Jump to content

Hjortetrekk

Members
  • Posts

    666
  • Joined

  • Last visited

Everything posted by Hjortetrekk

  1. Tøft! Er det mulig å henge seg på ein tur? Har svært lite erfaring med langhold, men har alltid hatt lyst å prøve det ut litt...
  2. Tek fram tråden igjen eg…Noken som har komt i gang med langholdsskyting på Sunnmøre?
  3. Med noken telefona til grunneigarar rundt omkring, burde det vere ein enkel sak å få til. Er det åtejakt du tenker på? I sofall er det jo fleire jaktbuer rundt forbi som du sikkert kan låne om du spør fint
  4. Ja, da er det ca ein time igjen av årets sesong. For min del blei det ikkje den store sesongen. Litt venta da det er to unger i hus og minsten krev sitt på 1,5 år. Men har jo blitt nokre turer, men mykje stang ut. På meg blei det to kalva, greit nok med tanke på antal timer som har blitt jakta, men kunne fort ha blitt 2-3 til med litt meir flaks. Uansett ikkje lenger viktig kor mange eg sjølv feller, men opplevinga med dei som er med, uavhengig av kven som skyt, er det viktigaste no. Høgdepunktet i år var vel under brunsten då vi nesten lykkast med å få inn ein bukk i høgbrunst (veke 41). Har ellers sett mykje dyr og vert med på mange fellinger. Synes etterarbeidet med flåing og partering er nesten like morro Hadde vøre interessant om folk tok seg bryet med å legge inn fellingsstatistikken i sitt jaktvald for 2014 og evt si kommune, og kanskje om du har fått felt noko sjølv også. Kort om kva du meiner om bestanden i terrenget ditt etc… Jaktvald 1. 2/5 stk dyr. (storvaldet 16/24) 67% Jaktvald 2. 13/16 stk dyr. (storvaldet 37/45) 82% Stranda kommune: 491/583 stk dyr (84%) Meiner ganske sikkert at det også i år er ny fellingsrekord i kommuna GOD JUL og Godt Nyttår til alle jegervenner!!
  5. Litt trist at det snart er over ja. Så er det berre å drømme seg vekk til neste års sesong og legge nye planer. Forarbeidet til jakta synes eg er noko av det beste. I sommar skal nye postar oppdagast, nye saltsteinar og viltkameraer skal opp, bøen skal bli grønn, og kanskje eit og anna tre skal ned. Å få oversikt over kva som befinner seg i terrenget er alltid spennande. På sommaren går det svært mykje hjort i terrenget vårt. Det nye for året er at det ikkje skal sleppast sauer i terrenget vårt. Det er veldig mange år sida sist. Det negative med det er at det blir igjengrodd og råsene blir vanskeligare å finne. Det positive er at sauene (400 stk) ikkje beiter ned graset før sesongen tek til. Trur eigentleg ikkje at sauene har spesielt negativ innvirkning på hjortebestanden i området, men det er klart at hjorten velger seg område der det er best beitegrunnlag når han er ute etter mat. Blir spennande å sjå.
  6. Sikkert ikkje ein dum tanke å kunne felle spissbukk på kolle- løyve. Joda, vi trenger jo bukker også, men ikkje så mange. Ein bukk er jo nok til å bedekke opp mot 10 koller i haremet. Om kommuna si målsetjing er å få bestanden kraftig ned ser eg ingen grunn til å ikkje auke bukkeprosenten i kvart jaktvald, og heller minske kollekvota. Då vil ein få ein meir kontrollert nedgang i bestanden. Kollene finner seg ein bukk, uansett kor langt ho må gå Kva gener den bukken bærer veit ikkje eg Håper også at man ein gong i framtida vil ta problematikken om kalvar som ligger og trykker i skogkanten tidleg i jakta, på alvor. Mitt forslag til avskyting: Frå 01. sept: Kalv, ungdyr og bukk Frå 25. sept: I tillegg koller 10-20 okt: Jaktpause så dyra får ro til brunsten.
  7. Ikkje så lett på bli heilt klok nei. Synes personlig at 4- årsplaner (driftsplaner) er litt for lenge. Mykje kan øydeleggast på fire år. Ta reinsjakt som eksempel. Der tek dei eit år av gangen. Sjølvsagt har dei betre kontroll over bestanden gjennom telling frå helikopter i eit skogfritt område, men meiner likevel at det er nok med 2- årsplaner og samtidig ha eit kotrollert uttak. Men ein ting eg har blitt meir og meir overbevist om basert på andre sine observasjoner og eigne, er at skal man vere sikker på at det er dyr igjen i terrenget også neste år, MÅ man vere forsiktig med uttaket av koller. Kva som er stamkoller og ikkje, kan vere vanskelig å skille ut. Men legger man all fornuft til sides og stoler blindt på driftsplanen år etter år, kan dyra forsvinne fra området. Sjølv om det virker tomt for bukker, kjem dei likevel når brunsten starter om det er koller i området. Resten blir teorier og synsing frå mi side, sølv om det også er spennande å diskutere
