Hei. Ny på Kammeret, og ny som jeger. Ser ut for at det oppfordrast til å pesentera seg sjølv, og her kjem det: Eg heiter Fredrik, tok jegerprøva i vår på Jæren. Har no flytta med familien (mor og far +søsken) til Nord-Trøndelag, nærare bestemt Namsos. Er student på den lokale vidaregåande skulen her og har ikkje fått nokon jobb her enno så lommeboka er sørgeleg slank. Derfor har eg ikkje anskaffa meg noko våpen enno, men satsar på å få det i havn til neste haust. Har veldig lite erfaring med jakt og skyting. Har bruka forumet her til å skaffe meg diverse info om hagler mm. Skal etter planen kjøpe ei hagle fyrst, få kjem rifla etter kvart. Eg er keivhendt og treng difor ei links-hagle. Om de har tips er eg kjempeglad for det. Tenke ein pris frå 4-8tusen, alt etter kor godt tilbodet er og kor tjukk lommeboka er...