Jump to content

LabRat

Members
  • Posts

    581
  • Joined

  • Last visited

Everything posted by LabRat

  1. LabRat

    pumpehagle.

    Har sjølv ei 870 hagle som eg har brukt veldig mykje. Kanskje eg har skote noko slikt som 5000 skot med den. Den har og vore med på det meste. Leirdueskyting, rype, and og skarvejakt. No i ettertid har eg begynt å leike med tanken på å kjøpe meg ein over / under i tillegg. Dette pga av ein enkel ting. Stort sett så trenger eg kun eit skudd på rypejakta, men eit par gonger har eg hatt behov for nr 2 ( ja det skjer ) og da har eg kanskje vore litt vel ivrig og klart å pumpe inn igjen tomhylsa. Dvs. ufullstendig ladegrep. Greit nok på skarvejakt, dei kjem det alltid fleire av, men utruleg kjedeleg på rypejakt. Det er litt lengre mellom fuglane der Så det eg prøver å seie er at eg er veldig fornøygd med pumpa mi, den gjer aldri feil, men det gjer eg. Så fort ein ikkje er 100% konsekvent i ladegrepet kan det blir tull.. Angrer ikkje på kjøpet i heile tatt, men ville kanskje kjøpt ei over under først Litt OT, men håper det var litt matnyttig likevel.
  2. Om du vil at den skal vere subsonisk kan du prøve CCI standard. Den er ofte stille og fungerer bra.
  3. Mest sannsynleg må den gå seg til litt. LItt uening med sistemann her. Kan ikkje sjå noko grunn til at den må stå på nederste løp først. Det er jo ein løpsvelger. Einaste funksjon den har eg å velge kva løp DU vil fyre av først. Elles så ville eg fulgt anbefaling til Goatboy
  4. Takk for tipset. Den måtte eg jo kjøpe. Det er jo så billig at eg ikkje får dårleg samvittighet om den berre ligg i skuffa og aldri blir montert
  5. Eg bruker alltid small rifle hetter ved lading av 357. Er faktisk det som står anbefalt i VV sine ladetabellar om eg ikkje tek feil. Har og testa forskjellen i 38 ladningar og den var ikkje merkbar nok til å skylde på hettene i alle fall. +/- 30 - 40 fps og det er i gunn ikkje mykje å snakke om. ( på 750 fps ca )
  6. Høyres ut som det er låsepinnen i front av tønna som skrur seg ut ved skyting. Prøv å stramme den. (Utstøterpinnen ) Skjer det ofte kan du bruke lit loctite 222 på gjengene. Hugs at desse mest sannsynleg er links Håper det hjelper
  7. Når det gjelder 200 m anlegget på Melkeplassen er DFS folket litt meir restriktive. Dei har litt dårleg erfaring med jegere som skyter sund blinkstativet og slikt. Det forstår eg godt Men, for all del. Eg fekk lov til å skyte litt. Berre forsikre dei om at du er innskutt, be om å få vere med på ein vanleg treningsdag dersom det er ein ledig standplass. Det pleier eg å gjere og har enda til gode å bli nekta. Det hjelper nok og å melde seg inn i skytterlaget. Meiner det koster noko slikt som 300 kroner i året. Da vil du ha litt meir "rett" til å skyte du og. Eg pleier og å gå dersom det kjem folk som skal trene seriøst..
  8. LabRat

    CZ SP-01 Shadow

    Slenger inn eit spørsmål i denne tråden sidan deler har blitt omdiskutert deler tidlegare, håper det går bra Nokon som kjenner til eller veit kvar ein kan får ta i Sportec match avtrekk til CZ 75/85 SP-01 ? Om det i heile tatt eksisterer lengre..
  9. LabRat

    Tuning Glock 19

    Steike.. litt over toppen for min del.. Heilt utruleg, men det værste er vel at dei tjener sikkert bra på dette
  10. LabRat

