Jump to content

HB

Members
  • Posts

    320
  • Joined

  • Last visited

Posts posted by HB

  1. Ja ein steller seg med arbeid i påska, men det er eit triveleg arbeid!! :wink:

    Me fant i allefall ut at me skulle brygge og her kjem nokre bilde frå gårsdagen,været var bra med 0 grader og oppholsvær,prøvar å finne ein dag som er noko lunde tett, ikkje moro å stå ute i regnet ein heil dag.

     

    Her er me så vitt i gang med fyringa opp til andre temp på 62 grader,viktig og røre runt maltet så det ikkje svir seg i bunn av kjelen.

    normal_malt_1.JPG

     

    Her klargjer Terje meskekaret og lagar sil i botn på karet.

    normal_malt_2~0.JPG

     

    Me bøttar over meska frå kokekaret til meskekaret, litt søl blir det jo så det er ein fordel å ha gode sko som ikkje er glatte.

    normal_malt_3.JPG

     

    Første bøtta er gromsete så den tømmer me oppi karet att.

    normal_malt_4.JPG

     

    Mat må ein ha!!! mens det kokar inn.

    normal_malt_5.JPG

     

    2 stolte karar som er fornøgde med at brygginga har gått bra så langt, nå er det nedkjøling som står for tur.

    normal_malt_6~0.JPG

     

    Og så på kvelden må eg bort i verkstaden å sjå om ølet har bjønda å gå, og ein blir sefølgeleg veldig letta når ein ser at gjæren trives :D:D

    normal_malt_7~0.JPG

     

    Så då blir det vel oppskåk til helga ein gang :wink: fyst då veit ein om ølet blir drikkanes!!!!

  2. Då ser det ut som vinterens reve jakt er over for min del, slik som snøen har smelta og mildværet har sett inn, bjønda åta og bli meir og mere synleg, og med 2 stk grise vom og eit lam pluss diverse anna graps var det ikkje akuratt god lukt som kom snikanes :?

     

    Så sjefs binna her i huset gav grei besked åta måtte vekk før påskehøgtida sette inn med div besøk av fam.

     

    Her er i alle fall bilde av 2 av dei 4 revane eg fekk i vinter den eine hadde skabb, grei og få livet av.Alle 4 skutt med 180g oryx så det blei ikkje akuratt noko pels kåpe på binna i år heller :mrgreen::mrgreen:

     

    normal_rev_3.JPG

     

    normal_rev_2.JPG

  3. Då blei det felt ei ho gaupe i Kviteseid i ettermiddag på ca 16-17 kg.

     

    Gaupa kom alleine og blei felt i stå los for denne plott hunden frå Fyresdal på 1 år og 3 månader

    normal_gaupejakt_2010_018.JPG

     

    Kjempe morosam jakt :D:D , men blei litt kalt etter 4 timar på post.

    normal_gaupejakt_2010_012.JPG

     

    Plotthunden og hudefører er fra Heddal :D

     

    Sorry ja du har heilt rett skrivefeil frå min side :oops::oops: han er frå Heddal

  4. Då blei det felt ei ho gaupe i Kviteseid i ettermiddag på ca 16-17 kg.

     

    Gaupa kom alleine og blei felt i stå los for denne plott hunden frå Heddal på 1 år og 3 månader

    normal_gaupejakt_2010_018.JPG

     

    Kjempe morosam jakt :D:D , men blei litt kalt etter 4 timar på post.

    normal_gaupejakt_2010_012.JPG

  5.  

    gris_8.JPG Høvdingen, nå 89 år .har vore bygdeslaktar heile livet,eg prøvar å lære å slakte av han.

     

    Det kan eg sjå på langefingen han sin :D

     

    Gild tråd, søndeleg at slike gode gamle tradisjonar forsvinn...

     

    Ja det er faktisk heilt rett LisleArne, han fekk seg ein karamell når han skar seg i leddet under slakting for mange år sidan :?:(

     

    Eg åt blodklubb på kvelden etter slaktinga, som elevane som var på besøk hadde laga, og det var faktisk kjempegodt. Det første ein må gjera etter at grisen er stukken er å røre i blodet til det er kalt.

    normal_blod_1.JPG

     

    Og her er middagen servert sammen med potetstappe og kålrotstappe,sammen med litt sukker på Blodklubben

    normal_blod_2.JPG

     

    Oppskrifta på Blodklubb med gryn er!!

    1 liter vann eller kraft

    5 dl Middagsris

    350 gr Hakket nyretalg (renser for hinner)

    1 l Blod

    1 ts Pepper

    1 tsingefær

    1 ts Nellik

    3 ss Salt

    250 gr Hvetemel

    250 gr Rugmel

     

    Vannet, risen og fettet kokes i små biter til ein tykk grøt.

     

    Hold igjen litt fett til dott i klubben.

     

    Ta grøten av platen og rør inn blodet.

     

    Tillsett krydder, salt, melet og rør dette godt inn.

     

    La røra svelle noen minutter.

     

    Del opp matrpapir i ca 30-40 cm lange papirstykker .

     

    Fukt matpapiret og legg 1-2 store ss av røra på midten av matpapiret,legg oppå ein fett dott og lag ein pakke.

     

    Legg blodklubbpakkene i kokende saltvann (ei ts pr l vann)

     

    Klubben kokes i ein time og serveres med sukker eller sirup

  6. Ja smalahove kan definitivt vera ein opplevelse :D , :roll: ,eg var jo invitert av Mauser på hovemiddag i haust men me kom oss aldri om Voss,men til neste år då kjem eg 8):D

     

    Eg har aldri ete smalahove før og under kyndig veileding pr mob frå mauser, så laga eg smalahove middag.

     

    Var heldig og fekk tak i nokre veldig fin hove, og her er dei under koking :roll:

    normal_smala_0%2C5.JPG

     

    Og her er resten av tilbehøret, poteter, kålrotstappe (og nakkekoteletter for dei som ikkje ville ha smalahove :?)

    normal_smala_1.JPG

     

    Då har me samla sammen selskapet, og eg hadde ikkje sagt noko om kva me skulle ha til middag, så overaskelsen var stor :shock::shock::? ,men dei tok det med fatning og åt så godt dei kunne :?:?:| men dei var enige om at det var godt og sammen med øl og akevitt gjekk det meste ned :mrgreen: , her er hove ferdig renska.

    normal_smala_2.JPG

     

    Eg hadde jo vore stor i kjeften og sagt at å ete auge var ikkje noko sak,men bildet taler for seg sjølv!!!! :mrgreen: og har ein vore tøff i kjeften så må ein nesten stå for det ein gjer :?:?:?

    normal_smala_3.JPG

  7. Såg reportasjen på Norge Rundt, kjempe artig å sjå :D :D

     

    Likte spesielt det med at når det var kjeringane som brygga øl, så blei det kalt arbeid :mrgreen::mrgreen: men når me mannfolk brygga var det kultur og tradisjon 8):roll::mrgreen:

    Såg og at når de lagar malt, så er det ganske mykje meire arbeid enn å kjøpe det ferdig laga!!!

     

    Skål og god advent til alle som lagar heimebrygg :D:D

×
×
  • Create New...