Jump to content

Hjortetrekk

Members
  • Posts

    666
  • Joined

  • Last visited

Everything posted by Hjortetrekk

  1. Meiner å ha lest ein plass at den ikkje offentligjerast, men at dei som står på venteliste vil få tilbud om det blir aktuelt. Men om dette gjaldt innanbygs eller utanbygs er eg ikkje sikker på. Finner det ikkje igjen på nettet. Noken som veit når statsskog har trekninga si?
  2. Deler samme opplevelse med bedømming av vinkel på dyret. Har ved fleire høve overraska meg sjølv med kor skrått dyret egentlig stod i forhold til kva eg bedømte i utgangspunktet. Pleier derfor å avvente litt ektra før eg løyser skudd ved dårlig lys. Da minsker eg sjansen for at kula sneier vomma på veg ut.
  3. Ok! Både i Olsvika og i Engesetdalen har dei innendørs-bane
  4. Hei! Hvilke disipliner tenker du på da? Det er jegerskyting og leirdueskyting på dei fleste banene i området. Utenom Langevågen så har du Olsvika og Engesetdalen/Skodje som to baner i området. Dei har også heimeside med terminliste
  5. Gratulerer til deg også, Volvobrage Har høyrt mykje bra om den trophy bounded- kula. Men får vel ikkje tak i den ferdigrulla vel? Lapua Mega var den fyrste kula eg brukte, men det er så lenge sida at eg ikkje hugser korleis den oppførte seg. Hjortetrekk
  6. Då blei det full klaff i natt Kolle med kalv blei observert i skogkanten i 22.30- tida. Når eg løfter rifla angrer eg umiddelbart på at eg ikkje tok med capsen. Fullmånen stod rett mot meg og blenda slik at eg ikkje klarte å sjå skikkelig gjennom kikkertsikte. Etterkvart kom det eit skydekke over månen og gjorde forholda perfekte. No var det berre å vente til kalven fekk god bakgrunn og breisida til. Men i staden valgte kalven å "ta seg ein tur" mens kolla stod igjen på 70-80 meter foran meg. Ho kunne eg skøte 100 gonga. Eg venta på at kalven skulle dukke opp igjen, men ting tok tid. Etter en halvtimes tid kom til slutt kalven som ei pil bort til mora. Eg løfter igjen rifla, men no var holdet i grenseland langt, og dei flytta seg til skogkanten igjen. Eg måtte berre smøre meg med tålmod og håpe på at dei ville beite seg i retning meg igjen. Det gjorde dei, og etter fleire spennande situasjoner fekk eg til slutt breisida til kalven klar på ca 120 meter. Kalven sprang 10 meter i smellen og falt om. Nytt ladegrep, men kolla var allereie inne i skogen. Etter ca 10 min kjem ho listande fram igjen for å sjå etter kalven sin, og eg får til slutt ein fin sjanse og sender av gårde kula. Tydeleg skuddreaksjon, men ho forsvant bak ein hammar. Etter litt leiting fram og tilbake, fant vi kolla 30 meter frå skuddplassen. Deilig å kjenne på spenninga igjen Siste året mitt med federal fusion i 180 gr, 3006. Det såg seriøst ikkje bra ut. Utrulig mykje blodslått også ved sida av bogane. Fekk flash-back til oryx-perioden. Tips mottas med takk PS Kjøper berre ferdigrulla...
  7. Volvobrage: Veldig einig med deg! Det er mykje panikk rundt forbi. Å konkludere med at bestanden har gått drastisk ned basert på nokre observasjoner på bøane man ellers har sett mykje dyr er litt på styr. Vi må ikkje gløyme at det er veldig mange faktorar som spelar inn som vi også ikkje veit om. Beitegrunnlaget er ein ting. Hjorten er også eit trekkdyr og har ingenting i mot å spasere fleire mil på kort tid om ho/han bestemmer seg for det. Kvifor han gjer det, er ikkje lett å forstå. Kanskje det er leiten etter lykka ein annan plass og nysgjerrigheita som er årsaka. Det som er bevist gjennom forskning er at dyra i eit gitt område ofte er i nær slekt. Dei er glade i familien sin, og er på den måten eit flokkdyr. Så at den loikale bestanden varigjerer fra år til år er ikkje rart i det heile tatt. Då er det berre å vente til nye dyr kjem trekkande
  8. I terrenget vårt går dyra framleis veldig høgt. Heilt oppunder dei øverste hammarane har dei både kvelds- og morgonbeitet sitt. Det grøne graset lengre nede i dalen freistar ikkje enda. Er det samme tendensar hos dokke? Det er fristande å seie at det har med temperatur å gjere. Men er usikker på det. I sommar såg vi dyr i alle høgder. Og dei mange badedammane i dalen blei flittig brukt mellom dei varme sommarnettene. No har dei likevel trekt opp i høgda sjølv om det er kaldare i lufta og det er godt beite også nede i dalen. Kvifor er det slik? Har det med at dei er i ferd med å omstille seg til brunstperioden? Ser etter nye områder for kommande måned? Dei er i hvertfall ikkje å sjå ved badedammane lengre kor dei gjekk nesten kvar kveld i sommar (viltkamera).
