Jump to content

beagle

Members
  • Posts

    679
  • Joined

  • Last visited

Everything posted by beagle

  1. Sako Super Hammer Head 180grs Om du får tak i den!
  2. Hengast bør som hengast skal Min forhandler ringte inn bestillingen medan eg høyrde på. Hadde ikkje bestilt hos ham om han ikkje var lovd leveranse fra Schau. Når da han vert fortald at jo det venter me inn i løpet av kort tid så vart varene bestilt fra dei. Kunne sjølvsagt bestilt det fra ein annan butikk, men prøver å støtte den lokale butikken. Er ikkje mange kronene det er snakk om for han i fortjeneste (200 kuler). Men når han konkurerer på pris og ikkje minst service så handler eg der.
  3. Jaktstarten på torsdag er for sinker Starta seint nok som det er med jakt 10/9, om ein ikkje skulle vente enda lenger.
  4. Treng ein liten utblåsing mot Schau nå! Bestilte 200 Sako SHH 180gr kuler i cal. 30 hos den lokale våpenlangeren min, saman med 1000 tennhetter. Dette var i byrjinga av august. Fekk tennhettene etter 1 veke. Kulene skulle komme om ikkje så lenge var beskjeden fra Schau. I dag så var eg og etterlyste kulene, kunne vore moro å fått lada opp litt meir ammo til jakta. Det var ikkje kommet noko enda. Men som den serviceinnstilte personen han er så vart Schau ringt og purra på kuler men seg høyrde på. Kuler hadde dei ikkje på lager, men dei var bestilt. Alt bra så langt. Men det var med levering til våren . Det er heilt utruleg at ein innportør av kuler ikkje har kuler på lager.Og spesielt rett framfør jakta. Har heldivis såpass mykje ammo ferdig at eg normalt skal klare meg. Men er eg uheldig og må skyte inn rifla på nytt så minkar det stygt på beholdningen. Tok dei over innporten av Sako berre for å irritere kundane sine med dårleg service?
  5. Det var litt av ein samling. Men for å få til noko slikt så skal ein vel vere litt meir enn middels intresert og ha god økonomi. Så det er kjempeflott at nokon har begge deler og tek vare på slike våpen.
  6. Sidan det er kryssa av for dei ulike momenta som dei har vore gjennom så er det nok det nye kritikkskjemaet. (Dei gamle var det ikkje noko som skulle kryssast av på). Men ei sammensurring av ny og gammal måte å bedømme på. Eller har me fått nye kritikkskjemaer nok ein gong? Dei som skulle kryssast av på kom vel på vårparten i 2007.
  7. Det er no ikkje berre blod i eit blodspor. Blodet er med som ein forsterkar av dufter. Kvar gong du set foten ned gjer du det same som dyra! Du knuser/ knekker grasstrå, lyng kort sakt vegetasjon under skoen. Og setter att lukt fra sko/støvell. Alt dette tilsaman er det som lager sporet som hunden fylgjer. I teorien så vil ein hund som er godt trena på ein type spor kunne fylgje alle utan problem. Har eit eksempel på det: Er dommar for ettersøkshund og vart spurd om eg ville dømme blodspor for ei med ein hund som var godkjent som "søkshund"(finner folk som har rota seg vekk). Dei hadde ikkje gått blodspor før, men ville for moro sjå om dei klarde det. Søkshundane arbeider i eit høgt tempo, er om å gjere å finne att den sakna personen fortast mogleg. Så både hund og førar var godt trente. Dei starta og fylgde sporet utan problem til siste vinkelen, der dei gjekk av på ferskspor. Problemet deira var høgt tempo og støyande framferd i sporet. Det gjekk så fort at eg småsprang for i det heile å sjå kvar dei forsvant. Ubrukeleg til ettersøk med det tempoet men med litt trening så hadde det ikkje vore problem.
  8. Har du lyst har du lov , har du vet so let du vera Trur det er noko i det gamle ordtaket der. Men ein er jo aldri sikker på kva som skjer om du brukar hunden på jakt. Men som du er klar over så kan intressa for blodsporet verta mindre. Og føre til meir arbeid/trening for å få dette til!
  9. Ser ut til å vere ein nettradio!
  10. Ser ut til å vere ei topp line. Noko ein bør tenke på ved kjøp er kva vedlikehold som krevs for dei forskjellige typar. Svenskeline : vedlikeholdsfri Scveissline/dresurline: Må turkast etter bruk, vaskes når den vert for skitten. Lærliner: Treng vedlikehold, turkast etter bruk og smørjast. Alle har sjølvsagt sine favoritter på liner slik som med andre ting.
