Personar som utøver ein eller annan form for idrett eller ferdighet har vel alltid hatt behov for å testa ut grensene for eigne og andre sine ferdigheter.
Denne formen for grensesprenging har nok ikkje alltid vore fundamentert på like stor sjølvinnsikt og vurderingsevne, men for utviklinga av "øvelsen" har det vore positivt og ført til større og raskare framskritt, enn om ein valde ei utvikling basert kun på det trygge.
Men i situasjonar der ein faktisk har muligheten til å eksperimentera og testa grenser på td. ein skytebane i staden for på levande vilt, -då burde valget vera enkelt...
Human jakt handlar i bunn og grunn om å tilegna seg mest mogleg marginar, for å gjera sjølve avlivinga så human som overhode mogleg. At dette for enkelte ikkje er like statusbefengt eller spennande som å tøya strikken i motsatt retning, får så væra.
Som utøvande jegrar har me eit felles ansvar for å halda stien vår så rein som mogleg, I norge har jegrane framleis ei relativt høg stjerne og truverdighet i opinionen. Den statusen bør me alle jobba for å behalda, ingen lovleg aktivitet tener på at storsamfunnet er kritisk til det ein driv med.
Trur heller ikkje at slike diskusjonar som dette, tener saka i kampen for å behalda tradisjonell jaktutøvelse i framtida.