  8. Ladebenken: Er det samme krisesituasjon i nabovalda også? Hos oss er det skote 2 av 18, men ingen krisestemning her. Det er eit tidsspørsmål før dei firbeinte går ut på markane våre. Vårt vald ligger i nedre del av bygda mot sjøen og hit kjem dyra trekkande etterkvart gjennom nabovaldet og ned til oss. inne i dalen har dei sett, og skutt bra med dyr og ligger på normalen. Slik er det kvart år, men normalt sett skulle ein god del dyr allereie vert på plass hos oss i desse dager, men grunnen til det er utvilsomt det milde været. Vi har også nokre brunstplasser i terrenget vårt, men der har det vert roligare enn vanleg, dei gjer seg ferdig lengre inni dalen før matinnstinktet kjem sigande etter parringa er slutt. Ungjegern: Gratulerer med flott bukk!
  9. Vi parterar stort sett alltid etter hjortefall i ein av dalane vi jakter i. Grunnen er ikkje nødvendigvis at det er så innmar høgt over havet og langt å dra, men forsi det er fysisk umulig å dra den ned til båten. Terrenget er ekstremt bratt frå 400 meter og ned. Ofte skyter vi opp mot 1000 moh. Går derfor aldri uten store sekker med oss
  10. Dyra er på veg sørover. Blant anna ein flokk på rundt 500 dyr. Eg hadde kanskje tatt utgangspunkt i "Grisunghøi" og området der. Utrulig oversiktelig og fint trekkområde for reinen på Sønnvind. Men sikkert mange andre plasser som kan vere like bra...
  11. Har bukker på film på viltkameraet som tester ut stemmen sin i august i år. Har også ein oppfatning av at temperaturen og månen har stor innvirkning på brunsten. Men kor mykje, veit eg ikkje. Antal bukker i brunstområdet er vel også ein medverkande årsak. Finnes det forskning på dette? Eks fra farmer der dei kan varigjere andelen av bukker fra år til år. Hadde vert interessant å vist meir om...
  12. Veldinn: Du framstiller heller ikkje som ond i mine auge Interessant å høyre om erfaringane til dei enkelte. Du veit heilt sikkert godt kva du driver med. Har ikkje slakta i ein mannsalder, men er med og flår og parterer i snitt 10-15 dyr i året. Eg henviser til "gubbane" på laget som alltid påpeiker viktigheten med å åpne og lufte bogane ved bogskøt. I tillegg til å fjerne blodslått hender det at vi også bruker tang til å fjerne ribbein som er kraftig skada. I motsetning til deg har eg lært at ein bør skjere vekk og fjerne mest mogleg rundt skuddskaden for å forhindre bakterieangrep og for å sikre ei tørr og fin hinne slik at mørningsprosessen starter raskast mogleg etter dyret er hengt opp. Ei våt hinne begynner jo fort å lukte viss det henger lenge nok... Hadde vert interessant med ein tråd om dette (om det ikkje finnes allerede?)
  13. Kva er gale med dei slakta der? Handler jo ikkje om kor fine dei ser ut, men at man får åpna og fjerna blodslått der det trengs. Veidin: Åpner ikkje dokke rundt inngang/utgangshøla? Veit ikkje om kula snitta bogen på det bildet ditt, men i tilfelle, hadde eg ikkje vøre sein med å snitte opp og fjerne blodhinner så ein får ei tørr hinne så raskt som mogleg. Uansett interessant å høyre kva andre gjer...
  14. Fekk til slutt tak i simla mi. Blei i overkant mykje trakking i helga. Vi starta med utgangspunkt i Snøheim laurdag (buss fra Hjerkin). Holdt oss mykje av dagen på Sør/vest- sida av Hettpyntan og venta på trekkdyr nordfra. Ikkje ein rein å sjå. Seinare på dagen trakk vi nordover i retning Åmotsdalen og Langvatnet etter rykter om MYKJE dyr der. Vi var nok litt seint ute. Ingen rein å sjå der heller. Bestemte oss for å gå tilbake til Snøheim på kvelden, og gjekk vidare dei 16 kilometerane på grusveg ned til Hjerkin og bilane (rakk ikkje siste bussen). Etter 3 timer søvn den natta (trakking resten) kom vi oss opp til Nysetri etter rykter om ein del rein som hadde trekt sørover siste døgnet. Dette stemte bra. Endelig fant vi rein og mange småflokker i området Grisunghøi og Rundhøi. Enormt mange jegere i området, noko som gjorde jakta utfordrande. Ein flokk på 8 dyr var plutselig 5 stk innenfor 20 min Jegerane posterte på flata nord for Nysetri. Vi bestemte oss for eit siste forsøk på ein flokk på rundt 100 dyr. Også da kom det to andre jegere, men denne gangen blei det min tur Etter så mange mil trakking på to dager var følelsen ekstra god når simla falt i bakken. Gleder meg allereie til neste år!! PS: Takk for ein hyggelig prat på Nysetri "Villreinjegeren"!! Hjortetrekk
