Jump to content

Hjortetrekk

Members
  • Posts

    666
  • Joined

  • Last visited

Everything posted by Hjortetrekk

  1. Etter 3 år med uten bukkejakt fekk eg endelig mulighet og tid i år og dro ned til telemarks dype skoger i helga. Vi var 3 stk som har jakta mykje sammen både på hjort og rådyr. Vi har vert priviligert og fått dyr kvart år vi har jakta der sammen, så optimismen var stor da vi la ut på jakt premieremorgonen. Vi satt alle ved forskjellige brunstplasser, men ingen bukk å sjå eller høre. Etter eit par timer søvn, dro vi videre til eit nytt terreng med hytte midt i terrenget. Der hat vi også hatt god uttelling tidligere og optimismen steig på nytt da vi plasserte oss over eit større område. Eg fekk posten ved eit nytt hogstfelt. Det eg ikkje viste var kvar brunstgropene var i forhold til denne sjølv om Anders hadde forsøkt å forklare meg det før vi skilte lag. Vi satt oss ut i 16.30- tida, men det var også her lite liv i skogen. Når klokka bikka 20.00 hadde eg begynt å miste trua, og tenkte eg ville ta ein liten runde på veg tilbake til hytta for å sjå etter groper. Da eg hadde gått 30 meter fra hogstfeltet hører eg eit bjeff inne i tetta ca 150 meter ifra meg. Eg stivna til og fant fram fløyta (citrcall- hareskrikfløyte vel og merke). Det var dårlig med skytemuligheter der eg stod, men satte meg rett i knestilling for ikkje å støkke dyret. Eg blåste eit par ganger med kontaktlyd og fekk umiddelbar respons. Etterkvart skimter eg bevegelse mellom trærne og adrenalinet var på plass for første gang i haust (DEILIG) I kikkerten kunne eg skimte geviret og trudde det berre var ein bukk. Etterkvart kom bukken nærmare for å inspisere. Eg fortsetter med kontaktlyd. Plutselig bråsnur den på ca 50 meter i tetta. Da slo eg om på hetslyd og bukken snur tilbake igjen. Like etter skimter eg enda eit dyr, ei geit. Så begynner katt og mus- leiken som skulle vise seg og å vare i nesten tre kvarter. Eg veksla mellom kontakt- og hetslyd og geita var inne på ca 20 meter fleire gonger med bukken like bak. Like fort sprang dei tilbake igjen heilt til eg blåste i fløyta. Midt i seansen kom eg på eit tips som eg hadde sett Clausen gjere på youtube, å grave i mosen. Begynte med det, og bukken blei fullstendig gærn. Kom som eit skudd fram igjen for å sjekke ut rivalen, men snudde før eg fikk han i den åpne glenna som eg hadde skuddsjans i. Dette repeterte seg sikkert 20 ganger før geita kom inn i glenna. Da dro eg opp rifla og satsa alt på at geita skulle føre ho inn i åpninga, og det var det siste han gjorde Min desidert største jaktopplevelse var eit faktum og eg kunne endelig puste normalt igjen. Har aldri opplevd ei slik spenning verken på brølende hjort eller på reinjakt. HEILT RÅÅTT!! Som du ser på bildet måtte eg plassere skuddet i nakken da resten av kroppen stod bak ett tre. Utgangen snitta bogen på andre sida. Følte meg likevel sikker på skuddet da eg satt i knestilling med reim og holdet ikkje var lengre enn ca 40 meter
  2. Kan noken fortelle meg kor eg får bestilt kart for Lordalen?
  3. På viltkontrollkurset lærte vi av mattilsynet at vomma må ut innen ein halvtime, uavhengig av om det er lungeskudd eller ikkje. Er det vommaskudd har bakterien allerede formert seg i kjøttet og det er for seint. Om det er forsvarligt å spise kjøttet etter skudd i vomma er naturlig nok opp til kvar enkelt, men dei råda sterkt til IKKJE å selge kjøtt der innhald av vomma har spredt seg inne i dyret. Med en fuktig klut sprer du berre bakteriane over eit større området, sjølv om det ser reinare ut. Bruk heller tang og kniv og fjern eit større område langs ribbeina for å misnske bakteriespredninga. Vi som tok kurset har ikkje lov til å godkjenne dyr der vomma har sprukket inne i dyret til offentlige steder som restauranter osv... Ifølge kurshaldarane tek jegerane oppgaven med å vomme ut dyret altfor lett. Dei viste til konkrete undersøkelser der bakterieinnhaldet i store deler av kjøttetved vommaskøt var mangedoblet sammenlignet med ein hjort med lungeskudd.
