Jump to content

Hjortetrekk

Members
  • Posts

    666
  • Joined

  • Last visited

Everything posted by Hjortetrekk

  1. Interessant og lærerik tråd har det blitt Lurer på ein ting: Finnes det ein spesiell grunn til at man ikkje berre lakkerer stokken og dermed slepp alle desse problemstillingane? Pappa sin laminatstokk er lakkerr og den har nokre bruksmerker her og der, men han har aldri hatt problemer med uttørking. Alt vatn preller elegant av...
  2. Må sei meg eining i at det er utrulig morro når man først kjem i gong med å olje rifla. Då eg var student i Oslo og sakna hjortejakta heime på sunnmøre, satt eg meg skikkelig inn i kunsten å mette trestokk og samtidig sørge for ein skikkelig finish. Eg er framleis ingen ekspert, men lærte meg det grunnleggande. Den tida var "Raudnakke" her på kammeret ein fantastisk god læremester. Las tråden hans kvar einaste dag. Eg brukte godt og vel 3 mnd før eg var heilt ferdig og stokken var ferdig metta og tørka, i tillegg til finishen eg la på til slutt etter mange timer med sandpapir. Har sidan den gong ikkje hatt noko problem med uttørking etter våte regndager. Eg er likevel nøye på å gi han jevnlig med pleie. Min sako 75 var overhode ikkje ferdig metta frå fabrikk, og det trur eg generelt gjelder dei fleste nye våpen i dag.
  3. Kjenner ikkje til ein så negativ omtale av trestokken, men veit jo at treverk "lever", og kan i verste fall gi etter for ei tung låsekasse med mykje rekyl. Men treverk trenger jo ikkje å ta til seg vatn om ein metter stokken med nok olje og samtidig sørger for ein flat og fin overflate. Ei god beddeprosess vil nok også sørge for at du unngår vridning i låsekassa. Etter mi erfaring er den største utfordringa i at gjengane i låsekasseskruen kan løsne lettare i ein trestokk ein i ein plaststokk ved fuktighet...
  4. Takk for fin historie og bildeserie Dokke har som du seier bra med dyr i terrenget. Har du inntrykk av at det blir færre dyr i terrenget når dokke jager? Eller har det liten eller ingen innvirkning på bestanden i terrenget trur du. Kor ofte kan man "jage" eller gå i terrenget uten at ein øydelegger for seinare i sesongen? Grunnen til at eg spør er at det er eit tema som vi i jaktlaget ofte tek opp i løpet av sesongen. Vi er alle einige i at dyra ofte har lengre fluktstrekning seint i sesongen enn tidleg når det er meir åpent og glissent. Om dei også bruker lengre tid på å komme tilbake om dei ikkje blir skutt i drevet, har vi ulike oppfatninger om...
  5. Enig med Knut Erik her. Det er for meg eit mysterium at oryx-kula er så populær blant norske storviltjegera. Det er samme dritten som Federal fusion. Kva hjelper det at den er lodda når den likevel eksploderer og ikkje ekspanderer Tør nesten påstå at det meste er bedre enn denne kula. Den burde bytte navn til V- max
  6. Har ikkje fått noke presisjonsproblemer eg i hvertfall. Men Eg bruker det aldri som erstatter til pussestav. Eg drar den gjennom 3 ganger viss eg berre har skutt nokre få skudd med den eller om eg vil tørke løpet etter endt jakt. Har eg vert på bana så tek eg alltid ein skikkelig puss med olje og stav. Men skal ha det i bakhaudet framover Er jo greit å vere forsiktig
  7. Kan Boresnake vere skadelig for løpet? Det var eg ikkje klar over... Som eg skreiv tidligare i tråden, så bestemte eg meg for å dra til børsemaker for å løyse problemet. Og det gjorde eg i går med gode resultat. Korleis han fekk den ut, var ein godt bevart yrkeshemmelighet sa han Skulle jo så gjerne ha delt det med dokke Så no bærer det itl skytebana atter ein gong for å skyte inn rifla. Han måtte nemleg demontere alt på rifla... Takk for alle gode innspel Mvh Øystein
