Jump to content

Helgetur i fjellet, med bilder!


Mauser68

Recommended Posts

Ja, då var helga og "fisketuren" over. Reiste opp på Torsdag, og kom ned igjen i ettermiddag. Eg og ein kamerat hadde 10 års jubileum i helga. Dette var vår 10`ende tur i lag, på samme plass. Plassen er på ca 1140 moh, og det er ein 2 timers gange inn til hytta, som me overnatter i. Takka være ein kjenning av kameraten min, så får me låne oss nøkkel til ein bomveg, som iallefall sparer oss for 3 timers ekstra gange.

 

Sekkene vog ca 25 Kg ++, ettersom det er ei kasse med pils, i tillegg til halv flaske akevitt og 1 L med Famous Grouse Whisky. Så det tar på ein snart 40 årig kropp å drasse seg til fjells med ei slik bør. Men det er uten tvil verdt det. Blei nok litt plastring på ein hæl, med gnagsår plaster også, men bortsett frå det, så kom me ned igjen like heile, og ikkje minst mykje meir fornøyde. Dette er i grunn den årlige ferien min. Tettpakka bil med 3 småjenter og ei litt større jente i, blir ikkje heilt det eg kaller for ferie. Riktignok, så blei ferien i år med kjærring og unger slettes ikkje så værst.

 

Her er utsikte frå vår fjellplass, den er tatt i frå den steinura, som me tilbringer tida vår i, når det er fint vær. Og det var me heldige med i år. Det var regn på heile turen innover, men ellers så var det flott vær, sjølv om det blei også ein dag med litt overskya og vind.

Tur1.jpg

 

Her blir det gjort opp ild, til vår første frukost på fjellet. Steinovn, er flott å lage mat på.

Tur2.jpg

 

Her er det heimelaga flesket ( bacon ) kome i steikepanna. Stekt egg og flesk, er standard til frukost, i tillegg til majones og makrell i tomat på tube.

Tur3.jpg

 

Her er ferdig frukost, snadder !!

Tur4.jpg

 

Her er undertegna i full gang med frukosten. Og til frukost, så duger kun kald H-melk. Tar gjerne pils både før og etter maten, men ikkje under.

Tur5.jpg

 

Her er forberedning til middagen. Flesk oppkutta i terninger. Dette skal fresest i lag med poteter og champignon, før det helles på ein halv kvarting med kremfløyte. Kjempegodt til viltmat i fjellet.

Tur6.jpg

 

Her er soppen og potetene kome i panna, dette blir surra litt før kremfløyten blit tilsett.

Tur7.jpg

 

Sånn blir resultatet når det er ferdig. Det var litt for lause poteter denne gonga, så det blei nesten ein slags fløtestuet potestappe med flesk og champignon.

Tur8.jpg

 

Her er så hoved ingrediensen til middagen. Ein indrefilet av ein 9 tagger hjort, skutt i fjor. Litt stygt å voldta denne, med å kutte den i biter, men pga steiketid og sånt, så blei dette gjort. Den blei ikkje gjennomstekt, så det var fortsatt ein del god blodkraft på tallerken etter endt måltid. Og at den var møyr, var det ikkje tvil om.

Tur9.jpg

 

Her er indrefileten, oppkutta i sammen med dei viktigeste elementa...

Tur17.jpg

 

Her er den ferdige retten, på stein ovnen. Snaskens. !! :D

Tur10.jpg

 

Her er neste middag, det blei heilstekt ytrefilet av kalv, skutt i fjor. Nydelig møyrt å fint kjøtt. Ein treng ikkje meir enn ein smørkniv, for å ete ein slik flott filet..

Tur11.jpg

 

Her er litt nærmere bilde av retten ferdig servert.

Tur12.jpg

 

Og ein iskald Hansa fatøl, rett i frå ein snøskavl, høyrer til ein slik middag. Skulle sjølvsagt hatt med ein 3 liters kartong med rødvin, men det blei ikkje denne gonga.

