Jump to content

Fagerstad

Members
  • Posts

    796
  • Joined

  • Last visited

Everything posted by Fagerstad

  1. Det er ein slik kombinasjon eg bruker. Kven som blir mest brukt er avhengig av kva du jaktar mest Eg bruker min 10x56 mest. Det er fordi eg er for feit til å jakte så mykje i skogen
  2. Må nok ein tur til børsemakaren for litt tilpassing. Vil ikkje lukke heeeilt enda Har swaro 3-9x36 og zeiss HT 2.5-10x50 til den børsa. Eg har alltid brukt 3-12x56 (litt eldre zeiss enn din) i dårleg lys. Eg begynte med ein zeiss 10x42 som handkikkert om natta, men det blei betre da eg kjøpte 10x56. Ein god handkikkert er eit must i dårleg lys er mi erfaring. Ein sit gjerne i timar og kikkar på dyr for å vere sikker på at det er rett dyr. Men eg bruker ikkje noko slikt når eg skal gå i skogen/fjell. Da blir det zeiss 10x25 eller swaro 10x32.
  3. Hei og takk for sist Eg bruker ein zeiss 10x56 FL til den bruken og er godt nøgd med det. Om det finst betre ordinære kikkertar til dårleg lys veit eg ikkje. Kan ikkje komme på noko i farta.
  4. Eg brukte innandørstrening med revolver (vi kan berre skyte .22 inne) som grunngjeving og det blei godtatt for nokre år sia og veit andre har gjort det også, men dagens POD-regime klarer vel ikkje å vere så fornuftig. I og med at matchpistolen min er ute av bruk har eg også brukt revolveren i finfelt. Fungerer greit det
  5. Det var ein knekt del... Men puss var også påkrevd
  6. Signert. Og eg håper at eg aldri synk så lågt at eg vil forby ting eg ikkje veit noko om...
  7. Nei, så lenge ingen "tar" jaktvåpna til jegerane så drit vel dei i andre våpenbrukarar? Det er slike haldningar som gjer meg deprimert fordi dei er egoistiske og korttenkte.
  8. Skikkeleg reingjering? Ikkje dumt viss det fungerer
  9. Avtrekket er absolutt tungt. Mykje tyngre enn det eg er vant til
  10. Ein i klubben arva ein gamal Kongsberg-colt etter faren og har lyst til å skyte med den, men eg har sett på den og trur ikkje den er i heilt god skytestand. Eg har ikkje peiling på 1911, men det er tydeleg at hanen ikkje heng oppspent alltid. Viss ein "racker" hardt så står den som regel oppspent, men ikkje alltid. Viss ein spenner med tommelen så står den oppspent i 1 av 5 forsøk. Eg vil anta at det er ein form for slitasje her (våpenet er jo gamalt...), men er det nokon som kan seie noko meir om kva som er sannsynleg problem og evt. korleis fikse det? Takkar for innspel!
  11. Det er eit godt døme på noko som treng privatisering. Vekk med kyrkja frå det offentlege Norge og la dei ta seg av alt vedlikehald og drift sjølve. For å vere litt on topic så er min frykt for private grunneigarar ganske så minimal. Men når ein tar paranoia-hatten på så kan ein sjå for seg NOAH-vener som kjøper og forbyr all jakt. Det er jo iallfall ein rik herremann som har testamentert mykje pengar til fanatikarane.
  12. Det er ikkje noko problem å skaffe ei brukt linksrifle til ein rimeleg pris. Gå for links først som sist. Det er sjølvsagt muleg å bruke ei som er rechts, men kva er vitsen?
  13. Det er xxl eg har (måtte sjekke). Meiner den finst i xxxl også.
  14. Eg er ikkje så høg, men ca. 115 kg lett. Eg bruker den nest største utgava og den er litt lang i beina for meg. Eg meiner iallfall at det finst ein som er større og den bør passe sjølv dei som er ekstra store Og ja, eg liker dressen veldig godt. Einaste er at eg kanskje kunne tenkt meg eit sett til med lommer.
  15. Vargen sitt tips ser rimeleg korrekt ut
  16. Utan å vite om bajonetten faktisk er norsk, så kan ein jo alltids spekulere. Med andre ord, vill gjetting Marineremington finst utan bajonett og med både dølle og sabelbajonett etter det eg har høyrt. Eg har døllebajonetten og det er ein M1843 som er ombygd til 12 mm. Kan dette vere ein rar marinesak?
  17. Er det ikkje noko merking på den anna enn serienummeret?
  18. Jammen ein viss forskjell på dei to bilda Kristian! Gratulerer med positiv utvikling
  19. Joda, kost og spade fungerer greit det, men det er alltid kjekt med forbetringar
  20. Vi står som dei fleste vil eg tru og kostar opp tomhylser etter skyting. Eg har sett litt på nettet etter lurt utstyr for å samle opp dette. Noko liknande som ein gamaldags skyvegrasklyppar som samlar opp hylsene. Det finst slikt å kjøpe, men eg er lurer på om nokon her har kjennskap til og har prøvd noko slikt? Hadde vore interessant med info!
  21. Sjå der ja! Det kunne kanskje funke. 10 skot med harde ladningar må vere interessant
  22. Når ein sit på kontoret i varmen no så blir det ikkje gjort mykje fornuftig arbeid og da blir det lett til at ein begynner å tenke på meir eller mindre smarte prosjekt. I den siste kategorien høyrer vel denne ideen til... Eg har ein links rem 700 i 416RM og viss eg ikkje hugsar feil så tar magasinet 2 skot. Eg kunne godt ha tenkt meg eit laust magasin som tar 4-5 patroner. Men veit nokon om det i heile tatt er muleg å få til noko slikt?
  23. Supert at nokon prøver. Men som nemnt ovanfor så er skrivefeil i namnet litt sånn der...
  24. Eg har mista den midterste sideplateskruen til min M16. Er det nokon som har eit tips om nokon som kan ha ein slik liggande i Norge? Svært takknemleg for hjelp!
×
×
  • Create New...