Jump to content

LabRat

Members
  • Posts

    581
  • Joined

  • Last visited

Everything posted by LabRat

  1. Må seie meg einig med OlavM her. Dessutan ville eg vore forsiktig med å hindre den naturlige rekylbevegelsen til våpenet. Du kan antakeleg risikere å endre treffpunt frå gang til gang. ( ikkkje sikker, men eg ville uansett ikkje holdt igjen våpenet på den måten ) Klarer du verkeleg å få den tilbake til samme utgangspunkt som før skuddet ? Sidan du bruker energi på å halde den nede ? Uansett.. fungerer det for deg er jo igjen ingen som har noko dei skulle sagt
  2. vil tru at det er mulig å ringe. Han svarer stort sett
  3. Slik eg ser problemet vil eg faktisk kunne sjå om patrona er ok eller ikkje ganske greit. Dia lager eit ganske markant merke i hylsa der det blir for stor bul. Eg får heller legge desse til side og har nokre hundre hylser som kun går til dette formålet Tungvindt å sortere slik, men kva gjer ein ikkje for at det skal fungere..
  4. Ja.. Forsetter litt her. Kanskje OT, men eg føler det er veldig innanfor same tema. Me har jo diskutert litt forskjellig ang. factory crimp og .357 eller .358 kuler. Eg har jo no endeleg funne meg ein dreiebenk og fått laga meg eit nytt kulestempel til min 38 dillon die slik at eg får heile 105 gr SWC kula 3mm under hylsekanten. I dette tilfellet setter eg .357 105 gr Clarry kuler 3mm under hylsekanten. bruker ikkje factory crimp, men kun nok til å rette ut hylsa igjen. CBC 38 hylser. Av kanskje 40 testpatroner var det kanskje 10 som fekk ein tydeleg mage der kula "stoppa" i hylsa. Tenkte ikkje noko over det når eg lada, men på bana fekk eg sjølvsagt ikkje desse patronene i kammeret. Hadde og lada nokon tilsvarende med Merkell ( Sako ) hylser og .358 kuler, men ingen problem. Ikkje antyding eingong. Kan det vere slik variasjon på CBC hylsene eller kanskje forskjellig lot ? Nokon som har hatt same problem ? Kunne sikkert brukt factory crimp, men da sizer eg jo ned .357 kulene og det er jo ikkje ønska. Dersom eg ikkje kan bruke CBC hylsene har eg i tilfelle ein haug eg kan bytte mot noko andre 38 hylser
  5. Eg vil og seie at dette var ein kjedeleg historie, men det er nok slik som kan skje, uansett kor erfaren ein måtte vere. Du seier sjølv at du føler deg som ein dårleg jeger, men det bør du ikkje. At det vart gjort eit dårleg valg med tanke på ettersøkshund er ein ting, men du viser tydeleg respekt for viltet og du har nok fått ein dyrkjøpt erfaring. Slik eg leser har du tenkt ein del på dette i ettertid og det er faktisk mange som ikkje hadde ofra noko slikt litt energi eingong. At du faktisk bryr deg er veldig viktig. Lykke til vidare
  6. På min Howa og sikkert på mange andre rifler er det to "på" trinn på sikring. Avtrekk er sikra i begge tilfeller, men den eine posisjonen er det mulig å operere hevarmen. Reknar med det er for å kunne tømme/lade sikra våpen.
  7. Har og noko ladedata på 308, men ikkje tilgang på det no. Kanskje seinare i kveld. Det er i tilfelle med N 133. Den sto heller ikkje på lista di Meiner i alle fall at den var godt mot ein komprimert ladning. Edit: Hadde i grunn gløymt denne, men eg fekk til en ladning på 47 grain N133 og Vmax. Ca 1010 m/s i min Howa.
  8. Men det var ingen som hadde kontaktinfo ? Finner ikkje noko på nett. I alle fall ikkje som eg veit er 100 % rett person
  9. Har det vore ein kraftig justering over natta eller var det noko gale med pcen min i går kveld. Satt å såg litt på kronografer og da viste Midway CED Millenium 2 til ca 14000 kroner Competition Electronics ProChrono Digital til 727 eller noko slikt.. No koster den første godt over 2000 og den andre 1370 Merkelege greier ? eller har det vore ein kraftig justering ?
  10. eller last ned denne.. http://joshmadison.com/article/convert-for-windows
  11. Her er ein som ser fin ut. http://www.midwaynorge.com/apps/eproductpage.exe/showproduct?SaleItemID=249928 og ein link til produsenten. http://www.marblearms.com/catch22.html Meiner og eg har sett ein liten videosnutt av produktet, men fant den ikkje no.
  12. og har du ikkje potet med spiker ( noko som sikkert er lite sannsynleg ) så kan du og ta ca 30gram salt pr liter. Dette tilsvarer omtrendt sjøvatn og fungerer fint. Eg bruker den oppskrifta til all lake. Liker og å koke den først, kjøle den ned igjen før bruk
  13. LabRat

