Jump to content

Hjortetrekk

Members
  • Posts

    666
  • Joined

  • Last visited

Everything posted by Hjortetrekk

  1. Holy Crap!!! Skjønner at eg virkelig er inne på eit ømt tema for mange. Det er jo heilt sjukt korleis dokke oppfatter meg fordi eg (dum som eg var) brukte denne "stakkars" mannen som eit at fleire eksempler på mykje dårlig skyting som eg FULLT OG HEILT har rett til å nevne i denne sammenheng uten at eg verken er respektløs over vedkommende eller ønsker han vekk fra jakta. At eg ikkje innviterte han på kaffe eller snakka med han var av naturlige årsaker. Eg har ein haug med jaktkompiser som av og til synes skytinga kan vere krevande nok, men som ihvertfall stikker på bana og ikkje gir seg av den grunn. Eg meiner heller ikkje at man må vere verdensmester i skyting for å gå på jakt. Eg meiner likevel at det bør vere lov å kreve noke av oss jegere i samme grad som blant f. eks billister eller andre borgere. Eg har da INGEN behov for å fortelle kor flink eg er på noken som helst måte. Dokke so antyder det har virkelig misforstått. Eg forsøker å reise eit VIKTIG tema og som burde engasjere folk til å komme med forslag til forandring framfor å slakte meg. Korleis kan eg ellers snakke om dette temaet viss eg ikkje har mulighet til å henvise til eksempler??? Men men…noken av dokke finner vel fram bukåpneren og slakter meg ein gong til. Sorry ass, men det er ikkje lett å ta alle like seriøst. Prøver virkelig å ta til meg noke av kritikken, men når det ikkje er i nærheita av sannheita, da må eg berre flire...
  2. Har behov for å utdype litt min frustrasjon. Har lenge sådd tvil rundt oppsktingskravet som er i dag, og fekk nok ein gong dette bekreftet forrige torsdag når eg var på skytebana… Eg savner ein diskusjon på eit høgare organ rundt dette temaet. Meg bekjent er dette ikkje blitt gjort på veldig lenge. Det har seg slik at vegvesenet griper inn og forandrer fartsgrensa på ei strekning viss dei meiner det er behov for det. Ei forandring må ofte til for å sikre at billister og fotgjengere trygt kan ferdast langs vegen. Dette til sammenligning…På skytebana låg eg og skaut mens ein kar i 60- åra prøvde seg på hjortefiguren. I løpet av dei 20 minutta eg låg og trente, forsøkte denne mannen å bestå oppskytinga 4 ganger!!! Må innrømme at eg låg og irriterte meg og spurte meg sjølv om jakt på storvilt er ein allemannsrett uavhengig av skyteferdigheter?? For det er jo det i dag når du har x antal forsøk på å lage 5 hull i ein diameter på 30 cm på 100 meter med reim om du vil Viltlova er jo soleklar når det gjelder human jakt, men å sende av gårde denne mannen i skogen med rifle skal likevel vere greit?? Man kan skylde på mykje rart, men tek nervøsiteten over på bana bør sjansane vere store for at det samme skjer i skogen også. Mitt forslag er minimum 3 forsøk. Klarer du ikkje prøva, bruker du året på å trene til neste haust. Hjorten skal sleppe å lide fordi du nøyer deg med 30 skudd + x antal på figuren i året. Det er for lite viss du i utgangspunktet er ein dårleg skytter (ofte grunna elendig teknikk). Og til slutt - ønsker ikkje med dette å støte noken. Ønsker berre å reise ein diskusjon som eg meiner burde vert på bana for lenge sida. Har sett for mange eksempler på folk som tek forberedelsen til jakta for useriøst. Er du usikker på skyteferdighetane dine, så ta av litt meir tid til trening. Og spør noken med peiling på teknikk kan hjelpe deg, uavhengig av om du er 16 år eller 70 med masse erfaring.
  3. Men no sporar vi litt av her, mulig eg også bidrog litt til det. Trådstartar tek opp problemet rundt tjuvjakt og ikkje om bruk av lyskjelder er greit eller ikkje… Det er faktisk to forskjellige ting. Og ikkje misforstå meg; eg er heller ingen tilhenger av at folk berre lyser ut på jordet når det passer dei. Som med alt anna, må det evt skje med måte, altså ein sjeldan gang i blant... Personleg hadde eg utan betenkningstid anmeldt ein tjuvjegar om eg hadde sikre nok bevis. Det er for meg heilt uforståeleg at folk kan vere så respektlause overnfor både dyra og grunneigarane, og då tenker eg spesielt på jakt utanom sesong.
