Jump to content

LabRat

Members
  • Posts

    581
  • Joined

  • Last visited

Everything posted by LabRat

  1. Greit. Da skal eg lade opp litt fleire rundt 200 m/s og ikkje heilt avskrive 0,358 kula enda. Einaste er at det er lenge mellom kvar tur til bana og blir meir fintenking enn skyting. Blir tullete av sånt.
  2. Er ein gammel Domino 602 hos ladrø Billig i alle fall. Sikkert veldig bra og Deler er fullt mulig å skaffe. http://www.landro.no/brukte.htm
  3. Akkurat.. Eg begynte rundt 600 fps. ingen problem. Såg ikkje etter dette, men la ikkje merke til det i tønna før eg hadde skudd litt av dei raskaste ladningane. Tipper opp mot 770 fps.. Det skulle vel bli noko slikt som 234 m/s. Du meiner kankje dette er for raskt ? Gjelder Clarry kuler 148 grain WC
  4. Hei. Fekk tak i noko WC kuler, 148 grains som eg ville teste ut i min 686 revolver. Fekk både .357 og .358 kuler. Tenkte eg ville begge to for å sjekke kven som var best. Tidlegare har eg prøvd å tvinge ei kule inn "feil" veg i sylindaren. Det gjekk med litt makt, men ikkje mykje. Det var ei .357 kule. Prøvde og ein gang å slugge ei blykule gjennom løpet og denne datt faktisk ganske lett gjennom kammeret i tønna etterpå. Kan det stemme at kammeret i tønna er trangare enn løpet ? Uansett så lada eg opp nokre testladningar i dag. Etter nokre få skot så merka eg at det la seg litt bly i enkelte sylinderar. Nesten som flak. Kan dette vere eit tegn på at 358 kulene er for trange ? Meiner eg brukte bra nok "flare" slik at kulene ikkje vart høvla når det vart satt i hylsa. Trur heller ikkje det ville lagt seg på same måte i tønna.. Fekk ikkje testa nok til å bestemme kven som vart presisjonsmessig best i dag. Alt var likt i patonene bortsett frå kulediameter. Den største kula hadde litt større hastighet. Lurer berre i grunn på om det er noko vits i å lade opp meir 358 kuler dersom dei er for trange
  5. kor synleg er denne pluggen og vil alle som har hylster til sine feltvåpen no måtte bere våpenet i hånda sidan det ikkje vil gå i hylsteret lengre ?
  6. Ja det er eit deksel der ja.. Vri rundt og for å nå knastene og still klokka etterpå ? Fungerer ikkje det heller ? Da veit eg ikkje.. har ikkje akkurat den modellen,.
  7. du skal vel få justere dei kneppa uavheging av kvar pila er dersom det ikkje er noko form for lås som skal sikre at den ikkje tilfeldigvis knepper inn ein feil knast. Pila setter du til rett klokkeslett akkurat da, så vil den tikke å gå som eit vanleg ur.
  8. Stikker den i kontakten, Plugger i det du vil styre i timeren. Vrir pila til rett klokkelsett og knepper ned knaster for det klokkeslett når du vil at den skal levere straum. Meiner eg. Omvendt i tilfelle dersom det er på når du vil det skal vere av.. Forstått ?
  9. Joda, beklager. Var ikkje meint som eit svar til deg. Eg lurte berre på kvifor folk ville kjøpe 22 ammo for 3 gonger butikkpris.. 223 var sikkert billig nok
  10. Denne er ikkja akkurat billig, men sjølv om det er QXL så får ein vel ikkje solgt .22 til denne prisen ? Sjølv betaler eg 32 kroner for ein pakke eley http://auksjon.qxl.no/kimutz
  11. Sånn til morrobruk vil nok dei fleste fungere. Har du sett på holografiske sikter ? Eg føler dei er betre egna til pistolbruk.
  12. Når det gjelder den målekassen.. korelis er den. Må våpenet ligge "beint" i kassen eller er tillatt om den passer dersom ein legger den litt diagonalt. Med løpet skrått nedover ?
  13. Dei gangene eg lager skarv er me stort sett ein gjeng med karar som nettop har vore på jakt. Da skal det vere enkelt og smake godt. Kutter rein bryststykker ( 2 ). Bruker ikkje noko anna på fuglen. Steiker det i småbetar, ganske bra. Liker ikkje rosa, blodig skarv. Legger kjøtt til side og steiker opp ein del aromasopp og løk. Blander alt saman. Ein boks med kremfløyte og salt og pepar over. La dei putre ei stund og server med ris og kanskje noko brød. Veldig enkelt og godt. Fordelen er at fløyten kan ta vekk litt av transmaken dersom ein ikkje har vore altfor flink med kuttinga. Elles veit eg dei som lager seg biff og er veldig fornøygd med det.
  14. ( har forresten lagt til side det 22 magnum alternativet, fant ut at 22mag og 22lr ikkje var så like som eg antok) Ja, ser at 32 er aktuell, men i frykt for meir ladeutstyr trur eg nok eg velger 38 Tråler markedet etter ein Smith modell 14 eller 19.. Kva er fornuftig pris på desse ? Vil jo variere litt, men ein kurant normal brukt revolver ? Ser det ligger ein 19 på QXL faktisk
  15. Virkar som dei faktisk får inn mykje som kan vere interessant for andre skyttere og som har våpen lovleg registert. ( om ein ser vekk frå ulovlege våpen ) Dei burde halde ein auksjon, selge våpen/deler lovleg og bruke pengane til noko fornuftig
  16. Takk for tipset, men heller nok mot ein 38.. skal kontrollere å lade til alle desse våpnene og. Blir mykje testing og da bli kjerringa grinete
  17. Korleis vil det bli ? Eg bruker jo ein del 38 i min 686, men tenkte det at dersom eg kun skal skyte 38 så burde eg velge ein som hadde 38 kammer. Påvirkar ikkje dette presisjonen i heile tatt ? Kan eg like gjerne kjøpe ein 357 ?
  18. Eg meiner det er det enklaste. I det andre alternativet søker du jo om fleire rifler. For du skal vel berre ha ei ? Som sagt.. snakk med lokale våpenkontor. Dei forklarer dette der lett
  19. Lever inn ein søknad på jaktrifle. Noter opp aktuelle kaliber i kommentarfeltet sidan du ikkje er sikker. Det går som oftast bra her omkring. Veit jo aldri kva ein snubler over. Evt ring til politikammeret og høyr direkte med dei
  20. OK. Reknar med at du får ein børsemaker til å bore hol til festene ? Skifter du forsiktet og ? Eller bruker orginalt Enda meir å fundere på-- tusen takk
  21. Hei. Eg har ei stund vore på jakt etter ein spesialrevolver. Valget ligger som vanleg mellom .22 eller .38. Føler eg kan lade ein 38 ganske lett og meiner i grunn at .22 høyrer heime i fin No er det nok slik at så lenge det er lov er det jo aktuelt med .22 i revolver og Får eg tak i ein modell 17 f.eks så er det jo bra greier. Nokon som har noko forslag ? Eg har blitt tipsa om å sjå etter ein M14, men det er lite til salgs for tida. Nevnte våpen må jo sjølvsagt gjennom litt ombygging før dei er godkjent. Nokon som kjenner til ein Smith M48 i .22 magnum ? Vil denne fungere om eg kutter løpet ? Er det kurant å skytte .22lr i denne utan at det vil påvirke presisjon merkbart ?
  22. LabRat

