Jump to content

Få bedre presisjon


aasebø

Recommended Posts

Det er slett ikkje alle løp og alle rifler som går verkeleg godt uansett kva ein gjer med dei, og ein Rem 700 frå -97 med originalløp treng slett ikkje vera det beste utgangspunktet for topp presisjon. Eit nytt "match grade"-løp frå ein anerkjent produsent av presisjonsløp vil neppe skade presisjonsmessig. Kor godt går ho no?

Link to comment
Share on other sites

100mm samling på 500 krever meget gode skyteferdigheter, ei rifle som går uhyggelig godt, og jevn ammunisjon. Man burde også ha litt peil på å lese vind da vind på 5m/s fort kan dra en lite egnet kule ut i verdensrommet omtrent.

Nå skal det sies at du ikke har en enorm fordel med kaliberet heller, (lange tunge kuler får ikke fyttikatta-fart) men det er jo bare å begynne systematisk trening på avstander fra 100 og opp til f. Eks 500 så ser du raskt om du må foreta deg noe drastisk enten det er trening eller utstyr.

Sent from my LT26w using Tapatalk 2

Link to comment
Share on other sites

50mm@100m blir:

 

100mm@200m

 

200mm@300m

 

...og sånn går det no.

 

50mm på 100m er ikkje så altfor gale for ei fabrikkbørse. Pipa varar nok i alle fall 6-7000 skot, truleg enno meir. Om OP vil jage klistrelappar på 100m er det nok retting og lapping av låskasse pluss ny pipe som er naudsynt. Men om ein er ute etter slik presisjon, så blir fort prislappen såpass høg, at ein kanskje berre kan vurdere å skaffe seg ein dedikert presisjonsrigg frå botnen opp og så ha jaktbørsa attåt som "skrutreskar"? Eg hadde ikkje kvia meg for å gå på jakt med ei børse som ellers fungerte greit (mating, ingen endring i treffpunkt og slikt) og samla 50mm@100m. Eg hadde heller ikkje blitt sur om den samla 20mm, men nok ein gong, dei millimetrane har ofte ein ganske høg prislapp!

Link to comment
Share on other sites

Det er slett ikkje alle løp og alle rifler som går verkeleg godt uansett kva ein gjer med dei, og ein Rem 700 frå -97 med originalløp treng slett ikkje vera det beste utgangspunktet for topp presisjon.

 

på en 5skudd e ho innafor 5 cm,på 100meter.

 

Ser på mine Rem700 at de er ikke alltid like glade i lange serier.

Hva skjer da hvis du f.eks tar snittet av 3 stk 3-skudds serier?

Link to comment
Share on other sites

Har merka meg dette eg òg at tynne fabrikkpiper gjerne ikkje er dei som er mest glade i å gå varme. Kva skuldast eigentleg dette? Eg undrar om det kan vera ujamnheiter i dreiinga som så skapar ulikheiter i måten stålet strekk seg på ved oppvarming, men dette er berre ein privat hypotese.

 

Så klart under føresetnad av at pipa ligg fritt!

Link to comment
Share on other sites

eg takkar for gode svar og innspill,kom gjeerne med meir.e sug til meg alt av informasjon og erfaringa fra andre. og en ting til, dette med pussing av løp, gamlekara sier at , for all del,ikkje puss løpet etter du har skutt inn rifla for det vil endre treffpunkt. men regelmessig pussing høres da mer fornuftig ut ?

Link to comment
Share on other sites

Regelmessig pussing er lurt! Om treffpunktet er forskjellig på første skotet/skota etter puss må du prøve i di børse med ditt pussemiddel. Ingen børser er like. Men for ei børse som har samlingar på 5 cm på 100 meter kan det neppe bety all verden. Hadde ho samla til 1cm, så kanskje...

Link to comment
Share on other sites

Ser på mine Rem700 at de er ikke alltid like glade i lange serier.

Mange Rem 700 har eit kontaktpunkt mellom pipe og stokk. Det steller gjerne til litt trøbbel ved varmskyting. I tillegg blir det fortare mirage (varmeflimmer) med tynne jaktpiper, og lysbryting i den varme lufta gjer at siktebildet flytter seg litt. Same effekt som gjer at ein kan sjå luftspeglingar i t.d. ein varm ørken. Det siste trur eg er noko av svaret på spørsmålet til Bo Diddley ;-)

Link to comment
Share on other sites

Får kjøpe me ei Sako,så treff e nokk hjorten 300 meter unna neste høst

Remington er sikkert god nok den. Men eit par tips når du prøvar å finne ut kor godt børsa går:

 

Skyt med skikkeleg kvalitetsammo, og prøv gjerne fleire slag.

 

Er du det minste i tvil om at du greier å trekke av i midten kvar gong låner du bort børsa til ein som er god til å skyte små samlingar. Og sjølv om du trur du skyt tettast i bygda kan du likevel la ein annan prøve børsa di.

 

Med rett fôr og rett sjåfør kan det hende børsa samlar på 2,5cm og ikkje 5. I så fall har du meir å hente på å trene enn på å bytte løp...

Link to comment
Share on other sites

Join the conversation

You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.

Guest
Reply to this topic...

×   Pasted as rich text.   Paste as plain text instead

  Only 75 emoji are allowed.

×   Your link has been automatically embedded.   Display as a link instead

×   Your previous content has been restored.   Clear editor

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

×
×
  • Create New...