Jump to content

beagle

Members
  • Posts

    679
  • Joined

  • Last visited

Everything posted by beagle

  1. Har kjøpt meg ein brukt kombi som eg prøveskaut i dag. Ville ta vare på hylsene for å lade sjølv seinare. Oppdaga etter å ha skutt 6 skot at hylsa var byrja å sprekke ca 1cm fra bunn. Sprekken gjekk vel rundt ca. 1/3 av hylsa. Dette er i 7x57R med fabrikkladd blyspiss fra Sellier & Bellot.
  2. Er delvis enig med deg her. Det er kunn skytetrening som hjelper for å holde nivået oppe. Men sikker våpenbehandling har ingenting med trening/praksis, det er kunn fokusering på sikkerheit som gjeld og det uansett kor mykje du trenar. Skaut foresten dei 15 fyrste skota i kveld. Vert 15 til før oppskyting men er ikkje sikkert det vert fleire. Skaut liggjande for å vere sikker på skota traff der dei skulle. Som ryggpasient så var det meir enn nokk. 10 skot med 30.06 og 6skot med 7x57R, hadde problem med å reise meg opp fra standplass.
  3. Ein skulle tru det, men det er ikkje alltid det er slik. Leiger du jakt så pass på at det står i kontrakten at du har lov til å trene når bandtvangen vert oppheva og fram til jaktstart. Da er det ingen som kan sei noko på at du trener!
  4. Skjønar kva du meiner menn uansett korleis ein vrir og vrenger på det så er grunneigar den som bestemmer om han vil ha lause hundar på eigendomen sin ut over ordinær bandtvang. Kommunen kan ikkje innføre ekstraordinær bandtvang lenger som hindrer bruk av jakthunder( og det er bra, allt for mange som mislikar jaktmed hund). Men ein grunneigar kan innføre bandtvang på sin eigendom eller begrense kva ein får lov til å gjere der. Allemannsretten som me har betyr ikkje at me kan gjere som me vil i utmark.
  5. Ut fra det du skriver så er du klar over gjeldane lover og begrensningane som dei setter. Sjølv med ein "fasit " som ikkje passer deg. Så når du er uenig så skal allt snuast og vriast på for at din meining skal vere den rette. Det er opp til kvar einskild grunneigar om han vil tillate at hundar er lause på sin grunn. Den ordinære bandtvangen er den minimale bandtvang. Grunneigar kan innføre dette for heile året om han vill. Kva som skiller å gå på tur med hunden laus og trening er vel ikkje så vanskeleg å forstå? Luftar du hunden laust så er han rundt deg. Med eingang den byrjar å søke ut og oppføre seg som om den er på jakt( uansett kor langt den er fra fører) så er det jakt-trening. Sjølv så kjem eg fra ein liten kommune som har opplevd problema som tjuvtrening har førd med seg. Dei som for 20år sidan ikkje bryddde seg om lover og reglar, både skrevne og uskrevne har gjort det nesten umogleg for oss som bur her å ha jakthund. Det har såvidt blitt bedre, men for 4-5 årsidan så var det ein gjeng (tillreisande) som tjuvtrena her. Den kontakten som me hadde med grunneigarane vart øydelagd. Me måtte starte på nytt med tillitsoppbygging. Dei som gjorde dette brydde seg sjølvsagt ikkkje om slike bagateller, er jo berre å reise til ein annan plass!
  6. Skikkelig bra skrivd. Vil komme med ein oppfordring til forummedlemmane: Med ein så bra kronikk å vise til så send ein mail til stortings-representantane i det politiske partet du er medlem i. Stil spørsmål om korleis dette kan skje på denne måten og link til kronikken i Dagbladet. Kansje dei skjønar att dette er noko som opptek oss som er jegere og skyttere. Beagle
  7. Du kan bruke Glava som du har hønsenetting utanpå. Men noko som ofte vert eit problem er småfuglar som plukkar isolasjonen frakvarandre. Utanpå hønsenettingen så har du på ein duk, det beste er ein kvit/lys duk. Får du ikkje tak i dette så kan du bruke duk av den typen som entrpenører bruker som underlag der det er blaut. Eit anna alternativ er å reise på eit plantesenter og sjå på dei forskjellige plantedukane dei har, du skal kjøpe ein som ikkje har glatt overflate. Kjennes ut som filt når du tek i den.
  8. Er sjølvsagt ergeleg å få resultata på nyheitene før ein får sjå tv-sendinga. Men det ein burde vere arg på er at dei venter så lenge med sendinga på tv. Hadde ikkje gjort noko om me hadde fått sett meir fra heile LS. Hadde det vore sending over lengre tid så kansje fleire hadde sett på og fatta intresse for skytesporten.
  9. Denne tråden dekker vel LS godt nok? viewtopic.php?f=31&t=6019&p=54323&hilit=f%C3%B8rde#p54323
