Jump to content

Mauser68

Members
  • Posts

    9,474
  • Joined

  • Last visited

Everything posted by Mauser68

  1. Du trenger 1 stk gammeldags revesaks, 1 boks pils, litt kamuflasje, så er det berre invitere ein kollega, resten ordner seg sjølv.. Kjenner hundeeiger som har hatt samme problemet, for å sei det sånn, så likte den hunden aldri røsslige fyrer, med mørkt hår, bart og caps etterpå, men som enkelte seier, med litt tid, godbiter, så kan det gå bra dette..
  2. Ja, chili testa eg i fjor ( du skal få oppskrifta her, når eg endelig finner den, grrrrr.. ) det blei bra. Hadde det kombinert med kvitløk og merian, om eg ikkje huskar feil, det blei knall..
  3. Ja, den virka ein smule trist den blandinga der Chiefen, men for all del, ikkje sikkert at dei blir dårlige av den grunn, av og til er det kjekt å kunne verifisere innholdet av det ein smeller i kjeften også, eg har brukt kun salt og pepper i eit par hjortepølser, blei knallgodt det, viltsmaken kom iallefall til sin rett.. Personlig ikkje veldig glad i overdreven bruk av koriander, meinar at Coop sine prisbelønnte gourmet pølser, hadde eit mektig innslag av koriander, det var rett å slett ikkje særlig gode pølser, attpåtil minimalt fettinnhold i dei, som gjorde dei veldig tørre og kjedelige.. Har testa ut karve, estragon, karri, laurbærblad, kvit pepper ( pføy..) rød pepper, ulike grillkrydder, chili, merian og sikkert eit par til eg ikkje husker i slengen..
  4. Du bør tine sidene, før du legger dei i salt og det held fint med 1, maks 1.5 døgn med salting på dei sidene, dei er mindre enn vanlige sider og dei er som regel også mindre med fett på, eg ville ha prøvd meg med 1 døgn... Etter dei er salta, skyll av dei saltet og tørk dei lett med tørkepapir, heng dei så opp 1 døgn før røyking. Røyk dei i 6-8 timer, så henger du dei i 1-2 døgn etterpå, så rett i fryseren.. Hvis du skal henge dei fram mot jul, så ville eg ha salta dei 2-3 døgn og for at dei skal holde seg, men då må du vatne dei ut i ca 12 timer også, før du kan tilberede dei. Best resultat er minimal salting, direkte i frys og ikkje utvatning, då får du best smak, iallefall synst eg det..
  5. Kva vil det seia "å slita med presisjon".... ? Alle dyr eg har skote har vore på ein avstand under 100 meter, og dei aller fleste av dei att under 50 meter. Til MITT bruk er presisjonen god nok i alle rifler. Nei det er eg faktisk ikkje sikker på, anna enn eg har snappa det opp med fleire anledningar, det er kun det kalibere det gjelder på den rifla også.. Ellers må eg sei at eg har klådd på både Kimber og Tikka, Kimber er ein mini Mauser, ferdig bedda og snerten og lett som fy. Eg må sei at eg hadde gått for den, men ser du har allerede bestemt deg. Uansett lykke til med valget, Tikka blir vel sjelden feil heller..
  6. Kimber har slete med presisjon i 260, etter det eg har høyrd frå fleire som har hatt dette kaliberet.. Hvis du får tak i ei brukt Kimber i 260, så bør du nesten påberegne løpsskifte også.. X-bolt veit eg sannelig ikkje om eg ville ha kjøpt, har ein kompis som ikkje er glad i vedlikehold, han gjekk tilbake til sin Ruger 77, som forøvrig er den einaste rifle som er tilnærma rustfri. X-bolt begynte med rustprikker etter eit par jaktturer..
  7. Med så lett kule trur eg du skal få problemer med å få det stabilt, det skal ikkje meir enn litt trekk til, og det kan virke vindstille før den kula fort går ut..
  8. Nei, kun hvis innsida av dassrullen hadde vært av polert stål, eller speil, ville den hatt bedre enn 99% lysgjennomgang.. Sorry, men kunne ikkje dy meg
  9. Beklager, det leste eg meg ikkje opp til, fekk ein telefon her og begynte å skrive umiddelbart.. Ta kontakt med Winge eller andre som selger denne og legg fram problemstillinga, hvis du er heldig og får napp, kan det hende du får lokka dei til å sende den inn å reklamere på den og betale frakt og omkostninger, det er tross alt betre om du får ein som virker mot eit lite utlegg..
  10. Då trur eg at eg ville ha reklamert på den, den har tydeligvis ikkje holdt det den lover og bør jo heller ikkje henge seg opp, som du beskriver..
  11. He, he, skjønner den ja.. Då ville eg berre ha prøvd meg fram eller googla på bratwurst typer, der er mange av dei med forskjellig smak..