Tur13.jpg

 

Og slikt flott viltkjøtt, MÅ ikkje steikast for mykje. Det SKAL ligge igjen litt fersk kjøttsaft/blodsaft igjen på tallerken etter et slikt måltid. Hvis ein skal gjennomsteike slikt kjøtt, så kjøp heller kjøttdeig og lag skosåleburger av det. Gjennomstekt kjøtt blir seigt, ikkje saftig og det smaker heller ikkje så godt.

Tur14.jpg

 

Til mellom måltid og snacks, blei det fortært litt spekekjøtt av spissbukk. Nydelig godt...

Tur15.jpg

 

Og som ein liten oppfrisker, blei det servert Famous Grouse, ein skikkelig fjell whisky, som passer oss gutta.. :)

Tur16.jpg

 

Og sjølvsagt, så var me jo på "fisketur" så litt fisk blei det også, men heller beskjeden mengde. Grunnen var vel heller at det var nydelig å ligge å slappe av i steinura i finværet, så det blei med fisking den eine dagen. Eg fekk dei 2 minste på ca 20 gram og kompisen klarte å havne ein flott ein på mellom 8-900 gram.

Tur18.jpg

 

Vel då var det et år til neste tur, som me allerede har begynt å planlegge. Kan aldri begynne for seint å planlegge slikt. Neste år er lettere sekk det viktigaste stikkordet. Mindre pils, meir brennevin og vin. :mrgreen:

Link to comment
Share on other sites

Hyperlink skreiv :

Dæven - no vart eg svolten!

 

Du skal være sikker på at eg er ikkje så veldig svolten lenger. Etter denne helga, smaker det meste papp, he, he... :lol:

 

Bris skreiv :

Hvordan lager du spekekjøtt av hjort, da

 

Det har eg aldri laga sjølv, det er kompisen som har laga dette. Stort sett, så blir det vel laga på samme måte som fenalår, men eg meinar at pga det er mindre fett, så treng ein ikkje salte dette så mykje. Men ein 7-12 dager i salt må ein vel pårekne seg, alt etter størrelse på låret/bogen. Så skal det vel helst ein dag i røykehuset og etter det, så bør det henge ein tørr/luftig plass til utpå våren. Så bør du dele det opp og fryse det ned i aluminiumsfolie, slik at det ikkje blir for tørt/hardt å skjære i. Speka hjortekjøtt blir som regel veldig hardt etter lang tids henging. Ellers så er ungdyr opptil spissbukk å anbefale. Større dyr, har ofte ein tendens til å ikkje bli så bra speket.

 

FMH skreiv :

Det så ut til å være mulig og trives på det stedet.......

 

Og med slikt vær og masse godt i sekken så er nok dette dager som får ladet opp batteriene skikkelig!!

 

Det kan eg skrive under på ja. Som kjerringa sa etter turen " du skal no alltid ta masse bilder av mat/matlaging, kva er vitsen med det?" Vel, eg er godt over gjennomsnittet intressert i mat og matlaging. Så det kan nok desverre bli litt i overkant, men sånn er det. Eg synst det er lekkert iallefall... :D

Edited by Guest
Link to comment
Share on other sites

En ting er i hvert fall bankers - og det er at disse to karene vet å prioritere det viktigste når de er ute i villmarka. En mann må være en mann om han skal overleve under naturens nådeløshet. Vel, det måtte i hvert fall en mann til for å bære alle de godsakene opp til høyfjellet.

 

:lol:

 

Spøk til side - det ser ut til at dere hadde noen herlige dager. Fin fisk ble det også.

Link to comment
Share on other sites

Truls skreiv :

En ting er i hvert fall bankers - og det er at disse to karene vet å prioritere det viktigste når de er ute i villmarka. En mann må være en mann om han skal overleve under naturens nådeløshet. Vel, det måtte i hvert fall en mann til for å bære alle de godsakene opp til høyfjellet.

Spøk til side - det ser ut til at dere hadde noen herlige dager. Fin fisk ble det også.