  9. Mork: Ok! Er grunnen faren for å skyte kolle frå kalven? I tilfelle, kva med bukkar og ungdyr?
  10. Uvanleg rolig i tråden på premieredagen. Anyone??
  11. Han sier at skyteprøva er tatt, men at han vil lufte rifla. Hvem som fremstår som latterlig i denne tråden får du tenke grundigere over..... Utrulig kor lett folk kan bli fornærma her inne Klarer seriøst ikkje å forstå kva som var gale med det Knut Erik skriver. Han henger da ikkje ut noken, berre påpeiker eit faktum som også i mine auger er heilt riktig. Det er LATTERLIG av den vanlige jegeren nøyer seg med 30+5 før han/ho skal ut å legge ned eit vilt på kanskje 300 kg. Det er faktisk heilt sjuukt latterlig, provoserande og respektlaust overfor dyret som med stor sannsynlegheit ikkje får eit velretta skudd i seg. Så får dokke som føler dokke truffen, gå ut og trene enda meir og heller ta til dokke litt kritikk frå landets beste langholdsskytter. Og nei, eg kjenner ikkje Knut Erik, men synes han ofte blir urettferdig behandla her inne fordi mange ikkje takler at han skyter hjort på lengre hold enn "normalt" og at han deler sine meininger av og til uten å vere personleg stygg. Blant jegere er vi mange verdensmestere. La oss ha fokus på å ha høg takhøgde for meiningsyttring så lenge det ikkje er personlege angrep.
  12. Då datt det ein fin hannrev i kveld på årets første tur. Riktig nok ikkje eg som skaut, men måtte nøye meg med å lokke denne gangen. Det var på andre post for kvelden at reven kom luskande. Vi varigjerte med ulike lokkelyder, men han kom til slutt på kontaktlyd (rådyr) etter å ha lokka ei stund med PC2- fløyta. Det var truleg den han bei nysgjerrig på for det var ikkje meir enn 10 sek etter vi gjekk over til kontaktlyd før reven stod der. Like morro å sitte ved sida av som å skyte når det klaffer. Vi høyrte også fleire ganger at reven bjeffa på første posten, men da kom det ingenting fram sjølv om det var der vi hadde mest trua. Då er jakta i gang
  13. Blir lovlig med åtejakt med kunstig lyskjelde allereie frå hausten av. I tillegg blir det lov med ut- og inntransportering av feller og åte med snøscooter. Dette var positivt sjølv om det ikkje var den store endringa
  14. http://www.nrk.no/finnmark/vil-gjore-ja ... 1.12450774
  15. Videdalen mm Stryn. Ottadalen villreinområde- Trekkes senere.
  16. Rekordtellinger også hos oss, og ryktene går om gode tellinger i nabokommuna. Blir lett hypoteser rundt dette, men ei forklaring kan vere den stabile og fine vinteren vi har hatt mykje av på sunnmøre og i tillegg til tidleg vår med grønne enger i lavlandet som lokkar dyra tidleg ned frå fjellet. Hadde vert interessant med ein solid forskning om kor mykje ein hard vinter kan spele inn på dødeligheita til hjorten. Dei er jo som kjent ekstremt tilpasningsdyktige og kan overleve på svært lite næring over lengre tid med lite energiforbuk. Min teori er at det er dei eldre bukkane som har minst sjansar for å overleve slike vintrar etter ein ekstrem energikrevjande oktobermånad i kroppen. I tillegg er dei gamle og er nok ikkje like motsandsdyktige lengre mot sjukdom og lite næring som friske koller med godt opparbeidda fettlager og kalvar. Skulle ønske det blei forska enda meir på landets største populasjon blant hjortedyra
  17. Ein returbukk trenger overhode ikkje smake dårlig så lenge han blir lagt ned før brunsten. På Forelhogna skiller man mellom ungbukk og stobukk. Altså, bukk er bukk uavhengig av alder. Så lenge det er 3 i krona og 2 eller mindre i den andre, så går det som ungbukk. Eg var med å legge ned ein returbukk på 87 kg for nokre år sida på Forelhogna. Giviret var enormt og den smakte heilt fantastisk
