Jump to content

magnumlars

Members
  • Posts

    298
  • Joined

  • Last visited

Everything posted by magnumlars

  1. Eg er for tida inne i sluttfasen på ein artikkel om Lee-Enfieldgeværet for eit fagtidsskrift. I den samanheng er eg veldig interressert i å få tak i nokre gamle svart/kvitt-bilder av dette våpenet i bruk, fortrinnsvis jaktbilder. Skulle tru det eksisterar mange jaktbilder av ei rifle produsert i eit slikt anntal. Om nokon kan hjelpe meg med dette er eg meget takknemmelig!
  2. For min del reagerar eg meir på kompetansenivået til dei som står bak disken i våpenbutikkane enn dei som står framfor. Basert på eigne opplevelsar meinar eg at 70% av dei som jobbar på slike plassar ikkje har eit tilfredstillande nivå av kunnskap. Eit eksempel er ein kamerat som skulle kjøpe seg børse for første gang. Han hadde komme over ei meget pen custom M98 i 8x57 til ein hyggelig pris og spurte meg om dette var noko å satse på til hjortejakt. Han hadde ikkje hørt om kaliberet før so han var litt usikker, men eg sa løp og kjøp! So troppa karen opp på vestlandets største våpenbutikk og skulle ha jaktammo til børsa og der fekk han beskjed at "Nei 8x57 er eit kaliber som ikkje har vore i bruk sidan krigen og det er umulig å skaffe ammunisjon" Kva skal ein sei?? Eg troppa sjølv opp på ein av østlandets største og mest profilerte våpenbutikkar (nei det var ikkje XXL for dei som måtte lure) for å sjå på ei Brno salongrifle. Dette fortalte eg til mannen bak skranken. Han undersøkte merkelappen på alle grovkaliberriflene før eg tipsa han om at salongriflene stod i ei anna hylle. Mi meining er at ein burde strengt tatt sjå forskjell på ei grovkalibra jaktrifle og ei salongrifle når ein tross alt skal gje folk råd og tips om kva dei bør kjøpe.
  3. For min del vart det ein grei start på hjortejakta. 3 spissbukkar på henholdsvis 49,52 og 55 kg skote på ca 1 minutt klokka 05:55
  4. Eg lurer litt på politiet kva rett politiet har til å ransake i følgande tilfeller: I eindel tilfeller kjører jegerar rundt for å sjå etter dyr i terrenget. I mitt tilfelle har eg utsyn til store deler av terrenget mitt frå riksvei og eg kjører ofte rundt og stoppar på utkjørsler osv for å sitte der i ro og mak med kikkarten for å sjå etter dyr. Børsa ligg nedpakka i koffert i bagasjerommet. Men ein ting har eg tenkt på; har jaktoppsynet noko med meg å gjere i det heile tatt her? Etter mitt syn kan det jo ikkje definerast som jakt å kjøre bil på riksvei med våpen forsvarleg nedpakka og ikkje lett tilgjengelig. Jakta begynner vel først når eg går ut av bilen og inn i terrenget? Kan politiet kreve å sjå jegeravgiftskort?Kan politiet kreve å sjå børsa? Eg innbiller meg at dei har ingenting med kva eg har med meg i bilen so lenge dei ikkje har ransakelseordre eller skjelig grunn til mistanke?? Nokon som kan svare?
  5. Brukar 2 ulike våpen: Blaser R93 standard 6,5x55 med Hausken std lyddemper. Sikte S&B 6x42. Heimelada ammunisjon beståande av norma hylser+MRP+Hornady interlock sp 140 grs. Zastava M85 minimauser kaliber 222rem. Sikte Leupold vx-2. Heimelada ammunisjon beståande av Norma hylser+ VV N-120+ Hornady sp 60grs.
  6. Min første tanke er at ved å bruke ein 6,5x55 brotsj for so å bruke 30-kaliber halsbrotsj er at du vil få ein veldig skarp overgang mellom skulder og hals i kammeret ditt. Eit kammer uten radie på denne overgangen vil meget sannsynligvis sørge for store muligheter for hyseseperasjon i dette området. Bere mine tankar..
