Jump to content

LabRat

Members
  • Posts

    581
  • Joined

  • Last visited

Everything posted by LabRat

  1. Uansett farge er det veldig greit at det ikkje er noko i kammeret når du kjem på bana. Veit at veldig mange har fått kommentarer på akkurat dette. Nokon bruker og tomhylser og det kan og vere litt skremmande.
  2. LabRat

    kjøkken kniver

    Victorinox er ofte på tilbud. Dette er veldig gode knivar og ikkje altfor dyre eller fancy heller. Funksjon framfor fancy design.
  3. Det er jo meir ein kuriositet enn mat for å mette veldig. ( festen rundt er kjekk ) Dersom huvuda er svidd et ein vel og skinnet, men denne tilbredninga liker ikkje eg. Meir tilhengar av "skjelte" eller salta hovud.. du kan og tørke dei litt etter salting for å skjerpe smaken. Det er i alle fall denne typen eg lager sjølv. Hovuda bestiller eg med hud og ull hos lokal slakter for 20 kr stk Tungene er og fine som pålegg. Koke dei ein time eller to, flekke av skinnet og legge dei i ein passande saltlake i nokre dagar. Ypperleg pålegg..
  4. Joda, fekk ein løysing på dette og. Tok ein tur innom den eine lokale sjappa og fant ein kuffert til 600 kroner. Den var litt dyr så eg gjekk til neste. Han hadde ein kuffert som eg syntes var lik, men fekk ikkje opna den pga av at nokon hadde kødda med koden. Same merke og i utgangspunktet same pris. Fekk jo ikkje opna den så eg måtte berre håpe at den var polstra. Ba om å får ein pris sidan den ikkje gjekk an å opne.. 100 kr så er den din.. Brukte ein liten halvtime med dei mest sannsynlege kodane før eg begynte på runden. Kom til 192 så spratt den opp.. Veldig fin kuffert og god plass til ein to tre våpen ved behov. Og ja, eg prøvde 998 før eg tok til på runden. Dagens gode deal. Da kan eg lett bruke dei kronene eg sparte til å teste ein del forskjellig ammo i staden.
  5. Eg er ser at et blir vanskeleg når ein ikkje slepp til. Eg prøvde å diskutere jakt med ein kar for ei stund sidan som likestilte jakt med utrydding av ulv. Var ikkje lett å komme gjennom der heller. Det var nokon som prøvde på fornuftige argument høyrte eg, men eg er veldig uening i at andre skal ta vare på våpenet mitt for meg. Spesielt ikkje innlåst hos heimevernet eller på skytebana. Det blir jo litt av eit logistikkproblem og. Og Vinge.. var nok ikkje du som var hjeneskadd. Du gir i alle fall ikkje noko intrykk av det på denne sida.. ( da må dei i tilfelle komme å hente våpena dine ) Alt i alt er eg enig i at våpenloven i norge stort sett er bra nok. Farlege folk og folk som har uærlege hensikter prøver me å luke vekk så godt som råd, men systematisk planleggande folk er farlegast. Spesielt slik som han i Finland.
  6. Latterlig forsøk på debatt.. jaja.. kva skal ein gjere. Uglesett blir me uansett. Spesielt dersom du har ein skummel pistol
  7. Vart litt bedre ja, men litt merkeleg at folk ikkje klarer å vere konsekvente. Det må da vere lov å seie at hobbyen er ein interesse.. det fins folk som har veldig mange frimerker og.. eg har nok med eit hefte.. ( langt ute, men likevel ) Det blir vel ulovleg å vere interessert i våpen. Da er du automatisk interessert i å drepe folk..
  8. steike.. er det mulig å få nokon fornuftige som kan ringe inn ? Stygt å seie dette, men ikkje akkurat dei beste representantane så langt.
  9. Kort rapport frå årets første jakt. Jakta som vanleg i Årdalsfjella opp mot Tyin. 2 dagers jakt og me løfta rundt 30 ryper. Vil ikkje seie at det er noko dårlegare enn tidlagre år. Jakter og utan hund, så for oss å løfte 2 - 3 kull for dagen ser me på som bra. Sjølv fekk eg meg 3 store fine ryper. Resten av jaktlaget var ikkje så heldige. Det blir vel eit gratis medlemskap i dyrebeskyttelsen på dei vil eg tru. Jamt bom..
