Jump to content

Håkon

Members
  • Posts

    188
  • Joined

  • Last visited

Everything posted by Håkon

  1. Prisen den stod til var nok noget optimistisk ja! Sjølv om det var med kikkertsikte. Tilgangen på brukte Rem Varmintrifler er ikkje gedigent, så det gjer sitt med bruktprisane. Eg gav 6200,- inkl Leupold std basar og 2 sett ringar for ein .308win 700VS for ei tid tilbake. Dette er modellen før VSF og har ikkje fluta løp. Prisane på brukte Varmint og police/tactical var derifrå og oppover. Når det gjeld stokken, er denne fin om du likar veldig breidt forskjefte. Dette var i meste laget for meg, så McMillan HTG var anskaffa. Sporter-stokken til HS er nokre hakk over Varmintstokken spør du meg. Uansett, lykke til i valget. Eg valgte Remington og har ikkje angra på det!
  2. Då burde din søken være over! Hvis det då er Rem 700 du vil gå for..? http://www.finn.no/finn/bap/object?finn ... T.svl=Link VSF er eit glimrande utgangspunkt med ei god låkasse og ein god HS Precision stokk. Eg gjentek vel meg sjølv når eg nevner at det fins nærmast uendeleg med stokkar, montasjar og andre godsaker til SA700 kontra Model 7. Køyr debatt!
  3. Den var fin! Kan du seie noko om komponentane på rifla? Spennande å sjå kva andre velger av options. Hadde eg vore litt meir datakyndig, så hadde eg og bidrege med bilder:-)
  4. Ein klar fordel med 700-kassa er tilgangen på stæsj. Forholdet mhp ekstrautstyr er 1:100 i fordel for 700-systemet:-) Stokkar, montasjeskinner, avtrekk... Fins det, så fins det til 700.
  5. sjekk www.mcmfamily.com -specials-stocks-sako Då finn du denne: S75-IV - R/H - SAKO 75-IV - REGULAR BC Denne er bygd på originalstokken. Pris?? (385usd+75usd i frakt) x dollarkurs x 1,25mva + 200kr i tollbehandlingsgebyr. McMillan har og Varmintutgåva på lager iblant. Merk at den har varmint løpskanal. Å gje 3-5000,- for ein brukt, original stokk er heilt vanvittig spør du meg. Ein McMillan kostar ikkje meir, samtidig som den går langt utanpå einkvar originalstokk!
  6. Håkon

