Jump to content

Hisbotten

Members
  • Posts

    312
  • Joined

  • Last visited

Everything posted by Hisbotten

  1. Såg veldig bra ut! Har et par ringer liggende i roteskuffa som eg skal prøve å gjere eit forsøk med! Trikset vert å få boret opp hullene sentrisk for å unngå spenninger. Ein lite dæsj egnet Loctite på skruene vil eg tru er ei god investering. Swarovski 3-9x36 får høgdeskrekk når den står i dei lavaste Blaser montasjene Takk for tipset!
  2. Her ei meget god 5 skudd samling med 9,3x62 og heimemekka ammo. Våpenet er ein Blaser R93 Profesional links. Med Hausken dempar er 9,3'en veldig behagelig å skyte med. Klarer nok ikkje dette 24/7 men gøy når det lukkast!
  3. Kan anbefalle 120 grs Barnes TTSX på det varmaste i 6,5x55 ! Jevn og god presisjon (typisk 15-25mm på 5 skuddsamlinger) og er meget giftig for klovdyr i utlandet. Gjennomskytingsevnen er meget god. Eg lader med passe dose med MRP og får ca 855-860 m/s i Blaserløpet mitt. Bruker ladeboken sine data for for denne kula.
  4. Er enig att Lyman 55 kan være litt tidkrevende å stille inn, men eg gjer som følgende: Sett sleiden i tømme stilling. Då vil du sjå ei rekke med tal på undersida på hovedsleiden, frå 0-8 med finere inndeling mellom tallene. Dette er referansetall. Løsne den minste settskruen/hjulet som låser hovedsleiden, og før hovedsleiden innover og utover, for hånd. (Feks: N19 krutt i 6,5x55, 44 grs: sett hovedsleiden på tallet 3. Lås hovedsleiden godt fast. Då får eg ca 43,3 grs N19, ref kruttvekt) Så justerer eg toppsleiden ut til eg får ønsket vekt som var 44 grs.(Dette utgjer ca 2 streker på toppsleiden)Lås toppsleiden. (Med N19 som ref er justeringsområdet for toppsleiden ca 12 grs.Det vil sjølvsagt lugge meir og meir etter kvart som toppsleiden vert skrudd ut, så det er ikkje ønskelig å ha toppsleiden for langt ut) Ferdig Det tar ikkje så uhorvelig lang tid å justere inn hvis ein tar seg tid å leike litt og noterer/bruke referansetalla på undersida av hovedsleiden. Lag ein liten tabell for kvar kruttsort/vekt og heng på veggen i ladebua som referense. Då er det bere små justeringer med toppsleiden som skal til for å få ønsket vekt.
  5. Biltema sine isolasjonsrør. Kapp av en passe lengde. Eit par tørn m gaffateip rundt. Bruker dette på dempere og sikter i skytebaggen. Billig og bra!
  6. http://www.njff.no/portal/page/portal/njff/artikkel?element_id=230178102&displaypage=TRUE
  7. Tja er litt i mot slike tråder men eg har lyst å dele mine erfaringer med JD: Nr 1 Kjøpte eit komplett Lymann ladesett. På kampanjen var det med valgfritt NC og FL die i standard kaliber. Eg bestillte 6,5x55. Mottok ladesettet og oppdaga att det var sendt med 2 stk FL dier og 2 stk kuleisetter dier. Tok kontakt med JD og fekk beskjed om å returnere det iene settet med FL og kuleisetter die, så skulle eg få NC die i retur. Som sagt så gjort. La ved kopi av mailene og returadresse. Tiden gjikk og ingen NC die dukket opp. Tok på kontakt på mail men fekk ikkje svar. Ringte til JD og dei skulle sjekke opp saken. Så gjekk det nokre veker, sendte nye mailer om korleis det gjekk med NC dia mi men eg fekk ikkje svar på dette. Gav opp til slutt og kjøpte meg ny NC die. Nr 2 Tenkte att eg aldri meir skulle handle noko hjå JD meir, men tida gjekk og eg er ikkje langsint, så eg fann ut att eg ville bestille Sonic 45 dempar på Blaser løpet mitt i 6,5x55. Løpet vart sendt inn og kom i retur som lova etter ca 10 dager. Jobben var veldig bra utført. Blanke fine gjenger! God jobb! MEN eg bestillte 3 stk ekstra moduler til Sonic 45 demparen. Eg tok demparen ut av pakken og vart gledelig overraska over att demparen virka "snedden" sjølv med 3 ekstra moduler på.