Jump to content

Hisbotten

Members
  • Posts

    312
  • Joined

  • Last visited

Everything posted by Hisbotten

  1. Eg brukte HHA Optimizer lite på mi første buejakt til Sør-Afrika for kort tid sidan. Skaut 4 dyr med treff gjennom både hjarte og lunge på alle 4 dyra. Eg stiller inn siktet mitt på 27 meter. (316 ft/sec @63-64#, med 386 grs pil med Rocket Steelhead i drepe enden av pila) Dette dekker alle hold frå 0 til 32 meter, som gjev eit ganske stort treff vindu og dekker i dei aller fleste tilfellene av jaktmessig avstand. På avstander på over 33 meter begynner pila og droppe ganske mykje, så då må ein justere litt. På Optimizer lite er det kjappt å justere for avstand. Tar deg 2 sekund og vri hjulet opp eller ned.Du klarer det til og med med releasen i D-lopen, med litt trening. Erfarte att det ikkje var noko problem og justere siktet under walk and stalk, ¨då avstandane varierte mellom 20 og 50 meter. Med 1 pin vert siktebilde oversikteligt, slik att ein slepp å kikke i pinneskogen for å finne punktet der kor hjarteskotet skal settast. Men det er ein smaksak kva sikte ein vel, men det vert 1 pin for meg framover, både for jakt og 3D. Det spora litt av i tråden din dette, med G5 siktet er bra. Det beste fleirpinne siktet eg har brukt og sett til no!
  2. Har samme type sikte på Mathews Z7 buen min. 1 pin er 0-20 meter,2 pin 20-24meter, 3 pin 24-29 meter og den flytende pinnen fra 30 til 80 meter. Bra sikte og spesielt med den flytende 4'de pinnen, men no har eg gått over til 1 pin HHA sikte på min PSE Evo, PSE Vendetta og fruens PSE Chaos. Enkelt med 1 pin, ryddig og enkelt å justere uten bruk av verktøy. Klikk justering. (så no skal Mathews Z7 selges inkludert siktet)
  3. Undertegna er jegerprøveintruktør og er nettopp ferdig med eit nytt kull av nye jegere. 13 av 14 elever bestod prøven. Det er som regel ein eller to som stryk i første forsøk på kursa, og dei ryk alltid på artskunnskap. Det som eg fokuserer på og banker inn på kvar einaste samling er våpensikkerhet! Ein kan lese til augene ramler ut av skallen om mokkasiner og levende og døde måker, men det som er viktigast av allt er sikkerheten! Synes ikkje prøven er for komplisert eller for lett men den kunne godt vorte utvida med nokre timer til. Det vert lett att ein spisser det inn mot eksamen og ein får ikkje den bredden ein gjerne skulle hatt.
  4. Takk for svar. Skal kontakte FM i Hordaland. Det einaste eg fann om Oterfiske i lovverket var maks 8 fluer og ellers lokale tilpasninger.
  5. Eg er grunneigar i lakseførande vassdrag. For ei tid sidan vart det ein heftig diskusjon om det er lovlig å fiske med oterfjøl eller ikkje i vassdraget. Fleirtalet meinte att så lenge det ikkje var noko forbud nedfelt i dei lokale fiskereglane var det fritt fram. Nokon som veit?
  6. Grattis med bue! Eg har ein Vendetta på vei over dammen. 50-60# Links med tilbehør. Lett å verte hekta på bueskyting. No har eg PSE EVO,Mathews Z7,PSE Stinger og ein PSE Vendetta på veg. (Stingeren er nettopp solgt) I tillegg har junior ei Bear bue og madammen ei rosa PSE Chaos 30-40#.
