Jump to content

Smiing av knivblad steg for steg,med mange bilder


HB

Recommended Posts

Er du er på jakt etter eit knivblad, må du først finne deg ei smie og så ein smed. I dette tillfellet så er det Høvdingen. Han har smidd knivblad så lenge eg kan hugse.

 

normal_kniv_001.JPG

 

Det første han gjer er å finne seg eit flatt jern, og det han brukar er 3mm tykt og 20mm brett.

normal_kniv_002.JPG

 

Stål må ein og ha å legge i midten. Nå brukar han gamle Øbergfiler, bankar dei til og kappar dei til i passe stykker.

normal_kniv_003.JPG

 

Neste trekk er å varme opp jernet, bøyge det til, og pusse det fritt for slagg. Så ha på boraks, dette er for å få sveise det sammen.

normal_kniv_004.JPGnormal_kniv_005.JPG

 

Stålet er lagt på plass, godt med Boraks inni og rundt.

normal_kniv_007.JPG

 

Det er varmt i glohaugen, og kniven skal varmast opp til Boraksen smeltar og det er lyst gult, då er det klart for sveising. Det MÅ ikkje sprute av jernet, då har det blitt for varmt og kniven er ødelagt.

normal_kniv_008.JPG

 

Nå må det bankast,for å få sveisen vellykka.

normal_kniv_009.JPGnormal_kniv_010.JPGnormal_kniv_011.JPG

 

Tangen blir banka ut etter sveising.

normal_kniv_012.JPGnormal_kniv_013.JPG

 

Når tangen er ferdig og passe lang, kappast kniven frå resten av jernet og kniven formast til. Nå bjøndar det å sjå ut som ein kniv, og det ser ut som sveisinga gjekk bra.

normal_kniv_016.JPGnormal_kniv_018.JPG

 

Då er det bare å pusse bladet med smergel og setta på stempel før herding

normal_kniv_019.JPGnormal_kniv_020.JPGnormal_Kniv_Herding_001.JPG

 

Det er ein del hemmelighetar rundt smiing, og då særleg rundt herding. Alle dei gamle smedane hadde sin hemmelighet, og Høvdingen har sine. Det er først nå eg har fått sett på når han har herda og annløpt ein kniv.

Skal ikkje røpe dei her ,men herdevatnet blir bruka om att frå gang til gang(blir her oppbevara i eit gammalt mjølkespann) og skal vera ca 50 grader varmt.

normal_Kniv_Herding_002.JPG

 

Knivane blir lagt i eisa for sakte oppvarming. Når kniven har fått samme farge som glørne i eisa, skal den ned i vatnet. Det krevast nokre år som smed for og få dette inn i fingrane skjønte eg :?:?

normal_Kniv_Herding_003.JPG

 

Nesten varm nok, og snart klar for herdevatnet.

normal_Kniv_Herding_004.JPGnormal_Kniv_Herding_005.JPGnormal_Kniv_Herding_006.JPG

 

Ca 25 blad ferdig herda må pussast på nytt før anløping.

normal_Kniv_Herding_007.JPGnormal_Kniv_Herding_008.JPG

 

Anløpinga skjer i ein gammal kjøkkenkomfyr på 220 grader, og ligg der til dei har blitt kalde

normal_Kniv_Herding_015.JPG

 

Høvdingen likar best å slipe knivblada sine på Godlandsstein. Han har prøvd mykje anna, men synest den er best. Den er nesten utsliten nå så er det nokon som har ein til salgs så send meg ein PM.

normal_kniv_021.JPG

Fint skille mellom jerrn og stål her (er arbeidskniven min)

normal_kniv_022.JPG

 

Ferdig slipa og brynt. Du kan sjå så vidt at den har ein korngul farge i seg etter anløpinga. (Han har gløymt å pusse det vekk før sliping)

normal_Kniv_Herding_011.JPG

 

Og har du først eit kniv blad så kan du laga deg ein kniv. Her er dei 2 arbeidsknivane mine, den eine i dagleg bruk ute(den nederste)og den andre til kontor bruk :mrgreen:

normal_Kniv_Herding_010.JPG

Edited by Guest
Link to comment
Share on other sites

Kjempeflott tråd og bilder HB, slettes ikkje værst det der. :)

 

Hmm, må antageligvis snirkla meg innom til deg ein tur til sommaren eller hausten, for å utveksla gjensidige interesser og drikke litt øl... :mrgreen:

 

Vellkomen skall du vera Mauser 8):D

Link to comment
Share on other sites

Takker for lovorda, HB.

 

Burde vel sett på "Smellopp'en" at det var Telemarkstradisjon ute og gikk her...

 

Hvor i Telemark er dette laga`? Vesttelemark?

 

Du gjetta rektig ja,bur i Morgedal i Vest-Telemark.

Link to comment
Share on other sites

Artig å sjå, og du må for guds skyld lære deg alle triksa til høvdingen før det er for seint!!!!

Dette er en kunst som må læres og videreføres!!

Ja eg skulle nok få til ein kniv vist eg ville,smidde faktisk ein del når eg var 16-17 år,men så blei det piker vin og sang og lite kniv smiing :roll::roll::?:?

Og nå er det Arbeid,kjering og ungar,og den vesle fridtida ein har gjeng med til jakting på høsten og bikkje trim resten av året :?:? men skall proritere andeledes nå. :D:D:lol: ..........trur eg,i alle fall vist eg får lov :?:?:mrgreen:

Link to comment
Share on other sites

  • 3 months later...
  • 6 months later...

Join the conversation

You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.

Guest
Reply to this topic...

×   Pasted as rich text.   Paste as plain text instead

  Only 75 emoji are allowed.

×   Your link has been automatically embedded.   Display as a link instead

×   Your previous content has been restored.   Clear editor

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

×
×
  • Create New...