    Lee Pro 1000

    Hei, Driver å setter opp eit forslag til ladeutsyr til ein kompis og lurer på følgande. Slik eg har forstått det så har Lee Pro 1000 kun 3 stasjoner ? Det betyr da at ein ikkje kan bruke factory crimp die på denne pressa ? Korrekt eller har eg misforstått noko ? ha ein fin dag.
  23. http://www.kammeret.no/forum/viewtopic.php?f=80&t=2838&p=31984&hilit=30+skudd+597#p31984
  24. Her er eg og enig. Felt er felt. Da skal alt fungere 100 % for å skyte fullt. Våpen og skytter. Det er jo lov å klarere feil undervegs. Ein ting eg har lurt på: Sei du skyter pistol, mil felt og bruker f.eks 45 acp Første patron klikker.. du tek ladegrep mater ut den skarpe som var i kammeret og skyter dei 5 neste. Dersom du har igjen tid ( lite sannsynleg ) har du da lov til å plukke opp den du kasta ut for å lade den kjapt og skyte innan tidsfristen ? Sidan dette er ein militær skytestil kan eg og vere til dels enig med dei som meiner det burde vere krav til ammunisjon i meir enn mil felt, men sidan me har fleire klasser er vel den saken i grunn dekka. ( sjølv om langt fra alle er einige )
  25. Eg har og ein .22 sett til min cz 85, som er det same som til ein 75 om eg ikkje tek mykje feil. Må seie at dette imponerte meg ein del. Såg på dette som ein irriterande ekstradel når eg kjøpte våpenet ( mest fordi eg måtte slenge inn enda ein søknad på .22 ) Heldigvis så vart det ein positiv erfaring. Våpenet er såpass tungt at det nesten ikkje er rekyl. Bruker CCI standard med overraskande bra presisjon og funksjon. Når eg får gjort ein avtrekksjobb på våpenet kunne eg lett vurdert å bruke den til finfelt.
×
×
  • Create New...