  7. Mitt oppsett til jaktbuen er slik: PSE EVO 60-70#, justert til ca 63#. 29" dralengde,Links. HHA 5519 1 pin sikte QAD Ultra Rest Pro HD hylle, camo Simms stablisator, 3 moduler,camo Apex nano 5 pil quiver TruFire Edge Hybrid Foldback release. Jim Fletcher Tru-Peep Pilene som eg bruker er Easton Flatline 386 grains inkl. Saunder 100grs spiss,3 stk 2" Norway Predator vanes. Desse gir snitt på 305 ft/s @ 63#/29" Har tuna desse til Rocket steel head 100grs, og Saunders 100 grs spisser. Skyt frå 0-32 meter uten å justere siktet. Då held eg med innanfor 12 cm skive. Maxima Hunter 410 grains inkl. Saunder 100 grs spiss, 4 stk 2" Norway Predators vanes. Har ikkje fått kjørt desse gjennom kronografen med pålitelig målinger, pga for dårlig lys i kjelleren. Men fekk eit par usikkre målinger 290-294 ft/s. skal sjekke dette nærmare utendørs, når det eingong sluttar å regne her..... Pilene flyg veldig bra, så lenge operatøren gjer jobben. Maxima Hunter går litt lavere enn Easton Flatline men ikkje mykje. Vis eg justerer siktet opp til 32 meter, når avstander er 30 meter,går dei heilt likt. Har papirtuna buen frå 1 meter til 7-8 meter. Sikter er kalibrert for Easton Flatline pilene og det fungerer 100%. Siktet stemmer heilt flott ut til 80 meter, då slutter skalaen Kan virkelig anbefale 1 pin sikte. Ryddigt og mykje bedre oversikt på målet. Men bere husk å stille det ned frå 60 meter, når du skal skyte i kjelleren på 10 meter )))))
  8. Takk for svar Bowhunting Grandpa
  9. Har kjøpt meg ein pent brukt Mathews Z7 50-60#,28,5" Det fulgte med på kjøpet, en cam for 29" dralengde. 28,5" cam er merket med DL og 29" er merket med CL. Noko som veit om det er forskjell på desse? (utenom dralengden då )
  10. Eg skyt links både med rifle og bue. Venstre øyedominant. Mitt råd er å få til prøveskyting med links buer. Ikkje det enklaste og få til, men vis du ikkje har bråhast, kan det hende du kan oppsøke bue klubber og evt årsmøtet til NJBF. Til årsmøtet kjem det linksskyttere, inkludert meg sjølv Når eg kjøpte første links buen min, tok eg ein sjekk på nett og kontoen min vart enige om PSE Stinger 50-60# -links. Denne buen passa veldig godt til meg. Skaut veldig bra med den, og den var lett å verte kompis med. Etter det vart det oppgrdering til PSE EVO 60-70# og Mathews Z7 50-60,Links. Men eg skyt ikkje noko særlig bedre med EVO eller Z7 enn kva eg gjorde med Stingeren,endå hvertfall. Så prisdifferansen er ikkje proposjonalt med treffprosenten i mitt tilfelle. Viktig å tenke på att det dyraste ikkje alltid nødvendigvis er det beste, men å få ein bue som passer din skytestil. Prøv å gløym prislappen og att ein MÅ velge ein bue frå øverste hylle i første omgang, finn den som passer DEG. (men det er ikkje lett i buejungelen,alle sine meiningar og utvalg av links buer....) Av EVO og Z7 likar eg best EVO. Føler den er mykje "stødigare",fastere, når ein kjem opp i fullt opptrekk, lite vibrasjoner,godt grep,så eg skyt best med denne. Z7 er nydelig å dra opp,(singelcam), liten og snerten,men det er noko med buen som gjer att eg ikkje er like komfortabel med Z7, som med EVO. Det som er den store forskjellen på billigere buer vs dyre buer, er vibrasjoner,hastighet,bedre opptrekk,go'følelsen og gleden av å ha eit kvalitetsverktøy i hendene. Mykje det samme som med rifle og optikk osv. Lykke til med valget!
  11. Eg vil tru att buejgernene klarer å holde igjen pila, på samme måte som riflejegeren må halde igjen skuddet sitt,når dette er nødvendig Er vel ingen forskjell på hvilke våpen som blir brukt- Det er personen bak våpenet.