  10. Ta ein utskrift av denne da. Da trenger du ikkje store avstanden for å få samme forhold som på bana http://www.formgriffe.de/alt/files/troc ... heiben.pdf mvh
  11. Hei, Før eg går på butikken i dag lurte eg på om nokon har eit fantastisk tips til kva eg kan kjøpe for å lage til ein transportkasse/kuffert til ein match 22. Likte ikkje heilt å berre slenge den i bagen. Tenkte i første omgang på ein litt større polstra våpenboks. Slik at eg kan kutte til for pistolen. Hakket større ein for ein pistol slik at eg får plass til litt utstyr og. Nokon tips ? Har sett på ein del av MTM sine.. Den som heiter Quad såg fin ut, men er kanskje litt stor. Kunne i utgangspunktet tenkt meg ein med litt stivare skum i botn ikkje det eggekartong greiene. Det stive er litt lettare å kutte til ønska form.
  12. CS ? er ikkje det ein gass ? Sikkert ikkje så kjekt for dei andre på bana Om det er CZ du meiner så kjøpte eg med nettopp ein slik ( CZ85 ) og er veldig happy. Fekk og med eit vekslesett ( .22 ) og det skyter faktisk utruleg bra. Avtrekket på våpenet er lett å få bygd om til single action med rett avtrekker. Koster ikkje så mykje heller.
  13. Takker for anbefalinger og kan meddele om at det vart ein FAS SP 607. Einaste eg no må gjere er å skyte. Våpenet virkar veldig bra og velbalansert. Kan visstnok bytte vektene i front dersom eg skulle ønske. Ellers så er det litt uvanleg med ein slik grepsvinkel. Har jo kun standardvåpen frå før og det var litt uvanleg å knekke håndleddet ein del ned. Første gang eg løfta våpenet så peika munninga veldig høgt Slappe litt av i håndleddet rette ut tommel og vips så var siktene linjert. Gledar meg veldig til testing. Pleier folket å legge avtrekket heil ned mot tillatt 13 - 1400 gram eller litt over ? Noko regel for 1 og andre trinn eller er det kun personleg preferanse ? mvh
  14. Her er ei oppskrift som eg liker veldig godt. Retten skal vel eigentleg vere med røstipoteter, men eg bytter det ut med slottspoteter. Finner nokon fine med tynt skal, kutter dei opp i betar og steiker dei flatt i ovenen ca en time. Ta ut andefilet helst med skinn og litt feitt. Ta ei eller 2 appelsing ( alt etter kor mange ein er og kor mange fileter det er snakk om ) Er litt på måfå denne oppskrifta.. Bruk kniven på appelsin og kutt vekk skalet og mesteparten av det "kvite". Kutt denne opp i skiver. Finn fram ein god balsamico og litt sukker.. eg pleier å bruke 1 ts sukker og 1 ss med balsamico til ca 6-8 skiver appelsin. Steik andefiletane med litt salt og pepper, ta dei ut å la dei kvile. i andefeitter legg du no nokre skiver med appelsin strør over sukker og balsamico. La dette surre litt ( svak varme ).. blir kanskje litt lite saus for den som liker mengder, men veldig godt. Pleier og å servere med f.eks bokkoli eller gullerøtter.. enkelte skal jo ha det uansett.. Klassisk and og appelsin.
  15. Da har eg ein Unique Des69 og ein FAS SP607 på hand. FAS til 3800 og ein Unique til 3500. Uniquen har eg sett på, men den var prega av alder og litt dårleg holdt. Tviler likevel ikkje på at den fungerer fint. Var og med eit ekstra lodd FAS har eg høyrt veldig mykje bra om, men og litt om ruskete funksjon. Så da blir valget mellom desse to.. Nokre siste tanker å dele ? Sikkert ein god ide å teste litt først, men det er ikkje alltid like enkelt. Er dette i utangspunktet likeverdige våpen ?
  16. Finner heller ikkje mykje info om FAS våpen. Fant ein som heiter SP 607 på heimesida som og er merka "lady" Ser ein brukt som heiter CP 607 Finner ikkje noko info om kva som er forskjell på desse. Er Lady merket kun sidan den er i .22, mens andre FAS er i .32 ? Skjønte lite av dette. Kan nokon vennligst ta nokre minutt å forklare til meg ? Tusen takk