  8. Takk få mykje for tips alle sammen Med tanke på at dette er ei børse eg er svært glad i og har brukt mange timer på å vedlikeholde (Sako 75 hunter), så tek eg ingen sjanser og leverer den til børsemaker i Åndalsnes i morga. Da veit eg at rifla er i trygge hender. Ein fantastisk dyktig og hyggelig fyr som jobber der Har også ståande ein HV mauser M98 med jaktstokk som trenger nokre nye skruer og montasje, så da får eg fullført det prosjektet også Veldig kjekt å ha eit forum som dette også i "krisesituasjoner" som denne
  9. Fylte på med olje i går kveld. Prøvde å dra i snora igjen i dag, men like fast. Skal forsøke meg på tipset om å varme opp løpet seinare i dag. Problemet trur eg ligger fult og heilt i den syntetiske pusselappen. Eg burde skjønt det i forkant. Irritert på meg sjølv
  10. Prøvde nettopp med 1/3 av pussestanga og hammar, men den rørte ikkje seg av flekken. Den virker å sitte heilt sjukt fast Har lagt inn olje. Eg brukte syntetlapp fra biltema. Første og siste gong Enden av boresnaken ligger ikkje meir enn 3-4 cm fra kammeråpninga. Burde eg ikkje prøve å få den ut den veien og ikkje dra den mot munningen? I såfall er det vanskelig da halve boresnaken stikker ut. Fristande å klippe den av med munningen, men såg i ein anna tråd at det var sjølvmord...
  11. Beklager! Blei berre litt stressa her eg sitter og ville ha eit svar fort som fy Takk for linken
  12. Er ikkje det meininga at ein kan nytte løkka som er i enden til å henge på ein pusselapp om ein vil legge på eit lite lag med olje til slutt? Uansett, feilen er begått, og no treng eg sårt nokre gode råd
  13. Til informasjon så er det riktig diameter på boresnaken. Det var pusselappen som var for stor som resulterte i at den kilte seg. Sjølve bronsebørsta på Boresnaken rakk å komme gjennom munningen før den kilte seg...
  14. Skulle berre dra gjennom løpet med Bore snaken i kveld da den satt seg bom fast. Det er endestykket med ousselapp som sitter fast ca 10 cm inne i løpet fra kammeråpninga. Eg prøvde heilt sikkert for hardt å dra den gjennom, og da blei den berre enda fastare Kva skal eg gjer? Alle tips mottas med stor takk Mvh Øystein
  15. Ikkje meininga å legge ein dempar på turen din, men å dra på jakt etter bukk så seint hadde eg aldri turt. Det er ikkje alltid du ser det viss bukken er i brunst. Men smaken vil du helst gløyme raskast mulig. I slutten av august når konsentrasjonen av kjønnshormoner hos bukkane eit nivå som gjer bukkene meir aggressive, og dei begynner å sjå på kvarandre som konkurrenter. Bukkene er da klare til å forsvare sitt harem av simler mot andre bukker, og legger all sin energi i nettopp dette.
  16. Trur ikkje interessa har sunket, men fleire benytter seg meir av gruppa på Facebook
  17. Hadde meg ein tur på skytebana i kveld i håp om å få godfølelsen før jakta starter. Det blei ein fin opplevelse med gode samlinger. Det er ekstra deilig å dra på jakt når ein veit at rifla er presis og forhåpentligvis også mannen bak Hadde i utgangspunktet bestemt meg for å prøve ut homogene kuler i år, og hadde valgt meg ut Federal A-frame. Men kom aldri så langt at eg fekk bestilt det då det ikkje er å oppdrive ferdigrulla i butikk. Blei dermed nok eit år med Fusion, og veit dokke kva? Reinen spring ikkje langt med den kula heller Så til poesnget mitt i innlegget mitt: Kor pleier dokke å sette samlingane før dokke drar på reinjakt? Høg tier eller nier, eller midt i? Tenker då på 100 meter. Skjønner at det sikkert varigjerer ein del avhengig av kaliber og kulebanen, men likevel interessat å høyre begrunnelsane dokka. Eg skyt med 3006 og i år ligger eg midt i. Men dei siste åra har eg skutt den inn på høg tier/nier.