  12. Tenkte eg skulle legge ut litt informasjon om korleis ein fjerner og monterer nye vanes/fjærer på piler. Dette er ikkje rakett forskning, men håper dette kan være fin informasjon for nye bueskyttere. Det er nok fleire måter å gjere dette på, men slik gjer eg det Ein treng litt utstyr for å gjere jobben. Aceton, kniv, lim, vanes(fjær), jigg, Wraps, Nock verktøy, Bomullsfiller som ikkje loer for mykje. Tenkte å begynne med eit bilde av kniven eg bruker. Ein kan få kjøpt spesial verktøy for å fjerne gamle fjærer og limrester. Men eg har brukt ein vanlig Stanley kniv med krokblad. Har endå ikkje skadet piler pga bruk av denne kniven. Billig og bra. Blader kjøpte eg på Clas Ohlson, 10 stk blader for 49.- kr. Då har ein lenge. Begynn med å legge knivbladet ganske flatt mot fjærene. Eg foretrekkjer å halde kniven i ro, og dra pila mot knivbladet. Synes att dette gjer god kontroll. Så er det å skrape forsiktig, men bestemt vekk gammal lim. Limen kan sitte ganske godt fast på pilskaftet og det kjem litt an på kva type lim som er brukt frå før. Skrape så mykje du klarer med kniven. Prøv å skrape frå Nock mot pilspiss og så frå pilspiss mot nock. Ein må bere prøve seg littt fram, så finn ein fort ut kva som funker best. Når ein så har fått vekk det meste av limrester, ta ein klut som er dynka lett i Aceton og stryk dette på der kor limen har vore. Så kan ein evt skrape vekk resten med kniven. Ein må kanskje gjenta dette nokre gonger, for å få vekk alle limrestene. Acetonen løyser opp limen og gjer det lettere og fjerne limrestane Eg foretrekkjer å bruke Wraps på pilene. Det vert mykje enklare og fjerne wraps, enn kva å skrape vekk herda lim. Å fjerne Wraps er som å ta vekk eit klistremerke. Pilene vert skåna for skrapingen med kniv. Ein kan og få litt meir fancy utsjånad på pilene med wraps. Wraps finst i utallige varianter,mønster og farger. Det er bere å velgje og vrake. Pirk laus Wrapen frå arket og legg denne ned på ei musematte eller lignande, med limsida opp. Det er ein fordel å være rein på hendene, slik att ein unngår fett ol på limflata. Pass på att pila er heilt rein før ein setter på Wrappen. Så er det å styre pila rolig ned på Wrapen, slik att Wrappen vert liggande så vinkelrett på pila som mulig. Nå er det bere å rulle Wrappen rundt pila, uten og få luftbobler. Og vips så har ein montert Wraps på 12 stk piler. Eg bruker for tida ein jigg frå produsenten Arizona. Denne jiggen her, gir fjærer som ligg vinkelrett/straight på lengderettningen, men med ein liten vridning(offset) Sidan eg bruker 2" fjærer her, vert det lite offset på fjæra. Det som er fint med denne jiggen, er att ein limer alle 3 fjærene på, i ein operasjon. Ein setter fjæra inn i sporet, med limsida opp. Det er lett og påføre for mykje lim. Det trengst litt trening og erfaring, før ein finn riktig mengde. Fordelen med å bruke Gel lim, er att den ikkje renn ned i jiggen, vis ein har på for mykje lim. Overskytande lim, tørker ein vekk når ein åpner jiggen og tar pila ut av jiggen. Etter å ha påført lim på alle 3 fjærene, lukker ein jiggen og låser denne med ein plastring som ein trer nedover pila. Med Bohning Gel, lar eg denne herde i ca 30 sekunder, før eg åpner jiggen og tar ut pila. Kor lang tid ein lar pila stå i jiggen, er avhengig av kva type lim ein bruker. Det er bere å prøve seg fram. Loctite 401 er ein også ein bra lim, men ganske tynflytande. Denne limen, kan få kjøpe i dei fleste Hobbybutikker. Så åpner ein jiggen og tørker evt vekk overskytande lim mellom fjærene. Pass på att du ikkje limer fast fingrene..... Her bruker eg Nock tool for å finjustere nocken slik att denne er på linje med cock fletch.(den svarte fjøra, skal være rett opp)Ein kan også vri nocken med fingrane eller med ei tang også. Og her er det ferdige resultatet! Håper dette var til litt hjelp.
