Jump to content

''Ny'' drilling i hus - eldre tysk dame har flytta til sogn


magnum_mauser

Recommended Posts

For nokre år sidan kjøpte eg ein Merkel Mod 32 i kal 12/5,6x52R. Likte børsa godt, men den som eigde den før meg hadde ikkje vore nøyen på vedlikehald - så riflepipa var rufsete - og derav manglande presisjon. Børsa blei solgt og eg har hatt lyst på ny drilling sidan den gangen. Eg jaktar ikkje så mykje småvilt at eg strengt tatt har hatt bruk for det, dei siste åra - men gleden ved å eige ein drilling - er spesiell!

 

Men etter eg fekk støver&terrier, har det blitt mykje turar i skogen etter rev, samt det vankar stadig lovnadar om rådyrjakt frå bekjente.

Trangen etter eit kombinasjonsvåpen meldte seg, eg kjøpte ein brukt kombi, men fekk ikkje optimal presisjon samt ein kombi i mine auger blir ei rifle med eit hagleskot på kjøpet, eg trengte det motsatte - derfor auka havelysta mot ein drilling igjen.

Eg la ut ei annonse der eg søkte etter ein brukt og rimeleg drilling, fekk eit napp, men samtlige havna over mitt tenkte budsjett. Eg fant nokre som låg for salg også, men det var våpen frå Sverige - som etter min erfaring ikkje alltid har fått det beste vedlikehaldet.

 

Så fekk eg ein pm frå Skaubjønn, som tipsa meg om egun. Er i utgangspunktet svært skeptisk til handel frå utlandet, skjulte kostnadar, dyr frakt og eit papirhelvete utan like - er ting som har helde meg vekke frå den tanken.

Men Skaubjønn meinte dette skulle gå greit og eg fant ein drilling på egun eg likte. Eg maila med forhandlaren og han skulle ordne nødvendige papirer, dersom eg kjøpte børsa.

 

Dermed satt eg her spent som ein felestreng ein laurdagskveld og glodde på egun sine sider og banna høgt kvar gong der kom inn eit bod på børsa. Eg la inn bud mot slutten og børsa blei mi til slutt (aksjonar er eit nervepirrande helvete).

Eg sendte papirer til Tyskland og etter to mnd med venting, kunne eg reise på postkontoret å hente børsa - bilete kjem nederst.

 

Våpenet er i veldig god stand. Det kan ikkje ha vore mykje brukt. Bortsett frå at låsen er blitt mørkare i stålet nokre få plassar - og ørsmå merker enkelte plassar - framstår den som ny. Det er ikkje verst for ei dame som blei ''født'' tidleg på 70-talet :wink: Kikkerten har rektikkel nr 1a - som ikkje er heilt optimalt. Men planen er å montere raudpunkt etterkvart. Men fordelen med det rektikelet er at det duger bra i dårleg skytelys, syntes eg. Så eg kan faktisk ta drillingen med meg på hjortejakt ein morgon i grålysninga,dersom eg vil det :winke1:

 

Det er berre ein ting eg ikkje heilt får til å rime: Dersom løpsvelgaren står på hagle, sikringa er på og eg spenner opp snellerten på fremste avtrekker - går tennstempelet faktisk av dersom eg klikker med snellerten to ganger :shock: Dette skjer ikkje dersom løpsvelgeren står på rifle og ellers fungerer sikringa som den skal! Ikkje noko stort praktisk problem, men nokon som har ei forklaring?

 

Eg vil rette ein stor takk til Skaubjønn som har guida meg gjennom denne handelen, og som har svart på uendelig mykje spørsmål i periodar - du er ein tolmodig mann! Og til Raudnakke som har oversett for meg, i dei tilfeller der google ikkje har klart jobben. Tusen takk begge to! :D

 

Fortuna Suhl 16&7x65R

554992_10150616135886932_528456931_9807222_293046048_n.jpg

 

Med zeiss i 4-fots hakemontasje

526622_10150617304881932_528456931_9811699_328458163_n.jpg

 

Den har flott treverk, men får ikkje tatt bilete som yter veden rettferdigheit. Bilete er tatt med mobil, og eg er ei teknisk katastrofe :oops:

531840_10150617305231932_528456931_9811702_165484751_n.jpg

Link to comment
Share on other sites

Hei!