  18. Tenkte berre å minne dokke om at det i morga er under 1 mnd til jakta starter Oppfordringa mi er; Kom deg på skytebana (om du ikkje har vert der i det siste) og gjer unna siste forberedelsane Klassiske problemstillinger hos meg på denne tida: 1. Låg jaktammoen på samme plass som treningsammoen sist eg var på bana? 2. Kor mykje over senter skal eg legge meg på 100 meter? 3.Teste ny jaktammo i år, eller "bruke opp" den gamle fra i fjor? Andre problemstillinger: 4. Har eg hugsa å betale jegeravgifta og er kontrakten på plass? 5. Er det gjort nye endringer fra i fjor når det gjelder overgangsavtaler? 6. Kor ligger kartet? 7. Har eg hugselista til jakta som eg brukte i fjor på denne pc`en? Det var mine tanker...Fleire rutiner?
  19. Ertshus93: Kor på Forpllhogna har du kort? Eg har også lisjbukkløyve på Kvikne
  20. I områder kor det er trangt om plassane blant innanbygs- jegera, har dei ofte ordninger med at dei prioriterer dei som ikkje fekk kort året før når dei har trekning. Synes egentlig at det ikkje er noko grunn til å gjere det samme med utanbygs på inatur. Eg ser fordelen med at jegera er i samme området over fleire år, men synes ikkje det er eit argument som er haldbart nok til å ikkje skulle innføre ei slik prioriteringsordning. Dei fleste som er på reinsjakt har også erfaring med anna jakt, og dei treng sjølvsagt ikkje vere dårlegare skyttera fordi dei ikkje får jakte i samme terrenget kvart år. Mtp å finne reinen er jo det stort sett noke som heiter "villreintelefonen" som tek seg av den saken Som i idretten har vi tradisjoner i Noreg om å tenke bredde
  21. Vi kjøper den på felleskjøpet. Finner den ikkje på nettsida deira, men dei har den stort sett i butikk. Spesielt egna for vilt med forskjellig smak.
  22. Har fått kort 2 av dei 3 siste åra eg har søkt. Eine gongen var eg langt nede på ventelista (Lordalen), men fekk kort til slutt. Året før fekk eg på Dalsida Aust. Trudde lenge at det har noko å seie om kva dyr du søker på og i kva område, men det spela inga rolle. Enten trekker dei navnet ditt, eller ikkje. Deretter ser dei på prioriteringslista og går nedover på den til dei finner ledige dyr på kvota. Til opplysning, eg kjenner ingen i "trekningskommiteen". Men eg har likevel full tillit til jobben dei gjer. Seriøst, kva trur du om slikt blir oppdaga eller kjem ut?? Eg nektar å tru at dei "deler ut kort" til kjente å kjære. Kvifor har vi så mange lottovinnere fra Verdal`n??
  23. Datoen viser 23.05.2016. Altså berre 102 dager til hjortejakta starter. Vi har dårlig tid folkens!! Mykje bør ordnast før den tid. Saltsteinen må komme på plass i terrenget for å få dyra over frå naboen, dørhengsler til jakthytta må smørjast, dei fyrste treningsskota må skytast og ny ammo må testast. Det var det eg kom på i farta Kva meir??
  24. Har ikkje ikkje noke bedre svar å gi enn at det kjem fullt og heilt ann på korleis vindretninga har vert i perioden før du drar. Men du har vel historisk sett dårligare odds på Hardangervidda enn du har på Dalsida aust
  25. Jaddaaa!!! Hadde egentlig mista håpet om kort i år då eg ikkje blei trekt ut på inatur. Men no blir det kort på Forelhogna, eit område som eg er godt kjend med frå før. I fjor tok eg ein pause frå reinsjakta då fruen hadde termin med nr tre den 25 juli Dermed smaker dette kortet ekstra godt. To år er lenge nok uten opplevelser som høgfjellet gir oss.
×
×
  • Create New...