  13. Skal bruke Slick Trick Magnum 100 grs og Rocket steelhead 100grs på min første buetur til Sør Afrika. Slick Trick flyg fint og virker veldig solid. (Hvis nokon er interessert i kjøpe G5 Montec Carbon 100 grs stål spisser, så send PM. Har 9 stk ubrukt + 3 stk treningspisser liggende på hylla.Må rydde litt i furtebua....)
  14. Flott skyting dette! Men det er ikkje umuligt å klare det heller Har slumpa til med 2 stk Robin Hood på knappe 2 år og det er nok en del flaks for att pila skal gå inni kvarandre. Men relativt vanlig att Nock og fjærer ryker vis ein skyter serier på samme blink. Her er bilder av den første RH: http://www.kammeret.no/forum/viewtopic.php?f=115&t=35786
  15. Kjøp EKA swingblade. Den gjer deg mykje kniv for pengane! Har brukt min i 3 år eller noko slikt. Er kjempefornøgd. Har ein del knivar liggjande i skapet ,men det vert som regel alltid EKA'en som vert med på jakt.
  16. Forstår ikkje heilt problem tankegangen, rifle vs bue som matauk Eg er ivrig fisker også. Vis me tenkjer på samme måte her: Garn og Trål er akseptert verktøy til matauk, men ikkje fiskestang? Ingen som eg kjenner i Norge, må jakte for å overleve, så ærlige må me være. Verktøyet som ein bruker er uvesentlig, så lenge verktøyet gjer jobben, humant og sikkert. Og ikkje gløym moral og holdning i tilegg. Me som jegere må være takksame for att eit forbud no er oppheva. Det er stor fordel om me jegere står saman og ikkje sit på kvar sin stubbe og hevde att si eiga jaktform er den einaste etisk rette. I neste runde kan det hende att eit oppheva forbud, kan gagne kruttjegeren......
  17. Eg ser att ein del bekymrer seg for oppfølgingskudd med bue. Det er heilt klart att bue, ikkje har den samme mulighet for dette, som rifle, i teorien har. Det med oppfølgingskudd, er ikkje alltid så lette og gjennomføre, med rifle heller. Etter å ha jakta med rifle i ca 23 år, i stadig tettare vestlands-vegetasjon, er det nemmen ikkje lett å få sendt avgårde oppfølgingskudd med rifle heller,sjølv om ein i teorien har større mulighet for å gjere det.. Og sjølv om ein får muligheten og har fri sikt, kor mange av den gjennomsnittlige jeger, er i stand til å treffe eit hjortevillt i bevegelse, på ukjent avstand og hastighet? Ein del jegere har fått seg ein overraskelse, etter å ha prøvd seg på den løpande elgen på bane for første gong. Der har ein fast avstand, fast hastighet på Elgen og fri sikt.Pulsen er som regel ganske rolig i forhold til jaktsituasjon også. Det er selvfølgelig ein del jegere som behersker å skyte krevende oppfølgingskudd, men mange jegere har faktisk ikkje prøvd dette i praksis. Så rifla har nok et fortrinn vs bue når det kjem til oppfølgingskudd, men ein skal treffe med oppfølginskuddet med rifla og den enkeltløpa hagla også
  18. Ellers kan det være mykje bra å finne på Ebay og Archerytalk. Eg kjøpte meg ein Mathews Z7-Links,2009/2010 modell på Ebay. Buen er 99% strøken. Bare et par skrammer på bue kammen. Det var med G5 Otix Xr sikte,Mathews 5 pil quiver,Whisker Biscuit Camo rest,5 stk Carbontec Whitetail piler med treningspisser, 3 stk NAP spitfire 100grs jaktspisser,3 stk Lumenocks, Black creeks Z7 soft case,ny streng og kabel. Betalte 4580.- kr, levert på døra heime Må vel seiast å være eit godt kjøp! Og med litt kreative kontakter, får en buen inn som gave fra en "slektning" i USA
  19. Ein må kontakte-sende mail til Huntersfriend, FØR ein bestiller via nettsidene deres. Då trekkjer HF fra ca 20% VAT fra kjøpesummen. Frakt er inkludert i prisen, frå HF Europa/Finland. Det blir 25% MVA når varen kjem til Norge.