  7. Om det er maks dempareffekt du er ute etter må du velge den patronen med minst kulediameter og minst kruttladning. Av dei du listar opp her ville eg uten tvil valgt 6,5x55. Eg har no litt erfaring med lyddempa våpen og mi erfaring er at 30-06 smell ein god del meir enn 6,5x55 ved bruk av samme demparkonstruksjon. Om du ikkje absolutt skal ha "standardkaliber" er 260 remington eit utmerka valg, eg benyttar dette kaliberet i mi "børifle" og med det lange 66cm løpet med hausken i enden er den heilt ok å skyte med uten hørselvern. Mi Blaser R93 i kaliber 6,5x55 med løpslengde på 50 cm synest eg smeller ein del meir med den same demparen påmontert, so eg trur nok løpslengde kan ha ein god del å sei på den opplevde smellen sjølv når du brukar dempar.
  8. Eg har sjølv ei Blaser R93 med 50 cm løp i 6,5x55 påmontert Hausken std dempar. Denne smell etter mitt syn betraktelig meir enn ei 6mm br med dempar når eg har prøvd desse om eit anna.
  9. Eg kan ikkje fatte og begripe kvifor ein skal henvende seg til POD eller politiet for å spørre om noko er lov eller ikkje hvis det ikkje er presisert i lov,forskrift eller rundskriv at det er forbudt. Vi har nok byrokratar og personar annsatt i ordensmakta som styrer skuta slik dei meinar det bør vereog ikkje nødvendigvis etter gjeldande reglar. Eksempel på dette er å avslå våpensøknadar som heilt klart skulle blitt innvilga på bakgrunn av at vedkommande rett og slett ikkje har lyst å gi ervervstillatelse. Desverre er dei fleste våpeneigarane rundt om i landet temmelig naive og har ikkje innsett at delar av ordensmakta er pill gjennomroten frå ende til anna. For guds skuld ikkje henvend deg til politiet/POD om noko du er i tvil er lovleg eller ikkje-ein kan vere temmelig sikker på at det resulterar i enda eit runskriv av typen som blir funne på av folk som er ute etter eitkvart tips om nye ting å forby. Men eg skjønnar jo at det er ønskelig at tips kjem, det må jo vere grenser for kor mykje urelevant og misvisande vrøvl eit offentlig kontor/direktorat kan klare å hoste opp sjølv Og ja, eg har gode grunnar til å skrive det eg gjer- eg har nemleg sjølv sett meg eigne auger korleis systemet virkar.
  10. Har ikkje erfaring med nevnte rifler men det burde vere kurant å få tak i eindel andre "sniper" våpen i Norge som f.eks: Sako TRG 22/42 Div tacticalutgaver av remington 700 Div tacticalutgaver av Savage Blaser LRS 2 Sig Sauer SSG 3000 Tikka T3 tactical
  11. Som "budsjettalternativ" er det ikkje mykje som slår Meopta Meostar etter mi meining. Eg har brukt 3-12x56 uten lys og vil tru denne gjer jobben for 99% av jegerane som vil jakte litt i skumring. Sjølv skyt eg gjerne 2-sifra anntal hjort i skumringa om hausten og syntes eg kunne forsvare å kjøpe ein Zeiss med lys. Det er ikkje store forskjellen til meoptaen, men forskjellen er der og for min del har eg skote mange dyr med zeissen som eg ikkje ville tatt sjangsen på med meoptaen uten lys. Men eg trur nok at spørsmålet om lys/ikkje lys er av større betydning enn meopta/zeiss. Når eg fekk zeissen syntes eg det var fleire ganger eg kunne strekke kvelden 20-25 minutt lengre enn med meoptaen, men det er nok mest fordi zeissen har lys.
  12. Eg lurer litt på korleis det går med trofea mine der nede eg..virka som det kanskje var litt krøll på tråden?
  13. Dette er nok ladedata for revolver og i so pass mykje lenger løp enn ein revolver vil du nok oppleve att det lange løpet "bremsar" ned kula i staden for å gje den høgre hastighet
