etter min smak. Sakte-tungt-sikkert.
  18. Warne tactical kan være verdt å sjå på. http://www.midwaynorge.com/apps/ebrowse ... 3793%20***
  19. pipe 2500-3000,- montering 2500-3000,- -evt fluting og gjenging for lyddemper kikkertmontasje 600- dyrt stokk bedding lyddemper 3500-xxxx kikkertsikte die-set 500 100stk hylser 900 large pistol hetter 400 div krutt 500-600kr/kg div kuler 350-xxx pr 100stk kjekt-å-ha-ting avstandsmåler Prosjekt blir, etter min erfaring, alltid dyrare enn fyrst antatt. Mitt prosjekt kom på omtrent det 3-dobbelte av budsjettet:-)
  20. Rifla mi, opprinnelig .308win Rem 700VS, har fortsatt originalt magasin og hengsla underbeslag. Eg har problem med matingen når det er meir enn eitt skot i magasinet. Utkastet er heller ikkje så overbevisande som eg kunne ønske. Korleis har de, lykkelige innehavarar av rifle i .458SOCOM, løyst dette? Laust magasin, anna utdragar, kraftigare fjør???
  21. Eg ønsker abbonnement på fleire amerikanske våpenblad. Rifleshooter G&A Shooting Times Rifle/Handloader/Hunter Eit lite spørsmål: Kjem det tilleggskostnadar til prisen som er oppgjeven på nettsidene? Moms, frakt eller anna?
  22. At Woodleigh er for solide trur eg ikkje. På: http://www.woodleighbullets.com.au/Bull ... t%203.html står det at SP-kulene opp til og med 250grs har "Rec. Impact Velocity (fps)" frå 1800-2500 fps. Skulle ikkje dette samsvare godt med det .358win gjev? Når det gjeld Rhino og Swift AF er vel situasjonen ein anna.
  23. Eg vurderer å tegne ei rekke abbonnement; - Guns and Ammo - Rifleshooter desse kjøper eg jo uansett Shooting Times og Rifle/Handloader/Hunter Ein ting eg lurer på... Er det prisen som står på nettsida det ein betaler? Eller kjem det frakt, mva eller anna i tillegg? Er Shooting Times noko å satse på?
  24. Ifølge Ladeboken har .358win ein hastighet som gjer at sjølv dei konvensjonelle blyspissane held mål. 250grs Hornady Interlock er av fleire nevnt som ei bra kule til kaliberet. Ellers er kanskje 250grs Oryx og 225/250grs Nosler Partition meir passande enn A-Frame om ein skal velje blant "superkulene". Ut frå det eg kan lese i dei amerikanske våpenmagasina, verkar det for meg at me er vel hysteriske når det gjeld kulevalg. Norsk elg og hjort er vel ikkje så mykje hardare bygd enn deira slektningar på andre sida av Atlanteren..?
×
×
  • Create New...