Jump to content

larmn

Members
  • Posts

    65
  • Joined

  • Last visited

  • Days Won

    1

Everything posted by larmn

  1. Verden går framover, så alt som får fleire til å ha skikkelige avtaler, og bedre dekning av ettersøksekvipasjer ser eg på som fornuftig. Så det var no mest om det var noko spesielle negative erfaringer eg lurte på, så eg ikkje sitter med skjegget fullt i postkasse plutselig. Eg reiser sporadisk offshore, så ein Uber løysning passer meg bedre enn å gi private avtaler der det ventes at eg er tilgjengelig fra 10 august-23.12.
  2. Nokon av dei 300 ettersøksjegrane i sporio som har noko erfaring å dele frå Sporio? Hadde ikkje så nykje tid i jaktåret 2023 til å vurdere å ta på meg andre ettersøk, men satser på meir tid i 2024. Lurte derfor på å melde meg opp som ekvipasje.
  3. Var lite oppdateringer i år. Ingen som har jakta i områder med dyr? For min del så var det berre ei veke tilgjengelig, så eg tok 4 dager med mykje gåing og lange lytteøkter på radioen. Fekk høyre på røldøler og telemarkinger som tydeligvis hadde funnet plassane. Vart kanskje siste året med mulighet for jakt på vidda, så fekk iallefall ein fin tur.
  4. Då blei det lotto i dag. Øvre Numedal 2 bukk. Så blir behov for å trene både meg og bikkja litt meir enn eg hadde tenkt for hjortejakta
  5. Andre alternativer til strelok?
  6. No innfører DFS sentralkontigent pga høge driftsutgifter som ikkje er kompensert over forsvarsbudsjettet. i tillegg til obligatorisk våpenforsikring, som ikkje dekker så mykje. Våpenforsikringen kan ein gå inn å huke av at ein ikkje vil ha, men den vil då for 90% komme, enten fordi dei ikkje får det med seg eller fordi dei ikkje er EDB kyndige nok. Så med min lagskontigent på 700kr, pluss 50 i sentralkontigent, og 100 i våpenforsikring, så er det heilt på smertegrensa til kva eg gidd. Og skulle eg då hatt familie med så hadde eg garantert kvitta meg med heile medlemskapet. joda, alt vert dyrare, men slik DFS oppførte seg rundt ny våpenforskrift, knefall for NRK rundt LS, slutt på salg av ammunisjon, så er det ingen fare for at dei set nye besøksrekordar i framtida på nye LS. Prestasjonsjaget dei no legg opp til rundt 22-LS tyder ikkje på så mykje anna enn at dei vil halde igjen på fråfallet til NSF på eliteskyttera heller enn å bygge bredde.
  7. Flott. Ser slik ut ja. Antatt verdi på ein slik? Er litt skader på skjefte, ellers heil, men brukt. Finner utenlandske sider med priser $400-800. Lite å finne på norske sider
  8. Nokon som kan komme med forslag til kva dette er? Fekk spørsmål fra kjenning som rydder dødsbo.
  9. larmn

