Eg har ein Hämmerli sp20 som kranglar litt. Etter det eg har lese så er ikkje det eit uvanleg problem. Eg skulle gjerne ha bytta litt fjører i den. Er det nokon som veit kor ein kan få kjøpt det?
Eg har lyst til å montere raudpunktsikte på ein cz85 for litt artigskyting i dynamisk, men det må også kunne takast av for bruk i felt. Er det nokon som har eit forslag om sikte og festemetode?
Neida, som eg skreiv over så er den i medium-området. Er einig i at graveringa ikkje ser tipp-topp ut, men trur det er meir typisk for spanske hagler. Har inntrykk av at t.d. tysk gravering ligg på eit anna nivå.
Måtte sjekke kva triangle gun var. Nei, det er eit heilt anna nivå på hagla. Det er bilde av den på ein annan tråd der eg spurte om id. Det er ei sidelås s/s med gravering. Den er over modell 8e for merket.
Eg prøver å hjelpe ein slektning med å selje ein reg. Victor Saraqueta sideliggar 12/70. Kven i landet er god på å vurdere "riktig" verdi på slike hagler? Svaret til slutt er jo sjølvsagt eit sal, men det er vanskeleg å vite kva nivå ein skal legge seg på. Meiningar og tips blir mottatt med stor takk!
Prøver å finne ut kva modell dette er, men blir ikkje klok på kva som er forskjell på 203, 6e, 7e, osv... Er det nokon som kan noko om dette? Stor takk for eventuell info.
Utsjånad betyr null og niks for meg. Det er utelukkande eit bruksvåpen. Mista den på ein stein i haust og det blei fine riper i tre og metall. Det hadde vore ille viss det var eit vakkert smykke eg bar på
Eg har allereie kjøpt ein Javelin tofot som eg har tenkt å felle inn i fortreet. Meeen det eg helst vil er å få bygd ein karbonstokk til børsa. Problemet er berre at eg må moderere pengebruken litt
Det er fleire som har liknande problem ser det ut til. Her er Mattilsynet veldig skråsikre i saka.
http://www.firda.no/nyheiter/matvarepro ... -15-330213
Da har min K95 fått dempar. TE-dempar og kappa løp. Fekk gode råd når det gjaldt fargestyling frå hjortefot.com med matchande farge for dempar og låskasse. Den karen kan sine fargar!
Eg prøvde nettopp å finne terminliste for fylket for 2017. Eg finn rett nok nokre stemne under "Påmelding", men det er for dei første månadene i året. Kor ligg evt. heile terminlista? Eller er det slik at ingenting ligg der før 15.12? Eg må innrømme at eg finn opplegget rotete. Det er mange som ikkje kjem til å gå inn der. Det er faktisk mange som ikkje bruker pc...
Var i Polen i forrige veke og da blei ikkje ammunisjon kontrollert verken inn eller ut av Polen. Einaste dei ville vite ut av landet var kor mange skot eg hadde i kofferten. Men reknar med at opplegget kan variere frå person til person som står der.