Jump to content

Hjortepølse med Faste Del2


Mauser68
 Share

Recommended Posts

Då er del 2 ( kanskje me skal kalla det for VK II ) med hjortepølser unnagjort. MrMju/Faste har nettopp reist heim att, med bagasjerommet fullt av godsaker. Det har vore ei kanonbra helg, med mykje arbeid, svette og ein del tårer ( lattertårer ) også.

Faste sa til meg tidligare at han hadde ikkje so mykje kjøt i år som i fjor, men det var vel ikkje heilt tilfelle, når han oppdaga at han også hadde ein slump med hakkakjøt av hjort frå 2006, som han tok med seg, så kom det opp i 16 kg kjøt frå han si sida, og når eg hadde 7 kg, så blei det 23 kg kjøtt totalt, så det vart meir enn i fjor faktisk.. Men det er aldri problem med ei pølsa som er for lang.. :mrgreen:

 

Her er det som eg hadde ordna til før Faste kom. God kraft frå både svin og hjort, spekk, og kjøtt :

Korving1.jpg

 

Her driv Faste å pakkar ut kjøttdeigen sin, ein del var også malt med grov hullskiva :

Korving2.jpg

 

Her er kjøtet som Faste hadde med seg :

Korving3.jpg

 

So malte me opp spekket og kjøtet mitt etterpå :

Korving4.jpg

 

Her heller Faste over blandinga av salt, pepper og koriander :

Korving5.jpg

 

Her er deigen med salt og krydderblandingen, no skal det eltast til deigen blir skikkelig seig :

Korving6.jpg

 

Elting med hendene, var Faste sin ide, det blei mykje meir effektivt, men jævlig kaldt på hendene var det :

Korving7.jpg

 

Blri fryktelig sulten av å drive med skikkelig håndarbeid.. :mrgreen:

Korving8.jpg

 

Her er det blanding av god kraft, potetmel og Nitritsalt som blir helt over deigen :

Korving9.jpg

 

Etter at deigen er elta seig for andre gong, så er det tid for å steike ei prøvekake :

Korving10.jpg

 

Og prøvekaka smakte meget bra. Og me spretta Cognac`en til Faste når deigen var ferdig elta :

Korving11.jpg

 

Her er første ladning av pølsene ferdig og hengt opp til tørking. Ein fornøyd mann i bakrunnen kan skimtast :

Korving12.jpg

 

Ein fornøyd Faste, som tar i mot pølsene på strak arm :

Korving13.jpg

 

Me skifta litt på å kjøra kverna og ta i mot pølsene. Eg hadde ein rygg som streika litt, så Faste tok over med pølsinga på slutten :

Korving14.jpg

 

Me måtte laga oss ein liten test, og ha litt lunch også, så litt orrespon i Abu`en :

Korving15.jpg

 

Og ei nylaga hjortepølsa oppi boksen.. Så tok me 2 runder med fyring på pølsa og testa den, aldeles godkjent var den. :)

Korving16.jpg

 

Så skifta me tarm, og gjekk over på tynnare fåretarm for å lage grillkorv, det er første gongen me prøver :

Korving17.jpg

 

Her er forskjellen på vanlige korven og grillkorven, spennande prosjekt :

Korving18.jpg

 

Siste resten med vanlig korv, og begynnelsen på grillorven :

Korving19.jpg

 

Den var rett å slett fin å jobba med den tynnare fåretarmen, og ein slepp knyting, det er kun å lage litt mellomrom mellom pølsene og snurra dei rundt, sånn at tarmen skiller pølsene.

Korving20.jpg

 

Her er dagen middag, heilsteikt lår av reinsdyrkalv, nydelig møyrt kjøtt med fin viltsmak. Faste fann fort ut at det å faktisk setja på steikeovnen, ville gjera steikjetida ganske mykje kortare. Steika stod ca 1 time i ovnen med kun lys på, uten varme, undertegna var litt i pølserus kan ein vel sei.. :oops: :

Korving21.jpg

 

Her er litt av middagen under tilberedninga, smørdampa brokkoli og bacon med champignon inntil var snadder. Nyrørte tyttebær var også eit fint innslag. :)

Korving22.jpg

 