  4. Er tidligere XXL- deltidsansatt (4 år siden), men snakker nå ut fra eigen opplevelse Var på XXL- Moa for å benytte meg av tilbudet med 25%. Skulle kjøpe meg Meindl Dovre Ekstreme. I butikken var dei prisa til 3299,- Dei slo inn strekkoden for å sjekke kva prisen blei med 25%. Da blei skoa slått inn til 2799,-, altså prislappen under skoa var feilprisa. Flott tenkte eg, og fekk dermed 25% av 2799,-, Totalpris 2199,-. Nokre dager seinare fant eg ei heimeside på nettet der skoa låg ute til 2299,- til veilpris. Gjekk i butikken (først og fremst for å bytte skoa til ein str større) igjen og viste denne sida til han som jobba der og henviste til prisgarantien, og at eg ønska meg 25% av denne prisen. Det heile endte med ein tilgodelapp på 600 kr. Greit nok, sjølv om eg ikkje fekk pengane i cash. Ein godt fornøgd kunde som gjekk ut av butikken den dagen SÅ det gjelder å sjekke opp priser på nettet før, evt etter du har handla. Dei reklamerer på prisgaranti så lenge det ikkje er annonsevare eller allereie nedsatt tilbud.
  5. Skulle veldig gjerne ha skaffa meg kart over terrenget rundt Lordalen (statskart). Har forsøkt å søke det opp på nettet, men uten resultat. Noken som veit kvar eg får bestilt?
  6. Om kva ammo som er best finnes det like mange meininger om som det finnes villrein i Noreg Mange faktorer som folk er opptatt av når dei argumenterer for ei kule: Kjøttødeleggelser, balistiske egenskaper på kula, knall-fall-effekten, pris etc. Personlig bruker eg Federal Fusion (kjøpeammo) på grunn av ein akseptabel pris og fordi den samsvarer med mine krav. Har tidligere også benytta Lapua mega, Norma Accoubound, og oryx. Alle sammen er meir enn bra nok til storviltjakt/reinsjakt. Disse kulene har naturlig nok ulike eigenskapar, men er gode på sine områder. Blant anna er Fusion og oryx bounda/lodda blykjerner som sørger for at kula ikkje så lett splintrer når den treffer bein på veg inn i kroppen på dyret. Samme kva du velger, dør dyret raskt og effektivt ved eit velretta skot. Det er jo strengt tatt det viktigaste kravet til ei kule
