Jump to content

Hjortetrekk

Members
  • Posts

    666
  • Joined

  • Last visited

Everything posted by Hjortetrekk

  1. Da bære det til fjells i morga tidlig. Etter ei veke med regn er det meldt knallvær heile helga, og væromslag er det beste vi kunne fått no. Vi skal jakte langt inne i eit dalføre (Furnesdalen) kor hjorten ofte trekker inn og over skoggrensa når regnet avtar. Basecamp`en er ca 980 m over havet og vi skal ligge i telt til søndag. På samme høgda sitter vi med god oversikt både nedover dalen og på andre sida. Taktikken er som vanlig at vi sitter og speider til vi finner dyr og unngår å trekke ned i skogen før dyra viser seg. Dette har dei siste åra vist seg å være meget effektivt i denne dalen, men vi er som sagt heilt avhengig av væromslag fra regn til sol. Har vert rimelig daudt her på forumet i det siste. Ingen som har noke å rapportere med bilder? Hjortetrekk
  2. jmonsen: Kalven kan jo være skutt tidligere i jakta kanskje? Har opplevd samme situasjon som deg, og det setter ein liten dempar på opplevelsen. Men når ikkje kalven viser seg så kunne man ikkje gjort noke annerledes.
  3. Gratulerer til alle som har lykkast og ikkje minst til dokke som fekk første hjorten på samvittigheten. Det nok den beste opplevelsen gjennom ein lang jaktkarriere, så tygg lenge på den Dogg er eit kjent problem og har opplevd det fleire gonga, men for min del skjer det oftast i fuktig vær. Trur ikkje butler creek er tingen for å løyse problemet. Det blir heller verre
  4. Etter mykje om og men, blei det ein tur for å sitte på bøen i går kveld. Erfaringsmessig er det i utg.punktet små sjanser for uttelling på kveldsjakta så tidlig i sesongen i dette terrenget, men jaktfeberen var ikkje til å bremse likevel. Var på plass i 19 tida og den einaste på jaktlaget som var ute. Ettersom alle hadde minna meg på kor små sjanser det var hadde eg også veldig lita trua, men ville berre komme igang med haustens store begivenhet. Skytelyset var fremdeles bra da eg bestemte meg for å sjekke den andre glugga i andre enden av låven. Satt der i 3 min og speidet over terrenge før eg gjekk tilbake til utg. punktet, og der...2 dyr hadde komt utpå i mellomtida!! Eg kunne tidlig konstatere at det var to fjorskoller. Både på størrelsen og oppførselen deira med mykje leik og løping fram og tilbake var eit sikkert teikn. Eg venta til breisida var klar, holdet var litt over 100 meter; PANG...Høyrte tydelig innslaget i bogen og dyret sprang 20 meter før ho falt over ende. Så var det det andre dyret. Ho sprang opp i skogkanten men nølte nokre sekund og var tydelig nysgjerrig på kvar kompisen blei av. Holdet var rundt 150 meter, men eg hadde gått anlegg og til slutt kom også breisida til syne. PANG! Dyret falt rett ned. Men da skjedde det rare. Ho begynte å dra seg framover liggande og kom seg bak ein bakketopp. Då eg kom opp til skuddplassen var det mykje blod, og dyret låg berre rett bak kulen. Men det var fortsatt liv i ho og eg satte derfor eit skot i haudet for å være sikker. Det viste seg at innslaget låg i grenseland høgt og hadde berre snitta eine lunga. Ein oppleving rikare og kunne ikkje drøymt om ein betre start på hjortejakta Kamerat låg sjølvsagt igjen heime ettersom trua ikkje var særlig stor. Man lære berre av erfaring
  5. Gratulerer Helga-Mari med fjorskolla og 7mm-08rem med doble Håper sjøl å få tid til en kveldsjakt i løpet av helga. Time will show
