Jump to content

Hjortetrekk

Members
  • Posts

    666
  • Joined

  • Last visited

Everything posted by Hjortetrekk

  1. Gratulerer med fin bukk, Jaktlykke! Og setter stor pris på at du deler opplevelsen med oss andre. Takk for det! Men eg må likevel få utdype litt min frustrasjon. Synes tråden begynner å få mange sutrekopper som tåler lite eller ingen konstruktiv kritikk.. "Vil aldri legge ut bilder igjen....". Unnsyld meg, men høres lite modent ut i mine ører. Synes oppriktig at noken må seg seg litt sammen her. Det er like øydeleggande for forumet med slike kommentarer som det er med folk som vil hakke ned med vilje og uvitenhet, berre av rein missunnelse. Men det synes eg ikkje blei gjort her. Vi snakker om ein vaksen bukk som blei skoten seinhøst. Ingen som ønsker å ta fra deg opplevelsen med det, Jaktlykke! Å skyte ei kolle fra kalven med vilje er uetisk og bør kommenterast for å vise si meining om det. Å skyte ein bukk i november er ikkje uetisk, MEN det er vel kanskje ikkje så lurt med tanke på kjøttet du skal ete. Om det ikkje er viktig for deg, er jo heilt greit, men at noken vil kommentere det, må tråden ha takhøgde for!! Det er mi meining!
  2. Eg håpar at forumet kan fortsette å vere ein plass der vi deler kunnskap, meiningar og opplevingar. Vi er mange med ulike oppfatningar, og det bør vere husrom for alle og ein kvar. Det er etter mi meining lett å feiltolke innlegg viss man har ein annan oppfatning av noko, eks. forvaltning. Ihvertfall for min del, lærer eg noko nytt innan forvaltningsspørsmåla, og nesten enda oftare skiftar eg meining etter å ha høyrt andre sine synspunkter. Med mine siste innlegg ønska eg å støtte oppunder påstanden til "Mork" om at forskning viser at for kjøttkvaliteten sin del, KAN det vere forskjellar når på hausten man feller bukken. Dette betyr jo ikkje at det er feil og dumt å skyte bukk i november, men vil berre poengtere at kjøttkvaliteten ikkje nødvendigvis er den samme som før brunsten. Ved slik kunnskap i bunn, blir det opp til kvar enkelt å bestemme om det er greit, eller ikkje å legge ned ein storbukk i denne perioden. For all del; la dette forumet ha høg takhøgde og spør deg sjølv om du eksluderer nokon før du trykker på enterknappen.
  3. Videre peiker han på kombinasjonen av fett, protein og vann i kjøttet (utgjer heile 97-98% av totalvekta til eit kjøttstykke). Fettinnhaldet er ein veldig viktig faktor for kjøttkvaliteten. Og bukker som har vert i brunst er derfor av dårligare kjøttkvalitet enn f. eks koller og kalva fordi forholdet mellom desse tre komponenta (fett, protein og vann) er i ubalanse. Slik som det er for oss menneska så forbrenner kroppen enten fett eller karbophydrater (glykogenlagra). Når det er lite fett å hente skjer energiomsetninga fra reservelagra i kroppen. Dette bidrar til at muskelgruppene ikkje får den optimale kvaliteten i kjøttet. Her er resten av artikkelen for dei som er interessert: http://www.nofima.no/artikkel/paa-hvilk ... orskjellig
