Jump to content

Ny stokk til jaktrifle - duger Boyds?


joska

Recommended Posts

Har akkurat kjøpt meg ein Boyds-stokk til salongen min (CZ 452). God å skyte med, men eg var litt småskuffa over kvaliteten. T.d. måtte det litt mindre tilpasningar til for å få underbeslaget til å passe, og løpskanalen er ikkje rett. Ein får vel det ein betaler for, $99 er tross alt ikkje mykje.

 

Har vurdert å kjøpe ein Boyds-stokk til ein ZKK 601 også, er det nokon som har erfaring med ein slik stokk til jaktbruk? Tåler den litt vestlandsvær utan å slå krøll på seg? Og må det beddast?

Link to comment
Share on other sites

sikker på at ikke løpet ditt er skeivt da?

 

Stållinjalen bekrefter at det er Boydsstokken og ikkje løpet som er skeivt. Ikkje allverden, men nok til at den såvidt ligg an på eine sida heilt fremst.

 

Boyds sine stokker holder sikkert på vestlandet, men beddet ville jeg gjort. Har en til min 600 og funker fint. synes dog formen på disse stokkene er litt rar, så det har jeg endret en del på.

 

Formen passar meg heldigvis fint, har ingenting å utsette på den. Kva behandlar du stokken din med? Min ser ut til å ha ein slags lakkfinish.

Link to comment
Share on other sites

  • 3 months later...

Oppdatering - eg kjøpte ein Boyds-stokk til ZKK-en. Stokken er forsåvidt fin å sjå til med ein silkematt lakkfinish, og formen passar meg veldig bra. Sånn sett har eg ingenting å klage på.

 

Det som er mindre bra er passformen og ikkje minst innvendig finish. Til min ZKK 601 må den seiast å vere halvfabrikata. Med litt forsiktig massering med ein Dremel med fresebit fekk eg kassa ned i stokken, og det ser tilsynelatande bra ut. Prøveskytinga gir lovande presisjon, men uansett kor eg drar dei til løsnar skjefteskruane etter 8-10 skot.

 

Litt forsking og prøving med merkefarge (dvs. ein av ungane sine tusjar) avslører at rekylklakken har null anlegg. Finns ikkje. Det er heller ingen foringar i hola for skjefteskruane slik det er på originalstokken. Utsparinga for magasinbrønnen er for sparsom slik at låskassa ligg an på to stader - enten fremre skjefteskrue og høgre hjørne foran på magasinåpninga, eller tangen og bakre venstre hjørne av magasinåpninga. Som sagt, halvfabrikat :)

 

Etter fleire veker med stress og dårleg tid (sommarferie veit du) fekk eg endeleg somla meg til å gjere noko med dette i går kveld. Fram med Dremelen igjen og ta ut nok gods til at låskassa kunne leggast i. Denne gongen også i vater og med pipa i senter i løpskanalen. Holet til fremre skjefteskrue vart bora opp til 12mm og stålforinga frå originalskjeftet pressa inn. Må i rotekassane i garasjen og sjå om eg finn passande emne til foring til bakre skjefteskrue - foringa i originalstokken er limt inn.

 

Så til bedding - eg har tenkt å bedde rekylklakken og ca tre cm framover på løpet. Har det noko for seg å bedde tangen? Det er ikkje allverden med gods der, vil det ikkje vere nok med anlegg mot foringa mot underbeslaget? Tenkte å lime inn denne som på originalstokken.

Link to comment
Share on other sites

Jeg kjøpte og fikk montert Bouds stokk på min 1939 M98 krigsmauser nå i år.

Sendte den til Rafdal for tilpasning og søylebedding. Funker kanon etter det.

 

Opplevde også at tilpasning mellom Boyds stokken (2015) ikke var 100 % sammen med Hitlermauseren fra 1939. Hadde det vært 100 % (og gjerne enda værre - for rommelig) hadde jeg imidlertid blitt mer begymret enn at ting er litt trangt fra fabrikken sin side. Jeg legger uansett til grunn at en slik trebit normalt vil trenge litt finjustering og bedding (søilebedding) før alt passer som k.k i kram snø. I følge Rafdal var det vanlig at litt tilpasning måtte til - altså ikke bare å skru sammen delene. På min var det uansett ikke mye treverk som måtte vekk før alt var tight og fint.

 

For min del endte vel totalprisen på 2500,-.

Link to comment
Share on other sites

Hadde det vært 100 % (og gjerne enda værre - for rommelig) hadde jeg imidlertid blitt mer begymret enn at ting er litt trangt fra fabrikken sin side.

 

Du har nok rett i det. Mulig eg berre vart litt bortskjemt med Boydsstokken eg kjøpte til salongen (CZ 452). Der passa alt tilnærma perfekt utan den minste tilpasning.

Link to comment
Share on other sites

klipp og lim fra boydsgunstocks.com

 

How do I inspect my purchase?

Before any modification takes place to your new stock, take your new Boyds stock and your old stock, with the action removed, and lay them side by side to compare action holes, bolt cuts and such inletting to insure that they match. Once done, gently place your barreled action into new stock. Remember, based on the variations among models and tolerances that factories may or may not routinely adhere to, minor fitting may be needed; even on a fully finished part. Safety is the primary consideration with any stock you purchase from us. Although we strive to achieve it, DO NOT assume it will be a perfect fit out of the box.

Link to comment
Share on other sites

Det største problemet er altså ikkje at det var litt trangt her og der. Det er lett å fikse. Problemet var at det var for romt ved rekylklakken, så den hadde ikkje anlegg mot noko anna enn skjefteskruen. Så i mitt tilfelle må det beddast.

Link to comment
Share on other sites

Har fått ordrebekreftelse nå, og har omsider, etter ekstremt mange forsøk, fått logget meg på hjemmesiden.

Bestillingen min har status som "In progress", så det er da noe. Men pengene er enda ikke trukket fra konto.

 

Edit: Det er snart tre uker siden jeg bestillte. De har enda ikke trukket beløpet fra konto.

Link to comment
Share on other sites

Join the conversation

You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.

Guest
Reply to this topic...

×   Pasted as rich text.   Paste as plain text instead

  Only 75 emoji are allowed.

×   Your link has been automatically embedded.   Display as a link instead

×   Your previous content has been restored.   Clear editor

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

×
×
  • Create New...