  4. Interessant tråd dette her.... Som fleire andre her er eg overraska over kor utbredt problem dette er rundt forbi. MEN, eg er veldig einig med "OptiBond FL" her. Det er viktig å skille mellom tjuvjakt og nysgjerrighet. Trur dette handler om kulturforskjeller rundt omkring. I eit av områda eg jakter er det som hos "OptiBond FL" heilt normalt å ta turen rundt i området for å få oversikt over kvar dyra er, enten det er på eige vald eller på naboterrenget. Dette er noke eg og mine jaktkamerater gjer stadig vekk, og ingen har blitt mistenkeleggjort av den grunn. Eit eksempel er når du er på måneskinnsjakt. Du har kanskje skutt eit par dyr tidleg på kvelden, slakta dei, og etterpå tek du ein runde og ser etter andre dyr. Greia er jo at det er samme dyra som krysser mellom grensene, og det er derfor naturleg å sjekke kvar dei flokkar seg saman før du legg strategien for resten av natta. Kjem det ein bil og lyser ut på jordet mens eg sitter på post blir eg aldri mistenksom, men heller nysgjerrig på kven det er. Stort sett er det ein jaktkompis på naboterrenget som er ute i samme ærend. Viss hjorten spring vekk på grunn av billysa, kjem den stort sett tilbake igjen etter kort tid. Dette er normalt i områder der kvotene er høge og mykje av dyra blir felt på bøen. MEN for all del, om dette ikkje er greit for grunneigaren/jegeren skal man akseptere det. Men hos oss har det aldri vert eit diskusjonstema.
  5. Nr 37 på ventelista i Dalsida øst (Lesja fjellstyre). Noken som har peiling på om det likevel er ein sjans? Er jo veldig mange kort i dette terrenget (?)
  6. Vi satte opp viltkamera og saltstein i ei hjorterås heilt oppunder fjellet . Det var veldig suksess da fleire hjorter passerte forbi. Ikkje alle var like interessert i å slikke på saltsteinen, men dei lukta på den og gjekk vidare. Satte den opp tidlig i september og fyrste dyra var der berre nokre dager etterpå.
  7. Har det vert fleire trekninger som folk veit om? Ikkje alltid så lett å finne listene på nettet. I fjor fant eg meg tilfeldig på ei liste uten at eg fekk verken mail eller telefon om det.
  8. I denne sammenheng er det naturleg å nevne Chevalier Reindeer. Selges på balnt anna XXL. Har hatt denne i 6-7 år og bært to- sifra dyr med den. Anbefaler IKKJE denne sekken, da den ikkje er i nærheita av bærekomforten til Recon packen som eg har testa ein del gonger. Kan faktisk ikkje sammenlignast ein gong. Angrar bittert på det kjøpet den gangen. Så da veit du det
  9. kult! Kan kanskje tyde på ein stor andel bukkar i terrenget/området dokkar? Da startar brunsten gjerne tidligare enn vanleg og kollene blir mottakelige for parring tidlig. Er spent på om det er likeins hos oss. Har aldri opplevd at brunsten har starta så tidlig som den gjorde i fjor. Brølinga var allereie i full i gang lenge før oktober
  10. Tek opp igjen denne tråden for at kanskje fleire melder si interesse. Mange av dokke har allereie besvart undersøkelsen, men treng enda fleire På førehand, tusen takk Mvh Øystein
  11. Hei! Eg skriv ein artikkel om korleis ulike jegera opplever det å vere ein del av eit storvald (hjort). Legger også vekt på om denne ordninga har klart å nå målsetninga om ei betre hjorteforvaltning basert på dei nye mulighetane som storvald gir (eks jakte på tvers av grensene, meir samarbeid mellom jegerane etc...) Om dette er noko du har interesse for og tanka om, blir eg veldig glad om du ynskjer å svare på 9 spørsmål som omhandler desse tinga. Du kan sende meg ein PM med mailadressa di, så sender eg deg spørsmåla. Mvh Øystein
  12. Kan godt forstå at du hadde ein bra jakttur i Skjåk ettersom ALLE dyra stod på dokka side av gransa stort sett gjennom heile sesongen. Hadde kort i Lesja og satt på grenseovergangane og fekk med meg nærmere tresifra skuddsituasjoner på 3 dager gjennom kikkerten Oppløftande meldinger om nordaust sendte meg enda ein tur til fjells, men dei samme flokkane stod til disposisjon for skjåkjegerane også den helga
  13. Forskjellen mellom å skyte hjortekalver 01. sept kontra 10. sept er i utg.punktet ingen forskjell. Personlig synes eg det er for tidlig uansett. Det føles liksom ikkje riktig å legge ned kalver som ofte kan ha kvite prikker og veie mellom 15-20 kg. Basert på det kan eg ikkje forstå kvifor det skal vere noke som helst motstand mot å frede kalvar og koller fram til f. eks 25. sept, og heller ha åpent for ungdyr og bukker fram til denne datoen. Joda, målsettinga er jo å få ned stammen, men sesongen er ennå lang, og det er opp til kvar enkelt jeger å tilpasse seg dei nye jaktidene. For ei kolle som mister kalven sin for tidlig kan det gi påfølgande jurbetendelse. Det er også eit viktig argument meiner eg. MEN eg forstår at jaktfelta i dei høytliggande strøk vil like det dårlig. Likevel burde det vere mulig å finne en løsning på også det.
