Jump to content

LabRat

Members
  • Posts

    581
  • Joined

  • Last visited

Everything posted by LabRat

  1. ikkje det at eg tviler på tidlegare kommentarer, men er det verkeleg forskjell på blåneringskvalitet ? Vil ein slik jobb hindre at hylsteret lager nye riper ?
  2. Våpenet er fantastisk. utruleg presisjon i den saken. Etter eg bytta ut plastgrepa med alugrips har eg berre blitt enda meir fornøygd. Utruleg tight og fin .45 Har i alle fall ingen planer om å kvitte meg med den
  3. Akkurat. Det er kanskje ei løysing om litt, dersom blåneringa blir enda dårlegare. Ellers er den veldig fin og eg merker ikkje noko spesiell slitasje andre plasser.
  4. jaja.. burde kanskje kjøpt ein med noko anna enn blånering. Uansett, våpen som blir brukt får vel litt merker etter bruk. Ein får vel leve med det
  5. Har ein sak eg lurer litt på. Kanskje det er forfengeleg, men eg liker ikkje unødvendige merker på mine våpen. Saken er følgande: Eg har ein relativt ny STI Lawman .45 acp. Denne er blånert så vidt eg veit. Har og eit Sickinger lærhylser eg bruker på denne av og til. Spesielt på feltskyting.I dette hylsteret er det ein kanal som eg har forstått skal beskytte siktet på våpenet. Eg legger no merke til at eg får to langsgåande striper på toppen av sleiden og det passer med denne plastkanalen. Er det normalt at blånering blir slitt så fort ? Ikkje at det betyr så veldig mykje reint praktisk, men den bli jo ikkje slike svart og fin Har jo høyrt om "holster wear", men trudde ikkje det var aktuelt basert på mitt bruk..
  6. Er ikkje ofte eg vil anbefale nokon å gå på SparKjøp, men dei har ein veldig brukande bæremeis. God plass til litt ekstra og med "tak" til ungen som ein lett kan ta av. Inni dette taket er det og eit ekstra regnbeskyttelse som ein kan ta ut. Heilt grei og kjekk pris til rundt 500 kroner Ta ein titt i alle fall før du bruker 3x prisen på ein annan.
  7. Ein kar eg kjenner bruker faktisk blandemaskin, men for folk flest blir det vel sjeldan tromling da. Reknar med at det må ein del hylser til for at dette skal vere fornuftig.
  8. Det var faktisk ein Ortgies eller noko slikt i 32. acp. No trenger eg vedlikeholdstips til denne sidan det virkar som avtrekket ikkje er heilt fullstendig. Mulig det er komme noko drit i den som gjer at sear ikkje slepp seg lang nok ned til å frigjere tennstempel. Noko tips om brukermanualer eller vedlikeholds anvisning ? Ø
  9. Kan jo og vere ein løysing at politiet oppbevarer våpenet ja. Kanskje registrere den på meg fram til han har alt i orden for å sikre at den ikkje forsvinner på grunn av ein eller anna formalitet. Meiner eg har høyrt snakk om arving av våpen ved død og liknande, men det er kanskje andre regler når det gjelder rifler enn pistoler.
  10. Hei, Skumma nett gjennom nokre lover og forskrifter, men finner ikkje noko konkret svar på kva som er grunn god nok i dette tilfellet. For nokre dagar sidan fekk bestemora til naboen beskjed frå politiet om at ho hadde ca 1 mnd på seg til å kvitte seg med ein gammal pistol frå krigens dager som mannen i huset hadde hatt ( han er no død ) Eg har ikkje sett våpenet enda, men slik eg har forstått det så er det ein .32 acp, ein eller anna browning klone.. litt lik ein Walther PP utan hane slik eg har forstått det. Det er i grunn ikkje så viktig. Den skal fungere. Norsk kronestempel, tysk produsent og stempla 1910. Kan naboen ( da barnebarnet ) søke om å overta dette våpenet sjølv om han ikkje er medlem i pistolklubb? Han er jo i direkte arvelinje og våpenet har nok meir affeksjonsverdi enn noko anna. På kort sikt planlegger han og å bli medlem i ein pistolklubb. Eg råda han til å legge fram saken for det lokale politikammer, men tenkte eg skulle høyre om nokon har vore i same situasjon ? Takk for hjelpen.
  11. Joda det kan eg skjønne.. sjølv har eg 2 stk med forskjellige sleider montert. Ein stor og ei normal. Men det er 2 stk dillon kruttmål
  12. Kan ikkje heilt sjå hensikta med å bytte ut dillon sitt kruttmål med eit anna som du skal motere på pressa. No lader eg mest til pistol så kanskje eg ikkje har så mykje greie på dette, men eg synes ikkje det er problematisk å justere litt for kvar gong eg skal lade. Eg vil alltid kontrollere målet før eg lader uansett så om eg må justere litt betyr ingenting. Som sagt.. sett på ei eksta fjør om du ønsker. Men eg vil påstå at Dillon sine sleidemål er veldig gode. Ha ein fin kveld. No finn eg fram litt Jæger og ei øl eller to Ø
  13. RAYJO: Dersom du ikkje har fått svar enda så gje ein lyd så skal eg komme med ein litt meir detaljert forklaring. Mulig du har funne ut av det sjølv dersom du har fundert litt. Trur tanken frå Dillon er at målet skal få eit lite "klakk" for kvart drag. Sjølv har eg tatt vekk den funksjonen og er fornøygd med det. Når det gjelder nøyaktighet til dillon kruttmålet vil eg nok tru det holder til jaktbruk, men personleg vil eg nok og kontrollere vekta i kvar enkelt av dei få patronene eg bruker til jakt Dersom du allerede har lada ein del til 6,5 og testskote desse har du kanskje ein formeining om eigenspredninga til denne ammoen. Noko værre kan eg ikkje tenke meg at jaktammoen blir med tanke på variasjon i kruttvekt. Eg testa dette kjapt for ei stund sidan og hadde kanskje +/- 0.3 grain på 45 grain med N150. Ø
