Jump to content

Mauser68

Members
  • Posts

    9,474
  • Joined

  • Last visited

Everything posted by Mauser68

  1. Om det er plastskinn du bruker, er kanskje den delen mindre lurt ja. Pølsene dine ser bra ut, du har fått dreisen på det der.
  2. 9.3x57 er knallfint kaliber på det meste, berre du kjenner kulebanen, den fungerer på 99% av avstandene vanlig Norsk vilt blir skutt på, det er kaliber med masse bra kuler, liten rekyl og du kan skyte i timevis med, uten problem.. Storebroren 9.3x62 er littt slitsom å dunke å treningsskyte med, iallefall for rekylpingler som meg.. Difor var valget lett, spesielt sidan produsentar som Blaser ser potensialet og etterspørselen etter kaliberet og begynner å serieprodusere løp igjen i kaliberet.. Hadde eg visst det eg veit i dag, så hadde eg hatt ein gammel god Husqarna i dette kaliberet for lengje sidan..
  3. Kjekt å sjå at det er fleire som kjøper det kaliberet.
  4. Chiefen, bruk ei litt tjukk knappenål og stikk eit hull når det trengst, det pleier å hjelpe på luftproblemet.. Dette bruker alltid eg når eg lager pølser, uansett type..
  5. Å kun støtte seg på fakta som kun lysgjennomgang, hvis du snakker deg om eit sikte er bra i skumring blir ikkje heilt rett desverre. Skal du ha ein brukande kikkert i mørke, er det minst like viktig at optikken er god, ellers får du aldri utnytta lyset heller.
  6. Hadde tidligare ein 90 talls Schmidt&Bender 3-12x50 og har i dag ein 90 talls Svarowski 1.5-6x42, og må faktisk sei at eg synst Svarowski`en er hakket betre i skumringa, til tross for at optikken har eit tydelig gulskjær av coatinga.. Har hatt både Meopta og Nikon tidligare, og eg har i grunn vært fornøyd med samtlige eg har hatt, men i skumringa, trur eg at eg ville holdt ein knapp på Meopta, iallefall hvis den er av nyare type. Den Meopta`en eg hadde, hadde ein stor bakdel i skumring, baksida av retikkelet var blankt, så det reflekterte motlys/sidelys inn i siktet og gjorde det nesten ubrukelig i skumringa. Einaste var hvis eg hadde månen i ryggen og ingen husstander i nærheita, der det var lys..
  7. Media skriv ein artikkel ( som i værste fall kan væra full av feil og mangler ) og so kjem horden med betreviter predikering, dette kan bli bra Lørdagsunderholdning, he, he, he..
  8. Vakumpakka smalahove med nepestappe, burde være mulig å få til i 2013, meir havrekjeks, fleire energibarer, og så burde dei ha innebygd varmelement i posene med varmmat, for å kutte ut det forbanna vasskokingshysteriet, det tar for lang tid og er utpraktisk i ein reel krigssituasjon og ikkje gløym tubeost og knekkebrød.. Puh...
  9. Hmm, mulig det var Clas Ohlson eg kjøpte den, og prisen stemmer bra, så det er husken min som feiler, uansett ein kniv verdt sine penger. Lurer på om ikkje Scanholm har 90 mm syntetisk tarm eller plasttarm, men sistnevnte tar ikkje røyk, dersom du skal røykje det..
  10. Såg flott ut den der, kanskje litt lite spekk for min del, men det kan væra tilfeldig også, alt etter snittet i pølsa. Du har vært å shoppa kniv på Ikea ser eg, den der er verdt kvar ei krone, har samme sjølv og kjøper gjerne 2 til ved neste besøk.
  11. Ja der traff du spikeren igjen Villreinjegeren, før du involverer deg i den klubben må du finne den ( for der må du leite lenge ) og så må du gjerne forklare oss uinvidde, korleis du skulle blitt tatt opp i den klubben, som har så store problemer med å skrive Norsk og følge nokon enkle regler.
  12. Debatten blir ikkje værre enn ein gjer den til. At du Villreinjegeren ikkje ser forskjellen på å stave enkelte ord rett å bruke rein dialekt og sms språk, vitner om ein oppførsel som du skulle ha vokst frå for lenge sidan.. Men poenget er vel kanskje å bruke misnøyen til å poengtere eit ståsted, gratulerer med ein fabelaktig bra jobb, du må være veldig stolt..
  13. Men du Mr.Polar, grunnloven og forumreglene er 2 vidt forskjellige ting.. Forumreglene er spesifikt bestemt for dette forumet og må godtas for å få tilgang og retten til å bruke og skrive i forumet. Alternativet er at du kan forbli uregistrert og ha tilgang til å lese i trådene, men ikkje skrive..Du kan være einig eller ueinig i det, men det er også fakta..
  14. Eg har absolutt ingen problemer med å lese dialekt og forkortelser/sms språk, det aller meste av det iallefall, har nærmest ingen problemer med dialekt skriving i trådene heller, men som sagt EG har ikkje det.. Men det går kanskje an å tenke seg at det er ein del som sliter med dette, det gjer innlegg uansett generelt tyngre å lese, lettere å misforstå og det er mindre søkbart. Eg husker godt ein bruker som nekta å bruke vanlig Norsk skriftsspråk, som heller ikkje ville godta å bli moderert for det og valgte å bli fjerna frå forumet, fordi han kun skreiv dialekt.. Greitt nok det, det er eit valg ein tar, og når hovmod står for fall... Men folkens, dette er i grunn eit generelt "inngrep" for forumets beste, greitt nok at mange ikkje ser på dette som eit problem, men det er mange som sliter med dette, dei fleste av dei seier kanskje ikkje i frå heller, men hopper gjerne over innlegg som er tunge å lese og blar videre, eller irriterer seg over det og går ut av tråden igjen. Er det brukere som generelt har problemer med skriving/dysleksi, så går det også an å nevne dette for moderatorene, hvis dei blir moderert, men den jevne brukeren bør kunne konsetrere seg såpass, om å klare å skrive det Norske skriftsspråket i trådene, uten at dette burde være eit problem. Men det er mine tanker om dette.. Ha ein ellers fin dag folkens.
  15. Då blei det bestilt ein Macic Vac Maxima med ein ladning forskjellige poser i dag, forsinka julepresang, men desto betre å vente på.
  16. Eg ville ha kun kverna hjort eller rådyr for seg sjølv og ikkje blanda det med noko ting. Då held det seg lenger og du har muligheita for å spe det ut eller blande i noko i ettertid, alt etter kva du skal bruke det til. Åt siste pakka med kverna hjort frå 2006 i fjor, den var nesten like fin fortsatt, det hadde den garantert ikkje vore med svinekjøtt/spekk i..
  17. Du er nok inne på det riktige Tailgunner, forma bør stå på nederste rille i ovnen og med moderate mengder karamell vil du få bra med saus, om du lar den stå i forma meir enn 1 døgn. Eg lar den gjerne stå 2 døgn også, synst smaken sett seg betre nåtiden står.
  18. Huff, det gjorde ikkje akkurat lysten på Krag, særlig mindre, arrrggghhh for eit kanonflott våpen!!
  19. Mauser68