  6. Noken som skal ut i morga tidlig eller i helga? Sjølv må eg vente til neste helg, men da blir det langhelg på oss. Tenker alle å skyte kalv viss sjansen byr seg, eller velger dokke å vente nokre veke til kalven blir større? Hjortetrekk
  7. Fredag kl 22.30 ankom vi Falningsjøen i Kvikne (forollhogna). Sov over i bilen og var klare 05.30 neste morgen. Etter å ha speida i området rundt Falningsjøen uten å sjå anna ein sauer, tok vi bilen fatt og kjørte videre nordover og inn i Russu. Før vi hadde nådd parkeringsplassen såg vi ein flokk på rundt 100 dyr som trakk rolig nordover. Liker generelt å gå litt på reinsjakt, men denne gangen blei det aldri "nødvendig"... Etter rask gange nordover kom eg etterkvart på høgde med flokken og fekk omsider avskjært flokken i eit lite myrområde. Det var fleire kalva i flokkent, men gang på gang kom det dyr som stilte seg bak, eller det var uforsvarlig bakgrunn. Til slutt kom det ein kalv fri lengst bak i flokken og stilte seg opp med breisida Klokka viste 07.08, og det var 15 min å gå ned til bilen Det var min hittil kortaste tur på reinsjakt. Menst vi slakta såg vi fleire flokker, og oppsynet kunne melde om mykje dyr videre nord mot hestfjellet. Da vi tok en svipptur oppom parkeringsplassen stod der 11 bila. Er glad vi ikkje trengte å måtte krige om flokkane sammen med mange jegera. Kalven vog 23 kg slaktevekt. Hjortetrekk
  8. Vetlevetln: Skjer vel ingenting spesielt når dei blir større. At bukker går sammen er nok heilt vanlig. Spesielt på vinterhalvåret går ofte store bukkeflokker samla, men også sommarstid. Fra midten av september og ut til starten av november derimot, er bukkane i bunst og lite mottakelig for en vennskapsprat med sin kollega...
  9. Har lite erfaring frå Hardangervidda, men på Forollhogna er det jevnt over fine slaktevekter på mellomstore bukker. Den bukken brodern skaut for to veker sida vog 78 kg slaktevekt, og det var definitivt større bukker i flokken. Den blei også skutt på lisjbukkløyve da den berre hadde tre tagger i kvar krone. Noken her som har formeining om kvifor dei største bukkane blir skutt på Forollhogna? Kan det ha noko med beitegrunnlaget å gjere? God forvaltning?
  10. No kjenner eg jaktinnstinktet river i heile kroppen. I morga ettermiddag tek eg bilen fatt nord-østover til Kvikne. Ryktene seier at det er mykje dyr i området. Men liker dårlig at det no har dreid om til sønnavær. Tek utg. punkt i trepunkten med god utsikt mot hestfjellet. Pleier å være mykje dyr i dette området når nordavinden har stått på ei stund. Håper reinen holder litt igjen før dei trekker sørover Reknar med at eg ikkje blir den einaste "bukken" i området i helga Skitt jakt også til dokke andre som skal ta turen!
  11. Skal sei det var stort! Gratulerer Kor skaut du kalven? Drar til Kvikne på fredag, også med kalvekort. Står vinden fremdeles nordvest? Har du vært i området rundt hestfjellet?? Ser på yr at vinden skal dreie sør fra torsdag av
  12. Er du på den sida av Snøhetta hvor Åmotsdalen ligger? Var med å skaut ei simle der for 5 år sida...
  13. Lengda på snuten er også ein sikker faktor. Spesielt mellom voksne koller og fjorsdyr. Eldre hodur har også ein meir bueforma rygg enn yngre dyr
  14. Har kalvekort på Forellhogna selv Drar på jakt dit på Lørdag Hvilke områder i Forellhogna skal du jakte? Kvikne med utg. punkt i vegbua nesten inne med Grønntjønna. Blir vel å komme seg opp til trepunkten og videre innover mot hestfjellet. Spent på vindtrekket framover i neste veke. Kor har du jakt?