  10. Er det fjerde justeringshjulet framme på kikkerten? Talla du oppgjev minner om deet som står på kikkerter som har paralellaksejustering. Om det er deet så kan du justere skarpheita på trådkorset med den. (dårlig forklart dette)
  11. klart du treffer bedre med ein dyr kikkert, har du den i tillegg på ei dyr rifle så er det nesten berre å peike mot det du skyter på. Treffer gjer du samme f... For å vere litt alvorleg. Du kan klare deg med ein billigkikkert i mange år. Det kjem sjølvsagt an på kva du jakter på. Klarde meg i mange år med ein Tascho, men prøvde meg på bukkejakt og da vart den for dårlig. Klarde ikkje å finne dyret i kikkerten som eg såg tydeleg med berre augene hadde motlys. Skifta sikte til ein S&B 3-12x50, og har ikkje hatt slike problem eterpå. Men på dei andre våpna mine som ikkje vert brukt så mykje så er det billig kikkerter som står på.
  12. Hvar det forhandleren som sa at skoa skulle reparerest eller sende han dei inn til Alfa? Slite på mitt 2 par no, saumane rauk og dei byrja å trekke vatn. Forhandleren sende dei til Alfa som sende nye sko i retur, leverte dei på mandag og fekk nye på fredagen. det fyrste paret hadde eg i 2 år før det gjekk sund.
  13. Som nevnt i andre tråder. Når hunden ikkje går det sporet den skal så stopp den. Ikkje la den få framdrift når du ser at det er ferskspor. Hold hunden att og ikkje slipp den framover før den starter med blodsporet att. Om den ikkje vil begynne på blode så kan du ta den vekk fra fersksporet og la den søke etter blodsporet på nytt. Går den blod så fortsett framover på sporet går den over på noko anna så stopp den.
  14. Som det kjem fram i andre tråder så er det ein del forskjellig oppfatning om kva loven seier om ettersøk. Jakta nermar seg og det er kansje på tide å friske opp kva som er rett framferd, slik at me ikkje gjer noko gale om uhellet er ute. Da eg dreiv med ettersøk så forholdt me oss til dette: 1: ettersøk på valdet til den som skadeskyter treng ikkje meldast fra dersom ein finn dyret ( daudt eller levande som vert avliva). 2: Kryssar ein valdgrense så skal ein kontakte valdansvarleg eller jaktleiar i det valdet før ein kan fortsette ettersøk. Om dette ikkje er mogleg så tar ein kontakt med viltforvalter i kommunen. ( for å unngå mistanke om tjuvjakt b.l.a) Resultat av ettersøk meldes fra til viltforvalter og valdansvarlig der ettersøket avsluttes. 3: Må ettersøk avsluttes for dagen uten resultat så skal viltforvalter kontaktes. Alt etter om ein er i eige vald eller på nabovald når ein avslutter bestemmer kva som skjer vidare. Viltansvarleg vil som regel bestemme kva som skjer. Nokon som er uenig i dette?
  15. Litt O.T men kan du henvise til nokon paragraf for denne påstanden?
  16. Stemmer at hvert individ har sin egenlukt. Men om hunden er ærlig og følger akkurat det dyret er en annen skål... for visst er det fristende å gå over på ferske spor i stedet for de kjedelige bloddråpene! Mange nok har opplevd at hunden heller går over på ferskspor ja. På en sporprøve eller trening så betyr dette at hunden jukser men ingen skade er skjedd sånn sett. Men i et reelt ettersøk betyr det at hunden driter i det skadde dyret og gjør noe som den synes er festligere. Og det er verre... Det er nok derfor bikkjene strøk. I dette tilfellet så gikk hundene rett på målet og burde derfor bestått. Å TRO at de kanskje i et reelt ettersøk ville "sporet av" blir etter mitt syn helt på trynet. Har hunden gjort jobben under godkjenningsprøven, ja så har den det, enten den fulgte sporet slavisk eller tok en snarvei. Da kan jeg si at JEG TROR at mange godkjente hunder vil spore av under ett reelt ettersøk, det blir jo helt tullete... Ein hund som forlater sporet sitt for å gå overvær skal strykes. Det er 2 grunner til det og begge kan brukes her: 1. Hunden gjer ikkje jobben sin, mangler evnen til å fylgje det sporet den skal fylgje! 2. Fører's manglande evne til å forstå hunden's arbeidsmåte. D.v.s fører ser ikkje at hunden går av sporet og jobber på overvær istadenfor. Begge deler er diskvalifiserende etter det regelverket som ein bruker til bedømming av hund og fører. Me som er dommere for ettersøkshund skal dømme etter dette og ikkje etter kva den einskilde hundeeigar/fører meiner er rett!
  17. beagle

