Jump to content

Pre`64

Members
  • Posts

    59
  • Joined

  • Last visited

Everything posted by Pre`64

  1. Hadde laga eit langt svar, men så hengte nettlesaren seg.. Kortversjon; eg har hatt tilsvarande problem med ein GRS Bifrost for M98. Måtte få utført søylebedding for å få kasse og underbeslag til å ligga nokolunde i stokken. Enda opp med eit betydeleg dyrare resultat enn forventa. Men eg hadde ikkje noko valg siden eg ikkje oppdaga problemet før eg hadde fresa bort ein heil del gods i kanalen for hevearmen. Det var så gale at underbeslaget kneip fast avtrekkjaren når skruene vart trekt til.. i ditt tilfelle ville eg ha returnert heile stasen, dette produktet held ikkje det som marknadsføringa lovar!
  2. Fekk du svar på dette spørsmålet? - Ev. er det nokon andre som veit svaret..?
  3. - Ein middels fotballbane.. ( 500 mål minsteareal med aktiv bruk av disp. med til 50% , blir 250 mål i praksis.. )
  4. Eg fann nyleg boka til salgs på eit antikvariat.
  5. I mitt hovud handlar skyting mot levande vilt om å tileigna seg mest mogleg marginar, samt å velgja bort mindre gode muligheter. Så lenge det handlar om fyrsteskot på eit uskadd vilt, så tenkjer eg at ein bør tilstreba seg betre marginar enn det dei beskrivne forutsetningar medfører. Det er ikkje nødvendig å avfyra slike skot, det fins garantert situasjonar som gjer betre odds for å lukkast, - difor er det greit å la vera. Kva den enkelte er kapabel til ihht. treningsgrunnlag og ferdigheter er noko anna. Slike individuelle vurderingar er vanskeleg å kombinera med generelle normer og regelverk.
  6. Så skjedde altså det som "måtte skje".. No vert det spennande å sjå kva tiltak som vert sett i verk. Utskyting av norges største villreinbestand trur eg ikkje er aktuelt, dette er nok blant dei verste scenario som kunne inntreffa.
  7. Eg har ikkje rota meg til med reinsjakt i år, men finn alltid interesse i å fylgja med på vær og dyretrekk. ( Hardangervidda ) Har vore fast gjest på dyremeldingstenesta til Radio Rauland og seinare Numedalsnet. No har visst Numedalsnet lagt inn årane og meldingstenesta er opphøyrt. Er det etablert noko erstatning for denne dyremeldingstenesta? Ser det er noko for Nordfjella på FB, men har ikkje funne noko løysing for Hardangervidda.
  8. Eksempel frå helga som var: Skot frå sittande stilling mot hjortekolle med breidsida til, dyret var I ro. Skuddavstand I underkant av 30m, skyttaren sikta på bogen, men såg ikkje at han skaut av ein kvist på ca 3mm tjukkelse, kvisten var ca 15 cm framfor pipa. Skotet gjekk inn i svangen på dyret, kula hadde velta...
  9. Denne "Dead sled", kva er oppfatningen ang. slitestyrke og varighet? Vil den tola hard bruk i ulendt terreng med røter og stein, eller blir det bruk og kast? Mitt bruksområde er hjortejakt, der det trengs å dra kortare / lengre strekk for å få viltet fram til områder kjørbare med ATV. Bør helst kunna vera med I sekken. Då er det ikkje så aktuelt med brett / sledar I hardplast, det vert for mykje styr..
  10. Har du tilgang til traktor med laster? Det fungerer fint til denne typen flåing.
  11. Berre for å presisera dette med diskusjon: Eg er ikkje imot at kontroversielle tema vert diskutert, - trur heller ikke at berre eg sit på fasiten. Men, det eg meinte var at slike diskusjonar som dette, - der det nokså tydeleg vert argumentert for at det er greit å tøya strikken mot levande vilt, - blir fanga opp av grupper som ikkje vil jakt og tradisjonell jaktutøvelse vèl. - Det tener ikkje norske jegrar si sak. Derfor er mitt bidrag no å avslutta engasjementet.