  15. Oppsynstelefonen har dei siste to dagane nevnt "kolla" som ein plass der reinen har blitt observert på Dalsida Aust. Kan noken forklare meg kva for ei kolle dette er snakk om? Finnes jo plenty av dei innenfor grensa... Hjortetrekk
  16. Gratulerer til alle som har fått reinen sin Noken her med oppdatering fra Dalsida aust? Ryktene seier lang tid med nordavær, men skal snu til sør/aust utover i veka…Foreløpig usikker på kor eg skal angripe terrenget ifra. Skamsdalen er eit alternativ, evt buss fra Hjerkin og vestover til nordligare strøk.
  17. Har Nikon Monarch i både 8x42 og 8x32 i tillegg til zeiss conquest HD i 8x42. Førstnevnte har eg hatt i 7-8 år. Etter ein sesong med conquesten HD er eg ikkje i tvil om at det er ein EKSTREMT mykje betre kikkert enn nikon. Den er krystallklar og minner på mange måter om victorymodellen. Den har god fargegjengivelse noko Nikon heilt klart har sin svake side. Og ikkje minst, den har lotutec som rett og slett er ein genial coating. Vektforskjellen mellom 32x og 42x er ubetydeleg og bør ikkje vere eit argument. Du ser heilt klart betre i 42x når det er grått vær og skodde i fjellet enn med ein 32x. Er overbevist om at det ikkje finnes ein kikkert til den prisen som er betre enn conquesten per dags dato. Ekstremt mykje for pengane, det er ikkje tvil.
  18. Er Snøhetta Øst og Vest og Dalsida Øst og Vest det samme området?? Litt forvirring her...
  19. Mork: Tydeligvis mange som har takket nei i Lesja fjellstyre. Var sjølv som nevnt tidligare nr 37 på ventelista og fekk tilbud om både simle og kalv. Merkelig at så mange takker nei. Har vel kanskje noke med at kvotene har auka over heile fjøla, og da særlig på Hardangervidda og Forelhogna. Mange har nok ordna seg kort gjennom andre enn inatur.
  20. Sitter og studerer kartet eg fekk sammen med jegerkontrakten, men blir ikkje heilt klok. Er innfelt nokre områder (ferdselsrestreksjoner) i visse veker utenom veke 35. Forstår det slik at det ikkje er lov å jakte i disse områdene i dei aktuelle vekene? Og ein anna ting. Gjelder Dalsida øst også vest for Aursjøen/Gautsjøen? Eller er det her grensa går vestover? Er heilt blank på dette området og synes det er vanskelig å forstå kvar grensene eigentlig går basert på kartet eg har fått (som berre viser ein liten del av dalsida aust). All hjelp mottas med takk
  21. JADDAA!!! Etter å ha stått som nr 37 på venteliste i Dalsida aust (Lesja Fjellstyre) fekk eg i dag tilbod om simle og kalv. Takka ja berre til simla. I fjor hadde eg kort i Lordalen, men Dalsida aust er nytt terreng for meg. Sikkert mange som er lei spørsmålet, men er det noken med litt erfaring frå området som kan gi meg nokre tips om f. eks kvar det er godt utg.punkt å gå i frå (avhengig av vindretning sjølvsagt...) ? Eller sentarle områder dyra ofte kan stå? Drar andre helga i jakta... Mvh Hjortetrekk
  22. Har jaktet der seks år på rad og kan bekrefte det "Prasmus" skriver. NB: Tagg under 2 cm tellast IKKJE som ein tagg... Altså, du kan i teorien skyte ein returbukk på 80 kg på lisjbukkløyve
  23. Ok! Finnes det ei nettside med ei oversikt over tildelingane? Har leita på "Kvikne grunneigarlag" uten å finne noke
  24. Noken som veit når kvotene for innanbygs i Kvikne blir lagt ut?
  25. Da må eg berre beklage på det sterkaste. Eg har sikkert formulert meg klønete og diskusjonen hadde sikkert vore annerledes om eg ikkje hadde nevnt denne karen som garantert har meir erfaring enn meg og mest truleg ein habil skytter i skogen. Villreinjeger: Eg låg ikkje og stønna over prestasjonane hans på bana. Men eg tenkte mitt der og da. Eg spurte meg sjølv om krava burde skjerpast inn betre enn det er i dag. Viss eg oppfatter deg riktig, så er det ikkje nødvendigvis ein sammenheng mellom det du presterer på bana, og det som skjer i skogen. Viss det er tilfelle, så kan vi legge saken dø for min del, for da er jo det strengt tatt ikkje nødvendig med nokre krav til skyteprøva, er det vel? Om du synes eg gir ut feil signal fordi eg påpeiker ei problemstilling som eg er opptatt av (utan å vere bedrevitar) så beklager eg også det. Eg er ingen byråkrat, det vil eg ha meg fraskrevet. Men eg er glad i dyr sjølv om eg jakter, og det er eg sikker på at dere i tråden også er. Basert på at eg er bekymra for at fleire skadeskytinger kunne vert unngått ved strengare krav (slik at jegere blir nødt til å trene litt meir) så er eg for ein slik ordning. Meir har eg ikkje å seie om den saken. Men igjen så beklager eg at eg har framstått på ein måte som ikkje var heldig. Hjortetrekk
×
×
  • Create New...