    Afrikafeber 22

    Ethiopian lovte på forhånd at våpen var sjekket inn heilt ned og ikkje trengtes å tas ut i Addis Abeba. Enjoy hunting sjekka opp på forhånd da det visst nok hadde skjedd at våpen måtte ut og sjekkes med andre kunder før, men fekk til svar at så lenge våpen og ammunisjonsark var ferdig utfylt i 3 kopier, levert inn korrekt etc så gikk våpena rett til Windhoek. Det viste seg å ikkje stemme. Alt av våpen skal sjekkes i Addis. og det er ekstremt dårlig organisert. Me holdt på å miste flyet, det blei holdt igjen da me var ferdig med hinderløypa 45min etter boarding. På veg heim var det berre styr, mykje venting og rot. Dei har ikkje peiling på kva dei held på med, men våpena skulle uansett ut og sjekkes. Dei som var nede etter oss fikk visst og bagasjerot og fikk etterlevert utstyr fleire dager etter. Men dei har fortsatt ikkje begynt med skranke for mottakelse av bestikkelser. Eller ødeleggelse av våpen på bakrommet som i Joburg.
  10. Dfs mista ein del deltakere når dei skulle være absolutt dei flinkeste i klassen til å følge corona direktiver. Dei var litt ekstra flinke og holdt enda meir igjen enn NSF og Njff. Det hjalp ikkje på rekruttering eller å holde på dei som ikkje var altfor interesserte. I ein del skytterlag så er det no like mange aktive jaktfeltskyttere som det er DFS seniorklasseskyttere. mykje godt pga at ein kan ta med seg omtrent den rifla ein vil og skyte med relativt lave skuldrer. Da det er meir uglesett å komme for å skyte kikkertklassen enn å hoste åpent i klubbhuset i coronatider, så sitter det litt langt vekk å få alle som har konvertert til jaktfelt til kikkertklassen. Pris per skot er ikkje det mest påtrengende i diskusjonene på banen. For min del så er det alle endringer i klassesettinger og alt fokuset rundt superskytterne, følte rett og slett ikkje at det var ok å berre holde seg i klasse 3 å stikke innom når eg var heime fra jobb lenger. Plutselig var eg automatisk nede i klasse 2, og det er iallefall ikkje interessant for min del. jada, eg veit det er enten å huske å melde meg på stemner i klasse 3, og minne arrangør på at eg skulle vært i klasse 3 siden påmeldingene ikkje funker, og ellers kutte ut pistol og annet så eg kunne komt meg opp igjen der eg var før pendlerjobb og familie. Trur ikkje dei klarer å få så mykje betre rekruttering med Nybegynner ung/voksen, lengre tid i klasse 1, 2 etc. Kunne heller vært fokus på meir hjelp og opplæring i gamle klasser for nybegynnere.
  11. larmn

    Afrikafeber 22

    Hadde med Louwe og ein ny "lærling". Har ikkje vært i Nyae-Nyae. Blei dyrt nok uten Bushman land. Stephan var ikkje sikker på om han skulle søke på neste tender, da konsesjonen går ut i år, så spørs om han har Nyae-Nyae framover. Greit å reise med Enjoy, Dag legger seg godt i selen for å hjelpe til med billetter og diverse utfordringer som har vært.
  12. Blei endelig til at me fekk brukt 2 år utsatte billettar. Har vore 4 lange år si forrige tur til Namibia, så var på tide å få komt i gang igjen. Fekk opplevd Ethiopian Airlines og frustrasjon med sjekk av våpen, fekk sett bagasjehåndteringen på Addis Ababa flyplass fra innsida, og iallefall konstatert at det einaste dei var gode på var kaffi. Aldri fått så god flykaffi før Blei 3 dager Hartmann zebra jakt i fjellområder 2t vest for Windhoek, Niedersachsen farm med free range zebra. Og den var virkelig vill, kjente igjen ein Hilux på 2km. Og ein pesende nordmann med covid ettervirkninger på 6-700m. Tungt terreng å jakte da det var mange daler og fjelltopper dei kunne smette unna i. Skulle visst være veldig bra rett før og i begynnelsen av regntida da det var god tilgang på vatn der, og zebra bestanden var 3x så stor. Eller for leopard og flekkhyener, som det var der heile året. Får bli på eit seinere budsjett... Så var det ein dag i bil nordaust til Aandster hos Smj safaris for 5 dager culling. Traff dårlig med fullmånen så dyra var ferdig beita på natta, så me rakk få med oss det meste av tornekratt og studere diverse afrikanske piggete buskvekster mens me gikk igjennom dei fleste dagleier. Blei meir trofeer enn planlagt, og mindre culling enn planlagt. Men som kjent på jakt, så kan mykje endre seg når ein får trådkorsen lagt over pels. No er det planlegge neste tur, satser på å få lagt inn enda meir opplevelser som Tiger fisk fiske og eit par dager med rein fotosafari neste gang.
  13. Nokon med meir bruks erfaring med Peregrine? tenkte å teste VLR 4 150gr i 308. og har bedt om levering på Vlr 5 i .224. Kjem til å bruke N150 og N130/133. Blir kanskje i 338WM om eg får til 308, men skuddtakt på 10 i året for øyeblikket så har eg Hornady kuler til 2040.
  14. Dei mindre som har oppgitt ammunisjon på sidene sine gidder ikkje oppdatere, eller få sync på varelager mot nettbutikk. Men eg stikker heller innom Rafdal og Kvale, Sandnes Arms eller Interjakt Ålgård for å sjå i hyllene enn å gidde å sitte ein heil arbeidsdag i telefonkø for nokon som ikkje er særlig interessert i å selge. Og det alle har tilfelles innafor kategorien Våpenhandel og Børsemaker, dei er like kompetente på mail som mor mi på snart 80. Dei som spør om eg kan sende mail, eller eg sender mail uoppfordra klarer som regel å behandle den mailen innan 4mnd med to stavelser. Kjøpte ei børse hos skittjakt i fjor som eg skulle ha reklamert på, men gidd ikkje styre. får heller fortsette å leite etter einhjørningtenner, som tydeligvis er absolutt eineste den skyter beint.
  15. Namibia i sommar. Har utsatt to ganger, må berre bli ferdig med det no, corona eller ikkje. Straumprisen rammer desverre trofelysten, men skal få rapportert om eit par fall når me er tilbake.
  16. Har slitt 3 hull i kne, legg og rett under forsterkninga i ræva på Sabotør buksa. siste hull førte til at det rivna stort. I forhold til pris så er den ikkje verdt det. både bukse og jakke er behagelig å ha på, bråker ein del, spesielt når det er vasstrukket og blir stivt, men til prisen for alt burde det vært betydelig bedre. Bruker ull og bomull på all jakt eg er i bevegelse, for finns ikkje den membran som lufter nok til meg. Så var skuffa over Ravnø
  17. Blir vel plenty med kort i år ja, men skal me jakte oss inn i 10-15 års fredning på Hardangervidda? Eg kjem no til å søke på alt eg finner som ikkje koster heroin i år og, men satser på å være heldigere enn Ulvik i år
  18. larmn

