Jump to content

Fagerstad

Members
  • Posts

    796
  • Joined

  • Last visited

Everything posted by Fagerstad

  1. Tja, eg veit om folk som sel partert og vakuumpakka hjortekjøt for lågare kg-pris enn det Kystvilt gir... Ein kan ikkje forvente at eit firma skal gi ein relativt høg pris. Dei skal trass alt vidareselje og ha eit overskot.
  2. Eg sel til Kystvilt. Prisane ein får står på heimesida deira så det er ingenting overraskande der.
  3. Du kan jo prøve med å legge ut bilde og info her kanskje...?
  4. 100% links, både hender og føtter. Sauer 202 Blaser R93 Blaser K95 Rem 700SA Rem 700LA
  5. Ja, og du kan vere medlem av så mange klubbar du vil. Derimot må du velje klubb i konkurransesamanheng for eit heilt år.
  6. Vel, dei som registrerte hagler ved dei forrige amnestia der dei blei lova at haglene ikkje skulle vere med i garderoben har kanskje litt forskjellige erfaringar? Eg meiner det at POD har med sin oppførsel opp gjennom åra demonstrert at ein ikkje kan stole på lovnader frå dei. Eg trur det er naivt å forvente at etterregistrerte hagler ikkje blir ein del av jaktvåpengarderoben etter at prosessen med etterregistrering er over. Det er ingen grunn til å tru på POD som er klare på at det er "makta som rår".
  7. Kva problemet er? Det er ikkje legitimasjonsplikt i Norge. Men no skal det vere for jegerar? Dette er ei byråkratisering av jakta som det kan ligge fleire motiv bak. I Tyskland er jo dei Grøne sterke eller har iallfall vore det. Det er neppe tilfeldig at alt som har med jakt og fiske er overbyråkratisert der. Det reduserer sannsynlegheit for at folk gidd å drive slike aktivitetar, som jo enkelte miljø ønskjer. Vil ikkje vere superoverraskande om ein finn ein del slike i MD som jo er styrt av SV. Tyskarane reiser heller til utlandet som t.d. Norge for å fiske. Konspirasjonsteori? Kanskje, men eg trur det ikkje.
  8. Eg veit ikkje kva slags veg dette er snakk om, men eg stussar litt over det med å gå til fots. Er vegar med 80-grense ein plass ein skal bevege seg til fots? I og med at ein ikkje lagar vegskulder på norske vegar så ser eg på fotgjengeri på norske vegar som eit forsøk på sjølvmord.
  9. Kan du dokumentere at faktisk er snakk om fleire hendingar enn før? Eller er det fordi reglane er endra slik at det i statistikken (viss den finst) tilsynelatande ser ut som at det skjer oftare enn før?
  10. Lurer på det same. Desse programma er ein studie i korleis det ikkje skal gjerast.
  11. Utifrå det bbdg skriv så kan ein tydelegvis vere medlem av fleire lag, men det endrar sjølvsagt ikkje utgangsspørsmålet. Skal ein betale to gonger til DFS? I NSF så betaler ein vel berre ein gong til forbundet? Eg er medlem av fleire pistolklubbar også, men eg har aldri brydd meg med problemstillinga. Mulegeins så betaler eg dobbelt til NSF og DFS
  12. Er du bombesikker på at det er lov å vere medlem av fleire DFS-skyttarlag? DFS får vel statsstøtte som mulegeins er påverka av antal medlemmar og såleis er multiple medlemsskap av same person kanskje litt på kanten? Eg veit ikkje, men har oppfatta det slik at ein berre kan vere medlem av eitt skyttarlag. Og ja, eg er medlem av to...
  13. Einig med siste talar. Min ppk i .22 fungerer fint. Så lenge eg ikkje lar den bli altfor møkkete (noko eg jo gjer som regel...). Men eg liker betre å skyte med den eg har i .32. Morosamare rekyl
  14. Det er jo ein smule avhengig av bruksområde? Eg bruker kniv til hjortjakt og da er det til det. Mitt største problem er å ha ein skarp kniv. Eg har kjøpt ein Tormek, men den har visst naboen no. Han har rett nok slipt ein del av mine knivar I tillegg har eg ørten moraknivar. Og enkelte dyre knivar. Ein skarp kniv er det eg vil ha og eg gir bæng i korleis den ser ut. Om ein lagar sin eigen kniv så ville eg hatt noko som likna Fallkniven (hugsar ikkje modellnummeret..), og hatt stor glede av nettopp det å lage min eigen kniv. Men det kjem eg aldri til å gjere. Helsing ein som har brukt fleire titusen på knivar. Ikkje konstruktivt eller det du var ute etter, men berre ein knivmisbrukar si meining
  15. Forklarer ITAR kvifor ein kan sende til Sverige, men ikkje Norge??? Slik eg oppfatta det var tilfelle her.
  16. Viktig poeng! Der eg jaktar er det vått. Veeeeldig vått...
  17. Takk for svar! Det er fleire som har hinta om at eg kanskje skulle sløyfe heile beverskinnet og berre bruke neopren, men eg innbiller meg at det blir litt varmare å sitje på beverskinnet. Men sikker er eg ikkje, har berre erfaring med reinsskinn og det er jo gull for oss som jaktar i dei norske regnskogane.
  18. Eg har tenkt å lage til ein sitjelapp med belte av beverskinn. Eg hadde tenkt å impregnere skinnet med kokt linolje, men så såg eg at ein annan brukar hadde limt på neopren. Det var ikkje ein dum ide. Men så kjem problemet. Vil eg klare å finne noko lim som vil klare å lime neopren på skinnet impregnert med kokt linolje eller må impregnering av skinnet utelukkast viss eg skal lime på neopren? Eg tippar eg må det, men flott viss nokon har nokre smarte idear?
  19. Å seie at ei slik hagle fungerer opp til, men ikkje trast, er berre tull. Fugl som trast er akkurat det dei er perfekt til. Eg har skote hundrevis med slike hagler. Ein skal passe på avstanden. Opp til ca. 10 m fungerer dei heilt fint.
  20. Datt ein bukkekalv på 28 kg i måneskinet sist helg. Fire unnagjort, tre igjen. Blir som vanleg ein lang jakthaust som sikkert varer til jul... Det er nok litt meir dyr i år enn i fjor, men ikkje mykje. Gjekk mange timar i marka og såg null og niks... Lysta til å setje opp viltkamera med MMS aukar sterkt, for eg lurer fælt på når dyra eigentleg trekker...
  21. Noko som seier meg at det ikkje blir heilt komplett no. Eg sa meg frivilleg til å gjere den jobben her i fylket på måndag...
  22. Det er vel ikkje POD, men DN som står bak det. Viss eg ikkje hugsar feil. Den såg så militær ut...
  23. Blaser K95 i .308Win. Kapp løpet til passande lengde og sett på ein Zeiss Compact og ein lett dempar. Eg har allereie plan om dette, med unntak av dempar. Må berre kjøpe eit .308-løp. Det er jo ikkje akkurat billeg...
  24. Har kikka litt i boka. #3 bør vere Krag-J M1912 Privat. #2 er litt meir kinkig sia 11934 passar ikkje heilt med 1908. Så bilde bør du absolutt legge ut! Men det er truleg M1904 Ingkarabin.
  25. Det er med feste, men eg har ikkje testa min enda.
×
×
  • Create New...