  14. Fint med lang jakttid, men det stiller også større ansvar til jegeren. Da tenker eg spesielt på desembermåned da det ofte kan komme store snømengder. For hjorten sin del er det utrulig viktig at han ikkje bruker opp fettlagra sine før vinteren. Derfor bør man ikkje stresse dyra når dei må kave i store mengder snø som f. eks ved eit jag. Bukkane er allerede i sparemodus etter intense veker i brunsten. Kollene har eit foster dei skal gi næring i tillegg til seg sjølv. Vi bør vurdere situasjonen meir nøye no enn tidligare.
  15. hehe…når du seie det, so var det jo sjølvsagt svele e meinte Ser fram til fleire treningsøkter på bana i sommar
  16. Ikkje svar på trådstarter sitt spørsmål, men eg vil berre skryte av gjengen som stiller opp på bana. Makan til hyggelige folk! Både eg og brodern bestemte oss tvert å bli medlemmer i klubben etter at vi tok oppskytinga der for 3 år sida. Følte oss velkommen med ein gong sjølv om vi ikkje kjente noken av folka der. Dei steller opp med vafler og kaffe og er tydelig opptatt av at alle skal kose seg på bana. Har vert innom det meste av skytebaner i området, men tek heller den ekstra lange turen dit sjølv om eg bur på Flisneset og har kortare vei både til Langevågen og Olsvika.
  17. XXL har meget god pris på Recon-Pack no. 3699,- Ingen butikker i Norge som er billigere per dags dato. Nærmeste er "Villmarksbutikken" og "Jakt og Friluft" som begge har sekken til 3999,-. Du kan enkelt sjekke dette på prisjakt.no
  18. Har hatt Chevalier-sekken i 6 år og har ein heilt anna opplevelse med den enn Chiefen.v-2 har. Eg angra på at eg valgte denne. Dette av fleire grunner. For det første er skulderreima dårlig fordi den ikkje er polstra/stiv nok for tunge bører. Sekken er også vanskelig å få høgt nok opp på ryggen, noke som gjer at den føles baktung. Høftebeltet er grei nok, men savner den bevegelsesmuligheten som Recon Pack har. Min Bror har sistnevnte og har fått testet denne fleire ganger med tunge bører, og det er etter mi meining ekstrem stor foskjell i komfort. Dessuten har Recon-Packen fleire smarte løsninger som du vil få nytte av når du skal gå langt. Chevalier Reindeer er ein enkel sekk som gjer jobben sin, men kan ikkje beskrive godt nok den gode følelsen etter å ha testa ut Norrøna- sekken. Ser fram til den dagen eg skal innvistere i ny sekk ja
  19. Super film! Ein ting eg stussa litt over var at det blei framstilt som umulig å holde pipa oppe under nytt ladegrep viss man ikkje bruker stokk. Min erfaring er at det er fult mulig, men avhengig av at man tørrtrener på det i forkant.
  20. Til stor glede for alle, utenom konkurrentane så klart, kom nyheita i dag om at Ole Einar Bjørndalen ombestemmer seg og forlenger karriera si med 2 år fram til VM i Holmenkollen. I ein alder av 40 år var planen hans eigentilig å gi seg etter OL i Sotsji, men trangen etter å bli enda bedre og ikkje minst gleda av å trene og gå konkurranser blei for stor. Her er det ikkje penger men ekte glede som styrer. Det er og blir ein besettelse for Ole Einar. Det samme kan vel seiast om oss jegere. Trangen etter å komme seg ut i den fantastiske og uforutsigbare naturen vi har her i Noreg er så sterk at det faller seg naturlig å gjere det igjen år etter år. Det er ikkje ein knapp ein berre slår av. Det er dessuten mulig å drive med det i mange mange år og knyter samtidig familiegenerasjoner og slektskap sammen. Når "vanlige folk" klager over hausthalvåret med mørketid og kulde, ser vi som jakter fram til denne årstida og gleder oss til å enda ein gong ta del i hjorten sin mystiske verden på deira heimebane. Det er 04. mars og dei fleste av oss har omsider fått pussa løpet og klargjort våpena med olje for lagring i våpenskapet. Andre har allereie begynt å forberede seg til komande sesong, og har ingen planer om å legge bort våpenet enda. Nye ladninger må testast ut, knestillinga må terpast på og andre føler seg klare for å dra strikken enda lengre med å sette blinken enda nokre meter unna. Vi har alle våre måter å forberede hjortejakta 2014 på. Ein ting er sikkert. Hjorten har hatt ein fantastisk fin vinter så langt med mykje tilgang på mat. Kanskje er det aller helst dei riktig store bukkane som med sin pynt og prakt passa på haremet sitt dag og natt, i fleire veker i strekk uten å få i seg så mykje som eit grasstrå som står igjen som vinnerane av ein slik vinter. Eller dei kalvane som blei unnfanga seint hausten 2012 og som allereie da hadde eit dårleg utgangspunkt når dei møtte livet i fjor seinsommar. Uansett blir det interessant å følge slaktevektene i år Joda, det er lenge igjen til jakta, under 7 mnd til, men forberedelsane er jo ein del av gamet. Da stiller man betre rusta når årets høgdepunkt er i gang. SKITT JAKT!!