    Taksidermi

    Det blei ganske billig å få bleika å limt hos taxidermist. kun i bakkant det var knust. så eit lite 8,5mm hull inn i panna som fortsatt er der.
  19. larmn

    Taksidermi

    Fekk eit gevir å ta vare på. Ikkje så store hjorten, men eg kunne tenkt meg an på plate. Mangla hjort imellom alt eg har frå Afrika. Måtte sette ei kule i skallen på an sio lungeskuddet ikkje tok lyset umiddelbart. Andre med erfaring på å reparere sprukken skalle? Blir det berre rot? Evt tips om taksidermist på Vestlandet/Rogaland som er god med lim og kvit maling?
  20. Takk for input. Den verste spredningen kom av mantel. Har på alle mine våpen aldri observert meir enn 5-6cm spredning uansett korleis løpet har sett ut, men her var det ganske vilt. No har han spredning på 7cm. Så da er det siste gjenstående å skifte kule til noko som ikkje må ha magnum hylser for å fly beint
  21. Har prøvd å hjelpe ein i jaktlaget med å få til ttsx 180grn i ein x-bolt rustfri 1:10. Får den ikkje til å gå med Vv 160 krutt. Opptil 25cm spredning. Col 81,7, ladestige 50grn-54. Er den kula for lang til bruken?
  22. Siste nytt fra Polen er vel forslag på grov nedskyting for å begrense smittefare til tamsvin. Blir nok lite gode drivjakter framover.
  23. Mulig eit par dager culling på Eland etc hos Stephan, mens Hartmann og kanskje ein klipspringer blir opp i eit av fjellområda, enten rett vest av Windhoek eller Waterberg. Dessverre har han som me jakta hos i 2015 lagt ned jaktutleige og anlagt turist lodge Givande jakt, uannsett. Hadde ganske mange timar jakt kvar dag, skrittellaren fekk opp års gjennomsnittet ganske kraftig
  24. Har vore alt for sløv på dokumentasjonsfronten. Når me var i Namibia 2015 så var alt av bilder redigert og klart gnakse fort, fekk og laga bilde bok og delt med dei som var med på tur. 2018 var ekstremt kaotisk med jobb og ikkje jakt relaterte aktiviter, satser på eg får fokuset over på dei sunne og fornuftige aktivitetene i 2019 Litt bilder, fra ein veldig bra tur med Enjoyhunting på farmen til Stephan. DikDik blei jakta på ein farm mot Etosha, og 2 effektive dagar i Kalahari for springbok. No er det planlegging av Namibia 2020, Hartman Zebra i fokus.
  25. Var hos Mamlambo Safaris i Eastern Cape i 2017, og han hadde gitt opp dei fleste taxidermister i området. Var nett begynt å bruke Karoo da. Tok over eit år å få dyra opp, men var oppsamling for å få full container. Fekk info undervegs av behandlinga. Godt fornøyd med shoulder mounts, litt mindre fornøyd med to white skulls. Fekk 13 trofe totalt.
×
×
  • Create New...