Jump to content

aresm

Members
  • Posts

    351
  • Joined

  • Last visited

  • Days Won

    1

Everything posted by aresm

  1. @plugg69 Og kulehullet i bordet forklarer du med?
  2. Prøvde Lovex D73.6 og S062. Desse skal ligge i området N133. Eg lada med maxdata for 120 grs V-MAx frå Lovex sin manual. D73.6 gav ekstrem varierande hastighet, og ein durablig munningsflamme. Hastigheta varierte på 3 skudd med 134 m/s. Og presisjonen ikkje imponerande. Forøvrig med magnumhetter. Eg sjekka litt på nettet, og det ser ut for at varierande hastighet ikkje er uvanlig med dette kruttet. Mykje sot og rusk i løpet. Men med S062 kom ting seg. Fortsatt ein del munningsflamme (fortsatt med magnumhetter), men med hastighet køyrd ned til ca 900 m/s, begynnte presisjonen å komme. 5 skudd på ca 30 mm på 100 meter, er godt nok for mine skyteavstander på rypa, så eg stopper der. Det er sikkert potensiale for ytterligare forbedring, men eg er nøgd. Så konklusjonen er at 78 grs kuler faktisk går å bruke i 7x57R og. Kanskje eg prøver N120 ein gong. 46,0 grs S062, med COL 67,4 mm med RWS LRM hetter. Hastighet vart då 875 m/s med ES på 20 m/s. Kunne vore bedre, men godt nok.
  3. I motsetning til andre her; Kombi er for meg først og fremst ei hagle, med mulighet for rifleskudd. Primært for fuglejakt, også fro meg. Med sving-/hakemontasje er det kjapt gjort å få på kikkerten om det dukker opp ein orrfugl i treet. Vil og i år bli brukt på hjortejakt, i eit terreng med skogsfugl. Med kikkerten av.
  4. Tips: det finns noko som heiter google.com. Det er ei nettside der ein kan søke etter ting ein lurer på. Det finns og andre tilsvarande sider, ofte kall "søkemotorer". Anbefalast! Ladedata, bakeoopskrifter, porno......du finn alt mulig slags rart. http://www.vihtavuori.com/en/reloading-data/rifle-reloading/-338-winchester-magnum.html
  5. Hornady har kun data for 400 grs, men i alle fall med tilgjengelig krutt. Og Reloader15 skal visst nok vere det samme som Norma203-B, så da kan kanskje dette brukast:
  6. Forsøk med N150 var ganske dårlig. Stor spredning, ujevne hastigheter og rare smell. Litt uventa lite soting på hylsene, men ein del partikler i løpet. Nytt krutt er på veg.
  7. For det er så utrolig slitsomt å ta på seg eit hørselvern.
  8. M67 kommer med kloke ord om hørsel her. Verden er full av folk som har latt vere å bruke hørselvern i lydmiljø med høg lyd, og ikkje nødvendigvis smertefullt. Mangen av dei sliter i dag med dialogen med sine barnebarn etc. Og skarpe smell er betydelig verre enn høg musikk. Og tør eg slå eit slag for vernebriller uansett skyting, igjen med unntak av pil og bue.
  9. For Lovex-krutt. Tilgjengelig frå diverse norske nettbutikker.
  10. aresm

    Cz-Klubben

    Det var det eg trudde. No veit eg. Takker.
  11. aresm

    Cz-Klubben

    Og det er problemfritt å montere eit standardløp på ei varmintrifle? Eg har høyrt rykte om at det omvendte er problematisk.
  12. Eg kjøpte noko Gameboregreier 12/65 i nummer Norsk no4 der i vinter. Link Ser den er utsolgt for tiden. De hadde vel i nummer 6 og.
  13. Eg kunne hjelpt deg, men eg er på ferie. Har Berger sin ladebok, så om du ikkje får andre svar kan eg sjekke om 14 dager. Trur den har data for 7x57, eg pleier bruke 94% av dei data for randpatronen. Har stort sett funket. Basert på egne erfaringer med drillingen min, så tviler eg på du klarer storviltkravet (om det er målet) med N150.
  14. aresm

    110 gr vmax

    Hornady 10th gir 44.7 grs som max med N140 for 125 grs SST-kule. Dei er vel relativt like i utforming.
  15. Eg har planer om å teste 160 grs accubond, den skulle gå greit å klare kravet med. Men eg skal prøve å hive i litt meir krutt i 173 grs og, det bør kunne gå og passere maks lading med 2 mm lengre COL. Berre ein måte å finne det ut på.
  16. Nosler har ladedata med N135 på sin E-tip. Det kan vel vera eit utgangspunkt.https://load-data.nosler.com/load-data/308-winchester/
  17. Nå har eg prøvd; fabrikkammo Partizan SP 173 grs, Nosler Ball.tip 140 grs med 47 grs Norma 204, og heimelada Partizan 173 grs SP med Norma 204 43 grs. Skutt med drilling 60cm løp. Eg har kronografert alt, og berekna hastighet på 100 meter. Ingen av dei held kravet til stort storvilt. Både fabrikkammo og heimelada Partizan SP fekk eg i 2190 fps(667mps) utgangshastighet. Med ein BC på 0.465 gir det ein V_100 på 612 mps --> ca 2100Joule. Kulene er då sett ca 1 kulediameter i halsen. PRøvde 2 mm djupare ( til krymperilla), og henta heile 10 fps på det. Øverraskande lite. Nosler Ball.tip gav V_0 på 2414 fps (735mps) og "not even close" til å greie kravet. Så, er det nokon som har kronografert og faktisk kan dokumentere at dei held kravet til storvilt? Eg skal nok klare å klatre over kravet med dei tyngste kulene, men eg nærma meg maksladning. Når sjølv fabrikkammoen ikkje held kravet, så byrjer eg og tvile. Tips? Første eg tenkjer er å sette kulene slik eg i utgangspunktet hadde dei, og auke kruttmengden over anbefala. COL eg nyttar i dag er 2,5 mm lengre enn fabrikkammoen. Men eg er fersk og klokelig usikker på dette med lading, så har nokon nokre tanker rundt dette?
  18. Er ikkje det samme hylser som RWS, med eit anna stempel? Eg har i alle fall antatt det.
  19. Skal prøve å huske det....Blir nok ikkje før etter ferien.
  20. Eg testa samme ladninger i formskutte 30-06 hylser og 7x64 hylser. Begge Normahylser, MRP krutt og 173 grs Partizan SP 7x64 hylsene gav litt bedre presisjon, litt høgare fart og litt lavare variasjon i hastighet. Men 30-06 hylsene gjekk og høgare enn 7x64. Eg la og merke til at begge gav større hastighetsavvik med 54 grs ladning. Syltynt statistisk grunnlag, men dog.....
×
×
  • Create New...