  4. Synes dette var så interessant om mørningsprosessen at eg vil dele det med dokke: 4. Faktorer etter slakting (post mortem forandringer) a. Glykolyse og pH fall Muskler blir til kjøtt gjennom en rekke reaksjoner i muskelen etter slakting. Disse reaksjonene er et komplisert samspill mellom energistoffer, temperatur, tid og aktivitet av enzymer. Små endringer i disse reaksjoner kan gi store utslag i kjøttkvaliteten, som i farge, tekstur og vannbinding. Ved slakting stanser tilførselen av oksygen til muskelen brått, men muskelen prøver fortsatt å holde i gang de vanlige funksjonene. Produksjonen av energi skifter løpebane, og muskelen bryter ned alle tilgjengelige energiforråd for å holde muskelen i gang. Selv om dyret er dødt, ”lever” muskelen i mange timer etterpå. Nedbrytningen foregår uten oksygen, og man får opphopning av melkesyre i muskelen, som gjør at pH i kjøttet faller gradvis. Det er det samme som skjer når musklene våre blir ”sure” under en løpetur. Hastigheten på pH-fallet varierer mye mellom både dyreslag og muskeltype og avhenger i stor grad av fibertypen i musklene. En snakker gjerne om rødt og hvitt kjøtt, alt etter hvilke typer fibre som dominerer. pH fallet går generelt raskere i muskler med mye hvite fibre, som i fjørfe. Storfe og lam har større andel røde og langsomme fibre og har et langsommere pH fall i musklene. Svin har muskler med både mye røde og hvite fibre ligger mellom disse i forløp. Både slaktets størrelse og fett-tykkelsen under huden påvirker pH fallet (glykolysen). Glykolysens forløp har stor betydning for kvaliteten av kjøttet og vil bli behandlet særskilt for hvert dyreslag. Overført på oss mennesker har sprintere mye hvite og raske fibre i sin muskulatur, som gjør dem i stand til å produsere mye energi på kort tid. På den andre side har langdistanseløpere mer av de røde og langsomme fibrene, som gjør kan løpe langt.
  5. Er stolt eiger av kal 3006. Bruker den til ALT av vilt. Må også legge til at kulevalget er av større betydning enn kaliberet. Berre å tilpasse kulevalget til viltet du skal jakte på. Det finnes også mindre ekspanderende kuler enn oryx Må seie meg einig i "Skvalpeskjær". Har skutt mesteparten av mine storvilt med fusion og oryx, og erfaringa mi tilseier at begge kulene oppfører seg nokså likt. Begge kulene er innenfor kategorien "blaute" samanlikna med f. eks swift A-frame og Lapua. (No snakkar eg om 180 grs ferdigkjøpte patroner frå butikk). Men sliter med å finne argumenter for at andre kalibrer er "bedre" enn 3006. Klart den har meir rekyl (uten demper) enn 308 og 6,5.55, men funker greit for meg
  6. Vi på kammeret kan lytte til frustrasjonen, men får gjort fint lite med det. Benytt muligheten dokke har i vårt demokratiske og frie land og del skepsisen med resten i bygda gjennom leserbrev i avisa eller anna medium. Skap debatt! Vegvesenet er jo mest kjent for å sette farta ned og ikkje opp Tipper det ordner seg når dei får denne opplysninga på bordet.
  7. viewtopic.php?f=24&t=47824
  8. Tyren64: Det var akkurat det eg foreslo for viltnemda i denne saken. Det er ein slik åker i nærheita, og hadde ikkje vert vanskelig å fått han på åte der. Men det er nettopp det som er poenget her, at han meinte det ikkje var mulig, sjølv med grunneigars tillatelse. No har eg fått oppklart dette og det viser seg at viltnemda er heilt på jordet. Dette burde viltnemda ha greie på. I mine auge viser det stort hull i viktig kunnskap når du har ein slik jobb.
  9. Takk skal du ha vingemuttern. Levende felle har vert diskutert. Problemet er berre alle kattene i nabolaget. Trur egentlig at det ikkje kjem til å skje noke. Viltnemda meiner det er kommuna sitt ansvar, og dei meiner det motsatte. Den burde fjernast da den allerede har bitt en gutt i nabolaget, men så lenge reven ikkje er skada, er ikkje viltnemda ansvarlig... Men da har eg fått bekrefta at det er ingen hindring i å jakte rev i Ålesund kommune (så lenge du naturlegvis holder deg innenfor det vanlige regelverket).