(trudde eg) Eg prøvde faktisk å bestille enda 3 stk ekstra moduler, då demparen fremdeles var håndterlig på rifla. Eg bestillte via Finn men fekk aldri svar på bestillinga mi.... kanskje like greit... Prøveskaut demparen og var godt fornøgd. Mykje dempar for pengane, då dempar og gjengejobb kom på 2000- kr. Så var eg på nettet og surfa etter ny dempar til 308 løpet mitt. Vurderte fleire demparar og vurderte også ein Sonic 45. Last ned ein PDF fil av Sonic demparen og såg litt nærmare på mål og antall moduler. Det viste seg att min Sonic 45 ikkje var utstyrt med 3 ekstra moduler som eg hadde bestillt og betalt for. Kun dei orginale modulene som demparen vert levert med. Standard utførelse. Har sendt mail til JD om saken men har enda ikkje fått svar. Så eg regner også denne saken for tapt. Med andre ord har JD lurt meg for 1 stk NC die i 6,5x55 og 3 stk moduler til Sonic 45. Ikkje verdens undergang men synes det er ein dårlig måte å drive butikk på dette. Ein nøye gjennomgang av rutinene hadde vel vore på sin plass. Men no er eg hvertfall sikker: ALDRI meir JD!!!! Edit!!! fekk hyggelig mail i dag om att modulene var på veg med posten! Veldig bra att JD ordnet opp i saken!!!
  8. Junior trenger å skyte opp til storviltprøven. Han har tatt 15 treningskudd, så han treng 15 skudd pluss oppskyting. Nokon som veit om baner i Nordhordland eller Bergen Nord som endå har mulighet for å få gjort dette? Evt dager og klokkeslett. På førehand takk!
  9. Har nettopp bladd meg gjennom det siste nummeret av bladet Jakt. Talte fort over antall reklamesider.... Kom til over 40 sider..... Koster å lage blad men når ein nærmer seg 50% av sidene er reklame begynner eg å vurdere videre abonement for min del...
  10. Takker for svar og gode råd om mutter eller ikkje,,,, men sitter å kviler mine auger, alder tatt i betraktning, fungerer godt nok til dei fleste formål........Er absolutt 100% sikker på den ikke har mutter. Trenger ikke å legge ut bilde Skal prøve å spenne pressa opp i benk når eg kjem på jobb igjen. Verdt eit forsøk.
  11. Hadde det bere vore så enkelt som å fjerne adaptoren/x-overen, men dette er ei 80 talls RCBS RS presse, med standard die gjenger-UTEN adaptor/overgang Fekk den for 200.- kr på QXL med det formålet og bore den opp til 1 1/4-12. Vis det skulle gå åt skogen er det ikkje noko krise med 200.- kr ut døra......
  12. Nokon som har ein 1 1/4-12 UNF gjengetapp til låns? Tenkte å bore opp ei gammal RCBS press frå 7/8" til 1 1/4. Litt dyrt å kjøpe ein tapp for å gjenge 1 hull.....
  13. Me kan sikkert diskutere kven som kan treffe eit kløyvd kjønnshår på 100 meter med rifle eller bue. Det er ikkje interessant i denne samanhengen. Det som betyr noko er att den enkelte jeger forstår,repekterer,godtar og kjenner sin egen og våpenets begrensning
  14. Gir gode hastigheter dette kruttet. Fekk snitt på 5 skudd : 830 m/s - 15 grader C, 40,3 cm god Blaser pipe, 150 grs Nosler Accubond. Ingen trykktegn. Tett oppunder maks ladning i følge Hodgdon sine tabeller. Presisjonen et super!
  15. Løpslengden er målt fra støtbunn/lukket sluttstykke.
  16. Eg har lada opp 100 patroner i overnemte kule/kaliber. Har brukt MRP krutt og Norma hylser. Har ikkje fått prøvd den på Hjorten endå, men har virkelig trua på denne kula. Samlingane ligg jevnt på 15-20 mm. Den mest presise kula eg har funne i 6,5x55 Blaserløpet mitt. Gleder meg til Hjortejakta i haust Trur ikkje Hjorten kjem til å spørre om kula kjem ut i 825 m/s eller 845 m/s