Håper det er OK med noen spørsmål om handelen her.

Jeg funderer på å bytte ut min moderne drilling med dette oppspenner marerittet i en skikkelig drilling av eldre fabrikat. Jeg har akkurat fått byttet bort min R93 pga den håpløst bråkete sikringen/oppspenneren. Nå har oppspenneren på krieghoffen også begynt å bråke igjen. Det skal ligge en gummibaffel inne i oppspenneren, som skal dempe det verste bråket når man spenner opp. Børsemakeren har limt fast denne før, men nå har den tydeligvis løsnet igjen, for det knepper og klikker noe jæklig når jeg spenner opp. Jeg hater oppspennere! Like mye som oppkonstruerte problemer! I vinter måtte jeg sitte med børsene ferdig oppspent på revåta, for både blaseren og krieghoffen bråker sånn at reven garantert hadde hørt det. Ikke spesielt sikkert med oppspennere da, ihvertfall ikke når man er småglemsk...

Nåvel, det var dagens utblåsning mot oppspennere...

 

Hvordan er sikringene på drillingene deres Skaubjønn og magnum mauser? Er de lydløse? Det er vel greener sikring på din magnum mauser? Den er jo forsåvidt stille såvidt jeg husker.

 

Jeg har fulgt med litt på egun, men det synes å være langt mellom drillinger med så fint treverk som dere fikk, uten at man går veldig opp i pris.

Hvor mye kan man forvente at det kommer på om man vil ha en eldre driling med fint treverk og kikkert?

 

Hvordan kan man sikre seg at det ikke kommer en i posten med slark i kassa? Det er jo ikke uvanlig på eldre drillinger?

Link to comment
Share on other sites

Inge, det er jo risiko forbundet med å kjøpe på auksjon. Det er jo name of the game det... Jeg tenker sånn: Hvis jeg vil selge, får jeg igjen prisen jeg har betalt dersom jeg legger den på Finn? Så lenge jeg er rimelig sikker på det så synes jeg ikke det er så mye å nøle etter. Det står ofte i annonsen at det ikke er slark. Dette kan du jo spørre selger om også. Egun er opptatt av at man skal kunne stole på kjøp derfra.

 

Det er ikke så lett å vurdere treverket. Mange bilder hjelper jo. Men Tyskerne har en tendens til å sause inn fine kolber med asfaltlignende tunge oljer... Se på denne for eksempel, skulle forbause meg om ikke det er fint treverk bak denne finishen http://egun.de/market/item.php?id=3775899

 

for øvrig, det er ikke bråk med sikringen på min R-93, var det ikke på min Blaser drilling D99, og er det heller ikke på min gamle Anson & Deely drilling som jeg har nå. Forstår ikke helt hva du gjør feil dersom du ikke klarer å spenne opp uten å skremme reven? Men det er en annen diskusjon.

Link to comment
Share on other sites

He he. Det tenkte jeg ikke på Amatør...

 

Synes det er for dårlig at en drilling til 50 000,- må inn til verksted for å lime på en gummibit hvert 3 år.

Ellers var nok min blaser R93 spesiell, jeg klarte ikke å spenne den lydløst, ikke noen andre heller.

 

Men når man ser en drilling som har 5.000 EUR som "sofortkauf praiz". Hva kan man regne med sluttsummen blir da?

Må si det er et hav av nydelige drillinger på e.gun, hvorfor importeres det bare kjedelige sauer med greenere sikringer til 20-25 000,-?

Link to comment
Share on other sites

Inge, en del av de "kjedelige" drillingene som blir importert selges til 20-25 på Finn, men auksjonsprisen på egun er en HELT annen. Her er det noen som tjener gode penger på å videreselge egun drillinger. Og det er jo lov.

 

sofort kauf betyr at du kjøper den der og da. Altså ikke en auksjon, men et kjøp. Du skal betale for forsendelse og papirer, samt moms. Jeg synes at det er enklest (og rimelig korrekt) å tenke seg at hver euro kommer på omtrent 10 kroner inkludert alle avgifter. En drilling til 5000 euro koster deg altså 50000 oljedollards.