  10. hehe...Ja, kanskje han berre skrønte med meg, men sannheten er at han var svært lite villig til å ta den reven. Han kom ettersom fleire av naboane hadde ringt han, og han sa kvar gang at dette ikkje var viltnemda sitt ansvar. Men ved at han viste sitt åsyn, hadde han ihvertfall det reine på seg. Men sånn er no det. Har skutt masse rev i ei anna kommune og fått skuddpremie fra kommuna på desse, så eg er innforstått med regelverket og jakttidene. Det er ikkje akkurat det eg spør om At han meinte dette seriøst er eg overbevist om og ønsker derfor ein bekreftelse på dette eller om det er eg som har gått glipp av noke i Ålesund kommune...
  11. Er fullt klar over at det ikkje er lov å skyte i tettbebygd strøk, og at ein må ha avtale frå grunneigar. Men han meinte generelt i heile kommuna, uavhengig av om du er grunneigar og jaktar i eit naturleg jaktområde. Lurer derfor på om andre har høyrt om denne ordninga enten i Ålesund kommune eller andre plassar i landet. Må innrømme at eg stilte meg undrande til mannens væremåte og ting han sa når vi rulla rundt i bilen hans i nabolaget...Ønsker på ingen måte å henge ut mannen, men i og med at han representerer viltnemda så bør jo kunnskapen vere til stede.
  12. Hadde to kara fra viltnemda her ein kveld som var ute etter ein rev som hadde blitt tam og luska rundt i hagane til folk i husfeltet vårt. Nok om det. Foreslo at eg kunne forsøke å skyte han sjølv viss eg klarte å lokke han bort til eit område i nærheita med store marker og med forsvarlig bakgrunn. Dei kom nemlig berre når det passa dei, og da var sjølvsagt reven ikkje der Men da eg foreslo dette, kom det bestemt fra den eine karen som var med at det ikkje er lov å skyte anna vilt enn rådyr og hjort i Ålesund kommune. Skal man skyte rev eller lignande måtte man søke kommuna om dette. Stilte eit spørsmålsteikn bak dette, men han virka bastant og sikker i sin sak. Er det noken her som kan bekrefte mannen sin påstand? Har sjølv aldri hørt om at man må søke om å skyte predatora. I såfall er dette nytt for meg. Hjortetrekk
  13. Ei kolle skøten 7 oktober på snikjakt. Ingen storbukk, men opplevelsen var fin likevel
  14. hahaha...ser eit lite snev av forsøk på å provosere Men vi er vel eigentlig einige alle saman: Vi treng eit parti av godt vaksne avlsbukkar i alle terreng. Og då må vi også kunne vere einige i at nokre terreng har større andel storbukkar enn andre, og og tåler derfor eit større uttak av slike grombukkar enn i andre terreng
  15. ersa: Fordi det er ingen andre som slepp ein halsande hund om natta...ganske enkelt!
  16. Innviterer jaktkompiser fra land og strand kvart år til ei langhelg eller to. Gratis sjølvsagt. Ønsker dei å kjøpe noke av kjøttet tek vi 75 kr kiloen der pengane går til vedlikehald av dei nedlagte gardsbruka som vi jakter på. For det meste kompiser fra studietida. Ein perfekt anledning til å treffast kvart år og forå halde kontakten. Det er verdi nok for meg. Fordelen er at dei samme kjem kvart år og blir etterkvart godt kjent i terrenget. Sannsynligheten for felling øker dermed betraktelig og alle er fornøgde. Målet er å forvalte stammen vi har og ikkje tjene penger. Men forstår godt at mange bønder sårt trenger ein biinntekt og derfor må leige ut.