  7. Kva heiter programmet? Ligger det ute på nett-tv?
  8. Takk for eit velskrevet og lærerikt innlegg KnutErik! Liker meir og meir denne tråden Har dei siste åra fått meir og meir sansen for postering over skoggrensa med god utsikt nedover dalføret/terrenget. Dette er ei jaktform som vi har fått stor uttelling på fra den gangen vi slutta med å "vandre i skogen" og stole på flaksen Da blei det sjeldent nedlegging av dyr og måtte nøye oss med å høyre dei løsne for deretter å gå heim igjen. Liker ikkje jakt der eg overlater alt til tilfeldighetane. Da er det no berre flaks om eg får dyr, og ikkje dyktighet (joda, kanskje litt viss du går veldig rolig og beherska). Derfor har eg dårlig tålmodighet når eg smygjakter i eit terreng der eg berre må nøye meg med å håpe at eg treffer på noko. Å sitte å speide med kikkerten er desto artigare, og da kan eg sitte i timesvis, heile tida i trua på at eg snart vil sjå ein bevegelse av eit hjorteøyre eller noko anna. Det er morro det Og sannsynligheten for å komme seg innpå dyra er jo kjempestore! Finner vi dei om morgonen har vi heile dagen på oss Slik jakt krever for det første at du ikkje sitter i himmelsjå. Sett deg heller rett under ein hammar, og helst med noko som skjular deg på kvar side. Fokuset er oftast retta nedover dalen, og du er derfor lite observant på kva som kjem frå sida di. Forsøker uansett å ikkje veive med kikkerten for masse viss dyr skulle ligge i nærheita. Ei anna stor fordel ved å ligge høgt og oppe i ei dalside, er at du har full kontroll på vinden. Oftast går vinden ned dalen, og sitter du høgt nok, går lukta mi videre i samme høgde, uten at den faller ned i dalbotnen. Trekken blir desto viktigare når eg skal stille inn på dyra utover dagen. Då er vinden meir ustabil og ein må ofte gå tilbake og starte på nytt frå ein annan vinkel om vinden snur. Stoler ein heller på flaksen og går likevel, er sjansen ekstremt mykje mindre for å lykkast, er mi erfaring ihvertfall. Vel, det var nok jaktprat for i kveld God natt!
  9. Synes dette kan bli ein interessant tråd eg. Eg skjønner jo poenget ditt. Men ikkje sikkert eg tilføye noko som styrker tråden. Men prøver meg likevel. Eg har dei siste åra blitt lettare for å irritere meg over andre som er med meg på jakt. Altså, når vi går sammen og dei ikkje tenker over bevegelsene dei gjer og ikkje har blikket mot terrenget men ned på dei nyinnkjøpte fjellskoa. Høres veldig arrogant ut no, men det er ein ærlig sak. Eg har ein tanke om korleis eg meiner eg bør skjule meg best mogleg når eg ferdast i terrenget. Derfor trives eg best ved å sitte eller gå aleine etter hjorten. Men denne erfaringa er jo berre ved enkelte tilfeller, og som regel med andre jegere som kanskje ikkje har hatt muligheten til å lære av feila ein gjer på grunn av for få opplevelser med hjorten på skothald. Men du snakker om kontraster på kroppen som lett kan avsløre deg. Ja, det trur eg også er ein viktig faktor å ta med seg, men enda viktigare er det å sitte stille, men også bevege seg laaaangsomt når man går fra A til B. Bruker sjelden kamuflasje i f. eks ansiktet, men kanskje eg burde bruke det? Men eg er einig i at mange tek for lett på det med jakt. Ein setter seg ned på ein nesten tilfeldig plass der det er best mogleg synsfelt utan å tenke nok på kor lett det er å bli observert av sylskapre hjorteauger og øyrer. For mi eiga del har eg blitt mykje meir bevist på å finne best mogleg skjul, for deretter å bevege meg ein kort distanse for å komme på skothald på observerte dyr. Ser eg dyret først er det jo 10 ganger lettere å flytte på seg lydlaust og komme i posisjon. Men sitter eg derimot nede i eit dalføre og kikrer oppover fjellsida på avstander opp mot 400 meter og lengre, er eg ikkje like nøye på bevegelser med kikkerten som andre ganger. Å sitte i skyggesida med vegitasjon på begge sider av deg trur eg likevel er veldig lurt. Ein annan erfaring eg har fått siste tida, og som eg har brent meg på for mange ganger, er når eg går til post. Altfor ofte går eg med folk som ikkje tenker på denne strekninga anna enn at ein skal komme seg fra A til B, og helst raskast mogleg. Eg opplever fleire skotsjansar no enn før da eg blei meir bevisst på dette. Ein ting er sikkert: ein lære berre av erfaring, og då mest av dei gongane det går gale...
  10. Viss du er smart så kjøper du det Kahles- siktet som Mork linket til. Hadde ikkje stussa eit sekund om eg hadde 6000,- og skulle innvistere. Linsekvalitet i toppklasse!!