    jakt hansker

    Eg har eit par frå Outdoors Design som heiter liteflex. Desse hanskane er dei beste eg har hatt nokon gong! Kunstskinn inni og Gore Windstopper på utsida. Eg har bruka desse til alt frå å hogge ved, skyting og i byen. Eg kan faktisk plukke fram både myntar og papirpengar med utan problem. Ikkje vart dei stive av vask heller. Dessverre er hanskane utslitne og modellen er blitt forandra. No er Windstopperen bytt med eit anna stoff, og største størrelsen virka for liten for meg. Eg må prøve fleire! Desse hanskane fekk i si tid toppkarakter i Villmarksliv, og eg kan skrive under på at dette var fortent! Ut frå det som er skrive kan det virke som Härkila proshooter kan erstatte Liteflex. Eg håpar no det. Kva butikkar har desse? Gjerne i Bergen eller omegn.
  7. Eg hadde ein 3-9x40 med z-plex retikkel. Kikkertsiktet hadde eg på ein Sauer 202. Denne rifla har normal lengde på kolben, men eg fekk likevel ikkje plassert kikkerten langt nok fram. Augeavstanden er stor, og okulardelen er lang, slik at eg ikkje berre kunne kaste opp rifla og ha full opning i kikkerten. Eg gav opp heile Conquesten og kjøpte ein Zeiss Classic 2,5-10x50 for 5999,- på xxl.no. Denne er eg kjempefornøgd med! For all del; Conquesten er ikkje noko dårleg kikkertsikte, men augeavstanden kan by på trøbbel. PS! Dette er ikkje berre min erfaring.
  8. Då vil eg absolutt heller anbefale Warne sine QRW. Desse er ein del finare å sjå til. Ken Farrell skinna la eg på hylla, denne vart forkasta til fordel for Warne Tactical picatinny-skinne. Sjølvsagt berre min personlege smak.
  9. Gratulerer med flott rifle! Eg har sett på denne,og må seie ar det er ein av dei 700-utgåvene som tiltalar meg mest. Denne saman med Varmint (som eg har sjølv:-) Eg såg lenge på forskjellige montasjar, Leupold Mark4, Badger, A.R.M.S, men havna på eit "rimlegare" alternativ; Warne Tactical. Uansett kva du velger, så fortener ei slik rifle noko meir enn Leupold std eller den simplaste Weaver:-) Lykke til! Linkar til Warne http://www.lockstock.com/prodinfo.asp?number=WRN614M http://www.lockstock.com/prodinfo.asp?number=WRNM673
  10. Løfter denne til topps igjen. Er det nokon som har noko å tilføre her? Eg har nettopp starta å lade til SOCOMen, og nokre tips på vegen ville vore fint! Krutt so har funne vegen til furtebua: - Norma 200 - Vihtavuori N330 - VV N105 - VV N110 - VV N120 Kuler - 300grs REM - 405grs REM
  11. Eg kjøpte ein HTG til ein kort Rem 700. Denne låg under "specials" på heimesida til McMillan. Prisen var 385usd. Legg til 50-75usd i frakt x dollarkursen +mva og 200kr i fortollingsgebyr, så får du prisen. Eg er ihvertfall fornøgd med HTGen! Merk at det er nokre månaders leveringstid frå McMillan.
  12. Nokon som veit om XXL har dette kikkertsiktet fortsatt? Eg fann ikkje noko på nettsida. Trur det blir å byte ut Conquesten. Eg blir ikkje heilt klok på denne kikkerten (montert på Sauer 202). Augeavstanden blir liksom heilt feil då okulardelen er veldig lang på Conquesten.
  13. Eg lurer på same sak. Du må gjerne formidle til oss andre på forumet kva du finn. Kva kaliber er det du skal bruke kulene i? Er desse kulene kjende for å være mjuke eller harde?
  14. Er det ingen her inne som har noko som helst erfaring med .458SOCOM? ifølge andre trådar virka det som om det er fleire som har fyrstehands erfaring med kaliberet. Bilder av brukarane sine rifler er og good! Køyr på med ladedata!
  15. Eg veit at det er fleire rifler kamra for .458SOCOM i omløp blant Kammeret sine brukarar, så ein eigen tråd om desse burde vel være på sin plass. Eg har søkt etter ladetabellar på nettet, men finn lite med Norma eller Vihtavuori sin kruttypar. Er det nokre her inne som har erfaring med lading til dette kaliberet? Då må de gjerne dele dette med oss andre brukarane. Interessant kan være både over- og underlydsladningar. F eks - kuletype og vekt - kruttype og ladning - hylser - tennhetter - hastighet - piplengde i testrifla - patronlengde - presisjon - evt kommentarar om trykktegn. Nær maks ol. Som alltid er det jo fint om det vert supplert med bilder av våpen, kuler oa. KØYR DEBATT!!!
  16. 3. mann i tråden med Ruger Hawkeye! Rifla mi er fortsatt heilt original. Ikkje eingong frilagt pipa. Når det gjeld problem med Normahylsene, er dette noko eg har vore borti. Dei første hylsene eg omforma var Norma .308. Desse gav som beskrevet over, ein tjukkare ring i halsen. Desse ville ikkje kamra fint. Etter dette omforma eg Winchesterhylser. Dette gjekk heilt problemfritt. Hylsene var skotne 2 gonger i ei .308-rifle. No har eg skote desse 13 gonger, og dei har enno ikkje gjeve meg problem. Hylsene vart gløda etter omforming, og har vore trimma 2 gonger etter dette. Problem med Normahylsene er kjende!
  17. Håkon

    Kydex knivslire

    tusen takk Poacher! Rookie når det gjeld bilder! Men allikevel gira på Kydex. http://img404.imageshack.us/img404/5471 ... 218wh2.jpg
  18. Håkon

    Kydex knivslire

    Eg har eit par kydexslirer til mine Fällkniven. Skulle gjerne lagt ut bilder, men det får eg ikkje til.. Har lagt ved ein link til den eine... http://img92.imageshack.us/my.php?image ... 140ws0.jpg Håkon
×
×
  • Create New...