  14. Eg fekk anledning til å teste mi på 200m i går. Riktignok ein 308 med tungt løp, men den går godt. Lada 168 grain Partizan med 44 grain N150. Skyter med reim så får ikkje kun testa eigenpresisjon til rifla. Uansett så presterte eg samlingar mellom 35 til 70 mm.. senter til senter. For meg å vere og til jaktbruk vil eg seie meg fornøygd. Beste eg har hatt med denne rifla er faktisk ca 9,5 mm samling på 100m og støtte.
  15. Det skal gå fint. Reknar med at det er base pad du meiner. Den stikker berre ut under som ein forlengelse av magasinet og beskytter ved drop. Ø
  16. Hei. Enig med Morten her at litt kraftig hagl kan fungere bra. i alle fall 36 gram og 4-5 hagl fungerer fint. Blir kanskje litt stygge slagt til tider, men den dett. Dersom skarven kjem veldig nær ( slik som i mitt tilfelle ) har eg og veldig bra erfaring med vanleg leirduehagl. Relativt kloss hold og sikter etter hals / hovud. Ikkje tru at grove hagl kan auke skyteavtand noko særleg. Hold posisjon til skarven er nær, vis deg og den "stopper" i lufta.. veldig fin blink akkurat i den situasjonen. Sørg i alle fall for at den er dau i lufta. Den har ein tendens til å dykke. mvh
  17. Standard salong er omtrendt frå 320 - 350 m/s 1050 - 1150 fps
  18. Når det først blir diskutert 308 og v-max. Er det nokon som har nokre testa med N133 ? Setter pris på eit tips eller 2 før eg begynner å teste sjølv. Har jo data frå ladeboken, men det var ikkje akkurat same kula. takk for hjelp Ø
  19. Dersom snare kan sorterast inn i denne kategori eg er veldig interessert om nokon har ein link om emnet å dele. Har veldig lyst å prøve dette til hausten/vinteren
  20. Dette er litt interessant og eg skal heller passe på å kontrollere hylse og kulevekt neste gong eg lader nokre testladninger. Sjølv har eg i grunn berre gode erfaringer ( etter mine standarder ) med partizan kuler i 308. Greit, dei varierer ein del meir i vekt enn andre, men virkar som dei fungerer ganske bra likevel. Min beste samling på under 10 mm med reim var med denne kula. ( Antakeleg litt flaks og, men morro likevel ) Ligger ganske stabilt på 20 - 40 mm samling med min howa 1500. Da skyter eg med reim og ikkje i benk. Det er jo ein smal sak å kontrollere hylse og kulevekt litt ekstra. Eg kan jo ta nokre norma hylser og partizan kuler å sortere litt. Lade nokre som skal vere ganske like, lade nokre andre med same kruttvekt, men anna hylse og kulevekt. Notere evt. treffpunktendringer. Vege litt forskjellig slik at eg kanskje kan treffe maksimalt ytterpunkt av kombinasjon hylse og kule.
  21. Hei. Eg vil seie meg enig med høggen. Du seier sjølv at du ikkje er verdens beste skytter, men det er langt mellom den klassen og vanleg dødelege . Så eg antar at du er ein dugeleg skytter. Har ein slik sjølv, men i 30-06 og det er ikkje berre enkelt sidan stolpen i framsiktet dekker nesten heile svarten. Meiner eg holder 9 i snitt på ein god dag ( les; sjeldan ), men det er jo nokre cm i spredning det. Mitt største problem er å stille høgre/venstre sidan eg kun kan klakke på forsiktet. Trur ikkje du skal skru opp forventningar og samanlikne samlingar med dei beste i forumet heilt enda. 7 cm er godkjent til å begynne med. Berre å trene. Opne sikter oppp mot 100m er heilt kurant til jakt.
  22. Eg har til no brukt valnøttskal med flytande "orginalt" tilsetning. Hylsene blir ikkje klissete her. Reknar med at risen suger til seg fuktigheten
  23. Det er jo viktig med nokre mm hold i hylsa og, men dersom eg bruker spesielt korte kuler. HP eller FP pleier eg rett og slett å finne ein mantla kule av samme sort og måle forskjell i lengder på desse. Den forskjellen trekker eg ifrå på settedybde til å begynne med. Da beholder ein i alle fall same volum i hylsa. Enklaste er vel å trekke ei fabrikk 115 FMJ om du har tilgjengeleg og samanlikne kulene. Er det 1,5 mm i forskjell på kulene ville eg begynt med COL tilsvarande mindre. Ein anna faktor er sjølvsagt bæreflate på kulene, men det er jo derfor du begynner lavt når du skal teste. Håper det var til hjelp
  24. Eg har ein tuna Glock 26 med veldig lett tennstempelfjør. Mykje lettare enn Wolff sin 4lb, men den fungerer fint med CCI sine SP. Har ikkje testa meir enn nokre hundre og har nok planer om å gå over til federal for sikkerhets skyld til slutt. Men som sagt, ingen klikk enda. Når det gjelder ladning så skal 4,8 grain N340 bak ei belagt 124 grain kule stort sett holde faktor. COL i underrkant av 29mm. ( Dette er med archipelago kuler ) Det går nesten i min 26 og litt over i ein Glock 34 eg testa. Den er vel ganske lik ein 17, men med litt lengre løp. Ø
×
×
  • Create New...