  12. Personar som utøver ein eller annan form for idrett eller ferdighet har vel alltid hatt behov for å testa ut grensene for eigne og andre sine ferdigheter. Denne formen for grensesprenging har nok ikkje alltid vore fundamentert på like stor sjølvinnsikt og vurderingsevne, men for utviklinga av "øvelsen" har det vore positivt og ført til større og raskare framskritt, enn om ein valde ei utvikling basert kun på det trygge. Men i situasjonar der ein faktisk har muligheten til å eksperimentera og testa grenser på td. ein skytebane i staden for på levande vilt, -då burde valget vera enkelt... Human jakt handlar i bunn og grunn om å tilegna seg mest mogleg marginar, for å gjera sjølve avlivinga så human som overhode mogleg. At dette for enkelte ikkje er like statusbefengt eller spennande som å tøya strikken i motsatt retning, får så væra. Som utøvande jegrar har me eit felles ansvar for å halda stien vår så rein som mogleg, I norge har jegrane framleis ei relativt høg stjerne og truverdighet i opinionen. Den statusen bør me alle jobba for å behalda, ingen lovleg aktivitet tener på at storsamfunnet er kritisk til det ein driv med. Trur heller ikkje at slike diskusjonar som dette, tener saka i kampen for å behalda tradisjonell jaktutøvelse i framtida.
  13. Meinar du at ein bør senka eigne krav til ferdigheter ved rifleskyting mot vilt, fordi at enkelte utøver jakt med hagle på tross av dårlegare ferdigheter..?
  14. At det er teknisk mulig er vel ikkje noko å diskutera. Om det er "mulig" i jaktsamanheng så er det ferdigheten som skyttar det kjem an på. Med ferdighet, meinast både teknisk skyteferdighet og vurderingsevne av situasjon og alle andre eventualiteter. Regelen om at du bør greia å treffa definert treffområde på 9 av 10 skot pr. serie, - ved skyting på papp under same forhold bør vera eit minimumskrav til eigne ferdigheter, før ein vurderer å skyta mot vilt under tilsvarande forhold.
  15. -Den var ikkje snau... Er det blårussen sitt inntog i elgjakta me er vitne til her..?
  16. Viss dette dreiar seg om eit hjortevald med direkte tildelte løyver frå kommunen, ( ingen bestandsplan ) så er det denne som gjeld: § 21.Målrettet avskyting Som alternativ til bestemmelsene i § 19 og § 20 kan kommunen eller villreinnemnda pålegge målrettet avskyting ved å fordele fellingskvoten på et bestemt antall definerte kjønns- og aldersgrupper. Fellingstillatelsen skal da være utfylt etter følgende alternativer: For elg: Kalv (½ år), voksne hunndyr (1 ½ år og eldre), voksne hanndyr (1 ½ år og eldre). For hjort: Kalv (½ år), voksne hunndyr (1 ½ år og eldre), spissbukk, og voksne hanndyr (2 ½ år og eldre). For villrein: Kalv (½ år), simle (1 ½ år og eldre), simle/ungdyr (simle 1 ½ år og eldre eller bukk 1 ½ år), valgfritt dyr. For alle artene kan kalv felles i stedet for voksne dyr av begge kjønn. Kommunene kan ikke pålegge målrettet avskyting av rådyr ved å fordele fellingskvoten på definerte kjønns- og aldersgrupper. - Då kan du ikkje fella spissbukk i staden for vaksen bukk..
  17. [quote="Mauser M67" så nedskytingen av hjortebestanden har vært vellykket. Du skriv at nedskyting av bestanden har vore vellukka. Men då er eg veldig interessert i å høyra kva tiltak som er gjort I etterkant? - Har lokal viltmyndighet styrt denne nedskytinga og ditto endra antal tildelingar når bestanden var kome ned på rett nivå? - Kva var målsetninga med bestandsreduksjonen?( %-tal eller andre mål ) - Korleis er tildeling / kontra bestand I området no? Håpar du kan skriva litt meir om dette.