  17. Kva er forskjellen på ein Hämmerlie 208 og 215 ? Kunne ikkje finne noko god beskrivelse i farten. For meg ser det ut som det stort sett er same modellen ?
  18. Da skal eg halde augene opne etter brukte våpen. Var ikkje så mykje på markedet akkurat no. Ender vel som vanleg med at eg dobler budsjettet..
  19. Hei, Blir mykje kva skal eg kjøpe tråder for tida, men drister meg likevel. Har fundert på dette sjølv ei stund no, men tenker eg skal slenge ut ein forespørsel å sjå kva folket meiner. Først og fremst er eg feltskytter. Bruker ikkje veldig mykje tid på presisjonsskyting, men når eg gjer det ønsker eg å ha eit våpen som det er mulig å gjere det bra med i alle fall. Den enkle smith'en eg har i dag er grei nok dersom eg har all verdens tid, men det er ikkje tilfelle i duell og hurtigskyting. Tenkte i utgangspunktet på å prøve å halde meg under 5000 kr. helst langt under Har sett på Walther GSP, Hämmelie 208 /215 ( veit ikkje forskjellen ende ) og Unique Des69. Nokon eg burde gå for framfor andre ? Einaste eg la merke til var at Hämmerlie pistolen som eg nevnte hadde litt høg kjernelinje. Tenkte i grunn at eg skulle prøve å få den ned. Takk for innspel
  20. Eg fekk ikkje sear og avtrekk til å låse med den største eller minste shims ( hugser ikkje heilt kven ).. uansett så valgte eg å gå to hakk opp for å vere sikker på at den holdt fast. Lykke til. Eg må berre fomle meg til å få trena litt. Måtte forresten slipe av kanten på låsepinnane for å få dei ut.
  21. Da har eg montert og valgte den nest lettaste fjøra til å begynne med. Brukte grøn shims for ekstra bra kontakt mellom sear og avtrekk. Avtrekket vart nesten for lett. Veldig uvant i alle fall. Her må det trenast og evt. sette i ei tyngre fjør dersom det blir for lett. Har desverre ikkje noko å måle med, men det er ikkje mykje som skal til. Ein må vere utruleg fin på fingeren dersom ein skal bruke den lettaste fjøra vil eg tru
  22. Trur nok ikkje du får den Lee autodisk saken til å fungere utan vidare på ein 650. Du har jo allerede kruttmålet til Dillon. Når det gjelder den kruttrakta er det som nevnt over. Du trenger i grunn berre ein dillon krutt die så bytter du innmaten i denne ved kaliberbytte. Du vil nok fort finne ut at det er praktisk med ei slik die pr kaliberoppsett. Innmaten for å kalle den noko enkelt er inkludert i konverteringssettet til pressa. Dette betyr og at uansett kva andre dier du kjøper så bruker du ikkje deira flare/kruttdie. I eit typisk Lee 3 dier sett vil du da ha ei til overs. Lykke til med ladinga og søk på internett og youtube. Mykje info om dette
  23. dette har vel vore diskutert meir enn ein gong. Sjølv hadde eg og det argumentet med sikkerhet og 2 i magasinet i staden for eit i kammer. Loven er uansett klar; maks 1 i magasin. Magasin skal vere plombert til å kun ha plass til ei patron. Uansett.. Dvs 1 i magasin og 1 i kammer. ( punktum, visstnok )
  24. Dillon diene er heilt fine. Fungerer bra. Einaste er at det er tungvindt å stille krymp og settedybde. Vil anbefale dier med ein justeringsskrue slik som f.eks Lee. Da slepp du løyse låsemutter, skru ned heile dia og feste mutteren igjen. Hugs at du likevel må bruke Dillon sin ekspander og kruttrakt om eg ikkje tek feil. ( er i alle fal slik på min 550 )
  25. LabRat

    jakt hansker

    Har ikkje testa desse, men kunne tenkt å prøvd eit par. Ikkje så galen pris heller http://www.magasinet.no/display.aspx?me ... rodid=4642 Einaste eg er usikker på er kva størrelse XL og XXL tilsvarer. Det kunne vere greit å kjenne til.
×
×
  • Create New...