  12. Bruk krydder du i utgangspunktet liker på ei svinekotelett eller nakkekotelett når du steiker den. Eventuelt prøv deg fram med andre typer som karri, chili, salvie, basilikum osv. Det er ingen fasit på krydder, test deg fram og lag d eige oppskrift, kanskje den blir ein slager??
  13. Hadde samme dilemma eg også, kjøpte ein gammel Krag på auksjon, løpet var totalt ødelagt og det var så godt som umulig å skaffe nytt løp, iallefall ikkje til orginal langkrag med 15 mm tjukkelse i munning. Andre løp med 17 og 19 mm, er det stort sett greitt å få tak i fortsatt, men då for du problem med løpsband og overtre, men alt er mulig, ein børsemaker kan dreie det ned og tilpasse det.
  14. Den er grei Istmus, eg har berre litt problemer med å forsvare seriøsiteten til dette, med tanke på trådens navn, så ser det ut som du eksplisitt går etter Politiet..
  15. Hadde vore moro å visst kva motivet ditt var for å belyse dette Istmus, er hensikten å belyse eit stort problem, eller er det for å bevise at faktisk dei som skal overholde loven, bryt den? Trur du at denne tråden vil gå til det gode og du eller andre kan faktisk dra nytte av den, eller er det kun fordi du har gått tom for alle typer farger, og står igjen med eit spann svart maling? Eg har veldig problem med å sjå nytteverdien av denne tråden og at nokon skulle faktisk dra nytta av den i positiv forstand, faren er heller at Kammeret.no kjem blir igjen "bumpa" opp på enkelte etaters lister, som igjen fører til at den går nedover på andre lister, f.eks over seriøse nettfora.. Du med din erfaring, burde vel lært eit å anna i din ferd på livets sti, det forundrer meg at du griper fatt i sånne ting, det er ikkje alle ting som er verd prisen å diskutere.. Ytringsfriheit og fornuft, er to begrep, som ikkje alltid møtes hånd i hånd..
  16. Det veit eg faktisk ikkje, men den ulmer iallfall ikkje i 10 timer, hvis den er for fin, det veit eg.. Du må nok prøve deg fram, dei første gongene og loggføre resultatet..
  17. Prøv å bruk så grov flis som mulig og det bør være tørr....
  18. Mot fjell med snø eller i himmelsyn så var den slitsom, ellers so var den stort sett grei å bruke. Eg tok ikkje tida på målingene, men Zeiss oppgir 4 sekund som gjennomsnitt på målinger, mine målinger var nok sjelden opp mot det, men mellom litt under 1 - 1.5 sekund tok dei fleste målingene, kontra Nikon sin som enten måler det på eit halvsekund eller ikkje måler i det heile tatt.. Så deg er ikkje snakk om store forskjeller i grunn..
  19. Test av Zeiss Victory 8x26 PRF VS Nikon Laser 800 Fekk i forrige veke ein ny Zeiss avstandsmåler og ville gjerne teste den litt ut mot den gamle Nikon`en eg hadde frå før av.. Eg var ganske sikker på at Zeiss`en ville slå pusten utav meg i forhold til den gamle Nikon`en, men den gjorde ikkje heilt det, men klart betre på mange områder er den. Bilder av begge avstandsmålarane, merk at frontdekselet på Nikon`en er desverre laust og eg har festa dette med lerretstape : Zeiss Victory 8x26 PRF spesifikasjoner : Forstørring : 8x Objekttiv diameter : 26 mm Okular diameter : 21 mm Synsfelt på 1000 meter : 110 meter Laser bølgelengde : 904 nm Laser målemetode : Opptil 10 x puls på kvar måling Målegrense : 10-1200 meter Nøyaktigheit : +/- 1 meter opptil 600 meter, +/- 0.5% over 600 meter Håndholdt testmåling : 1122 meter Ballistisk system : Ja Display visning : Opplyst rød LED Dimensjon BxHxD : 98 x 48 x 130 mm Vekt : 310 gram med batteri Vanntett : Ja, opptil 1 meter Fordeler : Veldig god optisk, bra skumringseigenskaper og den kan faktisk brukast som ein mono kikkert i tillegg til avstandsmåler. Den har klart best håndholdte målinger i forhold til Nikon og den er lett å lese i dårlige lysforhold, eller ved mørke bakgrunner. Den har ballistisk informasjons system, der du kan programmere inn den nærmaste kulebanen på din ammunisjon, slik at du kan få overlegg i cm på avstander på opptil 500 meter. Dette er ein veldig fin ting både på skyting og jakt, då du har ein ca referanse for overlegg, uten bruk av tabeller eller ballistiske applikasjoner på mobiltelefon. Ulemper : Den er stor, litt tung og klumpete, den er veldig dårlig å lese av målinger på veldig lyse bakgrunner. Du må nesten peke den mot mørkere felt skal du klare å lese den av. Den er også ein del treigere på målingene enn Nikon sin måler. Den har heller ikkje visning av batteristatus, slik Nikon sin har. I tillegg har den ikkje gjengefattning for å kunne montere den på stativ. Bruksområde : Den er ein god allrounder, men på grunn av størrelsen og vekta, samt at den er treigare på målinger, så er den nok ikkje det beste alternativet på jakt, men den duger til dette også, for all del. Vil sei at til skyting og spesielt langholds skyting, så er den veldig god, spesielt på grunn av ganske greie målinger til over 1000 meter grensa, det står det respekt av. Der har den ein klar fordel over Nikon sin, sjølvsagt har den eit større måleområde også, men Nikon sin klarar knapt halvparten av det den skal måle ut til i snitt.. Her er bilde av avstandsmålaren tatt gjennom den ute i dagslys. Her er bilde tatt gjennom den innandørs, med dårlig belysning : Nikon Laser 800 Forstørring : 6x Objekttiv diameter : 21 mm Okular diameter :14 mm Synsfelt på 1000 meter : 105 meter Laser bølgelengde : 870 nm Laser målemetode : Kun 1 x puls på kvar måling Målegrense : 10-730 meter Nøyaktigheit : Mindre enn 0.5 meter ut til 730 meter ( Fant ingen spesifikk del på dette i den tekniske spesifikasjonen på produktet ) Håndholdt testmåling : 520 meter, men normalt mellom 300-400 meter Ballistisk system : Nei Display visning : LCD Dimensjon BxHxD : 126 x 37 x 72 mm Vekt : 210 gram uten batteri Vanntett : Ja Fordeler : Liten og nett, grei å ha med i jakkelomma på jakt, for hurtige og effektive målinger på avstander ut mot 350-400 meter. Den klarer dårlig avstander lengre enn dette, men målingane er hurtigare enn på Zeiss sin, derfor vil den også være betre på jakt, der ein ofte treng ein kjapp måling. Nikon har gjengefattning, for å kunne montere den på stativ, dette har ikkje Zeiss. Den har dessuten ein visning av gjenstående batteri under målinger, dette har heller ikkje Zeiss. Visningen er i LCD og er langt betre å sjå enn Zeiss sin opplyste visning med LED spesielt på lysere bakgrunner, der Zeiss sin nesten er umulig å sjå, uten å lede den mot mørkere bakgrunn. Ulemper : Er klart dårligere optisk og spesielt i dårlig lys. Visningen av LCD er nesten umulig å sjå i dårlig lys og den har dårlige skumringseigenskaper. Den måler heller dårlig for hånd over 400 meter, då må du enten være veldig stø på handa, eller du må ha ei stor grei flate å sikte mot. Lite synsfelt, lav forstørring og dårligere optikk, gjer den til bruk som ein mono kikkert heller dårlig. Nikon har heller ikkje ballistisk informasjons system som Zeiss har. Bruksområde : Jakt og skyting på avstander mindre enn 400 meter. Kjem spesielt godt ut på grunn av vekt/størrelse og måletid, der den slår Zeiss på samtlige områder. Zeiss sleit med å måle korrekt ut gjennom vindu, dette klarte Nikon`en mykje betre, men dette blei ikkje vektlagt, då det er heller ikkje bruksområdet for produktene. Her er bilde av avstandsmålaren tatt gjennom den ute i dagslys. Her er bilde tatt gjennom den innandørs, med dårlig belysning : Dette er ein test eg har gjort personlige erfaringer, ut i frå at eg produktene eg har, eg har ingen optisk utdanning å teste dette ut i frå. Testen bestod stort sett i å måle forskjellige avstandspunkter med begge avstandsmålarane, bruke den litt i skumring og teste ut forskjellene på produktene. I tillegg blei det tatt bilder gjennom dei i dårlig innebelysning, for å vise kor stor forskjell det er med tanke på optisk kvalitet og skumrings eigenskaper. Ellers så har eg sjekka tekniske spesifikasjoner på produktene opp mot kverandre og erfaring med lengre tids bruk av Nikon`en i forhold til det eg opplever med Zeiss. Foto i testen er tatt med ein Samsung Galaxy SIII, dette fordi at det var det beste alternativet å ta bilder gjennom optikken med, mitt Canon G12 sleit med å ta bilder gjennom optikken, derfor blei også alle bildene tatt med mobiltelefon. Terningkast på produktene, så vil eg nok lande på ein 5 med Zeiss og ein god 3 med Nikon.. Zeiss har klart eit bedre produkt på dei fleste områdene. Dette er min første produkt test, så eg tar mot ris og ros med stor glede.
  20. Mauser68

    Zeiss_Nikon_6.jpg

    From the album: Prosjekter

  21. Mauser68

    Zeiss_Nikon_7.jpg

    From the album: Prosjekter

  22. Mauser68

    Zeiss_Nikon_1.jpg

    From the album: Prosjekter

  23. Mauser68

    Zeiss_Nikon_2.jpg

    From the album: Prosjekter

  24. Mauser68

    Zeiss_Nikon_3.jpg

    From the album: Prosjekter

  25. Mauser68

    Zeiss_Nikon_4.jpg

    From the album: Prosjekter

×
×
  • Create New...