  11. Min erfaring med den type liner er at det er lett å få brannsår av den. Prøvde den typen og skifta den ut fort. "Svenskelina" får du på felleskjøpet, dei hadde den på tilbud til under 200 i august om det gjelder framleis veit eg ikkje. Ikkje den billegaste men verdt pengane. Har brukt dresurline til hest i mange år. Dette er i flat vebreim (er det det det kallast) ca 15mm breid. Var 15m da eg kjøpte den og kappa den ned til ca 10m. Blir den for skitten så er det berre å vaske den i ei bøtte vatn og henge den opp til turk. Klar til bruk att.
  12. Kjøtet skal ikkje kjølast for fort ned. Men det problemet oppstår ikkje før det vert kaldare ute.
  13. Nå har ikke jeg skutt så mange brunstbukker men det må nå være langt over 50 etterhvert, som slakter (ikke kjøttskjærer) i yngre dager så mener jeg at jeg vet og kan endel om kjøttbehandling. Har også flådd endel bukker for andre. Det meste "beagle" skiver over her er IKKE god behandling av kjøtt. Hvis man flår av hele buken på et dyr i skogen så vil det blir fryktelig mye smuss og skitt på det avflådde feltet før man er hjemme og det må jo være verre enn alt. Ferskt kjøtt er nesten som en magnet på alt skitt som det kommer i kontakt med det. Beholder man skinnet på så kommer ingenting borti kjøttet og sterke brunststoffer trekker ikke igjennom skinnet. Det eneste man risikerer å få tilsmusset er da en cm av buklista og den kan man ofre når man er ferdig å flå. Jeg flår konsekvent med proff flåkniv og prøver etter beste evne å holde den rein, kommer der noe hår etter andre partikler m.m. på kjøttet under flåingen så skraper jeg det vekk men kniven umiddelbart. Jeg bruker kun litt vann innvendig når dyret er ferdig slaktet, etterpå bruker jeg rikelig med tørkepapir der hvor jeg har spylt. Henger dyret i et stor kjølig rom med 2 bordvifter som blåser fra hver sin retning mot slaktet, tidlig i jakta tar vi på viltnett etter et døgn eller halvannet, og fortsetter med vifter på svakt Jeg tror mye av det "beagle" forteller om over her er et eller annet gammelt hedensk rituale som ikke har noe med god kjøttbehandling å gjøre. Derimot må jeg få prise innlegget til til trådstarter "HS Precision" så langt jeg kan se: tvers igjennom skikkelig faglig innlegg om behandling av viltkjøtt, veldig bra!!! ------ Kan nok ikkje påberope meg mange år som kjøttskjerar. Eller å ha eit slakteri eller stort kjøleg rom tilgjeneleg for opphenging av slakt. ( Store kjølege rom har ofte stor luftfuktigheit er vel difor du må bruke vifte for å få skikkeleg turkehinne) Men etter 20 år på jakt som me har gjort det på den måten som eg har beskreve så har eg til gode å få øydelagd kjøt av brunst. Dyr som vert med heile fra skogen vert hengd opp på låven medan dei som vert parterte i skogen havner på stabburet. Om det er eit "hedens rituale " så er ikkje det så farleg det fungerer 100%. Betre med det hedenske enn å øydelegge kjøtet! Ser at eg i mitt forrige innlegg ikkje har skrivd at den hinna som er tilsmussa vert fjerna når me heng opp dyra. Alle slakt skal vere reine når ein har hengt dei opp.
  14. For å unngå usmak på brunstbukkar må ein flå buk/mageskinnet vekk før utvomming. Er ofte nødvendig å byrje framme ved "stikkholet" for deretter å flå midt nedpå sida bakover. Etterkvart som ein flår så kan ein rulle skinnet saman for å minske risikoen med å grise til kjøtet med dette. Alt skinn som viser at det er brunst på skal vekk før utvomming. Om dyret vert dratt ut heilt så prøv å unngå dei blautaste plassane. Om det kjem litt lyng og anna smuss på kjøtet så pusser ein vekk dette når ein henger opp dyret. Vaten på slakt er mykje diskutert, sjølv så er eg ikkje redd for å bruke vatn. Men skal det vaskast reint så bruk rileleg med rennande vatn og pass på at dyret vert heingt opp turt og luftig. Det skal vere ei turr hinne på dyret når det heing! Dette er dei forhandsreglane som eg og dei eg har jakta saman med i 20år har brukt. Og eg har til gode å få kjøt med brunstsmak. Har sett film av stolte jegrar som har skote storbukk der dei vommer ut som om det var på ei kolle. Kniven rett gjennom "krydderet". Som oftast er det snakk om jegrar av den litt eldre garde. Verkar som at dei med jegerprøve har gjennomgått slakteprosedyren i teorien om ikkje anna.
  15. AAAAlt for dyrt for det papiret, da blir vel resten gratis da? Og hvor mange avtaler får griskingen da? For dyrt? Det kjem vel ann på kor mange løyver ein har og om det dekker alle utgifter!
  16. Betaler 120 pr løyve. Dette er ei eingangsum, vert ikkje betalt noko ekstra om ein treng ettersøk. Såp tilø fleire løyver ein har til dyrare vert det. Men det er heilt greit, er alltid nokon som kjem om uhellet er der.