  20. Har begynt å bruke Arizona Fletching jigger, på Blazer Vanes. Eg har kjøpt både helical og straight(med litt offset). Det virker som Arizona jiggen, presser vanes bedre inntil pilen under herdingen av limen. Bruker fremdeles Goat Tuff lim, men lar pilene stå lenger tid i jiggen før ein tar dei ut, og dette funker fint. Eg påfører også litt meir lim en før, slik att eg må tørke av overskytene lim, når jiggen åpnes. Blitzenburger jiggen er parkert så lenge! Kan anbefale Arizona jiggene! Raske og enkle i bruk.
  21. Synes det er både trist og beklagelig att nok en diskusjon ender opp med mangel på respekt og forståelse for hverandres jaktform. Alle taper på denne type diskusjon, uansett hvilket våpen og jaktform som blir utført. Det finnes ytterkanter blandt både krutt og buejegere og eksemplene er mange, der både kuler og piler er på avveier under jakt. Det er uttallige eksempel på cowboy jakt i begge leirer, men det som avgjør er moral,kunnskap,selvbeherskelse og evner, for att jakten skal bli så etisk forsvarlig som mulig etter dagens moderne samfunns krav og forventninger. Om våpenet er bue eller krutt er uvesentlig. Dagens generasjons jegere, har en høgare moral enn det som har vore tilfelle tidligere. Tidens krav og samfunnets forventninger osv. Både bue og våpen drevet av krutt, er tilstrekkelig til å felle et vilt, etter dagens krav. Det er operatøren av våpenet som er fasiten her!! Eg håper virkelig att dei som er dei mest ihuga motstanderene av buejakt, har fått prøve ein moderne jaktbue og bruker like mykje tid på å tilegne seg kunnskap om buejakt, som å kritisere jaktformen. Som grunneigar,mangeårig riflejeger og kommande buejeger, vil eg ønske begge leirer, hjertelig velkommen til jakt på min eiendom! Ja takk,begge deler
  22. Gode nyheter for oss buejegere! Det er langt fram enda, men dette var eit steg i positiv rettning.
  23. Ser på heimesidene til NBJF att årsmøtedato blir 1-3 Juni i Skjåk. Sett av denne datoen http://nbjf.net/
  24. Det var kjekt å høyre att du var heldigare med leveringa en kva eg var Vedlig fornuftigt å begynne på lav dravekt
  25. Prøvde å lime Blazer Vanes på Easton N-fused. Dei sit som eit skudd. Har prøvd å dra dei av men er ikkje sterk nok i hendene Men på Maxima hunter var det ikkje noko bra resultat med B.V. Det virker på meg som skaftene på Maxima Hunter har en veldig glatt/hard overflate i forhold til andre piler. Prøvde å avfette med på både Aceton og sprit men til ingen nytte. No har eg montert Norway Fusion på Maxima Hunter pilene og desse henger dønn fast. Eg har vel skutt ca 100 skudd med Fusion/Maxima Hunter uten problemer sjølv med gjennomskyting flere ganger i pilstopperen. Pilene flyg veldig bra med Fusion!
×
×
  • Create New...