  17. Eg synes RolfKr oppsumerer ting veldig bra her. Eg er sjølv buejeger,riflejeger,haglejeger,driv med fellefangst og er jegerprøveinstruktør. På jegerprøvekursa våre fokuserer me mykje på etikk og moral. Eg likar ikkje utrykket human jakt men synes etisk forsvarlig jakt, er eit bedre begrep. Dei fleste som jakter og kommande jegerar har/får jegerprøvekurs som inngang til jakta. Så det er med undring eg les på Kammeret, er att når ein jeger får ein bue i handa, kaster vedkommande alle tankar om etisk forsvarlig jakt tilside og er nesten for utilregnelig å regne for enkelte? Men når samme person byttar ut bogen og nyttar våpen dreve av krutt, vert han for moder theresa å regne og oppfører seg heilt slavisk til gjeldande lover og regler? Det er heldigvis ikkje kva våpen som vert nytta, men den enkelte jegar sine haldningar som betyr noko......
  18. 47-48 grs N-150 maks 47-48 grs 203b maks
  19. Vis en demper er utskutt og utslitt etter 600 skudd, ville eg tatt dette opp med forhandler og tatt saken videre der. Eg vil tru att det er rimelig grunn for reklamasjon. Veit ikkje kva løpslengde eller ladninger som er brukt men eg ville uansett kontaktet forhandler og lagt frem saken.
  20. Står ingen ting om det i bruksanvisningen min hvertfall og kan ikkje finne om det på heimesidene heller Kombinasjon FL/WFT fungerer supert!
  21. Har nettopp kjøpt WFT i kaliber 6,5x55. Tok å kjørte 30 hylser i NC dia, for testing av WF Ruller 8 hylser på smøreputa samtidig og så nylonbørste påført litt RBC lube, på kvar hylse. Skrur dia ned i shellholderen og bakker tilbake ca 3/4 omdreining. Kamrer perfekt i rifla! Norma hylser som er engangskutt. Brukte ei hylse som var 54,8mm lang, som referanse når eg stilte inn lengden på trimmeren. Så var det å fyre i gang drillen men det er så langt ein liten skuffelse.... Det vart relativ store variasjoner i lengden! Alt frå 55mm til 54,54mm. Nokre av hylsene gjekk ikkje langt nok inn i trimmeren og dermed vart lengden den samme som før trimming. Andre hylser vart redusert frå 55mm til 54,5... Ny test, denne gangen med FL hylser. Her ble resultatet veldig bra! Bere nokre få hundredels mm variasjon, på 10 hylser. 54,79-54,82mm Forløbig konklusjon er att hylsene MÅ helpresses skal WFT virke optimalt. Skal prøve litt meir i morgon!
  22. Kortversjonen; Var sykklist, på veg heim frå jobb. Då eg hadde sykla omtrent halvegs heim, vart eg truffet av ein BMW X5. Føreren hadde mistet kontrollen over bilen etter bilen hadde vore nedi grøfta på motsatt side av vegen. Bilen skar rett over vegen og traff meg. Eg vart bretta rundt A-stolpen og knuste frontruta med hodet. Ble så kaste opp i lufta og forsvant utfor eit stup på 5-6 høgdemeter og gjekk 10 meter i lengerettning, før eg traff moder jord. X5'en for utfor samme vegen som meg og ved eit under, vart eg ikkje trefft av bilen. Bilføreren var drept i smellen og låg bere 3-4 meter frå meg. Vedkommande hadde ikkje brukt bilbelte og vart kasta ut gjennom panorama soltaket, når bilen traff bakken. Eg var bevisst og prøvde å ringe 113, men med stygge brudd i begge håndledd og brudd i mesteparten av fingrene, vart det litt problematisk og fomle med mobilen.... Det kom heldigvis hjelp tilstede ganske fort. Eg fekk lufta meg i luftambulansen og vart lagt i kunstig koma undervegs. Styggt brudd i begge håndledd, 6 fingrer knekkt, Brudd i lårbein, Hoftekule var separert heilt i frå lårbeinet og hoftekula var nesten komt ut gjennom skinnet, høgt oppe på skinka, Brudd i Hofteskål, Bekkenbrudd,Ribbeinsbrudd, Leddbånd/korsbånd alle strukturer i venstre kne var ødelagt, Leddbånd/korsbånd høgre kne var ødelagt, Indre blødninger i beina, nakkeskade og var rimelig gul og blå over der meste av kroppen. Sykkelbukse og jakke VS BMW X5 skulle ha vore rått parti, men eg var heldig tross alt! Med bruk av sykkelhjelm, ein god porsjon flaks og den gode fysiske formen, redda livet mitt! Close Call !!
  23. Er det nokon som har ladedata for 150 grs Nosler Accubond, kal .308W og Hodgon CFE223? Kan ein bruke ladedata for Nosler E-tip, som er ei massiv kule? Kruttet er kanskje ikkje optimalt med 43 cm løp?
×
×
  • Create New...