  17. Der tek du feil. Me er avhengige av å ha eit jordbruk i Norge, som omfatter sauenæringa. Utan at me har bla. sau på beite så gror landet vårt igjen. Bur på vestlandet med mykje lauskog og ser at med færre husdyr (sau og kyr) så er det attgrodd i løpet av 3-4 år. Tregrensa her har trekt seg mykje opp i løpet av dei siste 15 åra. Noko anna me har bruk for her i landet er forståelse for at dei som frivillig er bønder gjer ein samfunnsnyttig jobb. Som me andre kan dra nytte av ved å vere litt meir audmjuke til dei som er i den næringa. Det var om bonden og hans levevilkår tilbake til Dønnasaken
  18. Kan du utdype dette? Det er kun jeg som moderator som har skrevet noe vesentlig i de 3 trådene som omfatter Dønna saken. Jeg modererte bort usakligheter og personangrep i tråd nr 2. Blant annet fra den personen du nevner i ditt innlegg. Så da lurer jeg på hva jeg har skrevet i de 3 trådene som jeg burde være bevisst over? Venter fortsatt på svar på dette Beagle...... Du får lese nokre av svara dine her inne. Dei som ikkje er eniger med ditt syspunkt farer med tull og vrøl og børr holde seg vekke fra tråden. Og det er desverre fleire som ikkje heilt klarer å skille sak fra person her, noko som du rett nok har rydda opp i. Men det vert tolerert meir fra ei side enn den andre.
  19. Nå har du skrevet en drøss med innlegg om lover og regler å hva du mener og syns om hundeholdet til folk flest og dine synspunkter ang Dønna saken. Det er jo klart at du har rett for vi andre baserer jo meningene våre på følelser og sitter bare å uler. I nordnorge går du under kategorien trekuk( slapp av moderator vi kan tilogmed kalle lensmann for en trekuk her oppe) Synes jeg har oppsummert bra jeg,Enig? Er nok ikkje enig med deg i det I denne saka er det mykje følelser ute og går. Og ein kan tolke hundelova på fleire måter, på same måten som ein viss ein leser bibelen. Det er ikkje slik at den som skrik høgast alltid har rett. Men sidan saka er annmeldt, så får ein kansje ein dom. Og da veit ein kva som er lovleg for ettertida.
  20. Eg har ein banemauser i kal. 7.62. Det er det som står på våpenkortet mitt. Sjølv etter at eg fekk kortstokken i 2006. Kjøpte våpnet på butikk på mitten av 80talet, og han som var diskenspringer sa at " eg skriv 7,62 da har du litt meir å velge i om du bytter løp". Når den vert lufta ein sjeldan gong så bruker eg NATO-skot om eg har det tilgjengeleg. Det er av den korte typen som einkelte kallar 7.62x51 og andre kallar .308w. Har eg laber våpenkunnskap ut fra det som eg skriver her? Skyt foresten med andre rifler i kal. 223, 3006, 9,3x62 og 7x57R.
  21. Nå som saka er annmeldt så blir begge sider belyst. Og det er noko som me ikkje har moglegheit til her på forumet. Og vert saka avist som inntet straffbart så kan vel den avgjerda påklages, om ein ynskjer det.
  22. Er det slik å forstå at du synes hylekoret sin oppfatning av saken er feil? En ting er å lese tråden i fred å ro en annen ting er å trekke konklusjoner av hva som som blir sagt,ser man på fakta(det som er kommet frem av fakta) må man jo være blind for ikke å se at avlivningen er en overreaksjon. Vil påstå at det finnes like mange ufornuftige grunneiere som hundeiere derfor har en sånn sak signaleffekt både til hundeier og grunneier. Er vel ikkje så einkelt at ein er for eller i mot i denne saka. Alle saker har 2 sider, og det er alltid litt rett på begge sider. Du snakker om fakta, kva er fakta? Er det nokon av oss her på forumet som var der? Det einaste me veit med sikkerheit er at hundane stakk av og vart skotne medan dei var lause. Kva som skjedde i mellomtida veit me ikkje. Og detter er dei einaste fakta som er sikre. Sjølv om det er komne ein del påstander her og i dei 2 andre trådane.
  23. Er nok fleire enn vingemutter som har den oppfatningen. Men når dei prøver å vere sakleg i sin argumentasjon så får ein passet sitt påskreve fra alle kanter. Da er det ikkje alltid at dei som skal moderer forumet her er bevist på kva dei skriv, og hadde andre skrivd det samme ( i andre tråder) så hadde dei fått på pukkelen. Den som lurer på kva eg meiner kan lese gjennom tråden i fred og ro. Legg merke til ordlyden som vert brukt. Er du ueinnig i hylekoret sin oppfatning så har du ikkje noko her å gjere.
×
×
  • Create New...