    jakt hansker

    Da har eg anskaffa eit par slike å må seie at det ser veldig bra ut. Ekstrem bra passform, ingen sjenarande sømmer, passe elastiske og veldig følsomme. Ingen problem å fiske fram ei patron frå lomma, beltet eller å betjene rifla. Eg bestilte XL og fekk da eit par i str 11. L skulle vere 10 sa mannen på telefon. Tok 4 dager frå bestilling til dei var i postkassen. Edit: Fiksa linken
  14. med ei lee pro 1000 presse og litt trening er det ingenting i vegen for å lade fleire 100 pr time. ( i alle fall 200 ) Denne er jo progressiv, men ein kan og velge å lade ei og ei patron fram til du føler du har kontroll. Skal du lade til rifle og så er vel pro 1000 uaktuell. Da må du f.eks velge load master. No er det sikkert billigare alternativ dersom du velger ein einstasjonspressem, men da tar det tid. Spesielt til mengder av pistolammo.
  15. Eg kan i alle fall på vegne av BPK ønske deg velkommen til oss. Me har desverre ikkje ledig kurs før i juni ( oi ).. og om du ønsker å delta anbefaler eg deg å melde på med ein gong. Vår bane er på Melkeplassen. Om du ønsker å sjå kva me driver med kanskje få ein kjapp innføring i anlegg og praksis så kan du berre ta kontakt på PM så skal eg sjå kva eg får til. Ingen probelm Pistolskyting er veldig gøy, ikkje la nokon skremme deg til å tru at me er ein gjeng sure gamle karer ( så lenge du ikkje slår meg på stevner dei første gangene..dette er normal høflighet vil eg påstå )
  16. du trenger kruttdie ( for enkelhets skyld ) og konverteringssett frå dillon. Ein topp for kvart kaliber er praktisk Så kan du bruke andre dier, men du bruker ikkje flare/kruttdie til den produsenten
  17. Sidan det er så mange som er ute å synser vil eg faktisk seie ein 45acp før 9mm. Eg liker denne bedre enn 9mm.. Litt kraftigare, men roligare rekyl. Eg føler enda ( sjølv om eg har skutt mykje ) at 9mm er litt vel hissig og har mykje munniogsvipp på dei fleste standardvåpen. ein 1911 i 45 er lett å like og ofte lett å skyte bra med. Litt vel oppskrytt rekyl i 45acp, men det er da min meining.
  18. Takk for tipset så skal eg prøve å hugse å trimme sitat.. ( til mitt forsvar var det første gang eg siterte ) ingen problem..
  19. Tydeligvis på tide å ta en liten oppfriskning av siteringsreglene. Trim ned det man siterer så mye som mulig, dette gjør trådene langt mer oversiktlig. I dette tilfellet var sitering helt overflødig, men om man likevel skulle ønske det er det ikke nødvendig å sitere mer enn dette. Fulmen Hei igjen.. det er fleire her som seier dei sette kula ca 3mm under hylsekant. Korleis får ein gjort dette på enklast mulig måte ? På mine dier så vil stempelet som setter kula butte i hylsekanten. Bruker folket eit anna stempel eller sliper på orginalstempelet ? Ser for meg at det kan øydelegge sentreringa ved kuleisetting.
  20. Det kan sikkert vere ein mulighet. Eg har berre ein enkel CZ og måtte slutte med CCI subsonic. Den er absolutt ikkje subsonic i min rifle. Smeller som fy i CZ, men er stille i min Rem 597. Merkeleg at du får smell med Eley subsonic extra. Denne skal vere ganske svak. Høyrer nesten ingenting anna enn kuleanslag når eg bruker den.
  21. Ikkje akkurat det du spør etter, men eg bruker denne kula mykje til trening i 308, Veldig fin presisjon lada til rundt 750 m/s Absolutt verdt pengane om du får den under 2 kroner stk.
  22. Alt dette er vel og bra, men eg hadde da og eit lite håp om at det var mulig å bruke 0,358 kuler utan å overstige maks spesifikasjoner. Og samtidig bruke factory crimp die. Sjølv om eg skrur krympinga heilt vekk presser den jo likevel på ei kule som er "oversize" Ser det går bra med nokon patroner, mulig det er litt variasjon i hylsebredde. Ikkje noko stort problem i grunn. Er jo berre å la vere å bruke den dia når eg lader WC ammo. No er det no og eingong slik at de fleste av oss er late og liker å skifte dier minst mulig i eit ferdig oppsett. Tenker på dei som brukar factory crimp til 9mm og bruker oversize frontier kuler f.eks. Vil ikkje dei få same problemet ? ( Frontier 125 grain CMJ 357 kuler i 9mm ) Veit det er mange som gjer dette. Spesielt med Pardini GT som kan ha litt romme løp. Så kan det jo vere som Fulmen seier. At denne dia er oppskrytt og absolutt ikkje nødvendig. Men den legger veldig fin krymp
  23. Er litt OT denne her, men sidan det blir diskutert forskjellige kuler her så bruker eg denne tråden. Tenkte eg skulle prøve nokre 0,358 kuler for presisjonstesting. Nokon andre som legg merke til at Lee factory crimp dia ser ut til å ta i hylsa rundt kula ? Ikkje berre krymp, men i heile kulelengden. Berre lurer på om den kanskje til og med klarer å size ned 0,358 kula Dette har skjedd på to forskjellige hylsetyper. Akkurat nok til at hylsa er polert der eg ser den har kontakt med dia. Er jo ikkje mykje vits med 358 kuler dersom dia presser dei ned igjen ?
  24. potter firearms i australia har veldig mykje deler. Eg har bestilt ein del der. Veldig ryddig og rask handel
  25. LabRat

    Lee Pro 1000

    Jo, men den reine krympedia til Lee setter ikkje kula og da er ein like langt
×
×
  • Create New...