  14. Jepp, pistolen har tennstempelsikring og det virkar som det er her problemet ligg. Men korleis i alle dagar demonterar eg dævelskapen?Får ikkje trykt inn tennstempelet uansett kva stilling tennstempelsikringa er i..
  15. Nokon som veit korleis denne patronen matar i ein M98? Og kor mykje ekstra hastighet får ein utover 280 rem? Har ein Oberndorf M98 som allerede er "ødelagt" då den er borra for diopter. Har tenkt på å lage ei grei jaktbørse ut av denne. Hadde i utgangspunktet tenkt på å kamre den i 7x57 men 280 har vore i tankane og..
  16. Falblokkrifle har eg ikkje men har so vidt fått muligheten til å prøve ei passe eksklusiv børse. Ein kamerat av meg (som er innom forumet av og til) har 2 Heeren fallblokkrifler. Ei i 7x75 Vom Hofe, og ei i 6,5x57. Eg har testa den i 7x75 og det er ei flott børse, ingen tvil om det!Den dagen eg testa den skaut eg og med ei Blaser K95, og eg må nok innrømme at Blaseren falt vel so mykje i smak sjølv om blaser er billig masseprodusert rask i følge min kamerat. Eg kan nok vente meg kraftige reaksjonar frå den nevnte karen når eg seier at eg synest at ei brukt Heeren-rifle til 50000+ er for dyr i forhold til kva ein får, men eg har sett custombørser til halve prisen (boltrifler vel og merke) som har imponert meg mykje meir med tanke på finish og i det heile tatt følelsen av å ha ein "eksklusiv" børse i hendene.
  17. Det kan godt hende det er tennstempelsikring på den, men korleis finn eg ut det?
  18. Tenkte litt på å bruke denne kula både i 6,5x55 og 260 rem. Børsa som eg har i 260 er ei langløpa rem 700 som vanligvis gir gode hastigheter. Med maksladning og sierra gameking 140 grs så passerar denne 880 m/sek. Hadde som eit lite mål å kanskje oppnå 900-910m/sek med 130grs accubond. Både i 260 og 6,5 er det utelukkande MRP/N-15 som er tingen både med tanke på presisjon og hastighet.
  19. Skulle skyte mitt første stevne med Bul`en i går og då tok dævelskapet å streika. Såg i alle fal fort at det ikkje vart so mykje som eit merke i tennhettene, so det var nok bere å konstatere at tennstiften hadde tatt kvelden. Er det nokon som veit kvar ein kan få tak i ein slik? evt om ein kan nytte tennstift frå cz 75 eller ein eller anna tanfryktlio?
  20. Tenkte å prøve 130 grs Nosler Accubond til Bukkejakta. Er det nokon som har erfaring med denne kula? Er og ute etter ladedata. Lurer og litt på erfaringar med kjøtøydeleggelse med denne. På førehand takk!
  21. Det eg meinte var at eg var ikkje heilt fornøgd med den originale stokken. Denne har eit langt slakt pistolgrep som ikkje passar liggande skyting i det heile, passar betre på ei dobbeltløpa hagle med doble avtrekkarar :)Ein anna sak var at den var altfor lav for bruk med ein kikkert med stort objektiv.
  22. Heisann! Kvifor ikkje modifisere litt på det skjeftet du har? Laminatstokken er jo solid og stabil og med ei fil og litt glassfiber ordnar du det meste Her kan du sjå kva eg gjorde med mi 700 VLS: viewtopic.php?f=38&t=6263
  23. Det som er greit med slike prosjekt er at alle har råd til det. Litt polyester,glassfiber og sparkel kostar eit par hundrelappar hjå biltema og du får stokken slik du vil ha den. Einaste aberet er at slike prosjekt har ein tendens til å dra ut i tid
  24. Våpenloftet i Førde eller Våpensøilen i Bergen har nok ganske sikkert dette på lager
  25. No sa vel eg Landrø..Eg er klar over at at midway tar nesten dobbel pris for desse
×
×
  • Create New...