  18. Merkelig stille i denne tråden I år... Det brukar å vera hyppige oppdateringar på denne tida. Kva er inntrykket så langt? Her i Midthordland er det tydeleg mindre dyr å finna, denne utviklinga meinar eg har pågått dei siste 3-4 åra. Men i år er det markant rolegare. Det er jo målsetninga at bestanden skal reduserast, men eg synest dette er i overkant, særleg sidan det ikkje vert teke grep for å redusera avskytinga. - Andre inntrykk..?
  19. "Been There, - done that" Tippar dette er argument frå naboane dine? Heller ikkje usannsynleg at du held til på vestlandet ein stad..? Desverre så er det ikkje alle skråsikre uttalelsar som er like godt fundamentert på kunnskap og erfaring, oftare på skepsis og misunnelse. Ein ting er sikkert; skal jakt med drivande hund vera triveleg på "små" hjorteteigar, så treng du gode naboar
  20. Dette er ein interessant problemstilling... og grunnen er som nevnt over, at dyret er "friskmeldt" til tross for påvist skade. Oftast er det slik at jeger / jaktlag er ivrigast på å avslutta ettersøket så snart som mogleg, når det er som her; at jegrane ynskjer å fortsetja til tross for "friskmelding" så er det eit teikn på at beslutninga er tvilsom. Tilbake til det konkrete spørsmålet: Juridisk, bortfell forfølgelsesretten uansett ved utgangen av den dagen dyret gjekk over på naboeigedomen, så den retten kan ein ikkje hevda. ( dagen etter ) Men viss jaktlaget ynskjer å fortsetja ettersøket og naboen samtykker i dette, så er "friskmeldinga" ikkje noko hinder for dette. Er naboen derimot uvillig, så er einaste mulighet slik eg ser det å "anka" friskmeldinga og prøva å få viltnemda til å oppta ettersøket i offentleg regi. Altså eit offentleg ettersøk, då er ikkje lenger reglar for ettersøksplikt og rett gjeldande.
  21. Har eit spørsmål til dei erfarne her: Er det fornuftig å skilja låskasse og stokk før herdetida er heilt over for lettare å kunna renovera kantar osv. på beddemassen? I såfall, når ( konsistens / tid ) kan ein ta sjansen på å gjera dette? Eller er det betre å venta til massen er gjennomherda?
  22. -Interessant debatt, og spesielt kjekt å sjå at det går an å vera uenige utan ufine utsagn og angrep! Eg har ikkje greie på elgforvaltning, men ser mange likheitstrekk med hjorten. Dette med fare for jurbetennelse og brunstsmak på kjøtet er i alle fall likt etter min barnelærdom. ( ingen av dei er aktuelle etter forskarmiljøa sine utsagn ) Vil gje forsiktig støtte til forslaga om å venta til etter brunsten med å starta jakta, trur mange ville fått positive opplevingar med tanke på dyra sin utbredelse i terrenget då. Slik det er her på vestlandet, havnar ofte kjerneområda for brunstaktivitet på dei plassane med minst menneskeleg aktivitet i skogen. ( og ikkje nødvendigvis der det er mest hjort resten av året ) Men det er ikkje sikkert at det er slik alle stader..?
  23. Du har jo konkludert sjølv.. Det er ei kurant treningspatron, men neppe særleg meir. Kvaliteten, og dermed påliteligheten er etter mitt syn ikkje god nok til storviltjakt, størrelse og verdi av viltet burde gjenspeglast i bruk av kvalitetsammunisjon. I dagens blyforgiftningsbilde kjem vel heller ikkje Partizan serleg godt ut...
  24. Dette vurderer du greitt ved å fylgja med på modningsprosessen: Utviklar slaktet fine, tørre hinner, og lukta er normal, så vil nok dette gå heilt fint. ( Men du bør kanskje ta ein annan bete til "bryllaupsmiddag" )
×
×
  • Create New...