    Knust minnekort.

    Er det ikkje mulig å få snurra tape rundt, eller limt det på ein eller annen måte, sånn at du kan stappe det i ein minnekortleser ?
  20. Mest sannsynlig enten fordi han bruker masse karamell i forma, eller at den ikkje har stått så lenge at karamellen har løyst seg opp.. Eller ein kombinasjon.. Min erfaring er at karamellpudding blir betre, hvis den står iallfall 1 døgn i forma, pluss at då får ein også meir karamellsaus til puddingen.
  21. Lag den omtrent som ein hare, stykk den opp med lår, bog, rygg og brun delene, så lager du ein kraft til saus på lever, hjerte og avskjær/nakke og så smeller du oppi det du liker i ein viltsaus, tyttebær, brunost, rømme, fløte osv, trekker du dette forsiktig i ca 2 timer, så har du ein kanongod middag.
  22. Eg også satser på at du enten ikkje får nok luft i dei, kombinert med for mykje potetmel.. Eg husker ikkje i farten kor mykje potetmel eg brukar, men dei siste åra eg laga litt fiskekaker, så fant eg ut at hurtigmikseren var genial til å lage fiskekaker med, dei blei flotte å luftige. Du tar å snitter opp fisken i strimler og har i hurtigmikseren, maskina vil begynne å dra tungt når fisken blir most uten fuktigheit, så derfor har du ein blanding av fiskekraft og vatn på lur, som du renner forsiktig oppi etterkvart som fisken blir most. Så har du litt løk i også, den tilfører fuktigheit og når du har fått miksa skåla godt full og du ser at det er ein luftig fin masse, så stopper du opp.. Så gjentar du dette til all fisk og løk er miksa sammen, så tar du å visper potetmelet sammen med siste delen av krafta/vatnet eventuelt kremfløyte, så heller du dette i blandinga med fisken. Og så tar du salt og pepper i, eventuelt krydderet du bruker og litt finhakka purreløk. Så prøver du å steike ei kake og sjekker smak og konsistens.. Har aldri fått så nydelige, porøse og luftige fiskekaker verken før eller seinare.
  23. Eg blir meir og meir sikker på at det einaste eit forbud vil forårsake, er meir avsky og mindre respekt for myndigheiter og lovgivende etat og ulovlig import vil alikevel bli eit faktum.. Eit strengere lovverk kanskje, mindre av den typen som ukontrollert går opp i lufta, meir bakkefyrverkeri og fontener, det vil kanskje hjelpe.. Dumheit kombinert med alkohol er ikkje mulig å kontrollere med verken forbud eller regler.. Synst at folk burde respektere fyrverkeri, men også oppdra og vise yngre menn spesielt, farer og fakta om kva mange dyreeigere i Norge sliter med i romjula. Det burde også være ein del av statens ansvar, og heller bli flinkare på å informere kontra å forby. Det må fortsatt være lov for voksne og myndige personer å få kose seg med fyrverkeri 1 dag i året..
  24. Mauser68

    Godt nytt år!

    Godt nyttår alle Kammerater.
×
×
  • Create New...