  17. Det viser seg at samenlikna med fjoråret, har jaktsesongen starta meget bra fleire stader. Samstundes melder fleire jaktfelt om betydeleg mindre fett på dyra enn i fjor. Spørsmålet mitt er: Har det vert ein bestandvekst frå i fjor? Eller kan vi sjå ein samanheng mellom antal felte dyr til no og betitegrunnlaget? Viss eg tar indre sunnmøre som eksempel, så var det unormalt få dyr på bøane i fjor samanlikna med i år. Bøndene eg har snakka med er heller ikkje i tvil. Beitegrunnlaget både i utmarka og på innmarka er betydeleg dårlegare i år enn i fjor. Også slaktevektene viser dette. Likevel ser ein fleire dyr på bøane dette året. Fleire eg har snakka med trur dette skyldast at i fjor var beitet unormalt bra i høgfjellet. Hjorten hadde derfor liten grunn til å trekke nedover til dei grøne bøane. I år deriomot er dyra meir desperate etter ein vinter med mykje frost, og vidare ein sommar med dårlegare beitegrunnlag enn vanleg. Derfor er dyra meir synlege på bøane. Vi høyrer jo heller ikkje dei samme bekymringane fra folk som i fjor. Då var det ramaskrik frå mange hald. Kva trur dokke? Og er det mange av dokke som har motsatt erfaring? Altså, ser mindre dyr å sjå enn vanleg?
  18. Ersa: Det er sikkert noko rett i det du seier, men dette handler også om fleire faktorar, og dei som veit best på dette området er hjorteforskere. Vi andre kan synse så masse vi vil, men det skaper berre meir forvirring blant leserne her inne. Og viss man leser forskningsretta litteratur vil du sjå at slaktevekta er eit resultat av fleire faktorar. Det både Erling Meisingset og fleire med han er enig i er at du får ikkje ein sunn og sterk hjortestamme utan ein stor nok andel av stobukkar i eit brunstområde som kjem tidleg i brunst. Det bidrar til både gode gener og sunne og sterke kalvar som kan kan møte vinteren med overskudd. Beiteforholda peiker dei også på, men at dette kan vere veldig lokalt betinga da beitegrunnlaget varigjerer mykje frå plass til plass. Eit eksempel er øyesamfunn der det er mindre tilkomst av "nye" dyr fra år til år, er meir sårbart med tanke på beitegrunnlaget og nedskytinga enn for hjort i innlandet kor han kan trekke og flytte seg etter kvar det er best å vere. Forskninga viser også at i områder der det er lite jakttrykk (eks er vanskelig å ferdast for mennesker som i fjelltrakter i fjordstrøk) er det betydeleg større slaktevekter enn andre plasser fordi her styrer naturen seg sjølv. Altså, det er dei svake dyra som går tapt til ein kvar tid. Dei sterke veks opp utan at jegera tek dei ut, og dei store bukkane blir mindre forstyrra under brunsten og kan samle seg store harem. I slike områder er det også høg andel med dyr samtidig med høge slaktevekter.
  19. hahaha...fantastisk, ersa! Snart heime no
  20. Da er det berre 4 dager igjen til hjortejakta starter. Må innrømme at det er ikkje den samme jaktfeberen som herjer i kroppen no som det var når jakta starta 10 september. Noke i meg seier at 01. september er altfor tidlig, ihvertfall å skyte kalva. Men ser argumentane både for og i mot, og skal ikkje være vanskelig, men har jo ei meining om det likevel... Eg har litt vanskelig for å forstå kvifor ikkje ein kunne starta med å felle bukker/spissbukker fra 01. sept (slik som rådyrjakta), og heller vente med hodyr og kalver til 10. sept. Da minsker sjansen betydelig for å felle ei kolle med kalv i skogkanten (Joda, det er jo jegeren sitt ansvar, men ikkje alle tek det ansvaret seriøst nok desverre....). Dei høgtliggande valda får ihvertfall komt i gang før trekket begynner utover hausten. Dessuten blir jo dei dyra skutt lavare nede anyway. Og er ikkje det den totale forvaltninga som er viktig da, og ikkje så lokalt? Er jo samme om dei blir skutt høgt enn lavt. Om det er rettferdig for alle er ein anna sak, men det burde ikkje være fokuset når man forvalter, meiner no eg. Klarte ikkje å dy meg likevel ser eg...