    Tuning Glock 19

    veldig bra. takk for input. Da skal eg myse litt i butikken deira.
  11. LabRat

    Tuning Glock 19

    Hei og god morgen.. Eg tenkte eg skulle ta ein liten jobb på glocken til ein kompis sidan den har veldig tungt fabrikk avtrekk og faste sikter. Det viktigaste er i første omgang avtrekket. Sidan eg mest sannsynleg skal bestille frå USA er det i alle fall praktisk om siktet kjem i same bestilling slik at eg slepp 2 fraktkostnader. Dersom butikken leverer alt eg trenger. Det står i grunn mellom 2 ting. Komplett competition trigger frå http://www.glockmeister.com. Dette blir og det dyraste alternativet. Neste valg er ghost trigger/connector. Ein del blilligare og sikkert andre forskjeller og. http://www.ghostinc.com Nokon som erfaring med desse og evt. kan komme med nokre anbefalinger. Takk for hjelpen.
  12. Det er jo bane på Laksevåg/ Melkeplassen og. Bergen Skyttarlag. Rifle og pistolbane på same plass. mvh
  13. Her i Øygarden er det stort sett i fredningsområdet dei lander. Sitter faktisk å ler av meg når eg køyrer til og fra jobb
  14. Takk for innspel. Snakka med Direktoratet for Naturforvalning og dei hadde ein fin naturbase med kart og direkte link til kvart enkelt område med tilhøyrande lovdata. Eg kunne i prinsippet jakte heilt opp til grensene dersom ikkje noko anna var spesifisert i lovteksten. Det viktigaste for meg å ha klart for meg kva eg har lov til eller ikkje. Liker lite å komme i ein situasjon der eg ikkje kan forklare meg sjølv om det viser seg at eg har lov.
  15. Hei, No er det slik at eg har fått lov av grunneiger til å drive gåsejakt. Saken er at eigendommen hans grenser mot eit fuglereservat eller fredningsområde. Nokon som veit om reglar rundt dette ? Har eg lov å ligge på grensa og skyte fugl ? Eller er det noko som heiter nærgrenser og slikt ? Litt greit å ta dette på forskudd føler eg. Kjem sikkert ein ornitolog eller fleire å klager så fort me begynner å skyte. takk for hjelpen
  16. Da var min nye Howa godkjent for storviltjakt. Måtte vente litt sidan ein før meg ikkje klarte det på 4 forsøk. Standplassleder lurte på om han ikkje hadde skutt inn rifla.. Nei, sa mannen. Hadde ikkje meir ammo. Måtte kjøpe noko nytt. Siste forsøket holdt han ca 10 cm over reinen. Einaste grunnen til at han gav seg var vel tom for ammo og nesten gløding frå lyddemparen.
  17. Sjølv prøver eg å skyte så mykje eg har tid til. Har den fordelen at eg får bruke bana utanom vanlege treningstider, men da må eg sjølvsagt skyte på papp. Elles vil eg nevne at eg ikkje er enig i mykje av den negative tonen mot DFS trening og skyttere. Eg har fleire gonger vore på Melkeplassen i bergen ved DFS trening å spurt om å få skyte på ledig standplass etter deira kommando. Både med junior og dei "vaksne" Det går stort sett greit. Blir det fullt så flytter eg meg. Får til og med lov på 200m bana. Sjølv om dei var litt skeptiske første gang mvh
  18. LabRat

    Larve 3

    From the album: Friluftsliv

  19. LabRat

    Larve 2

    From the album: Friluftsliv

  20. LabRat

    Larve 3

    From the album: Friluftsliv

  21. LabRat

    Samling

    From the album: Annet

    Patrtizan 168 og howa 308
  22. No er eg ganske ny på riflelading sjølv, men den Collet dia til Lee skal justerast på ein litt spesiell måte. ( necksizing ) Dersom du kun skrur den ned til hylseplata vil den ikkje presse i det heile. Den må ha god kontakt med hylseplata slik at den nedre del av dia blir pressa godt opp i dia. Omtrendt ein runde eller meir etter den har kontakt med hylseplata meiner eg. Pass på at du ikkje tek for mykje. Da kan du sprenge gjengene i toppen. Meiner at der står i manualen noko slikt som at du skal ha eit press på ca 10 kg når den er innstilt rett. Sjekk manualen for Lee. Mulig du har gjort dette, men eg berre tipser om det eg gjorde feil til å begynne med. Kunne ikkje skjønne kvifor den ikkje pressa. Eg er ikkje vant til å sette diene så langt ned i alle fall..Dei fleste andre skal stort sett ned til hylseplata/holdaren. Lykke til.
  23. Kva blir ansett som for mykje motstand i dette tilfellet ? Bolten vil jo uansett ikkje gå like lett som med tomt kammer... eller ? Med litt motstand vil det vel bety at hylsa sitter godt mot bunn av sluttstykket. Eg hadde og mykje same problem med 308 hylser som ikkje var skotne i mitt våpen. Heilpressa og skaut dei ein gong. Da vart det så mykje betre. Uansett så ser det ut som at eg alltid kjem til å lage jaktpatroner med hylser frå eige våpen.
  24. LabRat

    Howa 1500

    Hei, Har sjøv ein Howa 1500 Varmint i 308. Nokon andre som opplever at den har veldig trangt kammer ? Fekk tak i ein del hylser som skal vere eingangsskotne i eit anna våpen som eg har problem med å heilpresse nok. Får kamra, men ikkje så lett som eg ønsker. Eg trudde at heilpressing var heilpressing og hylsa var satt tilbake til fabrikkstandard, men så feil kan ein ta. Bruker Lee heilpressedie Er det rett og slett mulig at eg ikkje kan bruke så mykje anna enn hylser som kun er skotne i mitt våpen eller kan det vere at dei vil "gå seg til" etter eg har brukt dei ein gong ? mvh Ø
  25. Sickinger lærhylster, men det er plastskinna som beskytter siktet som sliter
×
×
  • Create New...