  11. Ja, det er eit fantastisk bra område. Jakter også gjennom grunneigar i Kvikne som eg har gjort i 6 år. Høgdepunktet kvart år er når vi har parkert bilen ved bommen og går dei siste 500 meterane til Veibua. Da har jakta starta for min del
  12. Har også kort på Kvikne i år. Basen blir nok veibua (som dei siste 6 åra) som ligger en snau kilometer før Grønntjønna. Utgangspunktet blir som vanlig avhengig av vindretninga og obersvasjoner fra andre, men ofte tar vi oss ein spasertur opp på trepunkten med god sikt mot Hestfjellet. Der blir planen lagt viss ikkje vi allereie har funne dyr i kikkerten. OFTE ein sikker vinner
  13. Knallbra tiltak, Ladden! Som lærer på ungdomskule forsøker eg å gjere mitt for at elevane skal finne det interessant å ta jegerprøva. Har overtalt 10 elevar til å gjennomføre kurset, og forrige veke var dei allereie i gong. Ingenting er artigare enn å svare på spørsmål om jakt til engasjert ungdom som klør etter å komme i gang med jakta Når dei er ferdige med skulearbeidet på datarommet får dei bruke resten av tida på løyse oppgåver knytta opp mot jegerprøven
  14. Er det noken her som har gode tips i Lordalen? F. eks gode oversiktsposter, trekkplasser etc? Alle tips mottas med stor takk
  15. Har aldri jakta i Lordalen eller i nærheita. Har heller aldri jakta rein anna enn gjennom privat tildeling fra innanbygs i Forelhogna. Derfor lite kjent med kva info eg ventar å få i posten/mail. Har leita på nettet etter informasjon ang. fellesjakt og kva område som dekker "Lordalen". Kunne tenke meg å få ein fullstendig oversikt over grensene, og ikkje minst tips om kvar trekkplassane går. Har som tidligare nevnt fått tildelt bukk under 50 kg via Inatur og fjellstyret. Ønsker å forberede meg i god tid og kanskje ta ein tur til området i sommar for ein research. Noken som kan hjelpe meg?
  16. JAADAAA!! Fant navnet mitt på Fjellsyret si liste. Har fått bukk under 50 kg i Lordalen Har aldri jakta der tidligare, så tips mottas med stor takk Hjortetrekk
  17. Lilleulv; trudde eit øyeblikk at du kanskje jakta i vårt jaktfelt Du legger fram akkurat samme problemstilling som vi også jobber med på ein fin måte. For å gjere ei lang historie kort. I storvaldet vårt foregjekk jakta på jegerene sine premisser (i eit av valda) heilt fram til "dei blei avslørt" av dei andre grunneigarane for omlag 6-7 år sidan. Ei storstilt opprydning måtte til. Dei hadde over lengre tid tatt seg til rette ved å tegne opp "sitt eige kart" over jaktfeltet sitt. Dette resulterte i at dei fekk betydeleg fleire dyr på kvota enn kva dei eigentleg hadde rett på. I tillegg til å hente ekstra dekar fra nabofelta for å dekke behova for ekstra løyver, tok dei i tillegg ein svingtur med tusjen innom nabokommuna og telte med område også der opp mot 1000 moh. Poenget mitt er berre at storvaldet og grunneigarane vårt hadde mista fullstendig kontrollen på grunn av dårlig kommunikasjon og sammarbeid. Man ser jo i ettertid at det var mange naive grunneigarar som stolte på desse "kjeltringane", men når kommunekarta og gamle papirer kom på bordet, så var det Game over for cowboy-virksomheten. Berre eit eksempel på der jegerane fikk ta seg til rette. Meiner på ingen måte at det ofte blir slik andre plasser, men dette blei resultatet etter dårlig kommunikasjon og sammarbeid. I dag fordeles dyra på ein riktig måte basert på vedtekter som er gjort i eit styre beståande av grunneigarar (både med og uten rifle). Men det store diskusjontemaet kvart år er likevel; skal vi åpne for å bytte på løyva internt i valdet etter ein viss dato for å utnytte storvaldet sine fordeler? Og evt skal man også kunne åpne for å jakte på tvers av grensene mot slutten av jakta for å gjere det enklare for kvar enkelt? Desverre er det alltid eit par av grunneigerane som alltid stemmer imot dette forslaget, og vi ser derfor ingen fordeler med samanslåinga. I staden øker sjansen for konflikter som igjen gjer samarbeidsklimaet enda dårligare internt i valdet. Eg meiner ei løysing kunne vert at andre instansar kunne lagt meir press på grunneigarane gjennom å gi tydeligare retningslinjer som f. eks å setje ein fast dato for når ein kan bytte løyver mellom jaktfelta. Då har styret noko å jobbe ut i frå, og det minsker sjansane for konflikter. Ein må gjere jegerane og grunneigarane beviste på dei muligheitane som finnes for å ivareta ein felles målsetning og bestandplan (som "lilleulv" seier det).