 

He, he, ja det er eg einig med deg i. Når ein jakter heile hausten, så må ein passe på å ta seg ein slik tur, for å lade batteriene til haustjakta... Ja den eine fisken var av veldig flott størrelse, dei 2 sardinene som eg fekk, er jo flott steikefisk.

 

Guttapåskauen skreiv :

1 kasse øl, 1 stor Famous Grusom, smør, melk, jernstekepanne, indrefilet, ++. Titan i knær og rygg?

 

Takk for flotte bilder. Dere hadde det utvilsomt hyggelig.

 

Takk for det, får håpe at bildene "smakte" ... :mrgreen:

Famous Grusom, den var ny, he, he... Joda, men den duger for enkle fjellfolk, som ikkje har sett tennene i så mange sorter med høgfjellsvann...Og sekken blei tung nok ja. Derav planen til neste år, lettere sekk... Men kan ikkje knipe inn på maten, den skal heller bæres... Og det var nok ei utrangert aluminiums panne, så den var ikkje den store vekt synderen i sekken... 8)

Link to comment
Share on other sites

Jeg kjenner noen karer som har pleid å bære VELDIG tungt når de har reist på hjortjakt om høsten. Da de var unge bar de opp øl til hele uka. Noen år seinere byttet de ut ølet med sprit. Nå begynner karene å trekke på åra, for å si det sånn, for nå mumler de om å begynne å røyke hasj i stedet. :mrgreen:

Link to comment
Share on other sites

Vel Truls, eg blir nok neppe så gammel, at eg tar med meg "rev" på turen eller jakta, men skjønner godt at det er greitt å ha mindre å bære på. Det blir nok -5 Kg til neste år, trur eg... Bør komme ned mot eller rett under 20 Kg... 8)

 

Chiefen, ja ein må jo nyte livet, det er ikkje tvil om, he, he...

Kniven er ein Cold Steel Finn Bear. Dette er ein billig kniv, som er ein kopi av den Finske Sisu kniven. Dei har ein mykje dyrare i enten San Mai stål, eller VG10. Men den koster nesten det 10 doble av denne. Alt i alt er eg veldig fornøyd med den. Den har et plast skaft, som er litt glatt med blod på, men det er riller i det, så det fungerer greitt nok. Slakta 2 hjorter med den i fjor haust og har brukt den ein masse etter det, uten å måtte slipe den opp igjen. Så det er et bra hardt stål i den ( 56-57 RC ) . Denne har 4116 Krupp rustfrtt stål i. Kun brukt diamant bryne og sett den opp med, før bruk og etter vask.

Link to comment
Share on other sites

Takk for det Jaktlykke, det var uten tvil ein fantastisk tur.

Turen i fjor gav oss 1 dag med fint vær til fisking, resten av tida blei me sittjande i hytta og sjå ut på det dårlige været. Det var regn og tjukk skodde dei 2 siste dagane. Så at me fekk denne års turen i vår fantastiske stein ur, det var flott. :D

Men det er mykje å kose seg med inni hytta også, så me hadde det slettes ikkje så aller værst i fjor heller, he, he..

Link to comment
Share on other sites

Takk for det Monsen.

 

Ørreten drog me desverre med oss ned igjen. Kompisen fekk dei fiskene mine også, sånn at han og sonen, fekk seg ein ordentlig middag i morgen.

 

Har som regel stekt oss et par fisker til enten lunch eller frukost i tidligere år, men i år hadde me nok egg og flesk, til alle frukoster og mellom måltid.. :mrgreen:

Link to comment
Share on other sites

Her var det mye god servering i rette omgivelser ja. :lol:

 

Det har eg aldri laga sjølv, det er kompisen som har laga dette. Stort sett, så blir det vel laga på samme måte som fenalår, men eg meinar at pga det er mindre fett, så treng ein ikkje salte dette så mykje. Men ein 7-12 dager i salt må ein vel pårekne seg, alt etter størrelse på låret/bogen. Så skal det vel helst ein dag i røykehuset og etter det, så bør det henge ein tørr/luftig plass til utpå våren. Så bør du dele det opp og fryse det ned i aluminiumsfolie, slik at det ikkje blir for tørt/hardt å skjære i. Speka hjortekjøtt blir som regel veldig hardt etter lang tids henging. Ellers så er ungdyr opptil spissbukk å anbefale. Større dyr, har ofte ein tendens til å ikkje bli så bra speket.