Her er låret skjært opp og me begge har prøvesmakt litt på kjøttet, prima vare som "thumbs up" gjer inntrykk av :

Korving23.jpg

 

Her er dagens middagsporsjon til undertegnede :

Korving24.jpg

 

Så var det å henge alt opp i røykjehuset og gjere seg klar for røyking, den aller siste "touch`en".. :)

Korving25.jpg

 

Her har eg nettopp fyrt i , for å lage ei lita grue til å helle sponet over :

Korving26.jpg

 

Og etter at første bøtta med spon er helt på, så siv det fin røyk ut frå røykjehuset :

Korving27.jpg

 

Me var rimelig leie på slutten, og tida gjekk frå oss, frå å ha stått på kjøkkenet frå 13.30 til 21.30 så var me litt trøytte og svoltne, så me gav oss med pølsinga, og i dag laga me flotte hjortekarbonader av siste resten av deigen. :)

Korving28.jpg

 

16 flotte karbonader blei det, gode og tjukke :)

Korving29.jpg

 

Og me avslutta dagen i dag, med rester frå i går med innlag av hjortekarbonader :

Korving30.jpg

 

Vil sei tusen takk for helga Faste, det var som i fjor, ei kanonflott helg, og me har mykje god mat i vente trur eg. :)

 

Årets oppskrift er som følger :

 

12.7 kg med finmalt hjortekjøt

10.3 kg med grovmalt hjortekjøt

5.7 kg med finmalt spekk

450 gram salt

50 gram nitritsalt

12 ts delvis toppa finmalt pepper

12 ts delvis toppa koriander

450 gram potetmel

3 liter hjortekraft

2.5 liter svinekraft

36 egg

Link to comment
Share on other sites

Gutta som kan å kose seg det, tenker jeg!!

Er det ett sted i verden jeg hadde hatt stor glede av å være, måtte være i lag med de kara her. Jeg kan tenke meg at humoren og det sosiale aspektet ble godt ivaretatt, i tillegg til himmels mye god mat og kanskje en dram eller to. :wink:

Link to comment
Share on other sites

Buster, takk for det, ikkje umulig at du må ta turen bort her til neste år, he, he. Det var ei kongehelg rett å slett, Faste er ein behagelig person å ha rundt seg og fin humor har han også. Ikkje er det særlig vanskelig å lokke i han mat og drikke heller.. :)

 

Egil, det er berre å ta kontakt om du lurar på noko, du vil garantert ikkje bli skuffa kontra masseproduserte pølser frå slakteriene iallefall.. :)

 

HB, takk for det, må sei at helga blei ganske produktiv, faktisk heile denne veka som var, var ei lang veke med kjøttauk.. :)

 

Lille My, takk for det, det er ein tøff bransje det her.. :mrgreen: Nitritsalt er for fargens del, då får du kjøttfarge på pølsene etter dei er kokt/steikt, dei blir ikkje så grå.. Eg veit ikkje om eg hadde nok i deigen i år, etter det eg såg utav karbonadene me laga, så var det ikkje sånn særlig farge på dei.. Vanlig nitritsalt er ulovlig brukt i produksjon på dagens slakterier, i dag bruker dei eit salt som er ein liten konsentrasjon av det samme stoffet, for å få samme effekten.. Ein annen effekt Nitritsalt har er å fjerne Botulisme bakterier som kan forekomme i kjøtt. Trur neppe det kjøtte me bruker har særlig problematikk ang det, men i masseprodusjon frå slakteriene, er vel kanskje det ein fare for. :)

Link to comment
Share on other sites

Jøss ja, det er absolutt ikkje noko du må ha i, det blir berre litt finere mat å sjå på, litt meir delikat enn kjedelige gråe kjøttpølser. :)

 

Det får ein vanligvis fatt i enten via ein kjøttprodusent, eller apotek. Eg betalte 160.- for ei lita krukke på 90 gram no denne gonga på eit lokalt apotek.

Link to comment
Share on other sites

Nei det her er snakk om vanlig nitritsalt ( saltpeter ). Det som slakteriene skal bruke i dag, er ferdigblanda salt med saltpeter, då bruker du 50% det og 50% finsalt, enkelte produsenter bruker 100% ferdigblanda salt.. Dette var det ein gammel pølsemaker som sa til meg, så rekner med at det det er eit godt snev av sannheit i det. :)

 

Edit : For å unngå misforståelser her, eg veit ikkje blandingsforholdet på det blanda saltet, kor mykje saltpeter kontra salt.. Det sa vedkommende ingenting om.