  18. Har vel lest ein plass at eldre bukker har tendens til å felle geviret før ungbukkane... PS: Storfe-okser har horn. Dei fell aldri av
  19. ELSKER butikken! Ingrediensene er som skapt for meg Ikkje overprisa og samtidig produkter som held mål (til no ihvertfall).
  20. Hei!! Tenkte dette måtte vere rette plassen å spørre. Kva er ein fin dåpskniv? Tek i mot alle råd og forslag med glede Mvh Hjortetrekk
  21. Er laaangt unna den å ha den erfaringa som "Villreinjegeren" har, så skal ikkje vere bastant her. Men er det ikkje fordelaktig med ein rammesekk viss man tenker litt meir langsiktig? Er av den oppfatninga at ein 80 liters- sekk uten ramme vil bli mykje raskare slitt enn ein rammesekk (med tunge bører så klart). Eller tek eg heilt feil no? SJølv brukar eg ein rammesekk av typen "Chevalier Reindeer" (130 liter), ein sekk som er veldig enkel uten så mange detaljer. Denne har blitt med i 6 sesonger, men angrer i dag på at eg ikkje den gang valgte Norrøna sin "Recon pack" som har ein heilt fantastisk bevegelighet og komfort. Men no blei også eg usikker på om dette er noko lurt kjøp likevel, og om eg heller skal gå for noko mindre...Interessant tråd!!
  22. Etter å ha starta samme tråd i to år på rad, er det kjekt å sjå at andre enn meg tek initiativet Kan aldri vere for tidlig ute med denne tråden Er einig i prisnivået til "Jegerak". Men det er jo litt avhengig av om du ønsker å leige eit terreng for ein sesong, eller i ein kort periode i meir organiserte former som dei driver med i Kvinnherad. Ein slik pakke vil sjølvsagt koste meir da det er inkludert med husly, mat, transport, guiding etc...
  23. Mork: Joda, eg er jo enig i at det kan diskuterast om det er behov for ei slik ordning i 2013. Og der er eg heilt einig med deg; Det er eit resultat av bestandveksten som VI HADDE. Vi kan vel konkludere med at den ikkje er veksande i samme grad lenger. MEN, nå har det seg slik at denne ordningen eksisterer enda (sjølv om det ikkje betyr at vi MÅ benytte oss av den). Fordelen med denne ordninga i dag er ikkje at vi har mulighet til å ta ut enda fleire dyr, for det er det ikkje behov for, men at vi kan velge meir fritt i kva kjønn som vi ønsker legge ned. I løpet av ein fireårsperiode skal vi ta ut ein viss prosent av bukker, koller, kalver og ungdyr. Det første året viser det seg at det er stor andel koller i området. Bukker er det lite av, og bukkekvota blir langt fra fylt i storvaldet. Året etter viser det seg at det er fleire bukker i området enn året før. Kollekvota er framleis den samme, men vi ønsker å justere uttaket og blir einige om å ikkje fylle kvota med koller. DA blir ekstraløyvene til fordel for oss. Vi velger å ta ut fleire bukker og ungdyr, og lar produksjonsdyra gå fordi vi ser ein minkande bestand. På denne måten meiner eg at ekstraløyver kan vere til fordel for oss. Ikkje for at vi skal skyte fleire antal dyr, men justere uttaket av kjønn fra år til år, avhengig av kva som er mest fornuftig.
×
×
  • Create New...