Men er det ikke eldre dyr som er best til speking? Mener å ha hørt det, da de har mest fett/spekk...?

Link to comment
Share on other sites

Reinsjeger skreiv :

Men er det ikke eldre dyr som er best til speking? Mener å ha hørt det, da de har mest fett/spekk...?

 

Jo det stemmer, men vilt fett/spekk, er ikkje noko spesielt god smak på, og eg har ein kompis som laga seg spekekjøtt av ein mellomstor bukk. Tross han hadde lagt det i salt lenge nok etter oppskrift, så blei den aldri heil salta/speken inntil beina. Så det var nærmere råte kjøtt inntil beina. Mulig at han har blingsa med saltinga, men det er det eg er blitt fortalt iallefall.

 

Tord, har du ikkje fått sikra deg ein Hansen_deluxe/Skautussa avtale, med fullpensjon ?

:D

Håper det gjekk bra med deg på jakta i helga.

Link to comment
Share on other sites

Tord, har du ikkje fått sikra deg ein Hansen_deluxe/Skautussa avtale, med fullpensjon ?

:D

Håper det gjekk bra med deg på jakta i helga.

 

Hehe! Joda.. her får man mat og losji. Det har enda ikke blitt noe bukk på oss, ikke sett dyr en gang.

Får satse på at det blir et fall på en av oss i løpet av uka.

Link to comment
Share on other sites

Helgetur var det ikkje, men fin tur likevel, og har bilder og. :)

 

Gjekk ein tur i nærheten av hytta vår sammen med faren min, for å sette ut fisk i eit vatn. Han har selvfølgelig kikkert med og sette seg til å kikra. Plutseleg får han auge på eit dyr som ligg aleine ute på ei fonn, og då han ser nermare etter var det ein heil skog av gevir bak det.

 

Me går innpå dei til me er på ca 130m hold, kan ikkje gå lenger mot dei pga ugunstig vind.

Dette bildet er tatt frå ca 130m, med zoom, så kvaliteten er ikkje allverden:

 

normal_Bilde_012_redigert.jpg

 

Det viste seg å vera ein flokk på ca 55 dyr, nokre få kunne ein ha skutt på simle/ungdyrkort, mens resten var bukkar. Sidan bilda er av dårleg kvalitet er det vanskeleg å sjå, men bukkane var feite som gjøgrisar og hadde store gevir. 8) Få av gevira var fine, men dei hadde jaggu eit godt spenn uansett.

 

Det neste bildet er tatt gjennom kikkerten, på langt hold, så det er også ganske uklart, men dei viser majesteten i siluett:

 

normal_Bilde_026redigery.jpg

 

Me kikra på dei i over ein time, og då me skulle gå gjekk dei etter oss eit stykke og beita i fjellsida.

 

Det var kjekt å sjå rein så nært, eit lite plaster på såret sidan eg havna langt nede på ventelistene for korttrekkinga :?

Link to comment
Share on other sites

Finnbear30-06 trist at du ikkje blei fremst i køen på kort i år då. Flotte bilder og flott tur du hadde iallefall.

 

Legg ved 2 bilder av reinsdyr, som eg tok bilde av, på den fjellturen eg og kompisen hadde i 2003. Me kom over ein flokk på 50-60 dyr som beita i et lite dalsøkk. Husker ikkje heilt avstanden eg tok dei bildene på, men meinar det var under 100 meter. Det var kun 4 x zoom på det kameraet eg hadde.

 

Rein1.JPG

 

Rein2.JPG

Link to comment
Share on other sites

Join the conversation

You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.

Guest
Reply to this topic...

×   Pasted as rich text.   Paste as plain text instead

  Only 75 emoji are allowed.

×   Your link has been automatically embedded.   Display as a link instead

×   Your previous content has been restored.   Clear editor

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

×
×
  • Create New...