  15. Noen her som har kort på Forellhogna? Skal dit igjen 3-4 sept med kalvekort i sekken.
  16. Mange fine rypeterreng lengre inn i Sunnylvsfjorden. Grunneigarar av dei mange nedlagte fjellgardane selger kort for rypejakt i høgfjellet, men da er du avhengig av båt Ellers er jo Strandadalen hot!
  17. Det går nok bra til slutt Har du vært ute med hund? Hvis han datt og låg nede ei stund, kan han umulig være langt unna.
  18. Da har vi komt heim frå ein vellykka jakttur i Kvikne i Tynset kommune. Brodern hadde lisjbukkløyve og eg hadde kalv. Bukken falt 08.45 laurdag morgen opp mot hestfjellet og hadde 79 kg slaktevekt Kan diskuterast om det var ein lisjbukk, men geviret hadde berre tre tagga på kvar side, altså innenfor regelverket. Kalven kunne eg berre jakte på privatgrunn rundt Nappsjøen (gjelder berre dei to første helgene i august), men dyra stod mykje lenger sørøst i terrenget Skal opp igjen om to veker for da kan man jakte på kalven også på statsgrunn. Skal legge ut bilder etterkvart Gratulerer til dokke andre som har fått dyr! Hjortetrekk
  19. Prøv søkefunksjonen. Finnes uttallige tråder osm kan hjelpe deg. Ihvertfall når du ikkje skriver hvilke krav du har til våpenet er det umulig svare på spørsmålet ditt...
  20. En uvirkelig situasjon som berører hele Norge. Mine tanker går til alle dem som har mistet en av sine kjære.
  21. Da har nok reven fått været av deg ja. Bjeffinga kjem ofte etterpå
  22. Hadde nettopp en heftig opplevelse. Tok meg en tur ut og hadde med meg en rovdyrfløyte som eg bestilte fra USA for fleire år sida. Likelve meir enn bra nok for å lage kontak- og hetslyd med. Kom gåande ned mot et jorde der eg ser ei geit og en sekstagger som ligger og nyter tilværelsen sammen. Bestemmer meg for å sette meg i skogkanten på ei mark på andre sida av vegen ca 300 meter ifra dyra. Begynner først med kontaktlyd. Ingen reaskjon. Prøver deretter å lage hetslyd så godt eg kan med fløyta. 30 sekunder går og eg skimter bukken på ca 70 meter i det høge graset. Fortsetter med hetslyd og bukken kjem som et skudd og stopper på 20 meter. Enda en hetslyd og bukken springer inn i skogkantern rett ved sida av meg. Vinden var rett i mot meg so bukken hadde ingen anelse. Dessuten var det begynt å bli temmelig mørkt. Lager enda en hetslyd, sekunda går og bukken kjem i full fart ut av skogkanten og rett mot meg skrått bakfra og stopper på 3 meter Fikk fullstendig sjokk. Blei faktisk litt småskeptisk der eg satt opp på en liten jordhaug. Bukken fortsatte å gå rundt og bak meg og fekk lukta av meg. Då fekk bukken opp farta og pilte inn i skogen igjen. Har aldri i livet hørt et slikt bjeffeorkester i mine dager. Tok fullstendig av!! Må sei eg angra på at ikkje kamerat var med, sjølv om det ikkje hadde blitt bra bilder på grunn av det dårlige lyset. God natt!
  23. Det var ei spennande oppleving ja. Set ekstra stor pris på slike moments i ein ellers så stressande sommar med kjøp av leilighet og giftermål Kva med å lage ein eigen "kjøttsalg- tråd" på kammeret?