  21. Linduvarri: Trur dei fleste av oss forstod meininga med overskrifta… Utrulig morro at du fekk inn reven så tidlig i sesongen da. Var det snø der du lokka? Temp? Er det på grunn av skinnet at du skyter med helmantel? Viss ikkje ville eg sterkt anbefalt å bruke blyspiss. Da øker sjansen betydeleg for at reven faller om sjølv med eit dårleg skudd, og det er jo lett på eit så lite treffpunkt. Men til spørsmålet ditt, så synes det virka veldig rart om hunden ikkje fant blod i det heile tatt viss du er sikker på at du traff. Men reven kan springe eit godt stykke før første blodflekkane kjem med helmantel, og når du ikkje veit kva retning den tok, blir det vanskeleg. Men hadde du dårleg lys og i tillegg ikkje snø som bakgrunn er det jo fort gjort å bomme.
  22. Da er jakta over for i år, og eit svangerskap unna neste sesong. Grunna familiesituasjonen min har det blitt jakta betydeleg mindre i år enn vanleg. Men det er heilt greit, for eg kan sjå tilbake på fleire minnerike opplevingar. Ein spissbukk og ei kolle har det blitt, men begge i krevande terreng og under spennande snikjakt. Den desidert største opplevelsen i år var når eg var så heldig å fekk lokka inn ein 14 taggar til 30 meter. Han stilte seg bak eit tre, og der blei han ståande til han omsider fekk ferten av meg og fant det best å spurte av gårde. Brunstlukta reiv i nasa på meg. Minnet sitter som spikra i netthinna. Trøsten er at den ikkje blei skutt av andre i år, og eg har derfor øyremerka den til neste år God Jul til alle likesinna jaktidioter, og må Diana vere med dokke i 2014! Hjortetrekk
  23. Fantastisk bra program. La ingenting i mellom og gav samtidig jegerane eit godt bilde da dei får god tid til å forklare kvifor dei jakter. Samtidig blei det vist skuddsjanser der jegeren valgte å holde igjen pågrunn av usikkermoment. Einaste som eg tenkte litt på var om dei kunne sløyfa haudeskøtet av kalven so blei skutt i måneskinnet. Kanskje litt hard kost for noken, men samtidig fekk dei fram den fulle sannhet om korleis hjortejakta av og til kan utarte seg.
  24. Vi er ein gjeng som skal ut i fjorden på laurdag og prøve oss på dyra som har trekt ned frå fjellet etter forrige snøfall. Ser ut som at mildværet som har komt siste to dagane smelter vekk det meste av snøen som lava ned forrige helg. Erfaringsmessig velger dyra å enda gå lavt, men det blir betydeleg vanskeligare å finne dyra utan snøven i bakgrunnen som gir kontura. Vi skal uansett gjere eit forsøk, så får det gå som det går. Blir å cruise langs land med båten til vi finner dyr. Skreiv ein artikkel om "Hjortejakt fra båt" i bladet "Jakt" i fjor. Kanskje noken her som har lest den? Vi prøver samme taktikk i år, og mindre dyr i terrenget er det heller ikkje.
  25. Takk for gode innlegg Med oss har det stort sett vert bra med dyr på begge valda. Men det var utvilsomt meir dyr på bøane på samme tid for 5-8 år sida. Det var nok toppåra hos oss. Forrige tur satt eg på bøen og skulle ta ut ungdyr. Da kom det i alt 12 dyr, samtlige koller og kalva. Her har vi skutt 15/18 til no. Stresser ikkje med å ta ut dei siste tre spissbukkane. Maks ein til blir felt. Det andre valdet som ligger lengre ute i fjorden har vi sett veldig mykje dyr i år. Kan vere tilfeldig, men der kan vi med god samvittighet ta ut fleire dyr enn vi har gjort hittil i år. Vanskelig å seie kor stor bestanden eigentleg er da dyra somme tider åpenbarer seg i små åpne glenner og skreder inne i U-dalen. Men spennande jakt er det likevel
×
×
  • Create New...