 

Dersom du kjører til Tyskland selv kan du tollfritt ta med deg varer for opp til 6000NOK. Det vil si en hammerpris på rett under 800 euro. Dersom du altså får med deg kvitteringen som viser at varen koster under 6000 kan du altså slippe toll. Kan fort få en gratis tur på den måten.

Link to comment
Share on other sites

Her kjem eit bilete av dei tre første skota eg skaut med børsa, etter grundig puss og demontering. Det er Sellier & Bellot, ferdigrulla. Sålangt lovar det veldig godt med tanke på framtidig presisjon.

Kula var av typen SPCE, 173grns.

555019_10150637037486932_528456931_9877354_552103894_n.jpg

 

Ein bekjent meinte dette var ein kopi av ei eldre tysk kule - nokon som kjenner til konsuksjonen? Og om ein får tilsvarande kule, av litt betre kvalitet en s&b?

 

Greenersikringa på børsa mi, er tilnærma lydlaus. Korleis andre greenervåpen fungerer, skal eg ikkje utale meg om. Elles funker den sikringa greitt, men syntes den ''svenske'' løysinga, som eg hadde på merkelen var betre - der alt satt på sikringa på kolbehalsen. Eg merkar at med tjukke hanskar, er greener'n litt vrien å betjene - men det blir ein vane etterkvart :wink:

 

Det er rett at der finnes mykje flott og dyrt på egun. Men eg veit av tidligare erfaring, at dersom børsa blir for pen og spesiell, får eg meg ikkje til å bruke den fult ut. Det vil seie at eg blir meir opptatt av å beskytte våpenet en meg sjølv, dersom eg får sidevippen i bratte vestlandslier - slikt blir det krykker og blåmerker av :oops:

Men no har eg eit pent og greitt våpen, som ikkje kosta meg meir en ein middels kombi her heime. Og då kan eg få ei ripe i stokken, utan at sjela og lommeboka brister :wink:

 

Av tradisjonelle drillinger, har eg sett at dei som er litt bruksprega og med ein gammal og litt ukurant kikkert går for mellom 400 og 800 euro. Dei som framstår som veldig fine og med litt betre optikk, går som regel mellom 800 og 1200 euro. Eksklusive og ''udda'' børser, går vidare oppover.

Tommelfingelreglen er vell at ein gangar med 10, slik at dersom ein får børsa for 800 euro, blir sluttsummen ca 8000 NOK.

 

Eg snakka med ein som har importert mykje våpen frå Tyskland og Østerike, han driver våpenbutikk. Han hadde god erfaring med våpen som kom frå desse landa, som regel var desse lite brukt og fint behandla. Då var han meir skeptisk til våpen som kom frå Sverige.

Link to comment
Share on other sites

Soft Point Cut Edge, kopi av RWS http://rws-munition.de/jagd/produkte/rw ... ml#!0/28/0.

 

Bare skutt den i 8x57IS , og et par kasser av den. Veldig myk ikke noe for matvilt. sårkanal i våte aviser var 3-4 finger brede, og kulene var pulveriserte.

 

Men for villsvin i drev og annet så kan den fungere bra tror jeg, men ikke helt sikker.

 

( Sikkert en av kulene en viss professor har mareritt av om på natta, :mrgreen: )

Link to comment
Share on other sites

Pm sendt til deg 375;-)

I høgre løp har der stått ei innstikkspipe. Og når eg skyter med hagle dette løpet, sitter tomhylsa fast etterpå. Det er ikkje verre en at eg hadde fått den ut om eg hadde negler, men eg bruker kanten på ei anna hylse for å vippe den ut. Nokon som har ein teori på kvifor den sitter så fast? Eg kan ikkje sjå noko med kammeret på løpet.

Link to comment
Share on other sites

Join the conversation

You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.

Guest
Reply to this topic...

×   Pasted as rich text.   Paste as plain text instead

  Only 75 emoji are allowed.

×   Your link has been automatically embedded.   Display as a link instead

×   Your previous content has been restored.   Clear editor

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

×
×
  • Create New...