  24. Kom nettopp inn døra fra det som skulle bli ein liten kveldstur, men som endte opp med å bli 2 timer annsmygning Vi har nettopp kjøpt oss leiligheit i eit område kor det fram til for 6-7 år sida berre var dekt av skog. I dag er det komt opp fleire rekkehus og leiligheter på rekke og rad nedover mot fjorden på halvøya. Likevel er det nokre skogsflekker her og der, men ikkje slik det ein gong var. Eg gjekk nedover veien som eg pleier på mine kveldsturer og hadde nettopp passert siste rekkehuset da eg fekk auge på ein brun flekk ca 200 meter unna nede på eit jorde (einaste garden på heile halvøya). Naboen hadde nevnt at han hadde sett rådyr her ein gong, men det var mange år sida. Nysgjerrigheten tok overhand og eg småsprang tilbake til boda og rota meg fram til kikkerten som enda ikkje var pakka ut. Sprang som ein idiot tilbake der eg såg dyret. Siden det hadde begynt å skumrast og avstanden var stor til dyret, sto eg midt på veien med ein lyskastar over meg. Det viste seg å være en rådyrgeit som gjekk og beita på den nyslåtte enga. Mens eg sto der høyrte eg ein lyd i skogen rett til venstre for meg. Etterkvart knaka det noke voldsomt og eg tenkte at eg hadde støkt dyr. Lyden kom nærmare og nærmare og plutselig hoppa det fram ei fjorskolle på asfalten rett framfor meg på 15 meter. Eg stod pinn i ro og tenkte at ho nok hadde merka meg. Mens ho sto og stirra på meg hoppa det fram enda eit dyr, ein spissbukk og pulsen steig enda noken hakk. Dei sto og såg på meg i 2-3 min før dei gjekk rolig langs vegen ifra meg. Då dei hadde trukket ut på marka for å beite, lista eg meg rolig opp i skogen der dei kom fra for å finne ein ny og bedre posisjon lenger framme kor eg kunne studere dyra. Då eg kom fram på ein kant fekk eine dyret teften av meg og la på sprang inn i skogen igjen. Ein stor opplevelse tenkte eg og rusla ned ein hammar og ned til veien igjen. Men nysgjerrigheten hadde ikkje heilt sluppet taket. Eg ville gå enda lenger for å sjå nærmare etter geita eg såg først i kikkerten. Då eg kom nesten heilt fram til jordet, tenkte eg at også geita hadde blitt støkt. Men der tok eg feil. Ho hadde gått inn i hagen til eit av husa og kom plutselig sprettande over jordet og inn i skogen på 20 meters hold. Enda ein kjekk opplevelse tenkte eg. Men eg ville ikkje heim enda. Kona hadde jo lagt seg og merka ikkje om eg kom heim ein time fra eller til Eg fortsatte å gå mot fjøset der eg hadde sett rådyrgeita og då eg hadde passert tunet hoppa det fram nok ei geit på ca 50 meter. Eg var over meg av begeistring og tenkte at no var det på tide å snu heimover igjen. Då eg hadde komt tilbake til der dei to hjortane hadde hoppet fram og beita på jordet, såg eg enda to små skygger på jordet. Til min stor forbauselse hadde rådyrbukken komt fram mens eg var borte med gårdstunet. Han var mildt sagt i full brunst og sprang etter geita fram og tilbake i ett kvarter med meg som tilskuer på 50 meter. For en opplevelse!! Då geita sprang inn i skogen, sto bukken igjen. Prøvde febrilsk å lage kontaktlyd med grasstrå, men fikk ingen lyd. Forsøkte som siste forsøk med egen stemme og fant den lysaste tonen som eg noken gang har fått til etter stemmeskifte. Bukken blei umiddelbart nysgjerrig og etter 4-5 kontaktlyder kom han som ei kule mot meg og stoppa ikkje før det var 5 meter mellom meg og han. Stirra på meg og hoppa majestetisk inn i skogen igjen. Eg sto igjen med ein heftig opplevelse og 150 myggstikk på 2 timer. Måtte berre dele opplevinga med dokke sjølv om det blei skildra med litt vel mange detaljer Håper sommaren går fort God natt!
  25. Mi første fløyte var Mini predatorfløyta. To veker etter lokka eg inn to rever samme kvelden på under en time. Kom som et skudd etter 2 min ut av skogen og måtte rope fleire ganger for å stoppe han, så ingenting galt med den nei. Dessuten er lyden nesten identisk med citr call std- fløyta.
×
×
  • Create New...