  18. Hei! Fekk simlekort i Dalsida aust i fjor. Om du tenker å angripe terrenget sør fra er "Gardsenden" og "Nysætre" to gode utgangspunkt. Frå førstnevnte har du kort veg til "Storhøi" og Grisunghøi" som er to fine oversiktstopper. I området rundt "Grisungen" er ofte eit gjennomtrekksområde og ligger nokså sentralt i terrenget. Du har god oversikt både nord- og sørover frå "Grisunghøi". Ikkje minst ser du bort til det området der "Kjellsungdalen" og "Mjogsjødalen" møtast vest for elva "Grøna". Om det har vert nordavind over lengre tid kan du ta utgangspunkt i frå hotellet inne på "Snøheim". Dit kjem du berre ved buss som går ca 5 ganger dagleg gjennom militærfeltet. Du finner info om busstider på nettet. Bussen kjøyrer frå Hjerkin. Det er ikkje mogleg for private å ferdast gjennom dette området til Snøheim. Derfra kan du gå mot "Hettpyntan" som er eit trekkområde og vidare mot Åmotsdalen. Eit godt tips er å vente på reinen i området rundt "Langvatn". Der trekker ofte reinen forbi når han skal sør- og nordover på trekk. Du ser på kartet kvar råsa går frå "Hettpyntatn" til "Langvatnet". Det er heilt sikkert også mange andre gode alternativer enn det eg har nevnt. Eg endte opp med å skyte simla i området rundt "Storhøi". Då hadde flokkane lenge stått langt nord, inne i Åmotsdalen, men hadde dagen før begynt å trekke sørover igjen, og eg valgte derfor å endre taktikk og kjørte ned frå Hjerkin og opp til Nysætre" og angreip terrenget derfra. Det var lurt den gang Lykke til!!
  19. Da skal du kjøpe Norrøna Recon Pack. Kvifor? Fordi den har alt +++ bevegelig hoftebelte (opp/ned) gjer sekken til ein vinnar!
  20. Men kvar er ventelista? Pleier ikkje dei å legge ut den samtidig med dei utkårede??
  21. Kjem aldri til å søke kort i Skjåk med dei prisane dei opererer med. Men det trenger eg da heller ikkje da Lesja har gunstige priser både i Lordalen, Dalsida aust,- og vest. Blir den niende sesongen med reinsjakt (viss eg får kort da…), og har berre ein gong opplevd ein jeger som har opptrådd respektløst ovenfor andre jegere rundt seg. Men da eg traff på "guten" etter hendelsen viste det seg å vere ein fyrstegongsjeger som var 16 år. Far hans var heller ikkje særleg happy for at han sprang etter flokken mens dei andre jegerane satt rundt og rista på haudet. Men kven har vel ikkje vert der før? Man lærer berre av erfaring
  22. Stod som nr 47 å på ventelista på Dalsida Aust i fjor. Fekk likevel tilbud om simle og kalv. Veit at det også var mange bak meg på lista som fekk tilbod. Har fått kort dei to siste åra eg har søkt, så det er jo alltids muligheter, men litt flaks må man jo ha med seg. Og nei, eg har ingen "kontakter" innad i inatur
  23. Kjem til å slenge inn ein søknad også i år. Opplevinga av storslått natur er for sterk til å la vere. Utfordringa er at vi venter nr 3 i august, så må nok finne meg i å halde meg mest på heimebane i haust. Opplevinga på Dalsida Aust i fjor og Lordalen året før kan eg leve eit år til med Skal nok finne glede i å lese oppdateringer på denne tråden også. Kjekt å høyre om andre sine opplevinger og fangster
  24. Blir spennande med ny sesong ja For min eigen del er eg innstilt på ein sesong med få timer i skogen da termin på nr 3 er i midten av august. Joda, eg veit det er dårlig timing, men ikkje alltid like lett å planlegge sånt, sjølv i år 2015 men gleda over dei få turane ein får blir desto større da det ikkje lengre er ein sjølvsagt ting å få gjennomført jaktturer. Her i kommuna diskuterast det heftig om fastsetting av minsteareal for hjorten. Kommuna, og særleg "bondelaget" ønsker å minske minstearealet til ned mot 400 dekar per hjort i områder der det er stor lokal bestand og mykje øydeleggelser av innmark. Det blei nok eit rekordår i 2014, men samtidig har heller ikkje kvotene vert så høge. Bestanden er ikkje like høg som den var for 5-10 år sida. Er redd kommuna er i ferd med å miste all sunn fornuft og at bestanden kan få ei uønska stor nedgang om nokre år. Time will show!
  25. Til postering og snikjakt går eg kpnsekvent med Sorellsko. I tillegg til at du ikkje fryser er yttersålen også mjuk som gjer skoen/støvlane perfekte til snikjakt. Dei er ikkje heilt vanntette, men du kan enkelt tanut innerfòret til tørking om du blir fuktig. Har hatt mine i 8 sesonger og fortsatt lile god ps dette er altså alternativet for fjellsko på kalde haustdager
×
×
  • Create New...