  21. Jogu: Kjekt å høyre at dokke fekk dyr Vi låg også i telt fra fredags kveld litt vest for Leirhøi, ikkje langt fra Fellingsvatnet. Men vi gjekk fra haug til haug vestover før vi var inne i området ved Såvårhaugen. Vi satt på utkikk på kulen rett sør og hadde sikt ned på Lorkjønna. Da vi kom dit var nok klokka rundt 10-11, så vi var nok for seint ute der ja. Men det var ingen dyr å sjå nede langs Lora da i hvertfall. Men fikk høyre dagen etter at det var ein flokk som var i Skarvedalen. Den såg ikkje vi desverre På Søndagen forflytta vi oss meir aust på Fellinghø og hadde utsikt våde aust og vestover. Men på Radioen hørte det ut som at det var dyr nær grensa på vest sida av Såvårhaugen. Så vi tok nok ein feil manøver den dagen. Vurdera å prøve meg igjen på laurdag. Har du trua på det sjølv om vinden fremdeles er "feil"? I dag var det observert ein bukkeflokk på Heggebotflyi, så det er jo ikkje langt i fra...Har lisjbukk på kortet Hjortetrekk
  22. Hadde ein fin tur til Lordalen i helga. Fantastisk vær og fine naturopplevelser. Men som frykta stod nesten alle dyra på Skjåk- sida. Det var meldt sør-aust og vi levde derfor i håpet om at dyra skulle stikke over grensa på vei mot Finndalen. Men vinden kom stort sett fra Vest, og dyra stod derfor i Skjåk stort sett heile helga. På fredag og lørdag stod det to flokker (800 dyr i kvar flokk) på Heggebottflyi og trykte med sikkert 100 jegera rundt. Utover dagen delte flokken seg i mindre flokker og blei jaga på i alle retninger, men ingen av dei kom over til Lordalen. Vi satt med god oversikt i området rundt Såvårhaugen på lørdagen og Fellinghøi på Søndagen. Såg bra med dyr, men det hjalp lite denne gangen. Meldingane er heller ikkje gode med tanke på neste helg, så dette ser ikkje særlig lovande ut Andre som har vært på jakt i Skjåk- Lordalen- Finndalen som kan komme med fleire opplysninger?
  23. Mens eg venter på helga, sjekker eg værmeldingane jevnlig og venter på nye oppdateringer i Lordalen. Foreløpig er det greit med dyr innenfor grensa, men dei fleste flokkane har blitt observert langs grensa mot Finndalen og Skjåk. Det gjer meg litt urolig med tanke på helga. Avventer ei veke viss det viser seg at fleire flokker trekker over... Vindretninga er foreløpig veldig feil i forhold til Lordalen, men utruleg nok har det blitt skøte dyr langt på østsida sjølv om det over tide har vert sørvest- retning. Ein ting er sikkert; reinsjakt er uforutsigbart, og det gjer også jakta så utrulig spennande
  24. Ser på yr.no at det meldes mykje sør, -sørvest framover i Lordalen. Dette bekymrer meg littegrann da alle dyra kan havne i Finndalen. Det kjem ingen rapporter om dyr i området før 19. august. Lurer derfor på om det er noken som har kunnskap om observasjoner den siste tida, eller som har erfaringer nok til å seie noke om trekket til reinen når vinden står lenge fra syd (?) Har ikkje mulighet for fellesjakt i vekedagane og er derfor heilt avhengig av at det står dyr igjen på Lordal-sida første helga i jakta. Mvh Øystein
  25. Er i samme situasjon som deg "giremann". Har bukk under 50 kg i Lordalen for første gang. På Forelhogna kor eg har jakta dei siste 6 åra, er det veldig enkelt da ungbukk defineres som Lisjbukk med 3 gevirstenger i toppen, eller mindre. Da er det nesten umulig å ta feil...Men synes den minste bukken på bildet du la ut, virket å vere meget stor i forhold til gevirstørrelsen (?)
×
×
  • Create New...