    Norma Elite

    Avslutter fra min side da eg innser at du ikkje har evne til å godta at andre har dårligare erfaring med Nosler Part. enn du likar å høyre. Det er svært mange som skyt med vanleg konvensjonelle kuler som er godt fornøgd med det. Utan at dei er plaga med dårleg "drepeevne", "knall & fall" og blodslått kjøtt.
  18. Det er ingen som seier du må vere med i ettersøksring om du godkjenner hunden så den kan det. Hvis hunden din ikkje vil gå blodspor så har det med motivering. Er utruleg mange hundar som "ikkje er intresert" i "juksesporet" som med litt trening og motivering går kjempebra.
  19. Er det blodspor elleer ferskspor dei strauk på?
  20. beagle

    Norma Elite

    Nå vet ikke jeg hvor du har plassert skuddene med Nosler Part. men jeg mener å ha litt erfaring med nevnte kule, kun i noen få kaliber : 6,5x55, 7mmRem.mag, 308Win, 30-06, 300win.mag., 8x57IS, 338Win.mag mulig noen flere og jeg har bare finpartert et par hundre hjort skutt med disse. Jeg kan ikke si at jeg har sett en eneste Nosler Part. som har feilet på noen måte, de tømmer fremre kjernen noen ganger men det gjør ikke noe mer galt med kjøttet enn andre kuler. Vi drev og testet jaktkuler og skrev en artikkel om temaet i 1979 (Våpen), så min interesse for slike kuler går ganske langt tilbake. Det er i hovedsak 2 ting som betyr noe når man skyter på større vilt og bruker gode jaktkuler, det er situasjonen og hvordan man treffer, veldig enkelt sagt så er det ofteste hvor lenge dyret er i bevegelse etter skuddet som betyr noe for hvor mye blod der er mellom hinner og muskler. Dyr som er skremte eller vâre før de blir skutt får ofte mest blodutredelser, samme med dyr som er skutt på korte hold. Dyr skutt i rygg, nakke og dyr skutt på laaange hold og ofte med demper,faller ofte ved treff eller skraks etterpå og får oftest lite blodsprengt kjøtt, selvsagt kun ved skikkelige gode treff. Dyr med marginale, dårlige og/eller skrå treff vil ofte bevege seg lenge og man får mye blod etc. inn i sårkanalen, men det er fa... ikke kula sin feil. Tog du 'an ? ---- Dei dyra som eg har sett bli skotne med Nosler Part. (12stk) er alle skotne i bogen. Skotavstanden har variert mellom 25-50m på dyr kjem på post, men samtlige dyr har stått i ro når dei vart påskotne. Fluktstrekning har vore fra 0-50m noko som ikkje eer unormalt etter vår erfaring. Alle har vortne skotne med 308W, og på så korte hold er det sjølvsagt gjennomskyting. Blodutredelse rundt sårkanalen må ein og rekne med. Men når det er blodslått heile den sida som treffet er i,da reagerer me. Om Norma Forbedra Elite ikkje er den optimale kula for jakt så er dette noko som me ikkje opplever med den( blodslegne heile sider). Kan jo vere me som har vore heldige på vel 100 dyr som den er brukt på. Så ut fra dei erfaringane som me har, så annbefaler eg før Elite enn Nosler Part. Det finns sjølvsagt kuler som er betre enn Elite, men da kan du også droppe Nosler Part. om det er finare slakt du er ute etter. Så er spørsmålet : Tog du 'an? Til orientering så brukar eg ingen av dei kulene.
  21. Det står da ingenting om max 400 meter i dette forslaget? Det som står om avstandar er "opp mot 650 meter". Max 400 er talet på deltakarar! Les nøyare, beagle... Vis du tek deg tid til å lese meir enn dei 2-3 første avsnitta og går ned til det som heiter ANDRE FORHOLD. Når du har lese det nokre ganger så kansje du klarer å lese det samme som meg. Prøvde å lime inn berre det avsnittet men får det f..n ikkje til
  22. Det det ender opp med er vel små figurer og korte skytetider for å kunne skille dei beste skytterane. Resultatet vert at middelmådige og dårlige skyttere vil få ferre treff. Folk som ikkje treffer blinken så ofte forsvinner bort fra feltskytinga før eller sidan.
  23. Fekk du alle 5 eller vart det med den 1?
  24. er jo egentlig ikke forslag om endringer. det der er jo forslag om et stevne i tillegg. et vanlig feltstevne som får NM status. (dvs et ØM som kalles NM )da jeg muligens vil være en av de som får delta på et slikt stevne pr i dag, så har jeg et litt splittet syn på det. vil et slikt steve noensinne bli arrangert nord for trondheim? neppe. det vil føre til at det blir et mesterskap for de som representerer samlag i sør norge. for alle andre blir reiseavstanden særdeles lang og dyr. på den andre siden, hvor mange ville reist til finnmark i slutten av april for å skyte et feltstevne? men på den andre siden, det kunne jo vært spennende å delta på noe slikt. Er no ein vesentleg endring der! Forslaget om å begrense holda til 400m, p.g.a innføringen av .223 og tanken at alle skal klare seg med 1 våpen i DFS.
  25. Her er forslag til forandringer i DFFS sitt feltopplegg: http://www.dfs.no/?module=Articles;acti ... e=skmaster
×
×
  • Create New...