Link to comment
Share on other sites

Ja då var denne trivelige helga desverre over. Men da har vore ei god helg. Iselskap med Mauser, så blir da mykkje humor innimellom produksjonen. Og årets produksjon hos M&M PLLL (Mauser & Mju PølseLagarLygeLaug). Tegnar seg på og bli like god som i fjor. Som etter konas utsagn må betegnes som ein suksess.

Takkar Mauser igjen for ei trivelig helg. :mrgreen:

Link to comment
Share on other sites

Då har eg vore i røykjehuset og tatt ned alle pølsene, pinnakjøttet, bacon`et, rullepølsa og boksteika. Her er årets produksjon, dvs halparten av pølsene tok Faste med seg.. I tillegg er 7 pølser ferdig tørka og skal rett i frysaren:)

Korving31.jpg

 

Måtte teste ut grillkorven, for å sjå om den tålte steiking direkte frå rå tilstand. Steikte den på veldig svak varme og det såg ut til å gå bra. :)

Korving32.jpg

 

Første grillkorven i brød.. :)

Korving33.jpg

 

Her er grillkorven og dei 7 pølsene, som var ferdig tørka og som skal rett i frysaren.. :)

Korving34.jpg

 

Nammmm.. :)

Korving35.jpg

Link to comment
Share on other sites

Hehe, det lovar godt.. Vel, eg kan sei så mykje at eg trur du var heldig som fekk den grillkorven utav røykjehuset tildigare enn mine. For dei var meeeeget godt røykt. Trur eg får litt smårare blikk frå kjerringa når eg serverer dei.. Det var 2 av dei tynnaste eg prøvde meg på i kveld, og det var god stram røyksmak av dei iallefall.. :)

 

Unnskyld G.Larson... :oops::arrow::mrgreen:

Link to comment
Share on other sites

  • 1 month later...

Rett før jul fekk eg Mashalhjelpen i retur frå Voss :D:D Tusen takk Mauser :D:D ( Eg hadde sent noko maltøl til trengande i Voss :mrgreen::mrgreen: ) :mrgreen: )

Hjelpen var pylse laga av Mauser og Faste, samt hjortekjøt og røkt sjøaure :D:D

Alt sammen smakte kjempegodt :):) , men grillpølsene var nok litt for mykje røkt, men det gjorde nå ingen ting, for då blei det meire på meg :wink::mrgreen::D

 

her er gråbein som var grei og tok med hjelpen til meg frå Voss :D:D:D

normal_pylse_01.JPG

 

Her er me i full gang med middagen og smakinga av pølsene :D:D

normal_pylse_02.JPG

 

Grillpølsene blei smaka på med fult tillbehør, det vill sei lompe og ketsup,senep :D ,men det små synest som sakt tidlegara at dei var for mykje røkt!! men me store åt dei opp :D:D:?

normal_pylse_04.JPG

 

Tusen takk nok ein gång Mauser!!!dette må me gjra meire :D:D

Link to comment
Share on other sites

Takk for det HB, og sjølv takk må eg vel få sei, set umåteleg pris på litt bytehandler med god mat og god drikke, so me får nok gjera dette fleire gonger. :)

 

Tenkjer at det lukta nesten røykjehus på kjøkkenet ditt når du laga til maten der ja.. :mrgreen:

 

Grillkorven vart desverre alt for mykje røykt, neste år hvis me lagar dei igjen, so vil det bli maks 2-3 timar i røykjehuset, før me tar dei ned.. Og trur me skal begynne røykinga tidligare til neste år, for det som Faste fekk med seg, blei for lite røykt, iallefall dei grove korvane..

Link to comment
Share on other sites

Join the conversation

You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.

Guest
Reply to this topic...

×   Pasted as rich text.   Paste as plain text instead

  Only 75 emoji are allowed.

×   Your link has been automatically embedded.   Display as a link instead

×   Your previous content has been restored.   Clear editor

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Share

×
×
  • Create New...